Bondestudentar

av Arne Garborg

Innleiing: Ei bok i utvikling

Nyskrivne bøker liknar på ungdommar som flyttar heimanfrå; forfattaren misser kontrollen over boka, og foreldra misser kontrollen over sonen eller dottera. Både boka og ungdommane endrar seg – litt – for kvart nytt menneske dei møter. Det gjeld sjølvsagt for deg og meg, når vi tenkjer etter; vi er litt annleis når vi er saman med bestemor enn når vi er på byen med gjengen. Og fram gjennom livet endrar vi oss – mellom anna i samver med andre. Men noko liknande gjeld for bøker: Forfattaren misser kontrollen, og for kvar ny lesar blir boka litt annleis. For dei som les, opplever ikkje boka heilt likt.

Men det er ein viktig skilnad mellom ungdommane på den eine sida og nokre få sjeldne bøker på den andre, nemleg dei bøkene som blir klassikarar og held fram med å leve; somme bøker lever i mange generasjonar. Då er teksten sjølvsagt den same, men lesarane endrar seg med historia; dei som las Bondestudentar i 1883, hadde andre føresetnader å møte boka med enn dei som las den i 1905 – eller 1945 – eller i fjor; derfor endrar også boka seg med historia. Nokre viktige drag i den endringsprosessen som denne boka har gjennomlevd, kan vi følgje om vi tar for oss kritikken av den.

Olav Midttun, som gav ut den første skoleutgåva, var bestefar min. Og han fortalde meg at dette var den romanen – av alle! – som hadde gripe han mest. Det var som om han og andre ungdomar frå 1905-generasjonen her kjende att seg sjølv og kvarandre. Rett nok var det satire, og portretta var stygge, men dei var likevel gripande. Og livssituasjonen var så ekte – møteplassane, diskusjonane, dei sosiale og ideologiske frontane. Heile dette fiktive samfunnet levde – samfunnsklassene røynde kreftene sine på kvarandre, og mange unge idealistar gjekk til grunne i striden. Men om boka var beisk, var den samtidig eit mektig våpen i ein strid som desse ungdomane trudde på, som dei visste at dei var med i, og som dei var i ferd med å vinne! Ja, denne boka handla om dei sjølve – i alle fall nesten! – Bestefar sa ikkje alt dette, men han må ha tenkt omtrent slik. Og dét må ha vore grunnen til at han laga ei skoleutgåve av romanen: Denne boka synte fram dei samfunnskreftene som hadde skapt livsvilkåra til elevane i skolen. Så derfor vart Bondestudentar pensum for mange generasjonar av elevar i vidaregåande skole.

Her møter vi eit hovudsyn som dominerte kritikken i dei første generasjonane: Bondestudentar var ein «spegel» for samfunnet på den tida som boka skildra; boka «spegla» nokre karaktertypar og kulturkonfliktar som var særmerkte for epoken. Dessutan var det ein satire, så det blei ein slags narre-spegel – slik ein som finst på tivoli, der sjølvbiletet blir komisk. Satiren gav samfunnskritikken ein ekstra snert, og humoren gjorde det lettare å bere det alvoret som låg under.

Den viktigaste kritikaren då boka kom ut, var sjølvsagt Georg Brandes. I 1885 skreiv han om Bondestudentar at «Dette er den dybe alvorlige Bog om den norske Fattigdom, dens Aarsag, dens Væsen og dens Følger med Hensyn til Karakterens Forkrøbling og den aandelige Forsumpnings Herredømme». (Her etter Winsnes 1961: 101.)

Då har han tydelegvis godtatt Garborgs intensjon med boka. For Garborg hadde sendt han eit eksemplar då den kom ut, og då la han ved eit brev om innhaldet: «Den handler om – og søger at piske – den norske Usoliditet og Uselvstændighed m. m., og har bl. a. det bestemte Formaal at ægge op Bønderne til Mod og Manddom. Forresten er den i sin Grundtendens statsøkonomisk, og med Hensyn til Stof er den specifik norsk.» (Garborg 1954: 150.)

Fleire kritikarar i perioden såg karakter-satiren i Bondestudentar, og plasserte boka i tradisjonen frå Peer Gynt, der poenget blir ein karakteristikk av «nasjonalkarakteren». Lars Holst skriv i Dagbladet 11. november 1883 at boka handlar om «vort folks Uvederhæftighed, Kryberi, Arbeidsulyst og uværdige Forgudelse af Embedsstillingen». Og Christopher Bruun skriv i tidsskriftet sitt «For frisindet Christendom» i 1885 at ingen tidlegare har vist like tydeleg at «Dovenskab er en virkelig Folkesynd her i Norge». (Båe døma etter Midbøe 1951: 102–103.) – Mange andre skreiv – oftast rosande – om boka, men festar seg først og fremst ved karakterskildringa, som om også Bondestudentar refsar «nasjonalkarakteren», og som om den er noko varig – noko som heftar ved nordmannen – nærmast som rase – sidan skapinga.

