Bondestudentar

av Arne Garborg

IV.

77«Olsen, Olsinis, Olsini, Olsinem, Olsen! Olsine,» – sagde Johannes Ortvedt.

Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Ja det er rett!» sagde han, «Olsen gjeng etter 3die. Ha-ha-ha! Olsen, Olsinis – ha-ha-ha-ha! Den Ortvedt er ein Mann med Idear!»

Daniel likad ikkje aa verta deklinerad. Men han lo med so godt han kunde; for han visste fraa gamalt, at det ikkje nyttad aa slaa seg sint. Johannes Ortvedt var fornøgd. Han higradhigrad] humra og lo so inderleg godslegt, og Augo hans lo, og Skjegget hans lo, og Augnekrokarne hans stod fulle av Laatt og sjølvnøgd Gleda.

– «Og der er Olsen den andre!» ropad Markus Olivarius Markussen, som og var ein Mann med Idear.

Inn kom ein ung, lang Fyr med Hengje-aksler og høg Hals; Andlitet blømde i tæringfine Liter, men var langt og flaatt bygt; Munnen var tjukk og hekk halvopen.

«Nei Takk ska’ Di ha’!» sagde han med eit Bassmaal, som ingen skulde venta fraa slik ein Smalhans; «det skal Di vera blaa for! «Den andre» er 78eg mykje for lang til aa vera, ser Di.» Og han lagde Bøkerne sine ifraa seg, tok Daniel under Armen, drog han med seg midt frampaa Golvet og song, med brestande Maal og store Teaterfakter:

«Jeg – er – Olsen den første, Olsen den første, Olsen den første;
Han – er – Olsen den anden, Olsen den anden, Olsen den anden, –
– Begge vise Mænd.»

Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. Johannes Ortvedt higrad med, og Augo hans lo, og Skjegget hans lo, og heile Mennesket lo; for han visste, at no kom Markussen med Deklinasjonen.

Og Markussen kom med Deklinasjonen. Apropos: kunde Hr. Olsen den fyrste deklinera «Olsen»? –

Fleire og fleire kom. Ein og ein, tvo og tvo, ny-tvegne og bleike, slitne aa sjaa til; Svevnen sat enno i Augo paa dei, og mange sagde: «uff! jæ er saa trætt i Hode i Dag.» Og for kvar, som kom, vart den Ortvedske Deklinasjonen teken upp att, og Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. Men Ortvedt stod og høyrde paa med Augo lysande av sjølvnøgd Gleda; for i Dag hadde han vunnet eit Namn, som vilde liva lengje i Klassen.

