Bondestudentar

av Arne Garborg

VII.

163Forelesningarne tok til, og so gjekk dei og var Studentar. For Daniel var dette til stor Hjelp; det spreidde Tankarne. Her uppe millom all denne glade og stolte Ungdomen hadde han ikkje Mod til aa tenkja paa Berta Maria; han totte det var skamlegt.

So aandfulle som han hadde tenkt var Forelesningarne ikkje. Mang ein Gong vilde han ha sagt, at dei var aandlause, dersom han hadde tordt sagt elder tenkt slikt um so høge Ting. Men det torde han ikkje, for det var væl han, som ikkje til Gagns forstod dei.

Der var det gode her, at ein turvte ikkje læra Leksur og vart ikkje yverhøyrd. Ein hadde ikkje annat aa gjera enn aa høyra paa, og skriva «Notater», um ein so syntest; og vilde ein vera burte fraa Forelesningarne, var det ingen, som heldt Rekneskap yver det. Professorarne kjende ikkje Læregutarne sine desmeir, og kvar fekk stella seg som han sjølv vilde. Dette likad Daniel, endaa han undrast paa, korleis ein skulde læra sine Ting, naar ein ikkje fekk Leksur.

Um Ettermiddagen gjekk Daniel og dreiv med kven han fekk Lag med. Han hadde tenkt aa lesa 164igjenom paa nytt, det han hadde lært og ikkje lært i sine Skuledagar; men det fekk vera til sidan. Um Kvelden var han ofta i Teatret. Han likad seg der; mest all Ting gjekk ut um Kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatret var som ein fredlyst Huldreheim, eit Eventyrland midt i Livsens Prosa; der livde det fagre sitt evige Liv, avgøymt fraa alt, som kunde skipla og skjemma. Der livde Daniel i Sanning idealt, totte han, endaa han maatte sitja paa «Tolvskillingen.»Tolvskillingen] ein av dei billegaste plassane lengst bak i salen

– Jens Bakke hadde sendt Pengar. Men den Moldtrælen hadde sendt 50 Dalar istadenfor 100, so det galdt aa spara, og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det galdt aa faa dei 50 Dalarne til aa naa so langt som Raad var; for med Tid og Stunder kom der nok Hjelp paa nytt.

Den, som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger. Og no hadde Daniel ei serskilt god Von; for Jens Bakke hadde fortalt, at Bror hans, han Lias, hadde teket Skjerp paa fleire lovande Malmgruvur. –

– I Studentersamfundet var dei nokre Kveldar og vilde sjaa paa det store Studenterliv. Men der var so høgtidelegt, totte Daniel. Han kom reint burt i denne lange, store Salen, millom all den Mengdi av flott Ungdom, og han sat og høyrde paa Avis-Upplesningi og Ordskiftet so still som i ei Kyrkja. Men Ordskiftet handlad um eit Haustball, som some endeleg vilde hava; og det var merkjelegt, kor kvike dei var til aa vrengja um Ordi for kvarandre og redigera kvarandre 165in absurdum.redigera kvarandre in absurdum] mistolke kvarandre på urimelege måtar Daniel høyrde med Vyrdnad paa desse store Talararne og tenkte med seg, at slikt kunde ikkje han læra; men langsamtlangsamt] keisamt var her, og han sat berre og stundad etter at dei vilde slutta. Endeleg kom Toddyen. Men det var ikkje som i Russelaget. Ein maatte sitja so stiv som ein Stake og høyra paa lange Talar um alle Slags Ting, og naar dei talad um «vaare Kjærastar», vart Daniel raud og maatte tenkja paa Berta Maria. Fyrst naar det leid ut paa Notti ei Stund, vart her lystigt og hyggjelegt; men naar dei kom so langt, so sluttad dei.

Daniel torde ikkje segja, at han mistreivst her uppe; det kunde henda, at Skuldi var hans, og at dette i Røyndi var det sanne Studenterliv. Men daa Aslak Fjordan sette i med ein hivande Laatt og svor paa, at verre Tull hadde han aldri voret uppi, og daa Haugum hadde samtykt i dette, sluttad Daniel seg til dei av Hjartans Grunn. Dei vart samstelte um, at der ikkje var den rette Aand i Studenterlivet no, og daa dei skildest, bad Aslak dei heim til seg næste Laurdagskvelden; der skulde dei hava det mykje gildare enn i Samfundet, meinte han.

Laurdagskvelden kom, og Aslak heldt Ord. Han hadde mykje Konjak og godt Selskap, og dei heldt eit Kalas, so det brakad etter. Millom Gjesterne var Student Hærland og Gregus Johnsen. Hærland var ein liten sped, ivrig Fyr av «Frams» Flokk; Gregus Johnsen hadde stroket for andre Gongen og hadde sidan legjet paa Landet «for aa samla nye 166Inntryk.» Der vart strakst livlegt. Dei byrjad med Professorarne, som vart ymist dømde; Ortvedt fortalde Smaasogur um dei, og Hærland dømde dei vitenskapelegt. Fraa Professorarne gjekk dei yver til Vitenskaparne, serleg til Filosofien. Haugum var i Beit med, at han ikkje kunde forstaa Overgangen fraa «Intet» til «Tilværelse», sagde han, og bad Hærland greida dette ut for han; Hærland lo og spurde, um Hr. Haugum meinte, at slikt var til aa «forstaa». «Kann De finna ein norsk Student, som hev lært aa forstaa denne Logikken», lagde han til, «so skal eg ikkje vera ærleg Mann». Daa lo Aslak med sin store Laatt og sagde, at det vilde han Pinedød tru, og Gregus Johnsen nikkad.Filosofien … nikkad] Jfr. tidlegare note. Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770–1831) freista m. a. å skape ein syntese av filosofi og teologi, som t. d. Søren Kierkegaard (1813–1855) gjekk til åtak på alt i 1840-åra. Noko av grunnen til at Hegel endå ein gong blir gjort til lått, kan vere at Marcus Jacob Monrad (1816–1897, modellen for «professor Darre» på russefesten) var hegelianar lenge etter at Hegel hadde tapt hegemoniet sitt elles i Europa.