Brandes og Garborg skil seg ut ved at dei ikkje einsidig fokuserer på individa i boka, men på samfunnsstrukturane. Garborg understrekar at boka som heilskap handlar om økonomi. Brandes plukkar tråden opp, og ser at det her dreier seg om «Aarsager til» og «Følger av» fattigdom – altså drivkreftene, som formar karakterane.

Ein slik kombinasjon av sosialøkonomi og sosialmoral kom nok etter kvart til å dominere tolkinga av Bondestudentar, og ei slik oppfatning ligg truleg til grunn for merknadene i skoleutgåvene – frå bestefar Olav Midttun og framover. I så fall inneber dette at fiksjonen – slik eg var inne på ovanfor – her funger som ein «spegel» for ein historisk røyndom. Innhaldet appellerer til lesaren nesten som om boka skulle ha vore ein reportasje – lesaren pendlar mellom innleving og moralsk forarging – som om Daniel Braut og Fram og proprietær Stensrud skulle ha vore levande menneske.

Men tolkinga av boka følgjer så nokolunde utviklinga i litteraturkritikken. Då «Nykritikken» byrja å problematisere «Den historisk-biografiske skolen» – frå 1950- og 60-talet og framover –, kom det ut ein monografi om Bondestudentar, som freista å løfte karakterskildringa opp over og bort frå samfunnsbildet. Det var Hans Midbøes Arne Garborg og Bondestudentar frå 1951. Eitt av måla for «Nykritikken» var å sjå den universelle kjernen i verket, som låg innvevd i alle detaljane – ein tematisk kjerne som var ahistorisk og allmenngyldig. Midbøe legg tydelegvis til grunn at Daniel Brauts personlege «utvikling» er eit vrengjebilde av Garborgs eiga livshistorie. Han meiner å kunne dokumentere dette med ei nærlesing av det kjende brevet som Garborg skreiv til Gerhard Gran 20. juli 1896. Her skriv Garborg at han i Bondestudentar «for en stor Del har harcelleret mig selv»; brevet er elles ein ironisk «sjølvbiografi» om hans eigen personlege vokster frå romantisk svermar til ein person som kan sjå samanheng og meining i vaksenlivet sitt. Midbøe les dette brevet opp mot Garborgs ungdomsskrifter, og utviklar på dette grunnlaget ei meir prinsipiell drøfting av generelle personlegdomsproblem. Monografien hans har eit fyldig tolkande referat av Bondestudentar, men den gir ingen noggrann analyse av verket som tekstleg konstruksjon.

Elles vender «nykritikken» gjerne interessa meir mot teksten som tekst – og mindre mot fiksjonen som «spegling» av røyndommen. Ein slags mellomposisjon fekk vi i 1976 – med Frå vesle Daniel til student Braut. Individ, samfunn og tilpassing i Arne Garborgs Bondestudentar. Dette er ein antologi basert på eit undervisningsopplegg under leiing av Åsfrid Svensen. Forfattarane hadde leia kvar si studentgruppe med emne frå Bondestudentar. Harald Bache-Wiig innleier med eit kapittel om korleis litteraturgranskinga inntil då hadde analysert boka. Harald Hellum og Åsfrid Svensen har kvar sitt kapittel om sjølve teksten – forteljeteknikk, komposisjon, miljøskildring osb. Dette blir klårt «nykritiske» tilnærmingsmåtar. Så følgjer Tove Indregard med eit nærmast idehistorisk kapittel – om grundtvigianisme, pietisme, pedagogikk osb. Og til slutt følgjer Gunnar Foss om dette fiktive samfunnet som ideologi-produsent – om korleis Daniel «lærer» at det eksisterande samfunnet er det best tenkelege. Forskar-laget legg ikkje skjul på at satiren er streng – i mange retningar, men peiker på «Fram-klikken» som ein moralsk motpol til Daniel – eit lyspunkt i eit elles dystert persongalleri. Konklusjonen framhevar elles at denne boka er spesiell i realistisk litteratur ved at bøndene ikkje blir idealiserte som kontrast til overklassa – jfr. Bjørnsons «søndagsbønder»; satiren råkar alle samfunnslag, og syner korleis maktfordelinga fungerer i dette samfunnet. – Antologien gir altså dels ein «nykritisk» tekst-analyse, meir inngåande enn granskartradisjonen inntil då hadde hatt. Metoden baserer seg på nærlesing, og målet er å avsløre dei litterære teknikkane diktaren har nytta – detaljane i kunstverket; i tillegg finn vi altså her ei drøfting av den historiske konteksten – med makroøkonomiske impulsar frå marxistisk litteraturteori. Speglings-relasjonen er framleis til stades: Fiksjonen er ein «på-liksom-røyndom» for lesaren; i kritikken møter vi denne «røyndommen» i analysane av personar og miljø.

