Bondestudentar

av Arne Garborg

III.

38Paa andre Vinteren gjekk Daniel no hjaa Kapellan Hirsch.

Men det vart ikkje stort av med dei i Aar. Kapellanen var komen upp i nokot Krangel med dei vakte,Krangel med dei vakte] Den folkelege religiøse vekkinga som Hans Nielsen Hauge sette i gang sist på 1700-talet, blei frå 1850-talet trekt inn i preste-utdanninga – i ei form som statskyrkja kontrollerte – av teologen Gisle Johnson (jfr. tidl. note). Denne teologien vart ein kombinadjon av pietisme og ortodoksi, og kom til å stå i motsetnad til grundtvigianismen. Vi finn konflikten att i Bondestudentar i diskusjonane mellom «dei vakte» og «dei folkelege». som vilde have det paa han, at han ikkje førde rein Lære, og dette gav han so mykje annat aa tenkja paa, at han meir gløymde Daniel. Dessutan hadde han i Grunnen saatt, det han hadde aa saa i denne Barnesjæli, so han var ikkje so ivrig i seg sjølv helder. Og endeleg forstod han, at han kunde ikkje gjenomføra «Metoden» sin, og han tok til aa ræddast fyre, at han kanskje hadde gjort galet i aa gjera denne stakkars Guten til Prøveklut for sine uferdige Forsøk i Uppfostringskunsten.

Ikring Joletider vart det fortalt i Bygdi, at Kapellanen søkte seg ifraa. Han var nok lei av aa vera her no, sagde Folk, og dessutan trong han eit større Embætte, av di han skulde gifta seg.

Daniel vilde ikkje tru dette. Kapellanen kunde daa ikkje forsvara aa sleppa han ifraa seg no, daa han fyrst hadde hjelpt han so vidt i Veg, og han var væl ingen Matstrævar helder, som kunde reisa fraa ei god Gjerning, fordi han ein annan Stad kunde faa nokre Dalar meir i Aarsløn. Men Ordet vart vissare og 39vissare, og tilslutt spurdest det, at Kapellanen hadde fengje Kall. Daa vart Daniel so tung i Hugen. Alle Utsyner stengde seg, totte han; alle Vonerne vinglad vengskotne mot Jordi. Han hadde stundom havt den Draumen, at han skulde gravast ned livande; no totte han det var, som den Draumen skulde uppfyllast. Han forstod ikkje dette. Var det forsvarlegt aa lyfta ei Sjæl so høgt, og so sleppa henne ned i Moldi att, millom Maur og jammerlegt Matstræv? –

Kjærasten til Kapellan Hirsch heitte Frøken Rud, sagde dei, og var Dotter av ein rik Storbonde burt med Kristiania. Utpaa Fyresumaren skulde Kapellanen der burt og gifta seg, og so skulde han koma hit att og gjera seg ferdig til aa flytja. Det vart altso Slutt med Skulen alt i Vaar, tenkte Daniel; og so kunde det væl lite nytta aa lesa.

Den siste Skuletimen kom Vonom fyrr. Kapellanen fekk dessverre so mykje aa staa i no, sagde han, at han ikkje klarad det lenger. Daniel falmad, daa han høyrde dette. Han visste, det maatte koma; men det var likevæl so vondt daa det kom. «Men du skal ikkje vera modlaus for det», lagde Kapellanen til; «eg skal nok stella det so, at du kann faa halda fram med Lesningi paa einkvar Maaten». Daa ljosnad Daniel forunderleg. Kapellanen saag det, og smilte litt. «Du tenkte kanskje, eg vilde narra deg du?» sagde han. «Nei-nei-nei», stotad Daniel. –

Daa Kapellanen kom heimatt fraa Kristiania um Sumaren, fylgde Kandidat Massmann, Son aat Presten, med han. Massmann var just ferdig med 40Eksamen no og skulde liggja heime og kvila seg, til dess han fekk Embætte.

Kandidat Massmann var ein roleg, faamælt Kar, bleik av Andlit, og svært aalvorleg. Folk kunde ikkje faa Greida paa denne Fyren, for han studerad korkje til Prest elder Sakførar elder Doktar. Det einaste, dei visste, var, at han hadde leset «fælt mykje Spraak», og at han skulde vera «fælt lærd». Det vart til det, at Daniel skulde faa gaa i Skule hjaa Kandidat Massmann utyver Sumaren og Hausten.

Daniel var ikkje so glad i dette, som ein skulde tenkt, for han var rædd Kandidat Massmann. Dertil var han rædd Prestegarden. Han mintest kor fint og liksom høgtidelegt der var, og hadde ein heilag Age for gamle Presten. Men dessutan tenkte han paa Prestebikkja, som han i Grunnen hadde endaa større Age for. Likevæl gjekk han, og laut takka til, at han fekk gaa. Framum Bikkja slapp han med heilt Skinn, endaa det var vendt nok; like eins slapp han godt og væl framum Presten, og so kom han til Kandidaten, som sat bleik og roleg i ein Voggestol med ei Bok og ei Pipa og røykte.

Daniel liksom bukkad, og var raud og rædd. Kandidaten stirde paa han med isblaae Augo gjenom kalde, blanke Brillur: «Naa, det er Daniel?» – Ja, det var daa det. – «Godt; sit hit!» sagde Kandidaten og peikad paa ein Stol. Daniel fram, og ned paa Stolen. So vart han utspurd um, kva han hadde leset. Han svarad so godt han kunde; men var heile Tidi uroleg og ille ved, fordi han ikkje kunde forstaa, 41um Kandidaten var fornøgd med Svari hans elder ikkje. Endeleg skulde han prøvast i Latin. Det var just det verste Faget. Daniel ynskte seg langt ned i Jordi og tok til aa sveitta, der han sat; men det nyttad ikkje. «Altso, 2dre Boki. Slaa upp … slaa upp … slaa upp 18de Kapitel. Du hev væl leset 18de Kapitel?» – Ja, Daniel trudde det; men det var visst svært lengje sidan. Med dirrande, sveitte Hender slog han Kapitlet upp. Godt. Les! – Daniel las. Loci natura erat hæc, quem locum nostri castris delegerant.Loci natura erat hæc, quem locum nostri castris delegerant] (lat.) naturen var slik på den staden folka våre hadde valt til leirplass, frå Gallar-krigen av Julius Cæsar – Godt. Umset! – Daniel visste, at han ikkje kunde umsetja; han hugsad ikkje eit Ord. Likevæl freistad han liksom paa. Men han kom ingen Veg. Han berre sat og strævad og stunde, arbeidde med Hender og Føter og med heile Kroppen, liksom det skulde hjelpa, men stod fast som for ein Mur. Det var fælt leidt. Kva maatte ikkje den lærde Kandidaten tenkja? «Naa», sagde denne, «Subjektet er –? – Subjektet er naturlegvis –?» Daniel prøvde aa gissa. «Natura», sagde han. Men daa Kandidaten ikkje sagde Ja til dette, trudde han det var galet, og so skulde han retta –: «Nei! loci, sagde han. «Er loci og Subjekt?» spurde Kandidaten. «Nei,» kviskrad Daniel skamfull og tryllt. «Nei visseleg», svarad Kandidaten. «Subjektet er naturaNatura tyder –?» – «Natur». – «Naturlegvis. Altso: loci natura –?» Eit gamalt dimt Minne sveiv Daniel, han svarad gissande: «Lunden –? Naturen i Lunden –?» Dertil sagde Kandidaten ingenting, og so trudde Daniel, 42at det var galet. «Nei!» kviskrad han høgt. «Nei,» sagde Kandidaten med uendeleg Ro, so Daniel vart kald. «Kva er loci for eit Ord? Kva heiter det i Nominativ?» – «Lo–cus», gissad Daniel. «Kva tyder locus?» – «Locus, det er … det same som –.» «Hm. Er det det same som lucus?» – «Nei.» «Kva er lucus?» – «Lucus –, lucus – –.» – «Lucus er Lund. Men locus –?» Daniel reiv seg attum Øyrat: «Locus, det er –; locus; – hm!» – «Locus er ‘Stad’. Kva Kasus er loci?» – «Det er … Dativ –? – Nei … Det er … Genitiv –?» – «Hm. Høyr, Guten min», sagde Kandidaten, «hev du leset Grammatik?» – «Ja litt … men det er ei Stund sidan no», sagde Daniel; han var vaat av Sveitte. «Ja det er visst det», sagde Kandidaten. «Kann du deklinera natura?». – Daniel prøvde. «Natura, naturam, naturæ, nat –, nat –.» – «Naturæ, natura. Pluralis?» «Naturæ, naturas, naturarum, natu –, natu –.» Sveitten rann av han. «Hm. Me fær til med Grammatikken, Far!» sagde Kandidaten. Og so fekk Daniel fyrste og andre Deklinasjonen til Leksa.

