Bondestudentar

av Arne Garborg

V.

111«En! to! tre! Pu – ns!» – «En! to! tre! Pu – – ns!» Og dei dundrad Takt med Hender og Føter, og friske, unge Røyster, klaare som Song, ropad Ordet ut av all si Kraft, og endaa var det som det døyvdest ned i den Surr og det Staak, som fyllte den kyrkjestore Salen som eit urolegt Hav.

Det var Russelag.

Fraa Ende til annan var Golvet sett med Smaabord og Krakkar; men kvart Bord og kvar Stol var sett med «Russ» so tett som Flugur i ein Sukkerkopp. Russ og Ikkje-Russ. Der var Studentar og Kandidatar, og der var Kopistar og Skulemenn, og ein saag Professorar, og Bladmenn, og Snyltregjester. Men ikveld var dei Russ alle ihop, glade og øre, tyrste etter Puns og etter akademisk Fridom. Det var ikkje Russelag meir enn ein Gong um Aaret; og der var ikkje Ungdom i Byen, utan naar der var Russelag. Og liksom Russen møtte upp for med stormande Gleda aa segja sin grønaste Ungdom Farvæl og døypast inn med Puns og Song i det vaksne Samfund, soleis møtte dei vaksne og gamle upp for aa lyftast i Puns og Song attende til den Tidi, daa 112dei sjølve var glade og grøne, – so grøne, at dei gledde seg til aa verta vaksne, gledde seg i aa segja sin grønaste Ungdom Farvæl. –

Salen var fyllt. Enno gjekk det ein og annan Seinkomingen og trødde ikring millom Frakkeskaut og Føter for aa finna seg eit Sæte; men dei fleste var komne til Ro, ved Bordi elder paa Bordi, og der sat dei no og ventad paa Festen, snakkad, ropad til kvarandre, huad, lo, jamtadjamtad] mjaua som Kattar, gøydde som Hundar, og skreik etter Puns; og heile det tettsette Golvet var i ein Baaregang av haarfagre Hovud og unge, runde Aksler, som duvad upp og ned som Skogtoppar i Storm.

Seks hundrad Styvlar og tolv hundrad Stolebein stampande paa eit Golv, seks hundrad Hender trommande paa hundrad Bord, tri hundrad glade, frie Halsar haukande, læjande, snakkande, gøyande, og so ender og daa gjenom alt dette det veldige, taktfaste Koret: «en! to! tre! Pu – ns!» – «en! to! tre! Pu – – ns!» – det gav ein Konsert, so heile Bygningen ljomad.

Men der var Ungdom i dette Staaket, so at endaa dei suraste Skulemeistrarne tinte upp og lo, og dei gamle høgvise Professorarne sat og smilte so sælt og blidt, som dei skulde ha misst heile sin Visdom.

Daniel var som drukken av all denne Gleda. Han sat i ein einaste Laatt. Kor ein snudde seg, var der Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skularne hadde samlat seg her, og kvar kunde sitt. 113Og so alle dei skjemtefulle Ord og Ordtak, alle dei vrange Spursmaal og snøgge Svar, og all den ravgalne Latinen, som flaug gjenom Lufti som ein Nissedans! So fri som her hadde Daniel aldri kjennt seg. Kvardagslivet med sitt Stræv og sitt Vas var gløymt; Folk hadde lagt Tankarne og Sorgerne etter seg heime; Morgondagen var ikkje til; Gleda, Gleda aaleine skulde liva; dette var aa vera Student! Dette var det ideale Studenterliv.

Men Punsen gjorde seg drjug, og Russen vart utolmodig. Rundt heile Salen reiste det seg Rop etter Gude-Drykken, og der vart ei Tramping og eit Lurve Leven, so det var svært godt aa hava tjukke Øyro. Ein ung Fyr med eit blaatt Band paa Bringa ropad inn gjenom ei Dør, at Punsen maatte lagast fyrst! – men han vart ikkje høyrd; kven brydde seg dessutan um slikt Prosasnakk. Langt um lengje viste det seg ein Skjenkjesvein, og strakst etter fleire; Punse-Kannur hadde dei, og Glas. Hurra! Hurra! Alle Hundar gøydde, alle Hanar og Gaukar gool; men dei, som maatte vera Folk, klappad i Henderne og haukad. Og med eingong ljosnad Salen av hundrad vinkande Hender og Handkragar; alle vilde hava fyrst. «Pst! herhit!» «Vov! vov! herhit!» «Opvarter! Opvarter!» «Jens!» «Kristian!» «Munnskjenk!» «Ganymedes!»«Munnskjenk!» «Ganymedes!»] Ganymedes var munnskjenk for dei greske gudane på Olympen «Pst! Pst!» – og Salen var aa sjaa til som ei kraumandekraumande] myldrande Maurtuva. Forunderleg snøgt kom det Puns utyver til alle Bord, og Hans Haugum, som kjende Kristian – Haugum kjende i det heile alle Folk – fekk ei Kanna aaleine til seg og sin Flokk.

114Og etterkvart som alle vart forsynte, vart Gleda mindre skraalande, meir inderleg, vart liksom til ei smaaputrande Koking av Smaaprat og Laatt, med eit og annat haukande Rop innimillom. Alle var samstelte um, at Punsen var daarleg, for søt og for slakk, berre nokot Skvip; men Puns var alle Dagar betre enn inkje Puns, og so fekk ein taka det att «i Kvantiteten».

Daniel totte i Grunnen Punsen var god, han, men heldt med dei andre, daa dei maatte vita det betre. Og so sette han upp ein Kjennarmine og sagde til Aslak Fjordan, at det var ikkje Puns, det var berre Sukkervatn. –

Men der kom Magister bibendi.Magister bibendi] (lat.) drikkemeister; kjøgemeister

Det var ein ung, høgvaksen Gut med svært Haar og brunbleik Hud; ein diger, djerv Munn hadde han, og var aldri det Slag rædd. Han vart fagnad med eit stort Skraal, smilte, bukkad, tok seg ein Slurk Puns, sagde Hm! som ein norsk Talar skal gjera, og lagde so i Veg.

«Mine Harrer! (all rigth! Hurra!) Snart – er den Dagen komen – (Hurra!) daa me – for Aalvor – kann segja Farvæl (Kykeliky!) – til den Tidi (Jubel, Remjing) – til den Tidi (vov! vov! vov!) som visst dei fleste av oss – meir enn ein Gong …. eh! eh! eh!» – Talaren laut hosta. Han svelde Hosten med ein Slurk Puns og vilde byrja att; men no hadde heile Salen fengje Hoste. Eh! eh! eh! oh! oh! oh! hostad det fraa alle Kantar og Kræer, som i ei Kyrkja paa Nyaarsdag, og tilslutt tok ein 115til aa njosa – uih! uøyh! – so det song i Veggerne. Fyren sat tydeleg med den løynske Tanken, at han vilde faa magister bibendi til aa njosa med; og han naus og naus, meir og meir hjartelegt, meir og meir forførande: uih! he; uøyh! he; –: men magister leet seg ikkje lokka; og so snart Hostingi og Laatten hadde stilnat nokonlunde, hogg han i att som ingenting var, skrikande paa med sine breide Vokalar og harde, rivande r’ar, so det kunde høyrast under ein Foss –:

«– – Segja Farvæl til den Tidi, – som dei fleste av oss – visst mang ein Gong – – paa vaar Gute Vis (æh? vov!) hev forbannat (Bravo! Bravo! Bravo!) som ei Trældomstid (Mja-au!). Faustis avibusFaustis avibus] (lat.) om alt går vel (Hurra!) vil me no – um faae Dagar – vera vaksne (Kykeliky!) og frie Menn, – vera Studentar, mine Harrer, norske Studentar!» Langt, jublande Staak, Hurrarop, Hauking; langt nede i ei Kraa gool ein Gauk.