Fraa Logikken kom dei til Ethikken, og fraa Ethikken til Politikken. No kom der Liv i Laget. Hærland og Aslak var Republikanarar, dei andre var konstitusjonelle, og i glupande Fart reiv dei av seg sine Grunnar for og imot, og var like nære. Dei einaste, som ikkje var med i Ordskiftet, var Ortvedt, som totte dette gjekk for høgt, og Daniel, som hadde nok med aa høyra. Dessutan visste han ikkje rett, kven han skulde halda seg til; han heldt i Grunnen med Haugum, men hadde likevæl best Hug til aa stydja Hærland, som var ny i Laget og dertil ein kvass, ordsterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskiftet, og vilde hava Samhug og Hjartelag, og so sette han i med eit skakande Maal: «Ja vi elsker dette Landet». Det hjelpte. Haugum gløymde Kongedømet 167og Republikken og song i med glad Jubel: «som det stiger frem»; Daniel og Gregus Johnsen fylgde etter, og Hærland kunde ikkje helder halda seg, men kom med tilslutt paa «de tusind Hjem». Og dei song, og song seg varme. Det eine Verset tok det andre, og for kvart Vers vart dei gladare og meir uppglødde. Daa dei tilslutt med dundrande Røyster hadde svoret –:

«Og som Fædres Kamp har hævet
det fra Nød til Seir,
ogsaa vi, naar det blir krævet.
for dets Fred slaar Leir!»

klinkad Haugum paa Glaset og bar fram i stillferdige Ord ei Skaal for Fedrelandet. Han hadde ikkje mykje aa segja, og det vart ingen Tale; men det var so godt meint. Der vart stillt i Laget, daa Skaali tømdest, og alle var aalvorlege, so nær som Ortvedt; han sat der med sitt evige, blide Smørsmil og sagde «Skaal, Skaal!» so Daniel vart forargad.

No fann Gregus Johnsen, at hans Tid var komi, og han spurde blidslegt, um Herrarne hadde leset det siste Diktet av Bjørnson. «Ja», svarad Ortvedt snøgt; men Daniel var truskyldig og sagde Nei, og so gav Gregus seg til aa segja fram Diktet. Han foredrog som ein halvstuderad Komediant, og berre Daniel sagde for Skam Skuld «Bravo». Men Hærland stod upp og heldt ein Tale for Bjørnson, som vekte slikt Samtykke, at Gregus prøvde seg med ein Tale til um det Emnet. Av den Talen tok Hærland 168seg Tilføre til aa taka paa, Skandinavismen;Skandinavismen] Ideen om eit kulturelt og politisk samarbeid mellom Noreg og Sverige og Danmark stod sterkt mellom unge akademikarar i siste helvta av 1800-talet. Unge akademikarar tok sikte på embetsstanden, som i prinsippet måtte vere lojal mot (svenske-)kongen, samtidig som den norske embetskulturen var sterkt knytt til dansk overklasse. Haugum lagde litt imot; men det viste seg snart, at dei i Grunnen var samde. So kom dei innpaa Unionsforslaget; men det var dei strakst ferdige med. Det vart fraa-seg-gjort med eit Par gode Spark og ein djerv Skjemt av Aslak Fjordan.

Men no var dei komne so langt med Toddyen, at dei tok til aa verta blide. Daniel kjende ein graatsæl Hug til aa fortru si Hjartesorg til ein elder annan; Ortvedt fortalde Aslak um eit Fyllelag, han hadde voret i, og som hadde sluttat med, at Verten fekk DillaDilla] alvorleg fyllesjuke og skaut etter Gjesterne med Revolver; Haugum og Hærland snakkad Politikk; men Gregus hakad seg fast i Daniel og gav seg til aa forklara for han um si Vanlukka til Eksamen. Tingen var, sagde han, at han var ikkje skapt til Eksamenshest. Han var skapt til nokot annat, – nokot, som han for sin Part trudde var høgare. Han visste ikkje, um Hr. Braut kunde vera med han paa, at Poesien var det høgste i Livet … «jau, jau», ropad Daniel ivrigt, «Poesien, – jau, det er just mi Meining og; der er ingen Ting, som –!»

Gregus var glad yver aa høyra det. Der var so mange Filistrar no um Dagen, og det endaa millom Studentarne, Filistrar vilde han segja, som ikkje hadde Syn for dette, at Poesien var den øvste Livsmagt; men det forstod Gregus, og ingen skulde faa han ifraa det. Aa spenna han for Eksamenskjerra, det var som aa … ja, han vilde ikkje bruka det Bilætet, han tenkte paa. Folk snakkad um Aandsutvikling, 169um Tanketukt … ja, Gregus hadde leset litt Filosofi og eit og annat slikt; men … Dei kjende ikkje Aanden, desse Folk; dei hadde aldri kjennt Aanden brusa gjenom seg paa breide Vengjer; – Gregus vilde segja, at dei hadde ikkje det, naar dei trudde, at dei kunde binda Aanden til Reglar og segja, at so og so skulde ein tenkja, og so og so. Liksom ikkje Aanden altid gjekk sine eigne Veger!

– «Ja syng, den!» ropad Aslak Fjordan; «syng den!» – Haugum sette i med roleg, mild Røyst, og alle maatte lyda:

«Jeg har baaret Lærkens Vinge,
jeg har sunget høit dens Sang;
jeg har følt, jeg skal mig svinge
op til Paradis en Gang,
op til Paradis en Gang.»

«Den er dejli!» sukkad Gregus Johnsen.