Som ein vaat Hund ruslad han heim. Han kjende seg so underleg liten. Dette her vart nok ein annan Dans. Med Isingar gjenom seg tenkte han paa den nye Læraren sin. Her vart det nok ikkje Tale um Aand og Poesi; her galdt det nok aa kunna sine Ting, – kunna Grammatikken. Og den stod for Daniel i ei einaste tung Skodd. Men so hugsad han, at han hadde fenget Leksa. Ei ærleg, 43reideleg Leksa, som han skulde læra! Det var forunderlegt, som den Tanken styrkte han. No visste han daa endeleg, kva han hadde aa halda seg til! Ei Leksa var ein Ting, som han forstod seg paa; ei Leksa skulde han klara! Og naar han so næste Gong kom til Kandidaten, so skulde den lærde Mannen nok faa andre Tankar um Daniel Sørbraut. Han mest sprang heim for aa taka aat. Han vart heiltupp glad i Leksa si og tenkte med Fysnadmed Fysnad] grådig paa, at han endeleg skulde faa læra denne Grammatikken, som altid hadde set han so vonlaus ut. Han skulde verta som ein Latinskulegut til aa kjenna sin Madvig.Madvig] Johan Nicolaj Madvig (1804–1886), dansk politikar og latin-ekspert Han gav seg til aa stormlesa. Han las og han las, til dess dei tvo Deklinasjonarne stod av Munnen hans som eit Stjernerap.Stjernerap] stjerneskot Daa han kom til Kandidaten næste Gongen, var han ikkje so rædd. Leksa si kunde han, og meir kunde ikkje Kandidaten krevja. Det gjekk godt, og han kom heim att byrg som ein Viking. Han hadde vunnet! Grammatikken var visst ikkje so aandlaus endaa.

Med ein einaste Gong slengde han sine Draumar um Huldri og Fossekallen. No vilde han verta lærd. Han vilde verta lærd og aalvorleg liksom Kandidaten.

Hadde det berre ikkje voret den Prestebikkja! Men den øydde so tidt hans unge Mod. Kvar Gong han kom elder gjekk, so kom dette store svarte Beistet luskande med sine raude, kokte Augo og gjekk og snusad paa han, liksom han var ein Spikeknok. Og Beistet var ikkje aa spøkja med. Der gjekk Segner i Bygdi um fleire, som hadde voret ille ute 44for Prestebikkja, og ein Husmann, som kom til Prestegarden seint um Kvelden, og som dei trudde vilde ha stolet, hadde ho bitet eit Stykkje or Leggen paa. Fleire hadde klagat for Presten yver dette Dyret; men Presten svarad altid, at Apollo beit ikkje skikkelege Folk. Men eingong tok ho paa ein Mann, som kom til Prestegarden og skulde betala Offerskjeppa. Stakkaren hadde voret paa Restancelista lengje, og Presten hadde voret paa han fleire Gonger etter denne Offerskjeppa, baade med Kyrkja og andre Stader, og no skulde daa Mannen endeleg gjera væl og betala. Han hadde endaa selt ei Ku for aa greida denne Offerskjeppa, og so ein Bank. Ja; i Banken vart han av med Pengarne sine utan Vande; men daa han kom til Prestegarden, fekk han Prestebikkja paa seg, so han laut røma det beste han hadde lært, og fekk Broki si sundflengd attpaa Kjøpet. Daa hadde Presten vortet vond og sett Bikkja i Band. Men Bikkja likad seg ikkje i Bandet. Ho stod og ylte og peip all Dagen, so Presten ikkje heldt ut aa høyra paa det. Det var ukristelegt Dyrplageri, sagde han til slutt, og so løyste han Bikkja. Sidan den Tid gjekk Beistet laust, og den, som no kom til Prestegarden, fekk greida seg sjølv, som han best kunde. Det som hjelpte var, at Bikkja aldri beit «skikkelege Folk», som Presten sagde, og Fatikfolk og slike kunde halda seg derifraa. Men Daniel var rædd likevæl, han; ein kunde aldri vita, kva slikt eit Beist kunde finna paa; og ræddast var han i Hundedagarne.

Men etterkvart lærde Apollo aa kjenna Daniel, 45so denne tilslutt kunde gaa ut og inn i Prestegarden som han vilde. Det var ikkje fritt Daniel var byrg av, at Prestebikkja hadde teket han upp i den Adelen av «skikkelege Folk», som ho aldri gjorde nokot vondt; for Prestebikkja visste nok aa velja sine Folk, tenkte Guten.

Underleg nok likad ikkje Kandidaten denne Bikkja. Daniel fekk endaa eingong høyra, at Kandidaten vilde hava Apollo or Vegen. Det var ein raa Skikk, sagde han, ei Leivning fraa ei Villmannstid, aa halda slike tamde elder halvtamde Vargar gangande i Gardarne til aa skræma Helsa elder Vitet av sine nervøse Medkristne, elder til aa skaffa dei Hundegalskap; og minst skulde ein venta slik Villmannskap hjaa ein Prest. Men Gamlepresten berre knurrad litegrand, og sagde, at han ikkje brydde seg um slike «moderne Idear». Og eingong vart han vond og sagde, at han vilde likso lite missa Apollo, som han vilde missa eit av sine eigne Born. Til det tagde Kandidaten. –

I Slaatten maatte Daniel vera heime; men um Hausten tok dei til att, og det gjekk godt. Daniel likad seg; for han kjende at han lærde nokot, og det gav Mod. Kandidaten var ein drivande Lærar, mykje glupare enn Kapellan Hirsch; og han arbeidde med Lyst, saag det ut til. Men som alt gjekk paa det beste, kom Apollo i Vegen og øydelagde det for dei.

Dei sat ein Dag som vanlegt inne hjaa Kandidaten og las. Daniel sat midt for Bordet slik, at han kunde sjaa ut yver heile Prestegardstunet. Daa ser 46han eit Kvinnfolk, som kom gangande fram mot Huset paa slik ein underleg Maate. Ho var fatikt klædd, og litt upp i Aari; hellest var ho eit Bygdemenneske og saag nokso skikkeleg ut. Men i Hælarne paa seg hadde ho Apollo, som var morsk aa sjaa til og stundom sleit henne i Stakken. Ho var jammerleg rædd. Gaa fort torde ho ikkje, stansa elder snu torde ho endaa mindre; so kom ho stigande i stutte, stive, ustøde Stig, liksom ho gjekk i Ørska. Alt i eit glytte ho ikring seg etter Redning elder Hjelp; men der var ikkje Folk aa sjaa nokonstad; ho var aaleine med dette Dyret. Og Daniel saag kor ho bleiknad for kvart Stig. Munnen stod open, Augo steig store og kvitnande fram or Hausen; det saag ut som ho svimrad, som ho ikkje kjende, kor ho sette Foten; ho kom vandrande som eit Lik, som ein Dauding; ho var halvt epileptisk. Kandidaten saag paa Daniel, at der var nokot tids; han snudde seg og saag ut. Fyrst rauk Boki paa Golvet, so Pipa; so flaug han paa Døri som ein Storm, ut gjenom Stova, ut gjenom Kjøken, og ut i Bislaget; der bergad han fyrst Kvinnfolket i Hus, og daa so Apollo kom, flikrande og liskrandeflikrande og liskrande] ord-par, der båe orda tyder: innsmigrande og skulde gjera seg gild for Husbond, fordi han hadde veret so flink, so drog Kandidaten fram ein Stav, han hadde løynt attpaa Ryggen sin, og lagde til Bikkja yver Lendi, so ho dreiv langt burt etter Tunet. Og skreik gjorde ho som ein brend Djevel. Det var stygt aa høyra paa. Ylande, knistande,knistande] pipande med Halen under Buken og Ryggen uppskoten rømde ho rundt, eit livande Bilæte paa all Ynk og 47Jammersdom paa Jordi. Og Kandidaten etter; for Beistet skulde ha meir! Daa viste Presten seg i Bislagdøri. «Henning!» ropad han med djupt Maal. «Henning!» – Og Henning, som saag, at han ikkje stod attstod att] nådde att Bikkja, snudde seg no mot Far sin. Haaret hans valt nedyver Panne og Øyro, Andlitet var kvitt, men tok til aa raudna; som han stod der frammot Presten, rak og harm, skjelvande av Sinne, var han fager. «Godt! er du der?» ropad han; han var haas. «Vil du no binna Beistet, elder jaga det av Garde? elder so ved den livande Gud, eg slær det ihel so snøgt eg kann!» – Dei vart eit Ordskifte millom Presten og Son hans; Daniel kunde ikkje høyra meir av det. Men daa Kandidaten langt um lengje kom inn, var han myrk og harm, og Daniel maatte gaa. Sidan var det som der laag ei Tyngd yver Huset. Og Kandidaten var som ein annan Mann. Naar han skulde syna Daniel, sat han tidt og seig burt i Draumar og gløymde heile Undervisningi. Stundom var han ikkje heime, dessmeir, naar Daniel kom, so denne maatte gaa att ærendslaus.