Det «akademiske» Kvarter var strakst ute; Gutarne kom i Flokkevis. Some sette seg strakst paa Plasserne sine, tagalle og myrke, slog upp ei Bok og stengde seg inn i seg sjølve; andre flokkad seg um «Olsines» og den store Deklinasjonen. Der kom Hans Haugum. «Hr. Haugum! Hr. Haugum! 79Haugum!» ropad heile Flokken i Kor; men Olsen den fyrste hadde fengje Daniel med seg frampaa Golvet att og ropad no utyver Klassen med sin utrulege Bass: «Mine Herrar! Her stend eg fram paa dette Skravle-Ting og krev, at De ein som alle og alle som ein hyller og godkjenner Olsen den andre av Dynastiet Grisenburg som min lovlege og ulovlege Ettermann i alle Maatar, og det skal De gjera av fri og god Vilje, elder so skal De dingla kvar etter sin hundske Hals –.» Lenger kom han ikkje; for Hans Haugum, som saag litt trøytt ut, brydde seg ikkje større um dette, men tok fat paa Daniel og spurde, um han ikkje hadde nokot Gardsnamn, som han kunde bruka istadenfor dette Olsen; for det var i Grunnen ikkje nokot Namn. «Maa jæ be!» skreik Olsen den fyrste, men vart ikkje høyrd. Daniel kjende seg vyrd ved, at Hans Haugum tok seg av han, men sagde, at Gardsnamnet hans nok ikkje var brukande. «Kva heiter Garden?» spurde Haugum. Daniel raudnad litt; «aa –,» sagde han. «Han heiter væl ikkje Tamperud, som der eg er ifraa?» spurde Olsen den fyrste; Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Nei», smilte Daniel lettad; – men tenkje seg, at denne Austlendingen vilde fortelja slikt! – «Naa, lat oss høyra», ropad Haugum litt kvasst; han kunde ikkje forstaa seg paa denne seige Vestlendingen, som var rædd for aa segja, kor han var ifraa. «Jau», svarad Daniel modigt, «Garden heiter Sørbr–brød». «Sørbrød, det var rart», sagde Haugum. «Segjer dei Sørbrød, Folk der burte?» – «N–ei», svarad 80Daniel uviss, «Folk segjer ikkje so; men det skrivst so.» «Kva segjer Folk daa?» spurde Haugum. «Folk –; dei segjer …» – «Folk segjer væl Sør-Braut», lagde Markus Olivarius myndigt inn; han kunde Landsmaal. «Ja», sagde Daniel; «dei segjer Sørbraut.» «Altso heiterGarden Sørbraut daa», dømde Haugum; «og det skulde ikkje vera godt nok?» – «Sørbraut?» spurde Daniel med store Augo. Javisst! Sørbraut! «Sørbraut er eit godt Namn», dømde Markus Olivarius. «Men Sørbrød – ha-ha-ha ha! Søerbrøzz – han hermade det paa Dansk –, «det duger ikkje. Ha-ha-ha! Det er dei danske Futarne, som hev funnet paa det. Søerbrøzz, ha-ha ha-ha!» – «Surbrød», smaa-lo Johannes Ortvedt; Daniel vart blodraud, men kom seg att, daa han saag, at ingen hadde lagt Merke til det. Markus Olivarius gav seg til aa halda eit Foredrag um norske Gardsnamn og danske Futar; men Haugum, som visste, at Tidi var knapp, stoggad han og heldt istaden eit Foredrag til Daniel um Namnet Sørbraut. Det var eit godt og norskt Namn, som han burde bruka; – «ikkje sannt, Rud?» ropad Haugum til ein nykomen, som just stod og lagde Bøkerne sine ifraa seg paa Pulten. «Heiter Garden Sørbraut?» spurde Rud. «Ja –?» sagde Haugum. «So er der væl altso eit Nordbraut og?» Dei saag paa Daniel; «n–ei; jau!» sagde denne, «men langt ifraa … langt, langt …» «Det er det same», dømde Rud; «altso heiter Garden Braut. «Sør» og «Nord» er berre Tillegg; Braut er Namnet, og Braut, bør De heita.» Jens Rud sette seg; Saki var avgjord.

81Aalmennt Samtykke. Braut var eit maakalaust Namn, eit herlegt Namn, eit staut Namn! og so norskt daa! – dei vart ivrige alle. Olsen den fyrste spurde, kva Daniel vilde hava for det Namnet sitt; og Ortvedt minnte um, at «Braut» var det same som Brud paa Tysk, so finare Namn kunde ingen Ungkar bera. Og so lengje heldt dei paa, til dess Daniel sjølv totte, at «Daniel Braut» lyddest godt, og endeleg lovad han Haugum med Haand og Munn, at han skulde bruka det Namnet, – «dersom det gjekk an». – «Ja visst gjeng det an», sagde dei alle.

«Hoh-oh-oh! gjeng an?» braut det no laust med stort Braak og ein hol, hivande Laatt fraa «Myrkjekroken», der Aslak Fjordan hadde sitt Rom. «Hoh-oh-oh! enn Don Pedro daa? Don Pedro de Monsen, oh-oh-oh! – som skifte Namn, kvar Gong han flutte, so naar dei skulde ut med Rekningar paa Monsen, so heitte han Larsen, og naar Rekningarne lydde paa Larsen, so heitte han Rabbestad, og kom det Rekningar paa Rabbestad, so heitte han Monsen att – hoh-oh-oh-oh!» – Men no kom ikkje Aslak Fjordan lenger; for Døri gjekk upp paa vid Vegg, og inn steig «Gammeln», stor og røseleg i sin lange blaae Slengfrakke, aalvorleg som ein Senator, men med Skalkenmed Skalken] med eit skøyeraktig glimt i auget glyrande fram av sine graablaae kloke Augo bak Brilleglasi, og med den høge, breide, haarsnaude Skallen liksom lysande av Aand og Vit.