«Lad kun Graad mit Øie blinde!
har min Sjæl sin Vinge blot,
skal jeg engang Veien finde
op til Himlens lyse Slot,
op til Himlens lyse Slot.»Jeg har baaret … lyse Slot] dikt av den danske diktaren Hans Peter Michael Rosing (1830–1904)

Songen kom til rett Tid; Haugum maatte syngja han uppatt. Hugmilde og ivrige sat dei og lydde og drøymde uppatt sine fagre Barndomsdraumar um Englarne og Gud Fader, voggad seg inn i heile denne blide, bleike Romantikken, som lyste som ein Septemberhimmel yver deira germansk-orientalske FyresyningarFyresyningar] førestellingar um det evige Liv. Det kunde væl til Kvardags 170henda, at dei kom i Tvil um eit og annat av det, som dei hadde lært i Forklaringi; men i Stunder som desse kom alt det gode og varme Hjartelaget upp i dei, og dei trudde som Born. Sjølve Hærland vart riven med. Blid-øygd og bringevarm sat han og leet seg glida inn i fredsæle Kyrkjedraumar, og han stod tilslutt upp og bannad paa, at dette var det høgste og djupaste i oss, kor mykje me so strævad med aa tvila og fornegta.

Um ei Stund var dei komne inn paa eit nytt Emne: Kvinna. Og det vart eit langt Kapitel. Dei gjekk heile Skalaen igjenom, fraa «Idealet» – Skaal for Kjærasten! «Mulmet sank, det svale»Mulmet sank, det svale] hyllingsdikt til den nordiske kvinna av dansken Jens Christian Hostrup (1818–1892) – og nedetter, til dei kom til Botnen. Daa sette Ortvedt i med eit litet underlegt, brestande Maal og song um «Samson, som elskede Daliladalila, daliladalila»,Samson, som elskede Daliladalila, daliladalila] revy-vise frå 1870-talet av dansken Erik Bøgh (1822–1899) og no gjekk det laust. Daniel stakkar, som tenkte med Hjarteverk paa si arme Berta Maria, kunde ikkje rett lika seg. Dess betre treivst Ortvedt, som sat og jabbadjabbad] jabbe: jatte med og fortalde som ei Kaffikvern, og Aslak, som berre sat og lo. Bannad og lo. Men gjenom ein naturleg Tankegang kom dei fraa dette inn paa eit forskræmelegt Snakk um Anatomi og Lik og medicinsk Styggedom, so Daniel tilslutt sat reint og fælte, og der kom nokot stillt og døyvt yver heile Laget. Daa sagde Aslak «Skaal!» og slog i seg Resten av Glaset. «Var det det andre elder tridje?» lo han, lagad paa nytt, bad Gregus Johnsen gjera det same, og manad paa dei andre, at dei fekk sjaa aa koma etter. Men daa Ortvedt endaa heldt 171paa med sine Hospitalsogur, stod Aslak upp og sette i med eit Maal, som kunde vekkja daude: «Sjung om studentens lyckliga dag

Visa kom til rettan Tid. Haugum reiste seg og song med, og snart gjekk dei og dreiv paa Golvet og song alle ihop, so det var fælt aa høyra. Men til Endes paa Verset kom dei ikkje; Snakket tok dei ein etter ein; dei hadde fenget so mykje aa tala um no; tvo og tvo elder tri og tri stod dei bortetter Golvet og pratad, og rett som det var maatte dei burtaat Bordet og skaala. Det vart livlegare og livlegare, og Snakket gjekk høgare og høgare, liksom ein Sjø, naar det aukar paa og blæs. Some disputerad um, kor det var best aa faa Middagsmat; andre disputerad um dei tri Personarne i Guddomen. Og no kom det fram, mangt av det dei hellest gjekk og tagde med; Pengesorger og Synder, Fantestykkje og Daarskapar vart framlagde so truhjartigt og heilt, som dei stod for sin siste Domar. Daniel kunde ikkje lenger bera sine Elskhugssorger aaleine; Gregus Johnsen leet Ortvedt vita, at han arbeidde paa eit stort Syrgjespel, som skulde heita Keisar Kaligula.Keisar Kaligula] Caligula (12–41 e. Kr.), romersk keisar «Det var Fanden!» lo Ortvedt; «aut Cæsar, aut nihil!»aut Cæsar, aut nihil] (lat.) anten keisar eller ingenting sagde Gregus Johnsen. Men Hærland, som no var komen ut av sitt blide Lag, gjekk og lagde ut for Haugum, so Busti fauk, at Læra um Kristi Guddom var ubibelsk. Og dei drakk Dus med heilag Iver og heldt av kvarandre og trudde paa kvarandre og lo i store drukne Laattar aat ingen Verdsens Ting. Ender og daa skreik det i med Sjung om studentens, og 172daa gløymde dei sine Suter og song med: låt oss fröjdas! – men strakst kokad Snakket uppatt, og Verset vart aldri utsonget. Lufti stod so tett som ein Eim av Tobaksrøyk og Toddydunst, og inni der gjekk dei og dreiv som Fiskar i eit Akvarium. Men Haugum lurde seg til og fekk setja eit Vindauga paa Glytt. So klinkad det paa Glaset, og ein elder ein annan steig fram, raudøygd og bleik, og heldt ein Skaaltale for det elder det, for den elder den, og daa Hærland hadde trættat seg trøytt med Haugum um Kristi Guddom, heldt han ein stor Tale for «dei veldige Idearne, som no lik ei Stormflod braut innpaa oss fraa Europa.» Det vart mest Morgon, fyrr dei sluttad.

Men av slike Kveldar hadde dei fleire. Og dei song og skraalad og skifte Ord um alle Ting, og slost um Politikk og store Spursmaal, so dei mest vart Uvenner. Men stundom fekk dei Aslak Fjordan og Halvor Mosebø til aa stevjast, elder Hærland til aa fortelja Eventyr paa Sognemaal.