Dette gjorde, at Daniel dovnad av. Han tok til aa sakna Kapellanen, og vov seg paa nytt inn i sine gamle Draumar. Daa han um ein Maanads Tid fekk høyra, at Kandidaten skulde reisa til Kristiania og vera Privatlærar, vart han ikkje so leid for det endaa. Han tenkte med seg, at det lagad seg nok. No kom her snart ny Kapellan; og dessutan hadde Guten komet etter, at Far hans nok var meir uppsett paa aa faa han fram til Prest enn han hadde tenkt. –

48– Ja; Moldtrælen vilde gjerna hava sin Son fram til Prest.

Han talad fleire Gonger med Kandidaten um Daniel, og Kandidaten gav han godt Mod. «Guten hev eit lett Huvud», sagde han, «og greider seg utrulegt. Men paa Skule maa han. Dette her vert berre upp i Tufs, som du ser, og han vert aldri ferdig. – Kor langt han kan naa? – Haa. – Nokon Vitenskapsmann vert han ikkje; men han kann verta ein god Embættsmann; – just ein god Embættsmann, ein, som er lett i Taumen,lett i Taumen] lett å styre ein … slik som dei vil hava han. Send han paa Fabrikken,Fabrikken] «Heltbergs Studentfabrikk», ein latinskole som blei grunnlagt og driven av Henrik Anton Schjøtt Heltberg (1806–1873) Ole Johannes!»

Daa Ole Johannes fekk vita, kva «Fabrikken» var, likad han denne Raadi ikkje so ille. Men daa han talad um dette til Maren, sagde ho plent nei. Styra den unge Guten aaleine heilt til Kristiania, der han kunde koma ut for baade Frimaurar og annat stygt, det fekk dei aldri henne med paa. Skulde han nokon Stad, so kunde dei senda han paa Latinskulen inn i Byen; men hellest kunde han vera heime no som fyrr, og gaa hjaa den nye Kapellanen, naar han kom.

Den nye Kapellanen kom. Det var ein liten raudbleik Kar med ljost Haar og raudt Skjegg; det fyrste han gjorde var aa gjera seg kjend med dei vakte. Daa Ole Johannes talad med han um Daniel, svarad han snøgt, at han ‘skulde skriva til Rektor ved Latinskulen og faa alle naudsynlege Upplysningar; sjølv var han rædd han fekk so mykje aa gjera i Menigheiti, at han ikkje fekk Stunder til Privatundervisning.

49Ole Johannes sagde Takk. Vilde Presten høyra etter um Prisen, og um, kor lengje dei maatte gaa paa den Skulen, so var det svært snildt. Men – og Ole Johannes kom endaa ein Gong upp med sin store gamle Tvil –: trudde Presten, at det kunde nytta aa halda Guten i so høge Skular? Gjekk det an for ein simpel Bondeson aa koma so høgt upp som betre Folks Born? Kapellanen smilte og sagde, at me hadde Bondegutar, som var Bispar. Daa tagnad Ole Johannes. Men store Draumar sveiv fram for Syni hans, og han tenkte med seg, at den, som ikkje vaagad, han ikkje vann. –

Fraa Kapellanen fekk dei «alle naudsynlege Upplysningar». Daniel kunde kanskje koma inn i 3die Latinklasse, og det var dei, som var so glupe, at dei gjekk beint fraa 5te Klasse og upp til Eksamen. Det leet seg altso kanskje gjera paa 3 Aar. Og Skulepengarne var ikkje store. Dessutan var der Von um Friplass, naar han hadde voret der eit Aars Tid. Dette totte Ole Johannes ikkje var so ille endaa. Serleg likad han det um Friplassen. Og naar so Guten budde hjaa Hans Nerstad, og dei sjølve skaffad han det meste av det, han trong til Mat, so kunde det kanskje ikkje verta so mykje dyrare. Det same meinte Maren. Pengar laut ein laana, det sagde seg sjølv. Men dei fekk Guten sjølv betala, so snart han kom i Embætte. –

So vart Enden den, at Ole Johannes gjekk ned til Storhandlaren paa Neset, Jens i Larsebakken elder Jens Bakke, som han skreiv seg, og laante 100 Dalar for aa senda Daniel til Byen.

50Og no totte Daniel at han hadde vunnet.

For det fyrste skulde han faa koma ut. Og for det andre skulde han faa koma til Byen. Han hadde ikkje voret mange Gonger der. Men han hadde voret der so mykje, at han visste, kva Byen var. Med sine høge, veldige Taarn, med sine fagre Hus i lange, lysande Rader, med sine straalande Kraambuder, fyllte med alt det gildaste i Verdi, med sine Hagar og Tre, med sine stolte og fornæme Folk, som gjekk og strauk paa Gata i Gull og Silke og blanke Sko og visste korkje av Arbeid elder Sut aa segja, totte Daniel, at Byen minnte um det nye Jerusalem. Men Innferdi til Byen minnte um Paradis. Store, kvite, staselege Hus med Glasdører, med Altanar kvilande paa kvite Stolpar og umvundne av grønt Lauv, med ljose, herlege Salar, straalande av Krystal og skinande Gull liksom Salomons Tempel, og rundt umkring svære, døkkedøkke] dunkel Hagar, umgjevne med grøne Lauvgjerde og med staute TraleverkTraleverk] gitter av støypt Malm, yverskygde av framande Tre, store og forunderlege som Cedrar paa Libanon, upplyste av glødande Blomar, av kvite Kirsebærtre, av bleikt blømande Aplar som unge Brurer med friske Kransar um sitt unge Haar, og fyllte med ein Ange so søt og sæl, at ein maatte tenkja paa Balsam fraa GileadGilead] stadnamn i Bibelen … Daniel kunde ikkje drøyma seg nokot fagrare. Alt var paa ei onnor Gjerd enn heime. Framandt, forunderlegt, storfellt, berre tenkt paa aa vera fagert. Ein kunde sjaa, at Folk her ikkje turvte tenkja paa Pengar elder spyrja kva det kostad. Kong Salomons Rikdomar 51aatte dei, og Kong Salomons Herlegdom bygde dei upp att. Og no skulde han faa koma der inn. Ikkje for ein Dag, ikkje for tvo Dagar, men for Aar. Han skulde faa vera der, liva der, sjaa all denne Stordomen til kvar einaste Dag. Han skulde ikkje lenger vera Bondetamp, han skulde verta Bygut. Fint klædd skulde han dagstødt faa gaa og spenna i dei stolte, steinsette Gaturne og sjaa paa alle dei store Skip paa Hamni, med Segl so vide som Havreaakrar, og med Master so høge som Kyrkjetaarn. Og han skulde faa eta Bymat, og gaa paa kvite Golv med Aaklæde paa, og sitja i Sofa’ ar so mjuke som Sengjer; og han skulde faa høyra Musik og Trommeslaatt um Dagen og Vektarsong um Notti, og sjaa Apekattar dansande paa Lirekassar, og Bjørnar, som gjorde Kunster paa Svabbesalen,Svabbesalen] «Svaddesalen», ein dansesal i Stavanger og Linedansarar, og Trollmenn, som aat Eld og svelde store Sablar og Sverd. Tusund, tusund Bilæte stimad gjenom Hausen hans som Fugleflokkar, og han var den sælaste Bondeguten paa Jordi.

Nei, ikkje den sælaste. For no skulde han ikkje faa vera i Neskyrkja kvar Sundag og sjaa Inga Holm. Men so mykje gildare skulde det verta aa koma heim att til Joli og visa seg i Kyrkja for henne og for heile Aalmugen som Bygut.

Han torde knapt sjaa sine Jamnaldringar i Augo no; han kjende seg som ein Syndar mot dei, fordi han aaleine skulde koma upp i alt dette. Og dei maatte ikkje faa den Trui, at han var stor paa det. Men i Grunnen kjende han seg ikkje lenger i 52Ætt med desse Bondefolk. Til Hausten skulde han vera Bymann, klædd i Klædesfrakke, talande fint; og daa vilde han verta eit reint annat Menneskje.