Men snart følgjer analysar av denne boka der spegling og identifikasjon glid meir i bakgrunnen. Det er ikkje så mykje dei fiktive karakterane som appellerer til lesaren – emosjonelt og intellektuelt. Det er i staden teksten som byggverk, og som kjelde til erkjenning. – Det byrjar med ein artikkel av Per Buvik i tidsskriftet Edda 1975: «Daniels fall. Et problematisk aspekt ved Garborgs Bondestudentar». Han tar opp spørsmålet om kva denne boka eigentleg vil meddele til lesarane. For Garborg (og Brandes – og lesarar i den realistiske tradisjonen) «ville» romanen fungere som innlegg i den politiske debatten. Garborg ville «prædike» – «piske … Bønderne op … til …» osb. Men bodskapen er uklår, seier Buvik. For kva slags roman er dette? Det er ingen danings-roman, for den fortel ikkje om ein mogningsprosess, men om ein forfallsprosess. Ein kunne heller kalle det ei negativ utgåve av daningsromanen eller ein desillusjonsroman. Derfor kallar han artikkelen sin «Daniels fall …» (mi u.s) – Og dessutan: Karakterane er tvitydige – kandidat Hirsch er først ein svermar utan menneskekunnskap, men på slutten ser han ut til å ha forfattarens sympati. Og Endre Storr ser ut til å seie mykje som Garborg kanskje kunne vere samd i. Men så seier Daniel Braut det same – og då bryt vel den bodskapen saman – den blir «smitta» av Daniels uforstand? – Altså: kva «vil» dette verket? Kor fruktbart er det som kjelde til erkjenning? Gir det meining?

Ti år seinare – i 1985 – kom boka Arne Garborgs Kristiania-romaner av Jan Sjåvik. Han finn det interessant når Buvik les Bondestudentar som ei negativ utgåve av daningsromanen. For Garborgs bruk av ironi fører med seg ein viss grad av negativitet. Men synspunktet føreset at det er Daniel som er helten. Og dét er umogeleg å godta for lesarar som får med seg ironien i boka. Sjåviks løysing er at Bondestudentar er ein positiv daningsroman; men den eigentlege helten – den som mognast ved å gjennomleve dette handlingsforløpet – det er lesaren! Dvs. dersom han eller ho går inn i rolla til den immanente lesaren, som er ein slags spegel for den immanente forfattaren – som er identisk med forteljar-instansen i boka – og som i siste instans formidlar holdningane til forfattaren – vel å merke dersom kommunikasjonen fungerer. – Ingen vegvisar til verket for den jamne lesar, kanskje, men ei teoretisk differensiering av leseprosessen.

I februar 1990 forsvarte Geir Mork ei avhandling for doktorgraden, der Bondestudentar sto sentralt: Den reflekterte latteren. På spor etter Arne Garborgs ironi (utg. som bok i 2002). Her utviklar han ei inngåande filosofisk drøfting av tekst og sjanger – delvis i forlenging av freistnadene til Buvik og Sjåvik. Som vi ser av undertittelen, er det ironien som står i sentrum. Ei grunnoppfatning hos Mork er at det er det ironiske hos Garborg som er det eigentleg poetiske, det som gjør det til skjønn-litteratur, det som fascinerer. Men dette ironiske går djupare enn den kvardagslege ironien der ein meiner å kritisere eller raljere, men offeret misforstår det som ros. I ironisk litteratur ville den litterære figuren vere det komiske offeret – medan forfattar og lesar er kritikarane. Men Mork meiner at Garborgs ironi går djupare. Dvs. at i det meste av sakprosaen frå perioden – agitasjonsskriftene – er det denne kvardagslege ironien som rår: Den eller dei som blir kritiserte, blir råka av ironien; og forfattaren si eigentlege meining med den ironiske finten er klår og eintydig. Men i kunstnarlege skrifter som Bondestudentar går ironien djupare, så djupt at den på eit vis underminerer sjølve utsegna; meininga blir grunnleggande uviss, den opnar for mange tolkingar – så mange at den nærmar seg det meiningslause, tome. Utsegna får då eigentleg inga klår meining. For Mork er Bondestudentar ei slik «utsegn». Garborg kan nok sjølv ha meint å prædike og piske, men teksten hans har blitt slik at den ikkje lar seg forstå som eintydig bodskap. Den opnar for ettertanke, men den ettertanken må kretse om ei mangbotna gåte utan svar.