Talaren lagde med mange Ord og Likningar ut den store Skilnaden millom fyrr og no, og Daniel forstod han so godt: Grunnskilnaden var den, at Skuleguten var nøydd til aa arbeida, Studenten kunde gjera som han vilde. Studenten arbeidde, naar Aanden var yver han, «naar Minerva vilde» (Bravo!), «og naar Minerva ikkje vilde, mine Harrer», (so vil Venus! Kykeliky!) – so hadde Studenten det store præ, at han sjølv raadde yver si Fritid («Skaal»! «Hurra!» «Pereat Rector!»)Pereat Rector!] (lat.) Ned med rektor! Og det vilde segja, at fraa no av var me haldne for myndige Menn. Talaren drakk; aalmenn Jubel.

116Daa han skulde til att, kunde han ikkje koma til Ords, fordi alle Hundarne gav seg til aa gøy: dei forstod nok, at han no vilde innpaa det aalvorlege. Vov, vov! «Og no, mine Harrer» – vov, vov! – «Og no, mine» – vov! vov! vov! «Og no» – vov! vov! vov! vov! – «Silentium!’»Silentium!] Stille! skreik Magister med fælt Maal, og det hjelpte. Han gav seg til aa leggja ut um Ansvaret ved aa vera «myndige Menn», og det fekk han gjera nokonlunde i Ro. Naar Samfundet «sleppte os lause», meinte han, so gjorde Samfundet dette i den Trui, at me no var vaksne nok til aa vera vaare eigne Skule- og Tukte meistrar, og i den Trui burde daa Samfundet ikkje svikast. Talaren gjekk endeleg yver til ei Skildring av den sanne Studenten, ei Skildring, som vann stort Samtykkje, av Daniel ikkje minst. Den sanne Studenten var fyrst og fremst ikkje «Materialist»; han leet Kræmaren syrja for det, som høyrde Gryta til; sjølv livde han for det sanne, det fagre og store; den sanne Studenten var helder ikkje «Melankolist»; han leet kvar Dag hava si Plaga, og elskad, som Dr. Morten Luther hadde sagt, «Piger, Vin og Sang» yver alt («Hurra!» «Fanden spare!»). Endeleg var den sanne Studenten – trulovad. Men her kom Talen mest burt i Jubel og «Skaaling» – Daniel drakk stilt for seg sjølv ei Skaal for Inga Holm, som han i Kveld aaleine vilde minnast –, og Magister skreik seg reint maallaus, fyrr han naadde til Endes paa Talen sin. Han sluttad med eit «Leve» for Russen.

117Og no sette alle desse nyfødde myndige Menn seg til aa skrika ut av fyllte Lungur si umaatelege Gleda og trampa Samtykkje med Styvlehælarne, so Salen riste. So vart Russesongen spreidd utyver Flokken, flagsande gjenom Lufti som Fivreld; Musikken uppaa Trevet skar i aa spela, og so tok Songen til aa stiga, ylande gjenom Salen som ein glad Storm, – Sigersongen um, at no var dei ikkje lenger Skulegutar, men Russ, og at snart skulde dei, faustis avibus, vera Studentar.

Songen gjekk fyrst ein Gong med Musikk, so ein Gong til utan Musikk, og daa vart det gildare endaa. Dei skilde seg sund i Smaaflokkar og song kvar i sin Takt, og sidan kvar paa sitt Vers, og Fridomen livde høgt, og Gleda var fullkomi. Ungdomen hadde sleget seg laus, og dei gamle hadde gløymt sin Alderdom. Og alt, som i Salen var, løyste seg upp i Song og Laatt, og Punsen gleid ned, so smerensmeren] feit og søt; ekkel han var, liksom det skulde voret Nektar.

Endeleg laut Songen slutta. Der reiste seg eit Havbrak av Klapp og Tramping, fyrst fraa ein Kant, so fraa ein annan, og tilslutt fraa heile Salen, og gjenom Havbraket gjekk skakande Rop paa «Forfatteren! Forfatteræ – n!» tildess heile Salen ikkje var annat enn dette eine, rasande Ropet. Og det varde lengje. Dei kunde ikkje trøytna, desse unge Bringur, og det gjorde ikkje nokot, um dei mjuke Henderne sveid litt i Kveld. Tilslutt laut den sæle Forfattaren fram. Det var ein ung Gut som alle dei andre unge Gutarne; skvatt upp paa Talarstolen, 118bukkad i Hytt og Ver og var burte att som ei Syn. Lang Jubel; so endeleg «Ro».

Fleire, som totte her var for trongt inne, elder som hadde nok av Øyredøyving og Tobaksrøyk, drog seg no ut i Hagen og paa Verandaen og slog seg ned der med Punsen sin i smaae, hyggjelege Bordsetningar. Inne i Salen vart det og meir av Utskiljing. Punsen tok til aa verma i dei unge Skallarne, og dei fekk meir og meir Hug til aa samtala med gode Kjenningar i Trumaal. Hans Haugum og Aslak Fjordan sat og dømde Russetalen, som Aslak totte var lite tess, berre desse vanlege Talemaatarne; men Haugum var forundrad yver den unge Fyren, som hadde kunnat faa segja so vidt mykje i so vidt god Samanheng under alt dette Staaket. Daniel totte Aslak hadde mykje Rett i det han sagde, men heldt med Haugum. For det var forunderlegt, at ein ung Gut kunde hava Mod til aa stiga fram og tala i so stor og kritisk ei Forsamling. –

Punsen var god; Daniel vermdest. I Fyrstningi hadde han tenkt litegrand paa Far sin; – men det slog han ifraa seg att; for der var daa stor Skilnad paa aa drikka Puns i eit Russelag og aa drikka Kornbrennevin millom Bønder. Brennevinet, det øydelagde sin Mann; men Punsen høyrde med til det ideale Studenterliv.

Og det forstod han klaarare og klaarare, di meir han drakk. Aldri hadde han kjent seg so god og rein, so høgt lyft yver all Armodsdomen og Raaskapen i Verdi; ja han kjende seg so ideal, 119at han ikkje eingong brydde seg um sine Pengesorger.

Den einaste Kjensla, som livde i hans Barm, var Kjærleik til alle paa Jordi, og serleg til dei, han var saman med her i Kveld, men alra mest, alra mest til Inga, som han snart skulde skriva Friarbrev til – det stakk so underleg i Bringa, naar han tenkte paa det –, og som han drakk Skaal etter Skaal for i Løyndom. Berta Maria vilde han ikkje tenkja paa i Kveld; i Kveld var han Russ, og som Russ vilde han berre tenkja paa Idealet.