Det gjekk mykje Snakk um dette i Bygdi. Daniel totte dei saag paa han med andre Augo no enn fyrr. Det gjorde dei og. Men rundt um paa Gardarne gjekk Skravlet som Vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so fingerfaren,fingerfaren] saumfaren og omsnakka og hans Framferd so utlagd og ut-tolkad, at hadde han høyrt Helvti av det, so hadde han vortet galen. –

Daniel kom til Byen, og fekk bu hjaa Hans Nerstad. Men det viste seg, at han ikkje kunde koma høgre upp enn i 2dre Latinklassen. Ole Johannes var leid for det. Det var eit heilt Aar spillt. Og endaa i andre Klassen fekk Daniel nok aa gjera i den fyrste Tidi med aa koma etter.

Han fekk andre Ting og aa staa i. «Klassekammeratarne», som saag, at han var snild, gav seg strakst til aa gjera Narr av han, fordi han var Bondetamp, og fordi han talad Landsmaal. Og tilslutt gav dei seg til aa gjera Narr av Namnet hans.

Han var innskreven i Bøkerne som «Daniel Olsen Sørbrød». Det sagde seg daa sjølv, at han snart vart heitande «Surbrød». Og denne Skjemten totte dei Labanarne var so makalaus, at dei sidan i alle Fristunder flokkad seg um han og ropad paa «Surbrød». Kor mykje kostad Surbrødet i Dag?

Daniel var vaksen Kar, og snild og taalmodig; men dette gjekk so innpaa han, at han tilslutten mest greet. Hadde han gjort dei nokot vondt, med di han 53ikkje kunde faa vera i Fred? Men dette gjorde vondt verre. Daa dei forstod, at han tok seg nær av det, skreik dei endaa meir og hadde endaa meir Moro. Daniel hadde tenkt, at det skulde vera staut og hyggjelegt aa vera saman med so godt Folks Søner; men han hadde aldri havt det so vondt. Han kjende seg reint ynkeleg framand og aaleine, og det var som han stakk seg paa Naaler og Netlur,Netlur] nesler kor han snudde seg.

Det var endeleg ein Gut, som nok hadde vondt av han, og som ein Dag under fire Augo raadde han til aa gaa inn til Rektor og faa umbrigt Namnet sitt. Naar han heitte Daniel Olsen, kunde han skriva seg inn som «Olsen», so vart det slutt med dette «Surbrød»-skraalet. Daniel svarad, at dersom det gjekk an, so vilde han gjerna gjera det; men det var so leidt aa gaa inn til Rektor aaleine. «Ja, synest du det, so skal eg vera med deg», sagde den andre aalvorlegt. Dei gjekk, og Daniel fekk sin Vilje fram. Heretter skulde han med Gud og Retten heita Daniel Olsen. Men fraa den Dagen var Daniel og Kristian Bliland Venner. Og Venskapen vart so mykje sterkare, fordi dei paa ein Maate var Bondegutar baae tvo; for Kristian var Son av ein Klokkar inn i Fjellbygderne.

Det hjelpte svært dette: aa faa ein Kjenning. Og daa dei andre saag, at Daniel ikkje lenger var aaleine, men stod under Varetekt av Kristian Bliland, vart ikkje dei helder so vonde med han. For Kristian Bliland var ein vyrd Gut i Klassen, av di han var flink – og sterk.

54Men Daniel kunde aldri lika seg rett paa Skulen, og heime hadde han altid so mykje aa gjera. Istadenfor aa gaa og spenna paa Gata, som han hadde drøymt um, maatte han sitja inne paa det tronge Kotet sitt hjaa Hans Nerstad og lesa, og han hadde ikkje so mykje som ein Sofa aa kvila seg paa, dessmeir. Ein gamall Trestol med fire Føter attmed eit gamalt skralt Kjøkenbord, det var heile Stasen, og paa Veggen hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang Nos og stirde med sure Augo mot Døri; for han hadde set betre Dagar og likad seg ikkje her, og det gjorde ikkje Daniel helder. Men det som verre var: han totte ikkje sjølve Byen var so gild som han hadde tenkt. Det var i Haustbløyta; og Regnet var likso surt og Søyla likso blaut her som heime. Dei kvite Husi stod skitne og gaaruttegaarutte] med sølestriper av Kolrøyk og Væta og var ikkje det Grand himmelske aa sjaa paa. Ikkje eingong Paradiset ved Innferdi tok seg ut i den graae Haustdagen.

Ein annan Ting var det og, som Daniel var leid for, og det var, at Byklædi hans ikkje var som dei skulde vera. Naar han kom i Lag med dei andre Gutarne, saag han sjølv, at han var Bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med aa skifta Maal og. Men det kom seg visst av, at han budde hjaa Hans Nerstad. Hans Nerstad var nemleg fraa same Bygdelaget som Daniel, og var i Grunnen Bonde enno, og ho Rebekka, Kona hans, like eins, so Daniel skjemdest for aa snakka fint, so dei høyrde det. Hellest hadde han det i Grunnen godt her. Maten fekk han 55væl stellt, mykje finare enn heime, og naar han ikkje las, kunde han sitja nedi den logne, stille Stova, der Rebekka sat og saumad heile Ettermiddagen, og sjaa ut paa Gata, elder han kunde gaa nedi Kraambudi og høyra paa Bykjerringarne, som gjekk og handlad for 1for 1] dvs. for 1 skilling i Saape og ½ i Stivelse og fortalde Bynytt, elder paa Bønderne, som kom inn fraa Landet med Jordeple og Smør og tok Kaffi og Tobakk istaden. –

Hans Nerstad hadde som sagt voret Bonde. Han hadde aatt ein god og nokonlunde stor Gard, som Far hans hadde arbeidt upp, og han hadde ervt Pengar attpaa Kjøpet. Men denne Vælstanden gjorde, at Hans Nerstad ikkje lenger vilde vera Bonde. Det var lettare og gildare aa liva i Byen, og so selde han Garden sin og vart Bymann. Han sette seg til med ein liten Høkerhandel.Høkerhandel] krambu, småhandel Handel var ein Ting, som han ikkje forstod seg paa; det var berre so vidt han paa vanleg Bondevis kunde rekna og skriva; men Handlar vilde han vera; for det var slikt eit lettvinnt Liv. So sat han daa der i den myrke Kjeldaren sin Aar etter Aar og selde Sild og Smør i Skillingsvis; smaatt gjekk det, og kjeidt var det, so det var nok ikkje fritt han stundom tregad Garden sin. I seinare Tid vart det lagt Merke til, at han feitnad og vart raud i Nakken og posen under Augo; han hadde nok lagt seg paa Ølflaska. Men det gjekk svært fint. –

Det var eit surt Arbeid aa lesa etter.lesa etter] lese seg opp, ta igjen klassekameratane Fyrst maatte Leksa for Dagen lærast, for den hadde ein Bruk for til i Morgo; men deretter aa setja seg til 56og stræva med Ting, som ein ikkje hadde til Leksa, og som ein ikkje hadde Bruk for til i Morgo, og det paa ei Tid, naar dei andre fekk gaa ute og driva, det var altfor ille. Og det vart ingenting av. Daniel kunde i Grunnen ikkje læra det, som han ikkje hadde til Leksa. Det varde ikkje lengje, fyrr han totte han kunde taka seg fri for dette Arbeidet ein Dag imillom; og sidan vart Fridagarne fleire og fleire, og dermed Arbeidet tyngre og tyngre, tildess han endeleg leet det gaa i Gløymeboki. Han slog seg til Ro so godt han kunde. Men han vart gangande all Tidi sidan med uheilt Samvit, og med ei gnagande Kjensla av, at han var etter dei andre og ikkje hadde sine Saker i Orden.

Den, han no hadde aa halda seg til, og som han jamt gjekk til i sine Fristunder, var Kristian Bliland. Denne snakkad ikkje stort, men han hadde Bøker, som han las upp av, mest «Folkevennen» av Ole Vig«Folkevennen» av Ole Vig] Ole Vig (1824–1857), folkeopplysningsmann og forfattar, redaktør av tidsskriftet Folkevennen, grundtvigianar og derfor i konflikt med den norske pietismen i samtida og annat dilikt. Her fann Daniel att mykje av dei Tankarne, han hadde lært av Kapellanen. Og det var som han trudde endaa meir paa desse Tankarne no, daa han saag, at der var fleire um dei, og at dei var aa lesa paa Prent.