Derfor godtar ikkje Mork dei framlegga til sjanger som Buvik og Sjåvik lanserte for Bondestudentar. Han gir Buvik rett når han peiker på det tvitydige i personskildringa, men han avviser tanken om ein «negativ daningsroman» og eit «fall». «Ironien er over Daniel frå første stund. Fallet har så å seie skjedd forut for Begynnelsen …» (Mork 2002:69.) Daniel har inga fallhøgd – derfor er romanen ingen negativ daningsroman.

Heller ikkje godtar han Sjåviks tanke om å knytte lesaren til daningsprosessen. For denne romanen problematiserer sjølve det rådande daningsomgrepet. «Frons urbana» blir uthengt til spott og spe; og Magister Bibendi og Dølen og Gamle Heltberg relativiserer også det danningsomgrepet som bondestudentane prøver å nærme seg. Såleis er Bondestudentar korkje ein negativ eller ein positiv daningsroman.

Derimot er boka ein parodi på daningsromanen – eit slags narrespel med heile den romansjangeren. Derfor er det logisk at ingen karakter i heile romanen er heva over den djupe ironien – Mork trekker fram skuggesider ved alle – inklusive Hirsch og Storr og Fram.

Avhandlinga til Mork var oppsiktsvekkande og stimulerande på mange vis – ei viktig utprøving av teoriar som var på veg inn i litteraturfaget på 1990-talet. Men synspunkta hans vekte også kritikk. Noko av kritikken gjekk ut på at Mork er for streng når han gjør alle karakterane til ironiske anti-heltar. Ti år etter Morks disputas nyanserer Siri Enger Karlsen personkaristikkane til Mork i artikkelen «Ironi og intensjon i Bondestudentar og Trætte Mænd» i Norskrift 102/2001. Det er rett, seier ho «at alle personene er mer eller mindre latterlige. Men det finnes grader av latterlighet, og grader av ironisk utlevering.» (Karlsen 2001:118.) Og ho hevdar vidare at ein karakter utan plett og lyte ville vere malplassert i ein slik tekst – etter sjangerkonvensjonen i ironisk satire. Så går ho gjennom dei aktuelle kandidatane – m. a. gamle Heltberg, og konstaterer at han er den einaste i romanen som blir omtalt med vørnad og kjærleik av alle som har vore borti han. Om Storr seier ho at han har noko positivt ved seg ved det at han er den einaste som målber ein sosialt gangbar kritikk av embetsstanden. Men Fram med sitt temperament blir likevel den viktigaste målsmannen for avvising av embetssatnden. Endeleg har den eldre Hirsch fått ei meir modifisert oppfatning av bondeklassen. Saman utgjør desse eit korrektiv til dei meir opplagte karikaturane i romanen; desse få peiker med veremåten sin mot ein demokratisk ide – underforstått eit positivt alternativ til samfunnsvilkåra i romanfiksjonen. På dette grunnlaget meiner Karlsen at det eksisterer ei ironisk pakt mellom immanent forfattar og immanent lesar – slik at ironien i verket får retning og meining.

For meg er dette gode argument; dei karakterane Karlsen drar fram, er med på å gjøre boka truverdig – «heltane» peiker seg ut frå fleirtalet, men dei er likevel «berre menneske» – derfor kan ein akseptere dette som eit bilde av ein historisk røyndom.

Eit anna punkt ved Morks avhandling som blei kritisert, var at det gjennomført parodiske i romanen ifølgje Mork kastar skuggar over dei politiske prosjekta Garborg agiterte for i sakprosaen sin: Målsaka, religionen, den politiske og økonomiske agitasjonen. Sveinung Time hevdar i meldinga si av Morks bok at han går for langt i å oppfatte Bondestudentar som ein parodierande kritikk av Garborgs tidlegare kulturpolitiske posisjonar. (Time 2002: 82f.) Og han nyttar Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse frå 1877 som døme i argumentasjonen sin.