Aa, so takksam han kjende seg mot Vaarherre, som av si Miskunn hadde hjelpt han fram, so at han no – han, Bondeguten fraa Sørbraut i Nes Sokn – fekk smaka denne høge Gleda og vera med, um det so berre var for denne eine Kvelden, i det ideale Studenterliv! Det var sannt, at Visdomsrøterne var sure; men Frukterne var søte etter Maaten, søtare enn han i Grunnen hadde visst. –

Paa Talarstolen stod der no ein ny Mann, ein gamall, fredeleg Herre aa sjaa til, med graakvite Haarduskar uppyver ein halvsnaud Skolt, og med eit Par underlege Horngluggar til Augo. «Professor Darre!» kviskrad Hans Haugum. «Professor Darre! – Professor Darre!»Paa Talarstolen … Darre] Granskartradisjonen har tatt for gitt at denne talaren er eit portrett av professor Marcus Jacob Monrad (1816–1897). Han var ein av dei leiande hegelianarane i norsk idehistorie, og ein sentral ideolog på den konservative sida i norsk kulturpolitikk. kviskrad det fraa Øyra til Øyra i Salen, og ut paa Verandaen, og langt ned i Hagen, og dei kom laupande med Punseglasi i Neven og Augo i Haargarden og ropad Bravo! Bravo! og heile Salen ropad Bravo, men meir rolegt, liksom naar Skuleguter ropar Vivat rector.Vivat rector] (lat.) Leve rektor!

120Hans Haugum og Ortvedt spratt upp og trengde seg fram mot Talarstolen so langt dei kunde; Daniel fylgde etter, uroleg og glad: no skulde han endeleg faa høyra Visdomens Ord fraa sjølve Kjelda.

Professor Darre talad litt laagt; men Daniel fekk Meining i det meste. Det var nokot um, at Skuletidi ikkje var so leid, som ein ofta trudde, og at naar ein vart eldre, so vilde ein sjaa mangt paa ein annan Maate enn no, og daa vilde Minni fraa Skuledagarne faa baade Liv og Meining. Og Professoren skaut Nakken fram og glodde ut i Lufti med Hornlykterne sine, liksom han øygnad eitkvart der, langt uppe og ute, som andre ikkje saag. Og Salen ropad Bravo! Bravo! «Men», sagde Professor Darre, «lat meg ikkje gaa meg burt! I Kveld skal me ikkje vera gamle og kloke, elder gamle og galne, som det heiter i ein Variant (Bravo!); i Kveld skal me vera unge og øre, elder unge og galne, um De vil (Hurra!); og kven veit: kanskje er Ungdoms Galskap til Slutt den største Visdom» (Bravo).

Men Professoren kunde no eingong ikkje gaa ut av sitt Skind, sagde han; han kunde vera so glad i Ungdom og Galenskap, som han vilde, so var han no for sin Part for gamall til aa slaa seg reint vill. Naar han skulde vera ung her i Kveld, so fekk han vera det paa sin Maate; han fekk ikkje tala som ein Ungdom, men han vilde tala so godt han kunde um Ungdomen. (Bravo!)

Professoren vart no meir høgtideleg, kremtad og gjekk yver til ei lang Utvikling um den akademiske 121Stand, som han skildrad som eitslags høgre Mannheim, lyft langt uppyver det vanlege Livet. Den, som kom her inn, var dermed vigd til Ideens Prest; han skulde heretter liva, ikkje for det endelause, men for det uendelege, liva Aandslivet, ton bion theôn,ton bion theôn] (gr.) livet til gudane i menneskeleg Meining (Bravo!), med eit Ord, mine Herrar, i Sanning liva for Ideen (Bravo, Bravo!). Alt det smaae og smaalege, som fylgde det vanlege Livet, maatte han her frigjera seg fraa; han maatte so aa segja altid hava Brudlaupsklædningen paa seg; «nam et heic dii sunt»;nam et heic dii sunt] (lat.) for også her er gudane; frå «Nathan der weise» av den tyske diktaren Ephraim Lessing (1729–1781) for her galdt det aa vera Menneske i sann Meining, liva i og for det, som i Sanning var Mennesket verdigt! Der ute i Kvardagslivet var Mannen sundbytt og sundskift i dei tusund Smaaformaal, so han aldri i Fred fekk samla seg i det ideale; han kunde ikkje i dette endelause Kav høyra Aandsharmonien gjenom alle dei spreidde Røyster elder sjaa Einskapen gjenom Dagens brotne Straaleleik; – men her, i Aandsheimen, her naadde ikkje dei villande Røyster inn, her var Høgd og Fred, her fann Aanden seg sjølv; her vart ikkje Tanken sundrad og sprengd av det tilfellige, det smaae og spreidde, det sundrivne og tankelause, einsidige og endelege i det vanlege Liv; her skulde ein, menneskeleg talat, sjaa Gud som han var, tala med Aanden Andlit til Andlit (Bravo!) – Ein halvfull Hund burte i ei Kraa vaagad seg til aa segja vov! men vart nedhyssad.

Der ute galdt det dei praktiske Formaal, det nyttige for Dagen, det «matnyttige«, um han maatte 122bruka eit slikt Ord; her galdt det, frigjord fraa all Vildring i det mangfelde og sundskilde, aa søkja det evige, det i seg sjølv vesentlege og sanne. I dette høge Livet, i denne aandelege Presteskapen, var det, at mine unge Herrar no skulde koma inn; – men dei kom ikkje tomhendte, um so var; – dei hadde sin – Ungdom.

Professoren utviklad, kor merkjeleg væl lagad for Ide-Livet just Ungdomen var med sin sterke ideale Hug og sin Sans for det store og aalmenne. Naar den sunne Ungdomen kom inn i det ideale Aandsliv, var det paa den eine Sida han, som fann seg sjølv; men paa den andre Sida var det Aanden, som fann honom, elder fann seg sjølv i honom.

– Dei som stod ved Dørerne, tok til so smaatt aa draga seg ut att, og dei, som inne sat, stakk paa Punsen. Det viste seg, at dette vilde verta ei lang Leksa.

Daniel høyrde paa med djup Andakt. Dessverre forstod han det ikkje heilt ut; men det fann han no i Grunnen rimelegt, og det gjorde ikkje stort helder; for han kjende paa seg, at Professoren hadde Rett. Det um det høge Aandslivet kjende han att fraa Kapellan Hirsch, berre det her var so mykje djupare og lærdare; og at det vanlege Kvardagsliv var nokot Skrap, det visste han fraa gamalt. –

Det, som kom sist, var best, og daa fekk Professoren Jubelrop fraa sjølve Hundarne.