Sidan kom han ofta fram med Ting, som Kapellanen hadde sagt, og som han visste, Kristian vilde lika. Det var ikkje altid han sagde, kor han hadde slikt ifraa; stundom visste han det kanskje ikkje klaart sjølv.

Det, som Daniel av eiget Hovud kunde finna ut, det vaagad han sjeldan aa koma fram med; for naar han 57skulde segja det til Kristian, totte han for det meste det vart so dumt. Men stundom sette han det fram liksom paa Skjemt, so han kunde læ det burt, um Kristian ikkje godkjende det. Men tok Kristian det for godt, vart Daniel heiltupp sæl og totte sidan sjølv, at det var godt sagt.

Paa same Maaten hadde Daniel det med Hans Nerstad og Rebekka i dei Ting, han kunde snakka med dei um, ja i Grunnen med alle. Han maatte altid hava nokot aa halda seg til, og han vaagad aldri aa tru trygt paa nokon Ting, utan han visste, at andre og trudde det, – liksom han paa Skulen aldri var fullstød um Svaret sitt, fyrr Læraren hadde sagt, at det var bra.

Hadde ikkje Daniel havt Kristian i denne Tid, og Bøkerne hans, so hadde han visst gløymt alle sine gamle Draumar. Skulelufti var ikkje sunn for dei. Det var eit underlegt Hol, denne Latinskulen. Alle Gutarne var so vituge og so vaksne; dei kunde flira og læ aat all Ting, men hadde visst aldri drøymt um annat enn Karakterar. Dei visste, at i denne Verdi galdt det um aa klara seg, og etter den Visdomen livde dei.Fedraheimen: … livde dei. Dei syntest vera plent like sæle, anten dei lærde nokot elder ikkje. Det var som … Det var som Kunnskapen i seg sjølv ikkje vedkom dei. Der var berre Spursmaal um, kva som var lett elder vrangt aa klara seg i. Og det kvittad dei eitt, anten dei klarad seg paa ærleg Maate elder med Fusk. Ja dei, som var drivne i aa fuska, galdt for heile Mynstermenn og gjekk og kjytte av sine Fantestykkje for kven som vilde høyra. Men dei, som var strævsame og trugne til aa lesa, vart tidt 58og ofta gjorde til Narr av dei ordførande Overlabanar i denne Grønkaal-Klassen.

«Til i Dag hev eg ikkje leset det minste Grand!» skreik dei i Munnen paa kvarandre, naar dei kom paa Skulen um Morgonen. Og so trættad dei um, kven som hadde leset minst. Men naar dei kom upp, klarad dei seg for det meste like væl, og Daniel vart baade forundrad og modlaus yver dette; for slikt kunde ikkje han gjera. –

Der var i heile denne Flokken eit stort og djupt Hat baade til Skulen og til dei fleste av Lærararne. Skulen var Fengslet, og Lærararne var Sluttarar elder Fangefutar. Mest hatad dei kanskje Rektor, som daa og var ein god Grinefant. Deretter kom Religionslæraren, ein gamall uppturkad Rasjonalist, som sat og tøvde allstødt um dei tri store Vismennerne Moses, Jesus og Sokrates, og som dei ikkje brydde seg det Grand um, og so Historielæraren, som dreiv paa med «Oversigtstabeller» og gav Gutarne historiske Slengjenamn; sjølv vart han heitande «Robert Djevelen.» Daniel totte i det heile ikkje, at Lærararne her var som han hadde tenkt seg. Mange av dei saag ut til aa ikkje bry seg stort meir um Kunnskapen enn Gutarne, og det, dei visst tenkte mest paa, var aa faa Timarne til aa gaa. Dei byrjad seint, og sluttad so snart det gjekk an. Dei hadde sjeldan annat aa fortelja Gutarne enn det, som stod i Bøkerne. Og jamt var dei i Ulag. Det var ikkje ofta, at ein Time gjekk av utan Gryl og Skjend. Some hadde sine visse Syndebukkar, som dei kvar Dag hadde uppe og 59reiv seg ut paa; andre dreiv det med aa harcellera og piska Klassen fram til Dygd og Dugleik med eitrande, beisk Spott. Daniel var rædd desse strenge Herrarne. Men han bøygde seg under dei med slik ein Bonde-Respekt og kunde dessutan for det meste Leksa si so nokonlunde, at han gjekk fri av den verste Kjeften. Kristian Bliland like eins, endaa han tok det meir rolegt. I det heile likad Lærararne desse Gutarne fraa Landet. Dei var uppvaksne under meir patriarkalske Forhold; dei hadde lært aa lyda og vyrda sine Overmenn; dei hadde ikkje nokot av denne frons urbana,frons urbana] (lat.) direkte omsett: by-panne; her: ei sjølvkjensle som bygger på at ein er heilt stød i etiketten til overklassa denne Storsnuten, som gjorde Bygutarne so forargelege aa hava med aa gjera. Dei var audmjuke og lydige og lette i Taumen, slik, som Skulegutar burde vera.

Men Daniel visste no, at Kapellanen hadde havt Rett, daa han talad um Latinskulen. Her var «aandlaust», og det til Gagns. Han vart stundom so leid av seg, at han drøymde um aa røma. Reisa til Amerika, elder til Sjøs. Det, som dreiv han til aa lesa, var mang ein Gong berre Tanken paa Bygdesnakket – og Tanken paa Inga.

Ein Gong um Maanaden kom Ole Johannes til Byen med Matvarar til Son sin; dei tvo fyrste Gongerne var Maren og med. «Eg kann ikkje forstaa, kva du vil til Byen etter», sagde Ole Johannes; men Maren maatte inn og sjaa um «vesle Daniel», der var ikkje Raad for det. Daniel var glad, naar dei kom, men totte dei var fælt bondsklege. Naar han fylgde dei i Byen, ynskte han altid, at han ikkje maatte 60raaka Kammeratar. Hellest lagde han med Gleda Merke til, at gamle Ole Johannes liksom hadde komet seg. Ny Bykjerra hadde han raadt seg til, som ikkje var so reint stygg, og det, som meir var: han kom strjukande til Byen i kvit Halskrage og Klædestrøya. Maren derimot, ho var den same, som ho hadde voret. Ho var nok for gamall til aa læra nokon ny Skikk. Ja ho likad ikkje eingong, at Ole Johannes fjelgad seg upp. Den andre Gongen, dei var i Byen, sette ho seg til aa syta og jamra for Daniel reint av Naudi um, kor rart Ole Johannes tok seg upp i seinare Tid. Han vilde liksom vera nokot meir enn han hadde voret, no, daa han hadde ein Son i Byen paa Latinskulen. Ikkje hadde han den Arbeidshugen helder som fyrr, men gjekk mykje og strauk ned paa Neset elder ut i Bygdi og hadde gode Dagar. Heime vilde han og liva godt, kjøpte heim fint Braud og Kaffi, og løyste Avisur, som han sat og las i heile halve Ykterne; Brennevin hadde han og i Huset no, som han ikkje hadde havt paa mange Aar. – Brennevin? – Ja; um der kom eit Menneskje! Det skulde vera so gildt alt no, maa vita. Maren kunde ikkje forstaa, kor det skulde bera av. Men Daniel likad i Grunnen dette. Og til Mor si sagde han, at det var visst ikkje faarlegt. Han Far visste nok, kva han gjorde; ho skulde ikkje syta for det. Han hadde kanskje, naar alt kom ihop, betre Raad enn nokon visste. Aa Gud betre oss for Raadi, sutrad Maren; det var nok laante Pengar, han flaut paa no. Ja det var vel ikkje so visst, meinte Daniel; ein skulde ikkje 61tru ein Bonde lenger enn til Tennerne i slike Ting; han gjekk ofta og bar paa Ting, som ingen kunde drøyma um. Maren saag paa Son sin, slog so Augo ned att og sukkad. Ho forstod, at ho nok ikkje fekk nokor Hjelp her. –

Daa Daniel var heime i Joli, fekk han sjølv sjaa, at Huset var komet paa ein ny Fot. Og glad var han. Der var Framandfolk i Huset, som skulde sjaa «Studenten», og alle livde godt, og der var stor Høgtid. Daniel maatte lesa Tysk og Latin for dei Framande, og han saag, kor kry Gamlingen vart, naar dei roste Guten og undrast paa alt det han kunde. Men Lias, den Slampen, gjekk ikring so sur og tver, som han skulde vera ovundsam paa Bror sin.