Sjølv finn eg argumenta til Time overtydande; eg ser ikkje korleis dét at bønder og bondeungdommar blir karikerte i Bondestudentar, skulle svekkje det han skreiv i Den ny-norske og dei andre agitasjonsskriftene sine, eller at spotten i Bondestudentar skulle tyde på at han sånn generelt har skifta meining om bønder og politikk.

Men ein kan knapt sjå bort frå at det ironiske spelet med bønder og bondegutar i romanen røpar ein grunnleggande ambivalens – både mot bønder og kulturoppgåver. Om ein drar inn i synsfeltet alt som i dag er kjent – av Garborgs brev og dagbøker – i tillegg til forfattarskapen elles –, så ser ein mange stader denne ambivalensen. Jamvel der han er brennande engasjert, er han ein tvilar – både aktivist og pessimist på ein og same gong – oppglødd, men også oppgitt, utmatta, skuffa, sint, urimeleg, depressiv – son av far sin. Meiningsløysa virrar framom, tilbakeslag på alle kantar, blaff av rådløyse, tomrom …

Men likevel ustoppeleg idealist. Og derfor vart han hovding og førebilete for svært mange. Knapt nokon forfattar har vore hylla som han på 70-års-dagen – pengegåve frå lag og einskildpersonar – og ein hest! Det var sjølvsagt fordi han trass i ambivalensen og depresjonane valde å halde ut. Ambivalensen maktstjal han ikkje; medvitet heva seg over kjensleimpulsane når han skulle velje kurs. Alle vegval var gjennomtenkte. Rett nok var han ærleg mot seg sjølv, og valde å skifte retning nokre gonger. Men ikkje på impuls – vegvala hans var vel grunngjevne. For meg er og blir Garborgs ironi målretta, stabil og treffsikker; den gir ein ekstra snert til dei kritiske poenga. For meg er den like fullt poetisk – ironien er ein del av det skjønne i Garborgs skjønn-litteratur. Likevel aksepterer eg at Bondestudentar er eit gåtefullt verk – og meir spennande er det blitt etter at eg las Mork.

Vi har sett at Bondestudentar både er ei bok om utvikling og ei bok i utvikling. For dei tidlege lesarane var det ein satirisk narrespegel om det norske samfunnet på 1870-talet. Boka handla om lesarane. Men etter kvart som den kom meir på avstand, og litteraturfaget utvikla seg, festa ein blikket meir på det kunstnarlege meisterverket. Og til slutt har Bondestudentar endra seg vidare til ei inspirerande erkjenningsteoretisk utfordring.

Inspirerande for kven? For filosofar og litteraturteoretikarar. Gåta om utsegnsverdien til ein parodi eller satire er neppe serleg lokkande for ungdomar i vidaregåande skole. Og no er det då heller ingen litterære verk som er obligatorisk lesestoff i norsk vidaregåande skole – utruleg nok. Dessutan er kanskje Garborg blitt ein av dei diktarane som «alle» kjenner til frå litteraturhistoria, men som «ingen» les. Kanskje ein og annan «nerd»?

For dagens vidaregåande-elevar er annleis enn gymnasiastane på 1930-talet då skoleutgåvene byrja å komme ut. No er det ingen som kjenner att seg sjølv og kjenningane sine i romanen om Daniel Braut. Atmosfæren han «lever» i, er framand, studiefinansieringa er grotesk – og nærmast uforståeleg for vidaregåande-elevar med trygg økonomi heime – eller studentar med lån og stipend frå Statens lånekasse.

Men om ein no likevel skulle gå ut frå at mennesket er ein nysgjerrig art, så er Bondestudentar framleis fengslande. Fjern, men på ein måte som grip den nyfikne. Skulle ein freiste å marknadsføre Daniel Braut og verda hans for dagens vidaregåande-elevar, måtte ein nærme seg stoffet som noko eksotisk og merkeleg. Vitsen måtte nettopp ikkje vere å kjenne att seg sjølv og grannen. Men heller noko slikt: Så rare dei er, Ole Johannes og Daniel og Mjøltråvaren og dei andre! Så mykje rart folka tenkjer og seier og gjør! Meir merkelege enn Gisle Sursson og Gunnlaug Ormstunge! Kvifor er dei sånn? Økonomi? Psykologi? Religion? – – Sosialantropologi altså! – – Dessutan ville elevane lære historie: Dette er samfunnet til tippoldeforeldra våre. Korleis kan det ha gått vidare frå dette? Kva skjedde? – – Om vi skal finne ut av det med kvarandre på denne kloden, er sosialantropologi og historie viktigare enn litterære verkemiddel. Og det er mykje sosialantropologi og historie å finne i god litteratur.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.