I Hælarne paa seg hadde han ei Rad av Gutar, som kom for seint. Det var for det meste slike, som høyrde med til «Bonnskrapet», og som jamt var 82burte; men i Latintimarne kom dei; for daa var der «saa mye Morro». Gammeln stelte seg upp og stod og saag paa dei. Der kom Isak Abrahamsen Opjorden i si fjørprydde Vadmaalskufta og med eit Hovud so urydigt som eit Kraakereir; full hadde han voret, og vaskat seg hadde han ikkje; Bøkerne sine hadde han gløymt; – «gjeng’e du reint laus du», sagde Gammeln, – «liksom Øyken i Fjelle; he!» Der kom dei tvo unge Herrarne, D’Hrr. Wall og Presler, finstrokne og strake, med Floshattar, med Lorgnettar, Sigarar, Spaserstokkar; dei lettad flott paa Hatten for «Rektor», gjorde eit Byks burtyver Pultarne og sette seg paa sine Plassar med dundrande Applomb. «Ha, ha, ha!» sagde Gammeln. Der kom Lars Risvold, eit herlegt Steinbrjotar-Emne, med ein Rygg som ei Laavedør og Armar som Eik, firkantad og svær, dum og trufast som ein Hoggestabbe; tilslutt kom Olai Bruvik, lysande av Saapevask, aalvorleg, pynteleg og glattkjemd, liknad eit Bibelbud. Han saag svært ærleg og paalitelig ut, og bukkad djupt for Gammeln; men i Grunnen var han arg; han forstod strakst, at han likevæl var for tidleg ute.

For no gjekk Gammeln burtaat Døri og vreid henne i Laas. Mang ein Synder kvakk, der han sat; for no hugsad Kararne, at det var i Dag, Gammeln skulde hava Pengar for Oktober. –

«Ja naa, Gutter, naa faar Dere vera snilde mot en gammal Mann!» tok Gammeln i paa sin underlege, skjemtefulle Maate, mest med eit Graatemaal. Det var ikkje so greidt aa vera til for honom helder, 83leet han um, og han fortalde dei mykje um dette, – Gjøn det meste, litt Aalvor innimillom. Der var nok av dei, som vilde gaa paa Skulen hans og læra Perioden og verta Folk, sagde han; og det var ikkje for ingen Ting, at vaare fyrste Diktarar og andre gode Menn hadde gjenget paa hans Skule; – Gammeln vilde ikkje segja, at han hadde gjort dei til Diktarar; men det var verdt aa leggja Merke til, at dei hadde gjenget her! – ja, som sagt, det var nok av dei, som vilde læra Perioden og faa skrubba Raaheita av seg ved ei Grunnskuring i LiviusLivius] Titus Livius, romersk historikar – aa! Livius, Gutter! Aa! det fins ikke slik Mann paa Jora som Livius! – men naar dei skulde til aa betala, so … Ja, han vilde ikkje segja annat enn dei hadde voret snilde imot han alle ihop; men no fekk dei vera snilde mot han i Dag og. Han var ein gamall fatik Mann, og i Dag, – «vet Dere hva som hendte mig i Dag, Gutter?» – Jau, i Dag, fyrr Fanden fekk skott seg, – i denne heilage Morgon stund, – hadde Gammeln havt «Besøk», sagde han, – «Besøk av to svartklædte, høflige Mænd» … «og Dere vet vel, Gutter, hva det har paa sig aa faa Besøk av to svartklædte høflige Mænd paa Morrakvisten? … og vet Dere det ikke, saa gid Dere aldrig maa faa vite det. Har Dere Penger Gutter?» Gutarne lo, og dei, som hadde Pengar, kom med dei. Vestelommur og Pungar vart vrengde og krengde rundt alle Pultar; ein fann tvo Dalar, ein annan tri; some var rike og kom med Femmaren full; og Gammeln nappad til seg alt, han fekk Klo i, liksom han 84var rædd dei skulde taka det ifraa han att. Men dei, som ikkje hadde nokot, tagde og liksom gjøymde seg, elder dei gjekk fram og orsakad seg og sagde, at dei skulde betala i Morgo.

Av dei, som orsakad seg, fordi dei ikkje hadde Pengar, var det ein, som Daniel lagde Merke til, av di han forsvarad seg so godt. Det var Olai Bruvik. Han fortalde ei Soga, som var so rimeleg, at det kunde godt henda ho var uppdiktad; men som han der stod, so høfleg og grunnskikkeleg, trygg paa aa greida seg, med eit ærlegt, opet Andlit og klaare usvikelege Augo, myrke, blide, fulle av Bøn, – so maatte ein taka hans Ord for gode, anten so ein trudde dei elder ikkje.

Daniel kjende, at han misunnte Fyren denne store Gaava til aa greida seg. Men um Gammeln tenkte han, at dersom alt Folk kunde taka Pengespursmaalet som han tok det, berre med Leik og Skjemt som paa eit Teater, so vilde Verdi langtifraa vera so vond aa liva i som ho var. –

No læste Gammeln Døri upp att. Latintimen skulde byrja.