Det var reint galet, sagde Professoren, naar dei unge Studentarne trudde, at det galt um aa lesa so 123svært mykje i dei Par fyrste Aari. Det var ikkje Meiningi det. Arbeidet, det kom tidsnok. Det tunge og tankekløyvande Stræv med dei tusund einskilde Ting, som skulde lærast, for at det heile kunde forma seg fram klaart og articuleret, det høvde meir for ein litt eldre Alder, daa ein hadde meir Kraft til aa dukka under i det einskilde og like væl halda fast paa det aalmenne. – Ikkje for det: den eldre Alderen i desse Tider gløymde tidt nok det aalmenne, den med, dukkad so djupt i det einskilde, at han bleiv der. Ja sjølve Vitenskapen heldt no um Dagen paa aa bliva i dette Djupet. Det var just ei Tid no, daa altslags Ser-vitenskap gjorde seg breid og vilde gløyma sin Samanheng med det aalmenne; Professoren bad sine unge Venner agta seg væl for aa koma uti dette. All Faglærdom var i seg sjølv daud og aandlaus. Det var ikkje Kunnskapar um ditt og um datt, som gjorde ein Mann til Vitenskapsmann; det, som det galdt um, var Synet paa det heile, Uppfatningi av dei store, aalmenne Grunnar, av den store, aalmenne Samanheng (Bravo!). Men no trudde Professoren, at ein av Grunnarne til, at dei studerande so lett vilde gløyma seg burt i den aandlause Faglærdomen, var just den, at Studentarne ikkje i dei fyrste Aari visste aa bruka Tidi si rett, men kastad seg yver Fagstrævet strakst og trudde det galdt aa stuva i seg so mykje Kunnskap som mogeleg. Men det skulde dei nettupp ikkje gjera. I dei fyrste Aari skulde dei taka det i Mak (Bravo! Bravo!) og leggja meir Lag paa aa liva eit sunnt og idealt 124Studenterliv – eit Ungdomsliv i Ljoset fraa det evige Ideal – enn paa aa lesa lærde Bøker. Dei skulde bruka Tidi til aa umraa seg, sjaa seg um, finna seg tilrettes i den nye Heimen, vinna Yversyn og Utsyn yver dei Vidder, dei sidan skulde vandra; dei skulde njota sin Ungdom, men njota som Studentar, som aandsvigde Sveinar i Ideens Presteskap, som cives academici;cives academici] (lat.) akademiske borgarar og det var det herlege ved aa vera ung Student; det var det sanne Innhald av Russe-Gleda, av Jubelen og Festen her i Kveld. (Stort Samtykkje). Og so vilde daa endeleg Professoren slutta med eit Leve! for den studerande Ungdom. «Hurra!» Hurra!» ropad dei Salen rundt, kvar i sin Takt, so det fekk ingen Ende; tilslutt døydde Ropingi burt i ei lang, brakande Klapping.

Etterpaa vart Professoren under Jubel og Laatt boren paa Gullstol. Daniel hadde aldri set slikt fyrr og totte det saag dumt ut; men klappad gjorde han som dei andre; for det siste Stykket av Talen totte han var makalaust.

Han arbeidde seg attende til Bordet sitt og smakad paa Punsen. Han var so modig og glad. Verdi var so hyggjeleg, og Folk var so gode; han fekk slik Hug til aa tala med dei, – tala ut, segja si Hjartans Meining til dei, og faa høyra deira Hjartans Meining igjen; og helst hadde han Hug til aa tala med sin kjære Ven Haugum. Men Haugum stod langt burti Salen og snakkad med ein framand Fyr – ein stor Tosk saag det ut til aa vera –; og Aslak Fjordan var komen inn i eit annat Lag ved eit annat 125Bord, og der sat han og gjorde slikt eit Staak, at Daniel lo med seg, og tenkte i inderleg Gleda, at Aslak nok alt var full. Men Ortvedt var ingenstad aa sjaa. So sette Daniel seg ned til aa venta.

– Der kom Markus Olivarius Markussen og Halvor Mosebø kryssande hit millom Bordføter og Styvlar; ustøde var dei visst sjølve, og seint gjekk det; men Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Ha-ha-ha-ha! Sjøgang idag! Og forb-banna mange Vrak!» – han hermde ei Rispa, som han just hadde høyrt av Halvor. Daa denne kom framtil Daniel, helsad han med stor Gleda, treiv Haandi hans og gratulerad sin «Busenfrynd» utan Ende, og Daniel, som hellest aldri kunde lika Halvor Mosebø, vart likso glad, drog han nedpaa Stolen ved Sida av seg, og lo, fordi Halvor var full. Det var so morosamt aa vera ung og slaa seg laus! Og Daniel kjende ein urimeleg Hug til aa leggja Armarne um Halsen hans Halvor og sverja han Venskap til æveleg Tid; – men Halvor spurde etter Puns, han. Og der var Puns nok. Dei fyllte Glasi, sagde «Skaal» og drakk. «Naa, kva segjer De um –», tok Daniel i; men Halvor Mosebø tok til aa syngja med sitt vesle visne Maal: «Hev du set noko ti Kjeringjé mi – uppe i Lié, i Lié!» – «Hæ-hæ-hæ», lo Daniel; «men kva segjer De um –?» – «Jej æ Bondegut, jej, ser du!» sagde Halvor, – «Bondegut, jej, ser du! Jej æ fra Tellemarken, jej, ser du!» – Ja, det var bra det, meinte Daniel; han for sin Part var og Son av ein Gardbrukar. «Hev du set noko til Kjerringa 126mi –! – Ska mi drikke Dus?» sagde Halvor Mosebø. «Ja væl! all right!’» –»Bondegutar baae tvo!» – «All right!» – «Skaal du!» – «Skaal!» – «Æh! – Kor Fanden vart det av Olivar … Markus Oliv … Kjenner De Markus Olivarius?» – Daniel lo; no hev han alt gløymt, at me drakk Dus! tenkte han. Nei; Markus Olivarius kjende han daa ikkje nokot vidare. «Men kva segjer du um Russetalen?» – endeleg fekk han Spursmaalet sitt fram. – «Um Russetalen! God Tale det, Far! God Tale, det, Far!» – «Ja, det syntest eg og. Men …» – «Ja, der var mykje Skrap og, – Gudbevar’s!» – «Ja, – mykje av desse vanlege Talemaatarne –.» «Ja visst, javisst … – Kjenner du Markus Olivarius?» – «Nei dessverre, ikkje stort …» – «Pine –! staut Gut. Pine –! staut Gut. Ja, anten du vil tru meg elder ikkje … no hev me butt ihop i halvannat Aar; og dersom det hev fallet so mykje som … so mykje som eit halvt Ord! – Ja, det er ein merkjeleg Kar.» – «Ja, det er det visst. Men du –?» «Naa?» – «He-he; ja, det er ein Ting, som du kanskje aldri hev visst –!» – «Visst? Eg veit alting, eg. Kom ikkje der! Veit du kva Aar det var –.» – «Ja, der er det just! Veit du, at eg lengje var din verste Uven, fordi du kunde meir Historie enn eg, he-he-he?» – «Skaal!» – «Ja lat oss faa litt aa drikka fyrst …» «Du habst Rekt, min Son. – Skaal! – Ja, Historie kann eg; kom ikkje der. – Hev du set noko til Kjerringa mi, uppe i Lia, i Lia? – Kor Fanden vart 127det av Markus?» – «Aa, han kjem væl; han er berre utpaa Verandaen. – Det er sannt, kva var det no du fekk?» – «Eg? Eg fekk –» og Halvor slog i Bordet for kvart Ord –: «eg fekk Dægeren tuti meg 3, 4! – men den Fir’eren skal dei faa betala, skal dei! … men eg er like god Gut for det, eg … men dei skal faa betala det! Skarvepakket! – dei skal faa minnast Halvor Mosebø! Her er Guten, som ikkje læt seg flaa med NavarenNavaren] navar: eit stort bor; her refererer det truleg til ordtaket «det er godt å gjera med gode greier, sa mannen, han flådde merra med navaren» … skal dei faa sjaa. Skaal!» – Daniel visste ikkje, kva han skulde segja til dette. Halvor sat og sturde; so skreik han upp: «Hev du set noko til Kjeringjé mi?» og strakst etter sagde han: «De fekk 2, 2, De?» – «Nei, 2, 3.» – «Aahaa. – Skaal, gamle Busenfrynd! – Skal me drikka Dus?» – Daniel lo; «me drakk just Dus», sagde han. – «Du habst immer Rekt», sagde Halvor; «i Kveld er eg full, ser du! Men det gjer ingen Ting! – Odelsbonde, ser du! Telebonde, ser du! Kom ikkje der! – Kor Fanden vart det av Markus Olivarius?» – Han reiste seg og skeivlad ut; Daniel ropad etter han, men han høyrde det ikkje.