Her paa Bondebygdi kjende Daniel seg fin Gut, og han viste seg fram kor han kunde, helst naar han hadde Von um, at Inga Holm kunde koma til aa sjaa han. Tala til henne tenkte han ikkje paa; men han viste seg fram, og naar han trudde ho saag paa han, so gjorde han seg so karsleg og strak som han var god til. Og so glytte han burtpaa henne som ho der sat, bøygd og bljug, søt som ein sæl Draum, med Helg yver seg som ei Brur paa ein Brudlaupsmorgon, og han bad til Vaarherre um, at ho maatte lika han. –

Tidi fraa Jol til Vaaren drog seg uendeleg seint. Han vart so leid av Lesningi, at han stundom tenkte paa aa fuska; men han kunde ikkje. Han hadde ikkje Laget. Og han kunde ikkje gjera det med so rolegt Samvit som Bygutarne. Skulde han prøva, 62vilde Læraren sjaa det paa han strakst. Derimot hende det ikkje so sjeldan, at han fekk Hans Nerstad til aa skriva Sjukesetel for seg, naar han hadde altfor stor Uhug til aa arbeida.

Istadenfor aa lesa sat han daa gjerna heime og drøymde um Inga, som han vilde skriva Friarbrev til, so snart han vart Student. Og so gjorde han Vers um sin store Elskhug. Det var eit strævalt Arbeid aa gjera Vers, totte Daniel; men det var so hyggjelegt aa arbeida med nokot, som vedkom «Henne». –Fedraheimen: … som vedkom «Henne». Det var for desse Rimi, som allstødt kom i Vegen, og tidt nok maatte han for deira Skuld skriva nokot annat enn det han hadde tenkt paa. Mest altid sette han ein syrgjeleg Ende på Dikti sine; for daa vart dei meir poetiske, totte han. – Heile Skulen …

Heile Skulen var som leid av seg i denne Tidi; Gutarne forsømde,forsømde] skulka Lærararne stundom med. Leksurne, dei fekk, var so smaae, at dei kom ingen Veg, og endaa maatte dei Gong paa Gong taka dei upp att, fordi ingen lærde dei. Det gjekk so seigt og vrangt og tungt som Vals gjenom ein Rugaaker.

Fraa Januar var der komet inn tvo nye Gutar i Klassen, den eine ein Lensmannsson, Ole Bentsen, den andre, Peter Didriksen, Son av ein Høker paa Neset. Med desse prøvde Klassen ei Stund aa hava litt Moro; men det vart ikkje nokot av. Dei visste aa klara seg, desse tvo. Godt heldt dei ihop, og kloke var dei. Ole Bentsen var tagall og likeglad som ein Sælhund, so honom beit ingenting paa, og Peter Didriksen – som hellest vart heitande Peter Dirk –, visste aa svara for seg so snøgt og smaalentugt, at ingen i Klassen var god for aa maalbinda han. Daniel og Kristian prøvde ei Stund aa halda Lag med desse tvo Kararne, fordi dei paa ein Maate 63var Bondegutar, dei og; men Ole Bentsen og Peter Dirk vilde nok helst hava finare Lag. Dei hadde i det heile ein merkjeleg Umtanke for seg sjølve. Det viste seg, at dei ikkje hadde nokot imot aa vera med paa eit og annat, som kunde vera faarlegt, t. D. eit Slag Kort, elder ei halv Flaska Øl med Cigar til; men dei visste altid aa stella seg so, at um galet skulde gaa, so kunde ikkje dei faa Skuldi. Vilde ein hava dei med paa nokot, som dei ikkje likad, so sagde Ole Bentsen, at han Peter ikkje var motad paa det, og Peter Dirk sagde, at han torde ikkje for Ole Bentsen. Men paa Skulen greidde dei seg godt, for det var Lesehestar av Velten.Velten] av beste slag Dei jamrad hardt yver, at det gjekk so smaatt, og Hausten etter meldte dei seg ut av Skulen og reiste til Kristiania, daa dei kunde faa Eksamen baade snøggare og billegare ved aa gaa paa «Fabrikken». –

– Endeleg tok det til aa lida fram mot Eksamen. Daa vart det ein annan Dans. Det tok til aa livna og kvikna i baade Gutar og Lærarar, liksom det vert Uro i ein Smalagarde,Smalagarde] saueflokk naar det dreg upp til Uve’r. No kom Bøkerne for ein Dag, og no kom Kunnskapen og Arbeidet til Æra. Kor mykje hadde den leset til i Dag, og kor mykje hadde den leset? Kunde Per det? og kunde Paal det? Kva tydde det Ordet, og kva tydde det Ordet? Kva var det for Præposisjonar, som styrde Ablativ? Kunde Per det Beviset? kunde Paal konstruera den Polygonen? Annat var ikkje høyrande fraa Morgon til Kveld, so Daniel vart reint fælen av all denne Lærdomen. Han totte 64han kunde ingenting av alt dette. Ikkje hadde han Tiltak til aa lesa helder. Han hadde lært seg til aa vera lat, og det fall so tungt aa vinna seg yver att. Fyrst daa det leid so langt, at Eksamen skulde byrja, so dei visste, at daa skulde dei upp i det Faget, og daa i det, – daa fekk Daniel att si Lesekraft. Men daa las han og vitlaust. Utan Gleda i aa læra, utan Tanke paa Kunnskapen, berre for aa klara seg til Eksamen, las han, og las som han var fraa seg. Han hadde lært i den Skulen han gjekk.

Og han klarad seg. Han kunde ikkje mykje, og det, han kunde, var han ustød i, fordi han var uklaar i Grunnarne. Men naar han sat med Eksamensbordet, greidde han seg likevæl. Han forstod det mest ikkje sjølv. Men han hadde fraa Barnet av øvt seg upp i aa sjaa og høyra paa Læraren, kva Svar han vilde hava, og den Kunsten brukad han tidt utan aa vita det. Men forstod han ikkje, kor Læraren vilde av, torde han tidt ikkje svara, um han so visste det nokso godt.

Han vart Nummer 9. Der var Futesøner, ja Prestesoner, som kom nedanfor honom, og dette totte han var mest utrulegt. Det same totte gamle Ole Johannes, daa Daniel kom heim og fortalde det, og Gamlingen kunde ikkje dylja, at han var kaut av dette.

Men hellest var den gamle meir tung og tagall av seg no att. Daniel forstod ikkje dette; men gamle Maren kunde fortelja han, at Ole Johannes hadde set Ende paa dei 100 Dalarne, fyrr han vardest, so no 65maatte han tenkja paa aa faa seg eit nytt Laan. Det var ikkje greidt. Ole Johannes hadde tenkt, at 100 Dalar aldri kunde faa Ende; men naar ein foor for flust fram, so –. Daniel vreid seg. Det var daa ei æveleg Straff med desse Pengarne.

Men han trøystad seg med, at no hadde Gamlen drivet det so vidt, at han ikkje kunde slutta. Og kva gjorde det i Grunnen, um han tok eit nytt Laan? Garden var visst stor nok til aa bera baade det og meir.

Likevæl heldt han seg litt unda for Far sin. Han var rædd, at denne og vilde snakka um Pengar. Ole Johannes mistydde dette og trudde paa sin Maate, at det var Storkarsgrillurne, som var ute att. Og dette var so mykje meir harmelegt, fordi Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for nokon reint simpel Bonde. Han hadde kostat Pengar paa aa koma seg litt upp, so Son hans ikkje skulde turva skjemmast av Far sin. Ein Dag kom han med det. Daniel svarad so snildt han kunde, at det hadde aldri voret hans Tanke, slikt. Men Gamlingen meinte, at det var greidt aa sjaa, kva Tanken var. Og han totte ikkje han hadde Grunn til aa venta slikt no, sagde han. Han hadde visst gjort alt det han kunde; og fordi um Daniel no tottest vera Storkar, so fekk han daa ikkje gløyma, kven det var, som laut svida for det. Dette kunde Daniel ikkje tola aa høyra. Han svarad, at han visste ikkje, kva slikt Snakk skulde svara fyre; so snart han fekk Embætte, so skulde snart dei Pengarne vera greidde, og dermed var det 66væl ikkje verdt aa gjera slikt Braak um dei. Ole Johannes visste med seg, at han ikkje hadde gjort nokot «Braak», og han kjende, at han leid ein forfælande Urett; men det kunde væl lite nytta aa snakka. Berre det lagde han til, at det vart nok ikkje paa dei fyrste fjortan Dagarne, at Daniel fekk det Embættet. «Nei, nei; kven hev meint det?» sagde Daniel.