Make til Latintimar hadde Daniel aldri i sine Dagar set elder drøymt. Kvar Time var som ein Fest av Aand og Vit, av Skjemt og Gjøn og utrulege Paafund. Sjølve Grammatikken vart livande under Gammelns Hender, livande som Barneleik og Eventyr; og dei latinske Skribentarne, som Daniel hadde havt so laak ei Tru til, vart større enn alt stort, iser Horats og Livius.

85I Dag fekk han fat i den fine Staven til Hr. Presler og sette seg til aa «spela». Staven brukad han til Boge, og med den andre Haandi leikad han uppetter ein innbilt Felehals som til den gildaste Slaatt. Og so song han: «Amo – amas – amat! amamus – amatis – amant!»Amo – amas – amat! amamus – amatis – amant] (lat. bøyingsmønster) eg elskar, du elskar, han elskar osb. – Gutarne med, so mange som hellest kunde for Laatt. Det gjekk. «Ska’ vi ta’ den engang til? – aa ja: amo, amas, amat! amamus, amatis, amant!» Men daa Gutarne skulde prøva seg aaleine – Gammeln sat berre og «akkompagnerad», han – so gjekk det i Surr. «Nei; nei; naa faar jeg til igjen!» ropad Gammeln, og so bar det i Veg paa nytt Lag. Og daa det endaa ikkje vilde hjelpa, kastad han «Bogen», treiv seg med fast Fingertak i Nosi og las «amo» med eit Mæle og eit Andlit, so Gutarne storhaukad. Men daa han so prøvde dei, kunde dei sitt amo heile Flokken.

Han hadde Paafund utan Tal. Men kor mange han hadde, og kor underlege dei tidt saag ut, han fekk altid nokot utav dei, og alt, han rørde ved, vart Gaman elder Aand.

Det var ein «Metode», som aldri hev voret uppe korkje fyrr elder sidan; for Metoden var Mannen, og Mannen var eit Geni.

Mot Gutarne kunde han vera som han vilde; dei heldt av han alle ihop. Og naar dei var komne ut av Skulen, talad dei aldri med slik Gleda og Varmhug um nokon Mann som um gamle Heltberg. –

Han var svær til aa driva dei i Madvig.Madvig] her: ei kjend lærebok i latinsk grammatikk av den danske professoren Johan Nicolai Madvig (1804–1886) Nokonlunde 86kvar Vika lovad han dei, at i næste Vika skulde dei faa eit Utdrag av hans eigen Grammatikk; men det vart aldri av. Madvig laut dei hjelpa seg med, og «Perioden» var det i Grunnen berre faae, som fekk Tak i.

Men alle fekk høyra um «Sprog-Geniussen», som kom til Jora og skapte Tungemaali, elder um Præposisjonarne, som eingong i Væra stod pent i Baas, men sidan braut seg ut, so alt vart i ei Babels Røra, elder um Ordklassarne, som der berre var tri av. «I Evighed! der er tre!» sagde Gammeln. Paa dei andre Skularne og paa «Universiteten», der sa dom det, at der var so mange Ordklasser; aah, det var so fælt; naar Folk høyrde slikt, so vart dom reint rædde; men der var berre tri; i Evighed! der var tri! All Ting var tri; – der var endaa ein Mann, som vart galen, fordi han kom etter, at alting var tri, – fortalde Gammeln.All Ting var tri … Gammeln] Her er det nok Hegels filosofi som blir karikert. Den tyske filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770–1851) stod sentralt i europeisk filosofi på 1800-talet. Eit sentralt punkt hos han var at tilveret lar seg forstå som ei uendeleg rekke av motsetningar mellom 3 «polar»: tese, antitese og syntese. – Paa slik Vis fekk han sine Læresetningar inn endaa i dei tveraste Hovud, og han fekk dei inn slik, at dei sat.

Men naar han tolkad dei gamle Skribentarne, likad han seg best. Daa var han som ein Eldleik av aandfulle Lentur,Lentur] puss; vittige påfunn og Bilæte og Likningar kom sprakande og lysande so tett og so lystigt som i ei Komedie av Shakspere.

Men kav-norsk var han, og Daniel vart upp i Under yver, kor godt han fekk Latinen til aa høva med vaar nordiske Aand. Naar han fortalde um «Cæsarguten», som kom og gjorde Soldgjorde Sold] kringsette paa Remdølerne og BellovakingarneRemdølerne og Bellovakingarne] fornorska former av namnet på galliske folkeslag i Gallia, den Styggheita, 87som var so raa som Kua uppi Aasen, so var det so ein kjende seg mest altfor mykje heime.Fedraheimen: … og gjorde Sold paa disse Villmennerne i Gallia, den Styggheita …