Der var komet meir Uro i Folk no; Mengdi var paa Føterne, og der var eit jamt Drag ut og inn Dørerne. Fleire av dei unge var alt so langt komne, at dei sjanglad, – some fordi dei var fulle, andre kanskje mest, fordi dei skapte seg fulle, daa dei meinte det høyrde til. Millom dei, som drog att og fram der, saag Daniel mange Bondestudentar; underleg nok; ein kunde mest sjaa det paa dei. –

128Halvt attum seg totte Daniel han høyrde eit Mæle han kjende; han snudde seg og saag; det var Magister bibendi. Han stod og talad med den same «Tosken», som Haugum hadde talat med for eit Bil sidan, og «Tosken» spurde, um Magister hadde voret rædd, daa han skulde upp og tala. «Jagu va jæ rædd!» svarad Magister. Daniel vart sitjande reint einstird –: Fyren hadde Mod til aa segja, at han hadde voret rædd! –

Ein ny Mann paa Talarstolen. Han talad for «dei gamle». Det var ein Mann med godt Mæle og med mange Ord, som klingad godt; men Daniel totte han fekk so lite Meining i det, han sagde. Det var ein vanleg «Skaaltale», – store Ord yver tome Tankar, som Blomar paa ei Likkista.

Endaa ein ny! Men det var ein sovoren Kar, at Daniel aldri hadde tenkt, han skulde faa sjaa slikt Syn i eit idealt Studenterlag. Som han kom hivande upp paa Talarstolen, slurveleg og slengjen, skjeiv i alle sine Rørslur, med eit langt, skakkt Bondeandlit og skygge Augo under framskotne, myrke Bryn, visste Daniel ikkje, kva han skulde likna han med, og dersom dette gjekk godt, so gjekk alting godt, tenkte Daniel. Men for denne underlege Mannen gav Salen seg til aa klappa og ropa Hurra, og gjenom Dunderet høyrde Daniel tydeleg ei gnell Røyst, som ropad: «Leve Dølen!»

So dette var Dølen!Dølen] Denne talaren er tydelegvis modellert over diktaren Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870); her har han fått namn etter det bladet som han gav ut, Dølen. Vinje tok ofte del i samkomer med studentane, og heldt ofte talar for dei. Olav Midttun opplyser at det meste av «Dølens» tale her er etter ein tale som Vinje heldt for kvinna på 50-årsfasten i «Selskabet for Norges Vel i 1859 (Dølen II, 1. januar 1860).

Daniel kjende seg i Grunnen litt rar, der han sat, litt tankeslørd, litt tung yver Augo … men no 129vart han livande att med ein Gong, flaug upp, kjende seg litt lett i Føterne kanskje, men arbeidde seg fram mot Talarstolen, so snøgt han kunde. Han vilde sjaa og høyra denne norske Villmannen, som der gjekk so mykje Snakk um, og som skreiv so flirande og ravgalet paa sitt ravgalne Maal.

Nokso stillt og godslegt, men med rare, blinksande Augnekast, tok Dølen til aa fortelja, at det var forunderlegt i Grunnen, at tvo-tri hundrad Gutar i Tjugeaarsalderen kunde sitja saman ein heil Kveld og drikka Puns og hava det hyggjelegt, og so ikkje halda so mykje som ein Tale eingong for det, som unge Gutar jamt var so galne etter, nemleg Kvinna (Hurra! Hurra! Jubel). Daniel kjende ein liten heit Styng i Brystet og tenkte paa Inga; men Berta Maria vilde og fram, og det var i Grunnen so leidt aa visa henne ifraa seg. – Men, sagde Dølen, og vart sterkare i Maalet, naar dei unge Ungkararne ikkje gjorde si Plikt, so fekk dei gamle taka i; for Gud hjelpe oss alle, um Kvinna vart oss ublid! Og so vilde no han freista paa aa ofra eit litet Røykoffer for den strenge, men likevæl so inderleg snilde Gudinna, elder Gydja, som det heitte paa Norsk, og det vilde han gjera for oss alle her, liksom dei katolske Prestarne drakk for alle sine Sokneborns Synder, og daa vonad han, at ingen av alle desse Gutarne her skulde koma ut for annat enn godt og blidt ifraa Kvinna. Dei sagde nok, at ho var den veike, og Mannen den sterke; og det stod tilmed skrivet, at Kvinna var eit skrøpelegt Kar;Kvinna var eit skrøpelegt Kar] Jfr. 1. Peters brev (3, 7) i Det nye testamentet: «Kvinna er eit veikare kjerald.» men – Skam far i det! – ho var 130sterkare enn nokon visste, det Trollet, og mang ein sterk Mann hadde ho bøygt og brotet med sin vesle Finger, liksom Huldri i Folkesegni braut Hesteskoen i tvo Bitar som ingen Ting, berre med sine nakne mjuke Hender. –

Heile Salen fylgde hans Ord med Samtykkje og Laatt og lystige Tilrop. For alt det, han sagde, kom so morosamt; – Daniel fann ei Moro berre i det, at denne gamle Styggingen, halvt Bonde og halvt Satyr,Satyr] gresk skoggud som attrår kvinner; svarar til Pan i latinsk mytologi skulde tala for Kvinna.

Og han lagde i Veg, paa sin sereigne Maate, halvt skalkutt,skalkutt] ironisk, skøyeraktig men aalvorlegt likevæl; han meinte visst so nokonlunde det han sagde, kor rart det kunde høyrast ut; men daa han væl ikkje altid var stød paa, um han meinte det plentso, som det var sagt, so kom han gjerna med ein Sleng paa det tilslutt, som minnte Folk um Dølens «Tvisyn». Men stundom kom han med Ting, som var so forunderleg mjuke og fagre, at ein reint gløymde Dølen og berre saag Diktaren.