So vart det uhyggjelegt heime no og. Maren jamrad jamt og samt um, at det gjekk so tilatters. Arbeidet vart drivet mykje med Leigefolk; Garden tok til aa koma i Nedfall, Ole Johannes var i Skuld hjaa Jens i Larsebakken, og no maatte han handla hjaa honom mest all Ting, selja billegt og kjøpa dyrt. Ikkje var han so trugjen med Boki helder som fyrr. Han laag helder og sov um Morgonen no istadenfor aa lesa Bøni; og so kunde ein ikkje venta annat, enn at der vart liten Vælsignelse med Arbeidet. – Daniel høyrde paa alt dette, men svarad ikkje lenger.

Han trøystad seg med aa drøyma um Framtidi og um Inga. Til hans store Gleda var der nok ingen, som hadde vaagat seg aat henne enno; ho var for fin for Bondegutarne, og for dei andre var ho væl ikkje rik nok. So kanskje ho fekk staa fri, fri som ein Blom paa eit høgt Fjell, til dess han, Daniel Olsen, StudentDaniel Olsen! kom ein Dag og baud henne Hjarta og Haand. Og daa skulde dei vandra so blideleg saman gjenom Livet, han som Prest, ho som Prestefruva, og dei skulde hava det so godt, og faa so mange fagre Gutar. –

67Daniel fekk ikkje Friplass paa Skulen næste Aar, daa han ikkje kunde skaffa Attest for aa vera fatik. Men paa Skulen kom han likevæl; Gamlingen tenkte der var ikkje annat fyre. Og kor ille Daniel likad seg paa Skulen, so var det daa altid likare i Byen enn heime paa Sørbraut. Ja sjølve Gamlingen vart ein annan, naar han kom til Byen. Det var som han yngdest upp att her inne, totte Daniel. Han kunde sjaa so raud og frisk ut, og hava slik ein Glans i Augo, at ein skulde ikkje kjenna Mannen att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, naar han saag Ole Johannes saa livleg; han nikkad til Daniel og smaalo. –

Men ein Gong ut paa Hausten – det var ein regnsur og kald Dag seint i Oktober – totte Daniel, at Gamlingen var kvatare mest enn rimelegt kunde vera. Og Glansen i Augo var so tett, at det liksom vart til ei Dimma. Daniel forstod seg ikkje paa dette; men han likad det ikkje. Ut mot Kvelden skulde Ole Johannes reisa, og daa var han bleikare att og meir tagall; men det underlege Laget fylgde han enno. Og som han sat i den nye Bykjerra si og snakkad nokre Vælfar-Ord med Hans Nerstad, saag Daniel, at Augo hans var hengjande og matte som paa ein drukken Mann. Men Hans Nerstad blinkad til Daniel og smaalo. Daa seig det ei Tyngd, ei vond, verkjande Tyngd, yver Guten. Han gjekk upp paa Romet sitt og visste ikkje kor han skulde gjera av seg. Han berre saag Far sin, som han sat der nede og glodde med dei stive Augo, og det verkte 68so vondt i Bringa hans. Kunde Vaarherre tillata slikt? Kunde han lata Far hans koma uppi dette? Far hans hadde daa altid voret ein skikkeleg Mann og haldet seg til Boki. Ja, so nær som i seinare Tid! – Ja, men likevæl. – Nei. nei. Nokot so fælt kunde ikkje henda. Han sagde det til Vaarherre og, at det maatte ikkje henda! Han kjende ein brennande, saar Hug til aa graata, men fekk det ikkje til. Han sette seg burttil Glaset, og der sat han med Haand under Kinn og stirde ut i Lufti, lengje, lengje. –

So kom Lias ein Dag køyrande til Byen i den nye Bykjerra og skulde henta Doktaren. Daniel skulde og vera med heim. Det stod smaatt til med Ole Johannes. Han var komen heim fraa Byen reint skamfrosen; hadde nok somnat paa Lasset og i Ørska køyrt ein galen Veg, so han ikkje kom heim fyrr langt ut paa Morgonen; og daa maatte dei bera han inn. Han var drivande gjenomvaat og reint stiv. Og no laag han der med ein brennande Bringeverk, og so avklard, at Daniel vilde ikkje kjenna han att. Ikkje samlad hanIkkje samlad han] han var ikkje ved sine fulle fem helder lenger. Han berre laag og rasad, tøvde um Bispar og Prestar og um mangt og mykje, som der korkje var Ev elder Stev i.der korkje var Ev elder Stev i] noko som berre var meiningslaust Der var nok ikkje annat aa tenkja paa enn Enden. For Daniel var dette so fælt, at han tagnad reint burt. Han fylgde med heim, men var so tung og hugsjuk, som han skulde til si eigi Likferd. No var alt slutt. Og at det skulde koma so braadt, og so syrgjelegt! – Doktoren sagde det var Lungebrand. Dei skulde 69ha hentat han fyrr; no var her ingenting aa gjera. Han skreiv upp nokot Medisin, murrad og reiste. Maren gjekk ut og inn og greet, og var so reint burte, at det mest var Judith, som maatte stella den sjuke. Daniel torde knapt vera inne. Det var so fælt aa sjaa paa Far sin som han der laag, vonlaus, hjelpelaus, med ville Augo, med hole, skjegg-grodde Kjakar, og med ein saar, riktanderiktande] pipande Pust; men endaa fælare var det aa høyra paa hans øre Snakk um «Sonen, som skulde verta Bisp». Maren spurde Daniel med graatande Taarer, um Ole Johannes hadde voret … um han hadde fengje nokot … meir enn han tolde … der inn i Byen; Daniel vart bleik, men sagde Nei. «Aa Gudskjelov for det daa!» greet Maren; – Daniel forstod ikkje, at ho kunde graata so saart for det. Den raude Kapellanen kom ender og Gong og vilde tala med den sjuke um hans Sjælesak; men det nyttad ikkje. Han kunde nok vekkja han for eit lite Bil; men strakst etter var han burti Ørska att. Og i den Ørska døydde han. –

Der stod Daniel.

– Det viste seg no, at Ole Johannes i dei seinste Aari hadde sett seg i større Skuld enn nokon visste. Det meste skyldte han hjaa Jens Bakke. Men der var Smaagjeld baade her og der, i Byen og i Bygdi. Garden var so skuldsett som han med godo kunde vera. Skulde dei klara det, maatte dei sjaa aa koma til Lags med Jens Bakke. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde berre hava 70Daniel til aa skriva under paa, at han skulde betala Gjeldi – halv tridje hundradhalv tridje hundrad] 250 Dalar – so snart han fekk Embætte elder fast Post, og so skulde Maren og Elias gaa god for Daniel og sjølve staa for Pengarne, um han døydde elder vart helselaus; og endeleg skulde dei betala 5 Prosent Rentur um Aaret, til dess Pengarne var greidde. Daniel skreiv strakst under. Det kunde ikkje skilja honom nokot, det, og so vart der daa ein Ende paa desse ufysne Forhandlingarne. Til Lagverja tok Maren gamle Tarald Ruste, som fyrr hadde voret Lensmann, og det vart avgjort, at ho skulde verta sitjande i uskift Bu. –

Der var ingen løynd Rikdom aa finna, ingen nedgraven Skatt, ingen Pengehop paa Kistebotnen. Kunde Maren og Lias med Stræv og Sparing fikta seg igjenom, so vilde det vera mest meir enn ventande.

Til Daniel var der ingenting.Fedraheimen: … ingenting, Han hadde dessutan ikkje nokot aa segja; han hadde fengje sitt fyrr, og væl so det. – Dei sagde … Dei sagde han fekk prøva aa koma inn paa ei Kraambud. Han svarad ha og ja. Kva skulde han paa ei Kraambud?

Han gjekk som i ei tung, tung Ørska. Det var ute med alt. Og verst var det aa tenkja paa Inga.

Inga, Inga. Kva tenkte ho no? Han torde ikkje visa seg i Neskyrkja i denne Tidi. Men kvar Sundag, naar Folk gjekk fraa Kyrkja, sat Daniel paa ein Stein attum ein stor Runne ovanfor Vegen og glytte ned etter Inga.

– Det kunde ikkje gaa slik! Her maatte koma Hjelp. Hadde Vaarherre hjelpt so langt, so maatte han hjelpa lenger!

71Han gjekk under, dersom han ikkje naadde fram. Kunde Vaarherre tillata, at ei Sjæl gjekk under?

Der var mange rike Folk i Byen. Der var Folk, som kostad burt Tusund paa Tusund berre til Stas og Moro. Det stod just i Bladet, at Grosserar Helle hadde kjøpt seg ein Lystkutter for 800 Dalar. 800 Dalar til ein Lystbaat! Med dei 800 Dalarne, elder berre med Helvti, kunde han voret bergad!