Men han kunde vera klassisk og. Som naar han fortalde um sin kjære Horats og um Livet paa hans Lystgard.Horats … Lystgard] Quintus Horatius Flaccus, romersk diktar (65–8 f. Kr.), skildrar ofte det rolege livet på godset sitt Der livde dei idealt! leet han um. Med Kransar av Vinlauv laag dei tilbords ved den silrande Kjelda og drakk den perlande FalernerFalerner] kjend italiensk kvit-vin til Klangen av Lyre-Spel … «det var nokot annat enn aa liggja upp paa Romerike og dyrka Poteter, det, Simon Husmo!» –

I Livius tok han i Dag Lars Risvold upp. Daa visste Klassen, at her vart Gaman. Lars Risvold var ein snild Gut; men han kunde ikkje nokot. Han var av desse Bygdeljosi, som gjekk her og strævad Aar ut og Aar inn og ingen Veg kom, aat upp og øydde burt, fyrst det vesle, dei sjølve raadde, so alt, som Systken elder Skyldfolk kunde skaffa, og tilslutt kvar Skillingen, dei kunde laana ihop; – for heime galdt dei for store Ljos, og paa Kyrkjegolvet hadde dei voret No. 1. Rauk dei til Eksamen, so var det ikkje fordi dei var dumme, men fordi «Skulen var so strid», som dei fortalde, naar dei var heime um Sumaren og slog alle Jeronymus’ar og Jesper RidefutarJeronymus’ar og Jesper Ridefutar] rollefigurar i Erasmus Montanus av Ludvig Holberg (1684–1754) ut paa Bygderne flate med sitt hic, hæc, hoc, hujus, hujus, hujus.hic, hæc, hoc, hujus, hujus, hujus] (lat. bøyingsmønster) her Lars Risvold var ein av desse; men det var hans Lukka og store Ulukka, at han visste det ikkje sjølv.

Dei las i Dag um Lartem Porsinnam.Lartem Porsinnam] Porsinna, etruskisk konge, hadde ein heiderstittel (lartem), som blir lars i nominativ Dette, meinte Gammeln, var just nokot for Lars, og køyrde Guten forskræmeleg for aa faa han til aa skyna, 88kva Lartem maatte heita i Nominativ. «Ho er diger i Dag», sagde han tilslutt og pustad.Fedraheimen: … sagde han tilslutt og pustad. Men Daniel var glad, fordi han endeleg hadde fengje visst, kva Gammeln meinte, naaar han sagde «ho» om Folk; for det sagde han altid, naar han totte det gjekk galet. Med «ho» meinte Gammeln … Men med «ho» meinte Gammeln «Raaheita», som han altid hadde svært Stræv med. Raaheita og Pontoppidan, det var hans tvo Grunn-Fiendar, og mot dei slost han paa sin Maate baade tidleg og seint. Det var ikkje Lars, og Rasmus, og Per, som Gammeln hadde for seg til Høvling; det var sjølve Raaheita, og han var just Mannen for aa temja den. «Naar ho kjem inn fraa Fjelle um Hausten, – so rauter ‘a», sagde Gammeln; «men jeg er Fanden pine mej inte rædd for aa gaa inn i Baasen tel ‘a, jeg!» Og naar han so hadde havt henne under Skuring ei Stund med sin makalause Grammatikk og sin guddomelege «Periode», so «jagu blei der Folk av ‘a lel» for det meste.

Stundom kunde han halda heile Lovtalar yver denne Metoden sin, som var so hæv, at sjølve Lars Risvold her lærde aa tenkja logisk elder slutta seg fram fraa Nasetippen og eit Stykke ut i Verdi, – «og naar jeg engang faar udgivet min herlige Grammatik, som ligger hjemme i min guddommelige Bordskuffe, saa skal der oprinde en ny Æra i dette formørkede Land!»