Naar dei so pratande og smaasullande dreiv Arm i Arm burtgjenom Gaturne langt paa Nott, so hadde dei mest altid ein Konstabel siglande i Hælarne paa seg; for «han forstod det var Russ, og lurad etter Mulkter», meinte Hærland. No skulde det fraa gamalt høyra med til Studenterlivet aa liggja i Ufred med Politiet; men den Ufreden leet dei vera. So snart dei høyrde Konstabeltakten etter seg, vart dei støde og aalvorlege som eit Formannskap. Den gamle Bonderespekten for alt, som luktad av «Øverheit», 173sat deim alle bibrande i Blodet; ja Daniel vart fastande,fastande] edru naar han saag Lovens Mann. Det kunde henda, at Aslak, naar han hadde dugeleg i Hatten, fekk Hug til aa «godprata litt med den Konstabelslusken», som han daa vilde «spretta upp i Ryggsaumarne» elder «slaa Hovudet ned gjenom Halsen paa»; men daa hysjad dei paa han alle ihop, og Daniel var so rædd, at han var paa Livet. Det var ikkje godt aa vita, kva Veg det bar, dersom ein kom i Klørne paa Politiet, tenkte han.

Derimot hadde dei ein stor Hug til aa vaaga seg so langt ut paa ville Vegjer, som det hellest kunde gaa an. Lausslopne fraa alle Tuktemeistrar, fraa dei strenge Bondeskikkar og den gløgge Bygdekritikk, totte dei, at dei burde bruka sin Fridom. Kristiania Nattliv stod for dei som eit villt, lokkande Eventyr; ein burde kjenna dette utrulege Varulv-Livet utanfor all Regel og utanfor all Moral, utanfor det menneskelege Samfund. So kunde det henda, naar dei var glade og galne, og Notti var myrk, at Ortvedt foreslog «Øl ovanpaa», og so gjekk dei dit, der dei kunde faa Øl etter Klokka 12. Men det hadde dei lite Moro av; for Eventyret var ikkje nokot Eventyr. Jammerleg kristianiensisk Prosa var det, Raaskap og Rotenskap og Lukt som i ein Rennestein. Det var utrulegt, at slikt kunde vera til, og at Folk kunde verta so ulkelegulkeleg] kvalmande; motbydeleg fæle. –

– Daniel vart snart leid av aa gaa paa Forelesningar. Aa sitja der uppe paa det kalde, svarte Universitetet fem seks Timar kvar Dag og høyra paa 174endelause Utviklingar um Vinklar og Kategoriar, det var ikkje stort likare enn aa gaa paa Skule. Ikkje lærde han nokot helder. Han undrast paa, um det ikkje just var slike Forelesningar, som Professor Darre hadde meint, daa han talad um aandlaus Servitenskap. Og Filosofien, – den var ikkje til aa forstaa, som Hærland hadde sagt.

Han gav seg til aa forsøma. Naar det leid til Eksamen, kunde ein plugga i seg det vigtigaste av Bøkerne; det gjorde same Nytten. Og det var mange, som gjorde det so. Andre-Eksamen var dessutan so lett, og hadde so litet aa segja. Ein kunde nytta si Tid betre enn aa gaa og høyra paa unyttig Fagkunnskap; ein kunde sitja heime i Ro og Mak og studera Menneskelivet gjenom aandfulle Bøker.

So gjorde Daniel det. Ikkje kvar Dag, for det torde han ikkje; Kammeratarne kunde undrast paa det; men so ofta han trudde det gjekk an. Sidan vart det oftare og oftare.

Dei «aandfulle Bøkerne» fekk han laana av Gregus Johnsen for ei Flaska Øl so daa og daa; til slutt slog han seg paa Romanar.

Under alt dette tok Pengarne hans til aa minka, og Hjelp viste der seg ikkje Teikn til. Eit av tvo maatte han gjera no: sjaa seg um etter Arbeid, elder taka til aa spara for Aalvor.

Han valde Sparetanken. Arbeidet fekk vera det siste, han tok til, og dersom han berre heldt ut, so kom der nok Hjelp. Kanskje Lias snart fekk selja eit Skjerp elder tvo; so vart der nok Pengar.

175Og um det skulde knipa, so var det naturlegvis snart gjort aa faa Arbeid i ein so stor og rik By som Kristiania. –

Det einaste, han visste aa spara paa, var Maten. Men det var, som det skulde vera, tenkte han. Filisteren livde for aa eta; ein Student skulde eta for aa liva. Ein sann Student og Idealist skulde liva paa smal Kost. Og Dølen hadde livt sine beste Dagar, naar han ikkje fekk Middagsmat.

Dette vilde Daniel prøva. Tvo Dagar um Vika leet han Middagen vera og livde paa «Heimemat», og det gjekk i Grunnen godt, totte han.

Men Pengarne minkad likevæl. Ender og daa kom det drivande ein Kammerat, som eingong hadde laant han ein Dalar elder tvo, og Guten hadde ikkje Mod til aa ljuga, men betalad.

Ein fekk knipa inn ein Middag til. Der var ikkje Raad med det; og hellest var der det gode med aa halda Middag heime, at det var so maklegt. –

Han vart meir og meir lat. Um Morgonen laag han for det meste og las og røykte til langt paa Dag, og naar han kom upp, so bar det i Veg med same Arbeidet.

Det var so hyggjelegt aa lesa um Kjærleik. Mest altid fann han ei Gjenta, som kunde vera Berta Maria, og ei, som kunde vera Inga Holm, og daa var det som Draumarne hans fekk Liv. Men Livet sjølv vart ein meiningslaus, usann Draum, som han gløymde.

Han tok til aa forstaa hin Guten, som ynskte 176aa vera Konge, og som daa vilde liggja paa Laaven all Dagen og eta Rjomegraut. Daniel aatte i Grunnen same Ynskjet, berre han fekk ein Roman til Grauten, og ei Pipa.

– Ettersom Tidi leid, fekk han slik ein forunderleg Mathug. Han var svolten allstødt, endaa so maklegt som han livde. Dette kom ille med no, daa han just skulde spara.

Det vart verre og verre. Mat-Tankarne vart so sterke, at han fekk snart ikkje Fred for dei. Han kunde lesa dei gildaste Forteljingar um Kjærleiks Sorger og Kjærleiks Sæla, og so maatte han upp og riva i seg eit Stykkje Mat. Elder han kunde lesa um Riddarliv og Kjempeverk, drøymande um salt Kjøt og Flesk og Erter paa «Dampen». Og det glødde for Bringa av Svolt, og han kjende Lukti av Flesk og gule Erter, so han mest ikkje kunde halda det ut.