Elder Jeremias … Han foor og flakkad i den vide Verdi, og ingen visste, kor han var. Kanskje var han i Amerika … Gifte seg med ei rik Dame, vart Eigar av ein Million. Kom heim, greidde heile Bundten …

Elder den, som kunde faa fat i Bergkongen. Elder i Nissen, elder i ein Dverg, elder i nokot annat slikt … Der var Rikdomar nok, i Jord og Haug, den som berre visste aa finna dei. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt kunde ha funnet ein Klump Gull! – Der var mange, som hadde funnet Gull i gamle Haugar.

Tarald Ruste! Han skulde vera ein vælhalden Mann. Enn um ein snakkad væl med honom?

Aa nei. Han var ein Moldtræl han som dei andre. Han var endaatil Jaabækianar.Jaabækianar] Tarald Ruste var altså tilhengar av Søren Jaabæk (1814–1894), som var bondeførar på stortinget 1845–1891. Mest kjend vart han for å ville avskaffe pensjonane til embetsmennene. Han samarbeidde med Johan Sverdrup om danninga av partiet Venstre.Fedraheimen: … aa koma der. Han brydde seg visst ikkje meir um Aand enn um sine gamle Treskor. – Men Jaabækianaren … Det nyttad nok ikkje aa koma der.

– Men Jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt litt paa den unge «Studenten». Det var ille, at dei Pengarne skulde vera reint burtkastad, totte Tarald, og dessutan skulde Guten vera flink. Det vilde visst og vera godt, um me kunde faa fleire Embættsmenn 72av Bondestanden. Dei, me no hadde, var so framandslege, og kjende so lite til Livet hjaa den simple Mann, at det var plent som dei skulde vera ein annan Nasjon. Bondegutarne derimot, dei visste, kva Folket hadde aa staa i. –

Han hadde snakkat litt med Daniel og totte han saag ut til aa vera ein snild Gut. Han kom innum att ein Gong sidan og snakkad meir med Daniel. Denne totte ikkje, at han, som Skulegut, kunde hava Meiningar mot ein Mann som gamle Lensmannen, og dei kom daa svært godt til Lags. Berre naar Tarald kom innpaa um Jaabæk og Sparetanken, og um at Embættsmennerne hadde det so altfor feitt, daa totte ikkje Daniel, at han kunde vera heilt med. Men han vilde ikkje segja imot helder, og so greidde han seg fraa det med, at han hadde havt for annsamt paa Skulen til aa kunna fylgja med i alt slikt. Men daa han saag, at Tarald Ruste ikkje var fornøgd med dette, lagde han snøggt til, at det naturlegvis var ein god Ting aa spara. «Ja, det lærer du nok aa forstaa!» meinte Tarald.

Etter dette hadde Daniel litt Von likevæl um Lensmann Ruste.

Og Lensmann Ruste hadde Von um Daniel. Han gjekk og undrast paa, kven han skulde faa med seg til aa hjelpa denne Guten fram. I Bygdi var der ingen, som aatte Pengar, utan Presten; men det var ingen, som gjekk til Presten etter Pengehjelp. Derimot kjende han eit Par Menn i Byen, som ein kanskje kunde prøva. Grosserar Helle var ein bra 73Mann i visse Maatar, endaa han ikkje heldt med Jaabæk; – der var dei, som tvilad paa, um Grosserar Helle var so rik som han staakad til; men det tvilad ikkje Tarald paa. Og so gamle Finsen. Han hadde hjelpt ein slik Gut fyrr, han; rigtignok var det ein, som vilde paa Missjonsskulen; men kanskje gjekk han med her og. Tarald Ruste køyrde tilslutt til Byen og talad med desse Mennerne. Og det gjekk godt. Grosserar Helle sagde Ja paa fyrste Ordet. Finsen var seigare; for han hadde lovat Vaarherre, sagde han, at han vilde bruka alt det, han kunde avsjaa, til Sulu-Missjonen. Men tilslutt gav han seg. Kanskje Vaarherre kunde bøygja Hjartat hjaa denne Bondeguten slik, at han og vart Missjonær eingong. Ein fekk setja alt i Herrens Haand; hans Vegjer var ikkje vaare Vegjer. Og so vart daa desse tri Mennerne, Jaabækianaren, Grosseraren og Sulumissjonisten, samstellte um, at dei skulde hjelpa Daniel Sørbraut fram til Student-Eksamen. Tilslutt foreslog Helle, at dei skulde senda Guten til Kristiania, paa Fabrikken, for aa faa han «ferdig i ein Fart»; det var baade billegare og betre, sagde han, og so hadde Jonas Didriksen paa Neset gjort med sin Son, han Peter. Dette gjekk dei andre daa tilslutt med paa.

So kom Tarald Ruste ein Kveld køyrande til Sørbraut, kry som ein Konge og blid som Smør i Sol, fordi han hadde gjort dette store Verket, og fordi han kunde koma til Gards med slikt eit Fagnad-Bod. Og vælkomen vart han. Heile Huset kom aa Ende; Daniel lo, Maren kokad Kaffi, Judith gjekk 74og stellte um Lensmannen som um ein gamall Bestefar, og sjølve Lias smilte og gneid seg i Henderne. Maren likad ikkje alt so godt det siste um, at Daniel skulde til Kristiania; men det gjekk ikkje an aa setja seg paa Bakføterne no. Ho berre spurde seg fyre, um det ikkje vilde vera vaaglegt aa senda so ung ein Gut der inn; ho hadde høyrt der skulde vera so mange stygge Folk, Frimaurar og Fritenkjarar og … «Aa langtifraa!» sagde Tarald Ruste. Dei sende yngre Gutar enn Daniel der inn, og dessutan so var det berre nokot Tøv, det, at Frimaurarne slagtad Folk og sende dei til Tyrkriet. Det var skikkelege Folk i Kristiania liksom her. Latinarar var dei, og Embættsvenner, og hellest nokot stort Svinepakk i mange Maatar; men det kom ikkje Daniel ved. Han klarad seg nok. Dermed maatte Maren lata seg lita. –

Daniel skulde reisa til Hausten att. Han hadde ikkje Fred heime lenger; han lengtad til Kristiania. Der inne var det, at han skulde finna det store og ædle og fagre paa Jordi; og Byen bygde seg upp i hans Hugsyn som ein Skog av kvite Taarn, lysande som Marmor upp gjenom ein solfyllt Dal. Han var stød paa, at so snart han kom dit, vilde han koma inn i nokot vidunderlegt, poetiskt, stort, nokot med Gull og Glans og fagre Møyar som i dei gamle Romanarne; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar vera trufast. –

– Lengje ventad kom endeleg den store Tyrsdagen, daa han skulde reisa. Maren og Lias fylgde 75han til Byen og heilt paa Bryggja. Maren var so rædd ho skulde ha gløymt aa senda med han nokon Ting, som han kunde hava Bruk for, og ho spurde han fleire Gonger, um han ikkje meinte, han kunde turva endaa eit Nøste med graatt Ullgarn. Men Daniel meinte, han hadde Ullgarn nok; han var berre so rædd han skulde koma for seint paa Eimbaaten. So snart denne hadde lagt til Bryggja, krabbad han seg umbord, og han sagde Farvæl til Mor si og Bror sin med Hjartat bankande av uroleg Gleda.

Det ringde tridje Gongen; Baaten sette i med eit forskræmelegt Yl og tok til aa arbeida seg ut fraa Bryggja. Farvæl! Farvæl! høyrde ein paa alle Kantar, og kvite Lummedukar tok til aa slaa i Lufti som mange smaae Vengjer. Men der var ingen, som veiftad etter Daniel. Gamle Maren hadde ikkje nokon kvit Duk aa veifta med. Ho hadde berre ein liten ein av raudrosutt Bomullsty; men den hadde ho gløymt etter seg heime. Ho stod ut i den eine Kanten av Bryggja, langt burte fraa dei fine, og beit i Plaggsnippen og saag etter «vesle Daniel» med raude, jammerfulle Augo. Det var so vondt aa tenkja paa, at han skulde so langt burt. Ho vilde ikkje graata, so framande Folk saag paa det; men Graaten var ikkje god aa døyva. Han fyllte Bringa som ein saar, varm Flaum, og fram vilde han paa alle Slags Vis og Maatar. Han skar seg heit og brennande fram i Augo, og vreid seg bitterleg um den magre Munnen. Men daa Baaten hadde lagt heilt ut fraa Bryggja, og ho saag «vesle Daniel» staa aaleine der paa Framdekket 76millom alle desse Framande, som saag so myrke og likesæle ut, daa snudde ho seg burt, bøygde Hovudet ned i Henderne og greet, greet so det skok i dei gamle slitne Akslerne.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.