– Han dreiv paa med Livius. Men der yversette Lars Consilium med Folkeforsamling. Daa vart der Leven. Gammeln upp, stabbad burtyver Golvet, vreid seg og jamrad seg som han hadde vondt –: «Aa Gud hjelpe meg arme Mann! Det vert ikkje Raad aa liva for meg i denne Verdi! Dersom du fekk høyra, Lars, at ein Mann var komen 89til Byen idag, som heitte Krag, og du so kom paa Gata og saag ei Kraaka uppaa eit Hus-Møne, vilde du so taka Luva av deg, Lars, og helsa upp til Kraaka, og segja Goddag, velborne Hr. Krag! vælkomen til Byen?» Nei; Lars vilde ikkje gjera det, sagde han. «Nei, det vilde du ikkje gjera, Lars! Men just det var det, du gjorde her, Lars! Du saag ei Kraaka og trudde det var Hr. Krag! Der er Skilnad paa Krage og Krag, Lars!Fedraheimen: Der er Skilnad paa consilium med s og concilium med c! Aa eg arme Mann! Kor skal det gaa med meg? Eg kjem til aa svelta ihel, eg arme Mann! Aa desse Gutarne (…) og det er di Skuld, Lars! Det er di Skuld, Lars Risvold, som ikkje veit Skil paa … Der er Skilnad paa consilium med s og concilium med c! Aa eg arme Mann! Aa desse Gutarne, som ingenting vil læra! Eg kann likso godt gaa og tinga meg Plass paa MangelsgardenMangelsgarden] tvangsarbeids-anstalt/fattighus; eigentleg «Prinds Christian Augusts Minde», men folk flest sa «Mangelsgården» etter ein tidlegare eigar av huset, general Johan Mangelsen (1694–1769) med det same! og det er di Skuld, Lars Risvold, som ikkje veit Skil paa consilium med s og concilium med c!» Og han heldt fram med graatande Maal og stor Jammer:, «Aa er consilium med s, Lars? ‘aa er consilium med s, Lars Risvold? Consilium med s, det er Samraad, det, Lars Risvold! Det er Samraad, det, Lars! Hugsa no det, og lat ikkje ein gamall Mann svelta ihel for di Skuld! – Men Concilium med c», sagde han i ein annan Tone, «det er Raadsforsamling, det; det er Folkeforsamling; det er der, Cicero talar mod Catilina og Cato mot Carthago … hugsar du det, Lars Risvold»? – Ja, no skulde han hugsa det. «Ja set deg ned daa, Lars! – oh! oh! set deg ned og skjem deg Lars, fordi du ikkje visste – oh! oh! oh!» –: Gammeln fekk ei asthmatisk Rid og tok til aa hosta, so han tilslutt vart so raud, som han kunde faa Slag, men kavad og vilde snakka like godt –: 90«visste, at – oh! oh! oh! –at – oh! oh! oh! oh! –;» men no kunde han ikkje meir; Hosten tok Magti.

Lars sette seg, og skjemdest visst og, so godt han kunde.

Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men daa dei kom nokot lenger ned – der stod: nisi, quanta vi civitates eam (libertatem) expetunt, tanta regna reges defendant –,nisi, quanta vi civitates eam (libertatem) expetunt, tanta regna reges defendant] (lat.) om ikkje kongane vil forsvare sine rike like mykje som borgarane vil søke fridomen sin daa stod han fast, fordi han tok tanta til regna. Daa bar det uppatt med Gammeln, og til aa stabba burtetter Golvet og jamra seg. «Høyr, min snilde Halvor Mosebø! Dersom du gjekk paa ein Veg, og møtte, fyrst ei fin Dame, so ein Student, og so ein Gris, og so du strakst etter fann ein fin Silkeparasol liggjande i Vegen, vilde du so gaa med Parasollen til Grisen og segja: undskyld, høistærede, Di har visst tapt Deres Parasol? – Nei, Halvor! det vilde du ikkje! Du vilde fly avstad, tildess du raakad den unge Dama, og so vilde du bukka, Halvor, og gjera deg lækker, og segja: om Forladelse, min Frøken; men Di har visst tapt Deres Parasol. Ikkje sannt, Halvor Mosebø?» – Jau; det kunde væl henda seg det. – «Ja, men det gjer du ikkje her, Halvor! Du gjeng til Grisen med Parasollen, Halvor! Du tek tanta til regna, fordi regna stend nærmast! Det maa du ikkje gjera, Halvor Mosebø! Tanta høyrer til der langt framme, ser du! Tanta vi, quanta vi, Halvor Mosebø!» – Ja, no forstod Halvor det. – «Ja kjære, hugsa no paa det daa!» jamrad Gammeln; Klassen sat og lo og tenkte med seg, at slikt var det nok ikkje lett aa gløyma.

91Men no kom Gammeln innpaa Innhaldet av det, som «den gamle Skarven Tarkvinius Superbus elder Tarkvinius Storsnut» hadde sagt, og heldt eit historiskt Foredrag um Rom og romersk Politikk, som var det mest aandfulle, Daniel hadde høyrt. Endeleg stod han upp, slog ut med Haandi og sagde høgtideleg: «Nu er vi færdige. Nu er vi – ved Gud! – aldeles færdige. Nu kan vi gaa videre.» Og so sette han seg til aa gjenomgaa Leksa til næste Dagen. –

– Daniel budde paa eit Loft i Akersgata.