Stundom stal han seg paa «Dampen»Dampen] Christiania Dampkjøkken, serveringsstad der ein kunne kjøpe billeg mat og ete i store matsalar dei Dagarne, daa han etter Rekningi skulde halda seg heime. Den sterke, strame Matlukti fraa Eimkjøken kom yver han som ei Forføring, og han luskad av stad som Drikkaren til Sjappi, endaa Samvitet gnog og gnaalad og minnte um, at han ikkje hadde Raad.

Naar han so naadde den livsalige Gluggen, der Maten kom langande ut igjenom som fraa eit Rikdoms Djup … og naar han fekk det rjukande varme Fatet millom Henderne, so at no var det ikkje lenger Draum, men handfast, paaliteleg Sanning, – aa, han kastad seg yver Maten som eit Dyr, slog Kryl 177paa Ryggen som Hunden yver ein stolen Kjøtknok, og aat, aat, sukkad av Sæla, langad i seg grundigt og metodiskt, so kvar einskild Bite kom til sin Rett, gjorde reint Bord, og ynskte seg ein Svanehals, so denne Gleda kunde vara litt lenger. Men naar han væl kom heim, var han svolten paa nytt.

Det var ikkje so poetiskt aa svelta som Daniel hadde tenkt. Og det var med stigande Rædsla han saag, at Pengarne hans kvar Dag minkad. For kvar Dalar, som gjekk, var det som der losnad eit Stykkje av Grunnen under han, og naar den siste Skillingen ein Dag maatte springa … det vilde vera som aa glida ut i eit myrkt, myrkt Djuv.

Han hadde Kammeratar.; men dei turvte nok sine Skillingar sjølve. Haugum skulde heim til Nyaar og taka ein Skulepost; Ortvedt skulde upp paa Landet og vera Huslærar; Aslak Fjordan hadde nok slitet sterkt paa Bankboki si, og Hærland og Sven Dufva – livde paa Laan som dei fleste andre. Dessutan heldt Kammeratarne seg meir ifraa han no. Dei likad seg ikkje paa Hybelen hans; der var altid so ustelt; dessutan tok Daniel til aa sjaa slik ut, at dei altid hadde ei Uro for, at han kunde vilde laana Pengar.

Han tenkte ikkje lenger paa aa vera fin; dei Draumarne hadde han lagt til Sides for det fyrste. Kisteklædi sine maatte han spara so lengje han kunde, totte han, og Kvardagsklædi var syrgjeleg slitne. Trøya, som hadde skift Liter og var midt imillom flaskegrøn og oskegul, hekk ikring han i Posar som 178ein Sekk; Vesten knappad han att heilt upptil Halsen for aa løyna Skjorta, som sjeldan var i Vask, fordi Vask kostad Pengar, og um Halsen hadde han ein Papirsnipp, som for det meste var baade sveitt og svart. Haaret fekk veksa som det sjølv vilde, daa han ikkje hadde Raad til aa faa det klippt, og raude, lange Skjeggfliser fekk gro paa Hoka hans etter sin eigen Tilhug. Men nedetter Leggjerne laag Broki i store Kne og faste Rukkur, og upptafsad og fæl ut yver dei skeive, sprukne Styvlarne. Han trøystad seg med, at no, naar Vinteren kom, kunde han løyna det verste av Armodsdomen med Vinterfrakken.

Paa Toddykveldarne maatte han slutta med aa gaa, fordi han ikkje lenger hadde Raad til aa vera Vert sjølv nokon Gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint ille full. Han tolde ingen Ting. Og naar han vart full, tøvde han slik, at han vart til Bry for dei andre og til den største Skam for seg sjølv. Han vart meir og meir aaleine, og lagde seg meir og meir i Hi. Det ideale Studenterliv fekk han drygja med no, til dess han fekk meir Pengar. Kvar Dag gjekk han og ventad paa Brev fraa Lias um Malmgruvurne. Men det drog ut. Og Daniel kunde snart paa Dagen rekna ut, naar han vilde vera pengelens.

Det verste var, at han skyldte Husleiga for den siste Maanaden. Han hadde alt eingong vortet kravd; men daa hadde han sloppet ifraa det; kom der nytt Krav – og det kunde han venta kvar Dag –, so vilde han vera reint uppraadd.

179Jau, ein Dag kom der Brev fraa Bror hans. Lias skreiv, at han vilde selja Garden og reisa til Amerika. Han hadde no ei Tid faret galen og havt Skjerpefeber, sagde han, og øydt upp Tid og Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje klara seg lenger; Jens Bakke elder Banken fekk taka Garden, og gamle Mor, ho fekk vera hjaa Judith, som no skulde gifta seg med ein Snedkarsvein nedpaa Neset; – han vilde reisa.

Daniel sat og las dette, og han totte det var som eit Fjell av Voner ramlad nedyver han med Brak og Røyk. No stod han der. Kor skulde han no av?

– Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpa! Han, som aatte heile Verdi, han, som var allmegtig… Kunde han ikkje hjelpt Lias til aa finna ei god Gruva? Kunde han ikkje med sitt Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjellet, der Lias hadde teket Skjerp? Kunde han ikkje … kunde han ikkje skapa dette Brevet om til Gull … elder gjera den Lampa til Gull … elder Blækkhuset …

«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde», stod der. Ja; men det var ikkje sannt! Hundrad tusund glade Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingen Ting, annat enn Ugagn, og livde likevæl, livde godt, livde høgt, – fordi dei hadde ein rik Far, elder ein stor Arv! Kvi skulde ikkje ein annan vera likso nær til slikt som dei? –

Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette, og forstod, at han ingen Veg kom, drog han ein tung 180Sukk og sagde til seg sjølv, at so fekk han prøva det siste. –

I ein By som denne var der naturlegvis Arbeid nok. Det galdt aa finna nokot, som ein kunde lika. Han tenkte etter. Men alt, han tenkte paa, var so aandlaust. Der var ingen Idealitet i det. Dessutan kunde han det ikkje.