Kvinna var Fred, sagde han, – endaa dei gifte Mennerne tidt paastod nokot annat. Ho var Fred, fordi ho var Gagnet; ho saag paa det nyttige, paa Maten til seg og Borni, og var difor paa sitt arme Liv for, at Mannen skulde koma ut i Ufred elder Strid paa nokon Kant og kanske gjera seg ufør. Difor maatte alle Aandsmenn, alle, som vilde strida og ofra seg for ein Tanke elder ei Sak, – dei maatte vera Sveinkallar liksom han, so at ingen brydde seg um, anten dei flaut elder sokk; for daa var det ikkje, vandare i dei.

131Dermed vilde han ikkje ynskja nokot so stygt, som at alle desse fagre unge Gutarne her skulde verta Sveinkallar; for det vilde vera Synd baade for dei og for den arme Kvinna, som nok altfor gjerna vilde verta gift, stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde seg kostbar og slog paa Nakken, so lengje ho ikkje var yver 30 Aar. For Kvinna var Kjærleik; ho var skapt til aa gifta seg; og slik som ho no vart upplærd, so dugde ho ikkje til annat helder, og lite til det med. Mannfolki elskad nok, dei og; det fekk me Sveinkallar kjenna, som altid elskad og ikkje fekk; men det var paa ein annan Maate, det; det var som Rovfuglen med Skinn og Bein og Sinar og Segar og krokutte Nebb og Klo. Men Kvinna elskad som ho var skapt til: lik Bylgja, som trillar paa det kolblaae Hav i sitt avrunne og uendelege Mynster for all Venleik.

– Ja, gift dykk, Gutar! men gift dykk med Vit, og fljug ikkje stad og tak dykk ei Kona, fyrr de kann føda henne; for daa gjeng det galet, som me jamt ser. For Kvinna vil med all sin Elskhug hava Mat, og det hev ho Rett i. –

Han sagde mange Ting um Elskhug og Mat, som Daniel totte var upoetiske, ja raae. Men kvar Gong han skulde til aa forarga seg yver dette, kom det ein Sleng i Talen, som gjorde, at han maatte læ. Og han lo og klappad, som alle dei andre.

Talen sluttad med eit Par Vers um, at Kvinna med alt annat godt ogso var fager, og det var det beste ved henne. Og det viste seg, at Dølen no 132hadde gløymt det han fyrr sagde um, at Tankens Menn burde vera Sveinkallar; for Enden vart, at Tankens Mann just burde hava den fagraste Gjenta. Og so vilde han drikka ei Skaal for Kvinna; og den Skaali vilde han serleg drikka med alle dei her i Laget, som hadde ein Kjærast, so sannt som daa Kjærasten og Kjærleiken var nokot tess. Russen jublad til dette og drakk; Dølen dukkad ned av Talarstolen. So skeivlad han burtetter til eit Bord, der han hadde sin Plass med Kammeratarne sine.

Dit burtetter søkte Daniel og; han vilde høyra meir av denne folkelege Vismannen og Skalden.

Og Dølen var i Drøselag, no som all Tid, og væl so det. Uppglødd og glad av Talen og Samtykket tok han seg berre ein Slurk Puns og gav seg so til aa preika paa nytt Lag, for Kammeratarne sine og kven som vilde høyra.

– Ja, den Kvinna og den Maten, tok han i. Men det kom seg av, at Kvinna hadde mindre Daning enn me; for visste ho litt meir, so vilde ho forstaa, at det var ikkje sannt det med den Maten; for det var ikkje sannt; han hadde mang ein Gong livt sine beste Stunder dei Dagarne, naar han ikkje hadde fenget Middagsmat. Dette Matstrævet og denne Maten tyngde ned heile Livet vaart; ja var det ikkje denne Matmagti og dette Guanokratiet,Guanokratiet] guano: eigentleg fugleskit, som vart importert som gjødsel frå Sør-Amerika; «Guanokrat» blei nytta som skjellsord for materialist og for halv-korrupt byråkrat som dreiv privat handel attåt embetet sitt. som me no maatte slaast med i sjølve Politikken? Alt gjekk ut um Maten, og den var den beste Mannen, som kunde skaffa mest Guano. Heile Embættsverket vart meir og meir slikt eit Guanobruk, der dei ikkje lenger 133spurde um Aand og Tanke, men um aa tena godt, og gjera Pengar utav Kunnskapen sin, liksom Per DegnPer Degn] komisk bløffmakar i Erasmus Montanus av Ludvig Holberg (1684–1754) gjorde Mynt av den Latinen, som han ikkje kunde eit Guds Ord av. Det var fælt med denne Kræmaraand og denne Handel og Næringsdrift, der Tanke og annat stort og godt skulde vera. Sjølve Studiet vart berre eit Handverk; det galdt aa «koma i Veg». Herregud, – liva maatte me; men det var daa fælt aa høyra Studentar og Vitenskapsmenn tala um all denne Maten. Dei brydde seg Fanden um Folk og Land; dei tok sitt Yrkje som ein annan Handel, og trudde, at dei ikkje hadde meir med Folket aa gjera enn andre Pantelaanarar; istadenfor aa vera Folkets førande Menn, klippte dei Navlestrengen av millom Folket og seg, stengde seg inne i sine Kontorbaasar og vaart Byraakrati. Og so kom heile Rikslivet inn i den same Aandløysa. Det var denne utvortes Nytten, som kann takast paa med Nevarne, desse «materielle Fremskridt» med Jarnvegjer og Nautemøte, denne «Læstedrægtigheit»,Læstedrægtigheit] lasteevne på seglskip som ein Skipper kallad vaart sanne nasjonale, – kort, alt dette engelske Væsen med Kjøtmaskinar og Undervurdering av det ideelle. Dei hadde gløymt, at baade Mannen og Samfundet var meir enn Dyr og trong annat aa liva paa enn den svoltne Maten. Det gjekk so vidt, at dei ikkje lenger likad framifraa gode Hovud i Riksverket; desse «Helvites Genier» gjorde berre Ugagn. Det var Treskemannen, dei vilde hava i Høgsætet; og Treskemannen var god til sitt Bruk, og skulde hava baade Løn og Takk til; men Stormann kunde 134han ikkje vera, og skulde han styra Folk og Land, so kunde ein banna trygt paa, at Skuta gjekk i Aakeren.

No lagde ein av Dølens Kammeratar seg inn i Samtalen – Daniel likad hellest ikkje dei Kararne; dei saag so høgvise og aandsaristokratiske ut –: «Aa ja», sagde Mannen; «men dei turkar no meir og meir inn, desse gamle ægte Byraakratar. Ein skjer ikkje strafflaust Navlestrengen av millom seg og Folket. Ein kann sjaa det utanpaa dei, kor dei turkar. Desse lange, spede Kropparne, og desse kvasse, turre Andlit, dei høyre ikkje livskraftige Folk til. Det er som dei var i Spikje.i Spikje] hang til speking Nei; daa er der annan Merg i desse breidvaksne, kjakesterke Bondegutarne …»

Her braut Dølen av; han vilde nok helst snakka sjølv i Kveld. «Ja», sagde han, «Kulturen gjer Folk fagre og ædle, men veike og visne tilslutt, og so maa det Hunner og VandalerHunner og Vandaler] hunarar invaderte Europa på 300-talet, og vandalane truga og invaderte Romarriket på 400-500-talet inn ifraa Asia til aa friska upp det tunne Blod. Men me tek ikkje vaare Vandaler fraa Asia; me tek dei fraa Bondebygdi, og difor gjeng ikkje Samfundet vaart under i denne Process, men yngjer seg sjølv uppatt, liksom Saturnus,Saturnus] Saturn, romersk gud, svarar til Kronos i gresk mytologi, som skal ha ete opp barna sine som aat sine eigne Born. Og me vil altid hava Villmenn til aa friska upp Samfundsblodet vaart med, so lengje me hev desse kjære Bønder og Husmenn, som liver av Bustegraut og ult Flesk, og kliv i alle dei Bakkar og Berg, som til er, og væl so det, og syg i seg ei Luft, som er so sterk, at um dei trollad ein Bymann like fraa Gata og der upp, so vilde han 135kovna, liksom Musi i Glasklokka, som var fyllt med berre Surstoff.»