Romet var ikkje litet; men det var laagt og hadde Skraatak; Ljos fekk det gjenom tvo Vindaugo, som var bygde ut gjenom Taket. Romet var fullt av Kantar og Kræer og var litt halvmyrkt, Utsyn var der til eit Par Hustak og nokre Skorsteinar. Men Daniel likad seg her. Her var so koselegt og lognt, totte han; og det stengde Utsynet gjorde, at han kjende seg so trygg, so godt gøymd.

Byen likad han og paa ein Maate. Her var ikkje slik, som han hadde tenkt; her var smaatt og graatt i graatt for det meste, og det var utrulegt, kor simpelt her kunde sjaa ut mest alle Stader, so nær som upp paa Homansbykanten; men for Daniel var alt so nytt, at han hadde Moro av aa sjaa det likevæl. Og den einaste vesle Stubben Storgata, som Byen kunde segjast aa hava, Stykket fraa Storthingsbygningen til Slottet, var so gild med alle sine Tre og Slottet øvst uppe som ein breid Vegg, at Daniel saknad ikkje sine Marmordraumar so mykje endaa.

Det var væl slik, ein Storby skulde sjaa ut. 92Ein kunde vera trygg paa, at dei, som bygde her, og som hadde Tilsyn med Bygningsstellet, visste, korleis det skulde vera.

Men Draumen um aa koma uppi nokot stort elder forunderlegt seig av han helder fort. Han saag ingen Ting, som minnte um Eventyr. Folk saag svært kvardagslege ut; og um han ein Gong imillom saag ei gild Vogn, so visste han, at inni den sat væl i det høgste ein Grosserar.

Men ein Ting var han arg paa, og det var, at Folk syntest so vigtige. Han totte dei gjekk og smaaflirde aat han, kven han raakad, elder saag nedetter han paa Sned, liksom han var nokot stygt. Di lenger han var i Byen, di verre totte han det vart. Um han so berre skulde inn i ei Kraambud, elder han skulde hava seg eit kvart Pund PetumPetum] tobakk hjaa ein Tobakshandlar, so var dei Diskemennerne og Sigarjomfruerne so vise og vigtige, at han vart baade bljug og dum. Han trøystad seg med, at naar han vart Student, skulde han gjera dei Lika for det.

Den einaste Moro han hadde var, naar han ein Sundags Ettermiddag i Skomingi kunde vera med Haugum og Aslak Fjordan elder Johannes Ortvedt og driva upp og ned Karl Johan. Daa kjende han seg fri og nøgd, lo, naar dei andre skjemtad, og saag paa alle desse ukjende, som strauk att og fram der som Fisk under ei Aa-bredd, so glad som ein Smaagut. Stundom kom det unge Gjentur – heiltupp Frøkner var dei visst – og saag paa Daniel med 93slike Augo, at han vart reint varm um Hjarterøterne; og daa kunde dei gamle Eventyrdraumarne hans livna upp att. Men dei unge Frøknerne gjekk altid sin Veg, og han høyrde aldri nokot ifraa dei. –

Det var sjeldan, han fekk taka slike Turar. Paa Fabrikken fekk dei so vitlaust med Leksur, at den, som vilde fylgja med, laut lesa baade Dag og Nott. No lærde Daniel seg dessutan for Aalvor til aa røykja; det høyrde med til Studentlærdomen, det og. Og so sat han si meste Tid paa «Hybelen» og las, røykte og las, so det verkte i Hausen. Det var stridt, men det var karslegt, totte Daniel; for no kunde han daa kjenna, at han studerad. Med Byrgskap skreiv han heim, at no las han, so det heiltupp røynte paa Helsa.

Av Kjenningar fraa gamalt aatte Daniel tvo, Ole Bentsen og Peter Dirk. Desse Kararne gjekk no i øvste Klassen og greidde seg godt. Peter Dirk var nokonlunde den same, smaa-lentug og pynteleg, men kanskje ikkje fullt so vigtig. Men Ole Bentsen hadde vortet gudeleg her inne. Han var komen til aa bu hjaa ein heilag Skomakar, fortalde Johannes Ortvedt; «og daa han forstod, at han kunde faa bu for halv Pris, dersom han umvende seg, so umvende han seg naturlegvis», meinte Johannes. Daniel kunde sjaa, at Ole Bentsen hadde forandrat seg; det rolege, kjøtfulle Andlitet hadde stivt seg og strekt seg og vilde vera aalvorlegt, og dei smaae graakalde Augo strævad med aa synast kjærlege. Og Daniel forstod snart, at Ole Bentsen gjekk med løynske Tankar um aa frelsa hans 94Sjæl og. Dette vart til ei stor Plaga for Daniel. Han kunde ikkje tenkja paa aa umvenda seg enno, fyrr han hadde livt til Endes det ideale Studenterliv, og ikkje torde han vera ved, at han ikkje vilde umvenda seg helder; naar so Ole Bentsen tok til aa tala um aa passa paa Naadens Tid, so visste ikkje Daniel, kva han skulde svara. Han drog seg ifraa so mykje han kunde; og daa Bentsen endeleg forstod, at Guten var komen i Henderne paa Hans Haugum, gav han Daniel yver og var sidan mot han som mot eit annat Verdensbarn.