Kva kunde han? Kunde han føra Bøker? Nei. Kunde han undervisa i Musikk? Nei. I Matematikk? Nei. I Latin elder Græsk? Nei. I Tysk elder Fransk? Knapt nok. Han kunde i Grunnen Ingenting.

Og kven skulde han gaa til? Han kjende ingen. Ingen, som hadde Pengar elder Magt, kjende han. Han fekk sjaa etter i Bladi, um der skulde vera nokot.

Nei. Ingenting for honom. For Handelsfolk og Tenestgjentur var der nok av Arbeid aa faa; men for ein Student, som ingenting kunde, – var der ingenting.

Daniel Braut vart rædd.

I si store Naud gjekk han til Haugum. Han maatte tenkja paa aa faa nokot aa gjera, sagde han, og spurde, um ikkje Haugum visste nokon, som kunde hava Bruk for han. Nei; Haugum visste ingen.

Det var svært vondt aa faa Arbeid her nokon Stad, naar ein ikkje var kjend, forklarad Haugum. Her var slik Tevling um kvar Ting, – hundrad Bikkjur um kvart minste Bein, – at der skulde Lukka til aa koma inn i nokot. «Men gakk upp til Bladstyraren 181av Bondevennen», sagde Haugum; «skulde nokon vita nokot, maatte det vera han.» – «Ja men … kann ein gaa til ein slik Mann … og spyrja um slikt?» – «Ja, det kann ein daa væl! Bondevennen er ein snild gamall Mann; berre gakk du.»

Daniel tok sine Kisteklæde paa seg og gjekk; men rædd var han. Han vart vist inn i eit stort, langt Rom, der mange Gutar sat kvar med sit Bord og stelte med Avisur. Some lagde ihop, andre lagde i Umslag, andre skreiv Utskrifter. Daniel vart teken av ein djup Age; han tenkte paa eit Ord, han hadde leset ein Stad, at Pressa var den fjorde Statsmagt. Han strauk Luva av seg og bukkad burtgjenom Romet; ingen svarad. Dei lagde ikkje Merke til han. Daniel totte han vart so liten; det kunde visst ikkje nytta aa prøva her; det var best aa gaa att. Men so kom det ein liten Gut. «Ska’ Di snakke mæ no’n?» spurde han so rolegt og trygt; Daniel vart bljug for den vesle Karen. «Ja … det var … Redaktøren.» «Vers’go! inn der!» sagde Guten, peikad og gjekk. Daniel innigjenom, stilt, varlegt. Den fjorde Statsmagt! den fjorde Statsmagt! – Romet kvitnad av Papir, og Lufti var full av Papir-Rassl som av ei kvass Kviskring. Stilt og høgtidelegt bankad Daniel paa Døri. Ingen svarad. Ein Gong til, litt sterkare; – «kämm-inn!» sagde eit tvert Mæle, liksom langt inne or ein Kjeldar. Daniel leet varlegt upp og steig inn, audmjuk som skulde han fram for Kongen.

Der var ingen inne. Romet var ikkje stort, 182helder ikkje ljost, men stygt var det, og ustelt. Midt paa Golvet stod eit Bord, fullt av Papir og gamle Avisur; for Bordenden stod ei stor Kjipa elder Korg, full av same Slaget; Bøker og Pakkar laag og slong burtetter Golvet; ei stor Bokhylla lengst inne stod halv-tom og glein og gapte yver nokre Aargangar av Bondevennen og Storthingstidende, og eit Par Pinnestolar stod og dreiv burtetter Golvet, der dei sist var sette. Men i eit litet Kot innanfor saag Daniel ein graa Rygg, som sat og lutte framyver ein Pult; skulde det vera Bondevennen?

Den graae Ryggen vreid seg rundt, og Daniel fekk sjaa eit bleikt, surøygt Andlit med tunnt, raudt Skjegg kring tunge, posne Kjakar; Munnen var breid og kjeid, men sagde ingenting. Daniel vart ille til Mods. «Er det … Redaktøren?» spurde han; han vilde sagt «Hr. Redaktøren«, men fekk det ikkje til. «Han kommer straks», var Svaret; «sitt ned!» Dermed snudde Andlitet seg burt att, og Daniel saag paa nytt den graae Ryggen, som sat og lutte fram yver ein Pult.

Daniel gav seg i Kast med den eine Pinnestolen og fekk sett seg. Han var glad for, at den graae Ryggen ikkje var Redaktøren, men kjende seg uroleg, naar han tenkte paa, at denne store Mannen snart skulde koma, – stigande inn breid og majestætisk, grundande paa landsvigtige Reformer. Kva skulde ein segja til slik ein Mann?

Det bankad; Daniel skvatt, der han sat. «Kämm inn!» sagde den graae Ryggen, og ein liten mager, 183halvgamall Fyr smatt inn, snaud og snøgg, med eit litet forunderlegt Katte-Andlit. Han hadde Ryggen halvt krum til Helsing, men rettad seg, daa han ikkje saag Redaktøren, smatt so med lettvinne, magre Stig burtaat Indredøri; Daniel kjende paa seg, at Mannen var Skræddar. «Goddag!» – Den graae Ryggen vreid seg rundt. «Redaktøren ikkje inne?» – «Nei.» – «Kjem han snart?» – «Aa, i Morgo.» –«I Morgo?» – «Fyremiddag eingong.» – «Men i Dag var eg her inne i Ekspedisjonen, og daa sagde dei, at han kom her i Ettermiddag?» – «I Morgo Fyremiddag som sagt. Høyr innum Klokka 11 til 1.» – «Ja ja. Men det var hellest dette Stykket, forstend De …» – «Kva for eit Stykke?» – «Aa, dette um Luksus … um kor galet det er med all denne Luksus’ en» … – «Naa –?»– «Han lovad, at det skulde koma; men det drygjer so lengje no; eg vilde gjerna vita, um det ikkje kjem snart!» – «Ja, De fær snakka med Redaktøren.» – «Og so vilde eg gjerna vita, um eg ikkje kunde faa nokot for Stykket … Det er ikkje greidt aa klara seg i desse Tider; eg hev ein Bank paa meg, ikkje ein, men tvo Bankar, og –». – «Høyr innum i Morgo Klokka 11 til 1. … elder kanskje 2; det er best De kjem 2. Daa finn De Redaktøren.» – Andlitet snudde seg burt; den graae Ryggen viste paa sin Maate Skræddaren Døri. «Godt, godt», sagde Skræddaren, han stod og bytte Føter og liksom dansad; «i Morgo 11–1… elder 2. Eg kjem baade 1 og 2 … Ja, Godmor’n daa!» Han vimsad ut att med sine 184lange, magre Stig, og det viste seg, at han hadde Maane.