Dølen drakk or Glaset sitt og tok snøgt til Ords att, so ingen av Kammeratarne hans skulde koma i Veg –:

«Ja, det er fagre Gutar, desse Byfolk, med slike fine, aandfulle Andlit, at du kunde hugleggja dei, elder paa Tysk forlibe deg i dei. Men det er so rart med det: dei skruknar snart ihop. Um tie Aar vil alle desse gjentefine og mjuke Aasyn vera so turre som Bork paa Tre, og tronge som Fuglehovud, og kvar nokonlunde begavad Katt vil sjaa meir aandfull ut enn dei. Og so vert dei slitne og sure og graae av all Papirdumba og alt Matstrævet, og so fær dei Skjegg, so dei tidt ser ut som Buste-Per’ar elder som gamle Hønsehaukar med Nosi som ein stor, krokutt Nebb og Haaret som fallande Fjør. Det er med dei som med Hunden og andre Dyr, at dei ser mest aandfulle ut, naar dei er unge; – ja, dette gjeng endaa so vidt, at Nautet ser aandrikt ut, naar det er Kalv.»

Men no kom Dølen inn i ein ny Tankegang.

Han lagde ut, at i Grunnen var det so med oss alle, at me var fagraste i Ungdomen, so lengje denne Tiurleiken elder Gifteleiken stod paa; for daa trongst det aa vera fager, so desse Gjentungarne, som no altid foor og flaug etter det, som blenkte, kunde gaa paa Limpinden utan altfor mange Krokar. Men naar me vart Menn, so vart me stygge, stygge, men sterke, fordi at daa trong Livet Magt og sterke Knokar 136meir enn Stas og Fjas; for Livet var so vist, at det altid utviklad det, som det hadde Bruk for. Men vart me so gamle, at denne verste Striden var yver, og det road seg liksom mot Kvelden, so vart me fagre att paa ein ny Maate, dersom me hellest hadde livt som Folk og ikkje som Griser elder Naut.

Rundt um i Salen surrad og durad det som fyrr; ender og Gong steig eit Rop elder ein Songstubb upp og døydde i Tobaksrøyken. Ein ny Talar var komen upp, men var i Fyrstningi so veikmælt, at Fleirtalet brydde seg ikkje um han. Men no vaks Karen, og Mælet hans med, og Daniel snudde seg for aa sjaa han. Gud hjelpe oss –! det var Jens Rud. Ein fraa vaar Skule! At han kunde vaaga seg upp! Daniel vart rædd. Men daa det viste seg, at Jens klarad seg godt, vart Daniel kaut og reknad liksom litt av hans Æra til seg som Klassekammerat. Jens Rud talad um Studenten som «Folkets Søn» og som den sanne og sjølvskrivne Beraren av «Folkets Sak», og der var Meining i det han sagde. Han talad greidt, men ikkje langt; Skaali vende han serlegt til dei Studentarne, som var «gjengne fram or det aalmenne Folket»; dei hadde fyrst og fremst den Uppgaava aa vera Folke-Upplysarar og Folkeførarar i Striden mot gamall Lygn og gamall Uskikk; – «Skaal for Bondestudentarne»

Heile Salen klappad til dette, og det totte Daniel var baade fagert og forunderlegt. Sjølv vart han aalvorleg. Han minntest sine gamle Draumar, og det var, som han i Aanden saag ein annan Mann stiga 137fram ved Sida av Jens Rud, og stira paa han, manande og aalvorlegt –: Kapellan Hirsch.

– Ja! han vilde vera Berar av Folkets Sak. Han vilde vera ideal Student; han vilde arbeida for Aand og Tankar og Poesi, og Matstrævet vilde han alle Dagar hata. Aa, at han ikkje var rik! –No vilde han ikkje vera her inni all denne Summelen lenger; han vilde ut i Hagen og suga frisk Luft og drøyma store Draumar.

Men daa han kom ut, fann han der Hans Haugum og fleire andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva og ein ukjend, sitjande ved eit litet Bord under eit Tre. Han gjekk burttil. «Aah! er det du?» sagde Haugum; «hev du voret inne heile Tidi? Ver so god! her er Plass. Og eit Glas Øl med, um du vil.» Daniel takkad og sette seg; sannt aa segja skulde eit Glas Øl gjera godt no. Haugum sende Sven Dufva avstad etter eit reint Glas; so præsenterad han «Studiosus Braut» for den ukjende, Hr. Kandidat Meier, og so tok han upp Traaden i Samtalen att. – «Nei», sagde han til Kandidat Meier, «det er nok ikkje det, som er Meiningi. Endre Storr er ein Mann med baade god Vilje og gode Tankar; men han trur, at her er for litet «økonomisk Grunnlag» for eit sunnt Aandsliv her i Landet, og so vil han, at Folk skal leggja seg etter det fyrst og fremst.» «Ja, men det kallar eg Materialisme», sagde Kandidat Meier, – «denne Trui paa, at Maten er det fyrste i Livet, og Aanden det andre.» Han talad seint og rolegt; Ordi kom, eit i Senn, med ei Vegt 138som dei var av Graastein. Haugum vart litt tryllt av dette, men arbeidde seg upp att –: «Ja –; der er altid nokot i det, men –; – men det er væl ikkje sagt, at um ein held det materielle for Grunnlaget, – at ein difor held det for det fyrste?» – Kandidat Meier leet ein høg Smil lysa upp i sitt aalvorlege Andlit, som, inn-ringat av det svære, myrke Haaret, syntest ei Apostel-Aasyn; og han sagde: «Lat oss fyrst søkja Aanden og dens Liv, so skal alt annat leggjast til for oss!» No forstod Daniel, at Kandidat Meier var ein stor Mann, og daa han i det same saag Sven Dufva koma ruslande med baade Glas og Flaska, vart han so modig, at han dunkad i Bordet og sagde: «Det var eit sannt Ord!»

Haugum stirde forundrad paa Læreguten sin, som paa denne Maaten gjorde Upprør, men prøvde endaa ein Gong aa forsvara Endre Storr. Han fekk det ikkje rett til; Daniel høyrde med løynleg Gleda, at Haugum meir og meir laag under for Meiers sterke Tru og vegtige Tale. Men Haugum heldt paa sitt likevæl; «han kunde ikkje faa det so til, at Storr skulde vera Materialist.»