Daniel likad seg ikkje, der han sat; det var kaldt og uhyggjelegt, og Livet her var visst strengare, enn han hadde tenkt. Han vaagad seg burti Døri og spurde vyrdsamt, um det altso var so, at Redaktøren ikkje kom i Kveld? – «Kommer straks», knurrad den graae Ryggen. Var det hellest nokot, han kunde greida? – Mja – nei, det var … Vilde han kanskje hava Arbeid i Bladet? Var han burtvist fraa Universitetet kanskje? – Nei, Daniel var daa ikkje det. – «Naa, godt. Alle, som stryk til Artium elder vert burtviste fraa Skulen kjem gjerna her og vil vera Bladmenn, ser De; me kunde forsyna heile Europia med slike Bladmenn, – so der bør De ikkje konkurrera. Godt; der kjem han.»

Daniel vende seg bleik mot Døri og budde seg til aa helsa. Inn gjenom Døri snudde seg ein diger Kropp i ein diger Vinterkjole; paa Hovudet hadde han ei Skinnluva og yver det runde, gamle Andlitet eit Par store Hornbrillur. Daniel bøygde seg Gong etter Gong; den gamle svarad ikkje, men gjekk burt i ei Kraa og tok av seg Kalosjerne og Overfrakken. So kom han stigande med gamle, varlege Stig dit, der Daniel stod, helsad ikkje, sagde ingenting, men stirde stivt gjenom Brilleglasi. Daniel forklarad i snaavande Hast, kva det var, han vilde; Gamlingen riste paa Hovudet og sagde Nei. Nei, han visste ingenting. Han hadde hjelpt ein og annan i Veg fyrr … «sit ned, Guten min!» – Gamlingen 185sette seg sjølv –; soleis var der ein, som heitte … som heitte so mykje som … Jakob, nei, Peder, nei, det var Jakob! nei, det var nok Peder, Peder, – Peder Monsen … «Kjenner De Peder Monsen?» – Nei, Daniel gjorde ikkje det. – «Naah. Ja; det var hellest ein Gut, som forstod aa snu seg; han fekk Død og Pine laana 20 Dalar av meg, som han skulde betala, naar Far hans fekk selt ei stor Malmgruva, han hadde funnet … Kjenner De ikkje Peder Monsen? Han er Student?» – Nei dessverre, Daniel kjende ikkje denne Mannen. Og so fekk han ei lang, lang Soga um denne same Peder Monsen og um hans Gaava til aa snu seg, og den gamle lo og kom i godt Lag; men Daniel kjende seg meir og meir modlaus. Der bankad det paa Døri. «Kom!» ropad Gamlingen. «Ja, som sagt, no veit eg ingen Ting, Guten min; men De fær avertera! – Godkveld, Godkveld!» sagde han til den nykomne, «naa, det var bra, De kom. Sit ned! Ja Godkveld, Guten min! Lys i Bladi etter ein Huslærarpost; der er altid ein Huslærarpost aa faa. Er det ikkje so der stend: Vaarherre hjelper den, som hjelper seg sjølv? Jah, he-he. Godmor’n, Guten min!» – Daniel gjekk; han kjende seg so underlegt kald, og so tung i Føterne.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje, han berre sat og var modlaus. Um ei Stund tok han til aa drøyma. Kanskje var der ei Meining i dette og. Kanskje Vaarherre ikkje vilde, at han skulde binda seg til nokot Arbeid; han hadde kanskje Hjelpi liggjande ferdig, og den vilde han senda, naar 186Naudi var størst. Ein Dag, naar han kom heim svolten og trøytt, og reint modlaus, laag der eit Brev paa Bordet til han med 100 Dalar i, og berre dei Ordi: «fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!» Og naar dei Dalarne var slutt, so kom der eit nytt Brev av same Slaget … Han sat og reknad ut, korleis han paa beste Maaten skulde bruka desse Pengarne; men han kom etter, at 100 Dalar var reint for litet, og so drøymde han Draumen um att, men so, at no laag der 200 Dalar i Brevet. So bankad det paa Døri, og so kom Gregus Johnsen, og sat ei lang Æva og snakkad um Keisar Kaligula. –

Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshallen og saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst. Jau, der var ein, – hjaa ein Doktar burtpaa Strilelandet. Daniel gjekk att med ein Gong; Vaarherre kunde daa aldri vilja, at han skulde grava seg ned paa Strilelandet. Der maatte vera Maate med alt.