Ølet smakad svalande godt, totte Daniel, og han kjende seg so frisk og sterk. Han vilde just til aa fortelja um Dølen og hans Tale; men so tok Kandidat Meier til aa tala um «Aandsmannen Hirsch». «Ja kor gjeng det med den Greida?» spurde Haugum livlegt. «Aa; det gjeng med Hirsch som med andre Aandsmenn i dette Landet; han vert forfylgd av Aandløysa ovanfraa og av Faakunna nedanfraa; 139og daa han ikkje gjev seg, so er det berre eit Spursmaal um Tid, naar han vert nøydd til aa taka Avskil.»

«Ka … ka … Kapellan Hirsch?» spurde Daniel med uppspilte Augo. «Han er Kapellan, ja», svarad Meier rolegt. «Ja, men … kva hev han gjort?» – «Aa», kastad Haugum inn, «han er komen i Strid med Pietistarne der uppe um den rette Formi for Daapsordet.» So tok Haugum uppatt Samtalen med Meier. Daniel var baade forundrad og forstøkkt; men etterkvart som han høyrde paa Samtalen, kokad Punsen og Sinnet upp i han, og han slog i Bordet, so det song: «Den Jotunyngelen»! – Meier smilte apostolisk og sagde: «Sannt nok; det er Lokes Ætt».

Strakst etter stod han upp og gjekk inn i Salen. Han vilde høyra, kva Ungdomen snakkad um, naar han var full, sagde han.

Daniel spurde meir etter um Kapellan Hirsch, men fekk ikkje vita annat, enn han alt visste. Derimot fekk han høyra, at Hr. Meier, Son av gamle Provsten Meier, vilde verta Folkehøgskulelærar. «Altso ein bra Mann!» ropad Daniel med ein Dunk i Bordet. «Var det ikkje det, eg saag? Eg skal mest altid sjaa utanpaa ein Mann, kva han duger til …» – «Men den Endre Storr, Haugum, kven er det?» spurde Bragestad med eit stort, hastande Maal, lik som han var bljug for aa blanda seg inn i Samtalen. «Det er Husverten min», sagde Haugum. «Ein rik Dævel av ein Grosserar!» slengde Ortvedt no inn, liksom vaknande; «den Haugum held seg altid til 140dei store, han, Filuren!» «Eg hev komet til aa bu hjaa han», heldt Haugum fram, «fordi eg kjende Kona hans …» «Sss! no vert det leidt her!» kvikrad Ortvedt; «hi-hi-hi!» lo Daniel; Sven Dufva klunkad i djupe Tonar ein godsleg Laatt; «– det vil segja, eg kjende Mor til Kona hans», lagde Haugum til. «Ja Fanden tru han!» sagde Ortvedt; Daniel, som ikkje enno torde segja «Fanden», sagde «Skam tru han», og totte dette var mykje til Gaman.

Dei sat og skjemtad ei Stund um ingen Ting, hengde seg i Ord og rengde dei burt for kvarandre, skifte godslege Fantord og ertad kvarandre, og var vittige og lo. Men med ein Gong tok Daniel uppatt Emnet um Endre Storr. Hr. Meier hadde havt Rett i det han sagde um den Mannen; Haugum kunde segja kva han vilde. Daniel hadde leset nokre lange Stykkje, som Storr hadde skrivet i «Den gode Borger», og dei handlad um Hævd og Guano, og var det aandlausaste, han hadde leset. Det var dette Guanokratiet, – denne «Læstedrægtigheit», som Skipperen sagde, heile dette engelske Væsen med Kjotmaskinar og Matstræv …. Daniel vart so ordhag, at Haugum reint maatte undrast! Men, meinte Daniel, det var just dette Kjøtvæsenet, me skulde slaast imot! Me var Aandens vigde Prestar, som Professoren sagde, me var Folkets Søner, og Berarar av den store Folkesak; og me maatte vera paa Vakt mot slike som denne Endre Storr. For Matstræv var her nok av i Landet. Folk brydde seg ikkje um det, som var stort og fagert og høgt paa Jordi, dei berre 141laag og strævad etter det, som gav i Gryta og fyllte i Pungen; ikkje Sans elder Syn for sannt Menneskeliv – det aandlause Matstrævet laag som ein Trolldom yver Landet; Folket maatte vekkjast, der maatte Aand inn i Livet, Aand, Tankar, Poesi … Kandidat Meier var ein bra Kar; han vilde verta Folkehøgskulelærar, og det burde me i Grunnen verta alle ihop; men ein Prest kunde og gjera mykje godt; Kapellan Hirsch, som hadde voret hans Lærar … det var … det var … Kapellan Hirsch var den beste Mannen paa Jordi! «Hadde ikkje han voret, so hadde ikkje eg sitet her.» Daniel mest greet av Øl og kjærlege Tankar; – Haugum hadde aldri visst, at der var so mykje Eld i Guten. Og han tenkte paa, kor sannt det daa i Grunnen var, at under den kalde Bondehamen bankad tidt dei varmaste Hjarto.

Daniel var modig som ein Akilles.Akilles] gresk segn-helt; mora hadde gjort han usårleg ved å halde han i den eine hælen og så dyppe heile kroppen hans i eld og deretter i elva Styx (den elva som renn mellom dei levande si verd og dødsriket), men fordi ho heldt han i hælen, var han sårbar akkurat der og der vart han til slutt råka av fiendane sine og døydde. Han slog i Bordet med Ølglaset og sagde «Skaal! – Ei Skaal, mine Herrar! for Kapellan Hirsch og alle, som er liksom han, og som vil vera med paa aa løysa det norske Folket or Trolldomen! Skaal!» – «Ja, den Skaali kann me nok drikka», meinte Haugum; og Daniel høyrde med djup Gleda, at Sven Dufva for seg sjølv sagde «Bravo.»

«Og nok en Skaal for dig, min Ven!

og for de norske Piger! –»Og nok en Skaal … Piger] frå songen «For Norge, Kjæmpers Fødeland» av Johan Nordal Brun (1745–1816)

song dei inne i Salen i villt Kor; no hadde Elskhugen fenget Magti. «Hi-hi-hi! kor glade dei er!» lo Daniel; og strakst etter tok han i med –:

142«Og nok en Skaal for dig, min Ven!

og for de norske Piger!»

– den fyrste Lina var til Sven Dufva, som han dunkad i Ryggen av Venskap; og den andre var for … ja, denne Gongen tok han Berta Maria med. Og daa han hadde voret so streng mot henne i heile Kveld, so tenkte han paa henne no med so mykje større Mildhug. –

«Ja, – hikk! – for de norske Piger!» sagde han og drakk. «Kvinna maa me hava med oss … FreyaFreya] kjærleiksgudinna i norrøn mytologi … Freya med sine Gu- hikk! – Gulltaarer …. «Men!» – skreik han upp, «slike som arbeider for Guanokrati – hikk! – og skriv i «Den gode Borger» … det skal me ikkje ha-hikk! – hava nokot av. Hi-hi-hikk! eg er nok litt gl – hikk, litt glad i Kveld; men … hi-hikk! det gjer ingenting … Mine Herrar! Skaal for – hikk! – Skaal for – hikk! – Skaal for de norske Piger!» –

– Haugum og Sven Dufva hadde ikkje litet Stræv den Notti, fyrr dei fekk Daniel Braut heim.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.