Han hadde ikkje lenger Ro til aa sitja inne og lesa. Ikkje kunde han gaa paa Forelesningarne helder. Han gjekk mest og dreiv paa Gata for aa døyva sine rædde Tankar i Draumar, og han hadde ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kanskje kunde slumpa uppi nokot; Lukka hans sat kanskje og ventad paa han her elder der, berre han kunde koma yver henne. Maten! For ein so jammerleg Ting som Maten kunde daa ikkje ei Sjæl gaa under. Alle Heltar i alle Dikt fekk altid Maten; det var raatt aa spyrja um slikt. Maten maatte koma. Vaarherre var væl ein likso god Diktar som dei 187andre … Det vilde vera meiningslaust, tankelaust, ja uforsvarlegt, aa hjelpa han upp av Bondelivet og so sleppa han att, – lata han døy i fyrste Akt, i Slutten av fyrste Delen. Slikt gjekk ikkje an! Det var ikkje fritt for, at Daniel i sine innste Tankar so smaatt trugad Vaarherre med, at han vilde slutta aa tru paa han, dersom han ikkje hjelpte no. Dette var Tankar, som han sjølv fann formastelege; men han forsvarad seg for Gud og seg sjølv med, at dersom han no skulde verta uppraadd, so vilde han verta nøydd til aa tru, at der ikkje var Meining i Livet. Og so lett som det maatte vera for Vaarherre –! Han, som hadde kvar Manns Hjarta og Tanke i si Haand, – kor lett kunde ikkje han stella det so, at nokon kom og hjelpte? Og Daniel gjekk og tenkte ut – til Rettleiding for Vaarherre – tusund Maatar, som det kunde gjerast paa. Eit gamalt Minne um eit Salmevers sveiv stundom fram for Hugen hans, nokot um, at Vaarherre gav Borni sine det, dei trong um, naar dei laag og sov; han gjekk og soknad og soknad i Minnet sitt etter dette Verset, men fekk ikkje Tak i det; derimot var der nokre andre av Kingos Salmevers, som susad so smaatt for Øyro hans, og som etterkvart song seg upp, so han tilslutt syntest høyra dei, – Vers, som han nok ein gong hadde lært, daa han gjekk for Presten –:

«Mit Hjerte, hvi græmmer du dig,
bedrøver dig saa sørgelig
for Verdens timelig Gods?
Din Trøst sæt til din Herre og Gud,
der alting skabte ved sit Bud.

188Han vil eller kan dig ei forlade,
han ved din Trang, din Nød og Skade,
hans er Himmel og Jord,
min Fader og min Herre sød,
som staar mig bi i al min Nød.

EliaElia] profet, omtalt i Det gamle testamentet (GT 2 Kong 2, 11) sig, hvo fødte dig,
der Regnen forholdtes underlig
i den svare dyre Tid?
I Sidons Land en Enke rund,
til den Gud sendte dig samme Stund.

Og at du ei skulde lide Nød,
der du drog did, som Gud dig bød,
og hans Befaling gjorde,
dig førte Ravne Kjød og Brød
aarle og silde til din Fød’.

JosefJosef] omtalt i Det gamle testamentet (GT 1. Mos 37–50) blev til Ægypten solgt
og der i Fængsel sat med Vold
for sin Gudfrygtighed;
Men Gud hjalp ham til Herrenavn,
hans Venner til stor Ære og Gavn.

Gud havde DanielDaniel] omtalt i Det gamle testamentet (GT Daniel 6, 17). ei forgjet,
der han blandt Løverne var nedsæt,
sin Engel sendte han did;
han hannem Mad da føre lod
ved Habakuk,Habakuk] profet, omtalt i Det gamle testamentet (GT Hab) sin Tjener god.

O, Gud! du est endnu saa rig
som du haver været evindelig,
til dig staar alt mit Haab;
min Sjæl bevar og gjer hende rig,
saa haver jeg nok evindelig.»

– Dette var fagert og sannt. Det galdt aa hava Tru, naturlegvis; men dersom det ikkje var annat, det stod paa, – han skulde tru so fast som 189Fjell! Men som han tenkte dette, kjende han innan for Tanken Samvitet, som vaknad og stakk Nosi fram og sagde: det er ikkje sannt.

Skulde det vera det, som var i Vegen? Vilde Vaarherre gjenom Naud og Trengsla bøygja hans Hug og driva han til Bot og Umvending? Han vart litt rædd ved den Tanken. Dagen etter gjekk han upp paa Universitetet for aa sjaa betre etter um den Huslærarposten. Det var kanskje ikkje verdt aa krevja for mykje av Vaarherre; Ein fekk sjaa aa hjelpa seg sjølv so lengje. Men daa han kom der upp, var Lysingi um Huslærarposten burte. Ein annan hadde voret ute i Tidi og fenget Posten.

– Daniel ruslad heim, med bøygd Nakke og tunge, svabbandesvabbande] vassande Stig. Men etterkvart som han gjekk, tok Draumarne til aa vakna paa nytt. Han hadde all Villmannens usløkkjelege Tru paa Tilfellet og dei ubundne Magter; han hadde lært, at der var Lovar for Tungemaal og Tal; men han hadde ikkje lært aa forstaa, at der var Lovar for Livet. Naar Naudi var størst, var Hjelpi nærmast. Kanskje naar han no kom inn, so laag der eit Brev til han paa Bordet, eit Brev med ein Veksel, fraa ein ukjend Ven, 100 Dalar, 200 Dalar, 500, 1000 … Han trudde det ikkje sjølv; men daa han steig inn paa Romet sitt, glytte han urolegt burttil Bordet, um der skulde vera nokot. Ved Gud! der laag eit Brev. Skulde det vera tenkjelegt? Skulde Vaarherre i sin uendelege Naade … Han reiv upp Brevet med skjelvande Hender. Der stod:

190«Hr. Student D. Sørbraut.

Kjære Sødskendebarn!

Jeg har faaet saadan Lyst til at komme til Kristiania. Jeg kan ikke trives her hjemme; thi Forholdene her er saa bedrøvelig smaa, saa at jeg kan i Sandhed sige med den store Digter B. Bjørnson: her er saa knugende, tærende, trangt, og mit Mod er saa ungt og rangt. Derfor vil jeg nu bede Dig, som er Student og bekjendt der inde, at Du vil gjøre mig den store Tjeneste at skaffe mig en Plads i Kristiania. Jeg kan ikke Spraag; men jeg skriver en god Haandskrift og kan de fire Speciesde fire Species] rekneartane addisjon, divisjon, multiplikasjon, divisjon og ReguladetriReguladetri] rekneart der ein ut frå tre kjente storleikar kan finna den fjerde med Brøk, samt Rentesregning og Decimalbrøk; og mine Fodringer er ikke store, naar jeg bare kan leve der inde …»

Daniel heiv Brevet ifraa seg so langt han kunde. Han var for hugtung og trøytt; han kunde ikkje læ.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.