– Vinteren var lang, og Leksurne var store. Ein kunde lesa baade Nott og Dag, og endaa var det raadlaust aa fylgja med. Daniel vart trøytt, han som dei andre. Aa, at alt i Verdi skulde vera so tungt og stridt! I Grunnen var det med Skulearbeidet som det var med alt Slit: det var ei Straff for vaare Synder. Det var i Grunnen rart, at Folk vilde leggja so vondt aat seg. –

Han lagde snart Merke til, kva det var for Lærarar, ein kunde taka det lett med. Og so tok han det lett med dei. Han lærde ikkje det, dei sette han fyre, og vart meir og meir burte fraa deira Timar. Naar andre kunde gjera dette, so kunde han med. Han lærde i den Skulen han gjekk. Men dette gjorde, at han aldri hadde full Fred i sitt Samvit.

Etterkvart vart han kjend paa Skulen. Det var ein underleg, ujamn, av likt og ulikt samanreken Flokk, den, som her var aa sjaa. Det meste var 95Bondegutar og Smaafolks Søner; men her og der kunde ein sjaa ein Presteson, elder andre slike, som var burtviste fraa Latinskulen, elder som av andre Grunnar fann det laglegt aa skjota denne «Beinvegen til Eksamen». Her sat friske, grøne Sekstanaaringar jamsides med røynde Skjeggebussar og Fleinskallar paa 30; verdige Skulemeistrar sat saman med glade Sjøgastar; heilage Menn som Ole Bentsen maatte her hava Lag med Ranglefantar og Galningar, som kanskje ikkje gjorde annat enn dreiv rundt etter Moro. Saag ein heile Flokken under eit, hadde han nokot fortrykt og forkomet yver seg, eit Drag av Stræv, Pengesut, vonde Dagar elder Rangel; mange gjekk daarlegt klædde, med skitne Kragar og Handliningar, med Brøker upptrødde ned med Hælarne, med skjeive Sko, med geniale Hattar; burtmed Omnen sat ein Gut med Vinterfrakken paa seg, endaa naar det brann i Omnen so han var raud; Tingen var, at han hadde eit Hol i Broki si paa ein Stad … der det ikkje gjeng an aa hava Hol i Broki si, og det kunde han ikkje dylja paa annan Maate. Mange saag so skrale ut, at ein maatte tru, dei svalt; og dei, som arbeidde og prøvde aa fylgja med, gjekk gjerna med ei jamn Skodd yver Heilen sin, tunge og nervøse av Nattevaking og Ovarbeid, so dei liksom ikkje var fullt seg sjølve. Di lenger det leid, di tyngre vart Tonen; all Samtale vart aalvorleg og uglad, all Skjemt matt. Det var, som der ikkje var Ungdom i denne Flokken. Dei, som var unge av Aar, var tidt vaksne nok av Tankar; dei leid for mykje vondt. «Klasse-Aanden», 96som aldri hadde voret sterk, døydde etter kvart reint ut; Klassen skilde seg sund i Smaaflokkar, og dei, som ikkje hadde nokon Flokk aa sokna til, gjekk og tuslad aaleine.

Det, dei snakkad mest um, var væl det, dei hadde minst av, nemleg Pengar. Den, som hadde Pengar! Den som var rik! den Visa gjekk fraa Morgon til Kveld. Men stundom talad dei um Politikk, Tru, Maal, Nasjonalitet; og kom dei innpaa slikt, kunde dei verta varme. Heilt fraa Hausten av hadde dei skilt seg ut i ulike Meiningsflokkar; der var liberale og radikale, der var «norske» og «norsk-norske», Kosmopolitar og Maalmenn. Dessutan var der ein Flokk «meiningslause», som «ikkje brydde seg um Politikk». I Trui var der like eins Meiningsskilnad; der var fleire Grundtvigianarar, helst av dei eldre Seminaristarne, og um Jens Rud og eit Par andre vart det sagt, at dei skulde vera Ny-Rasjonalistar. Men uppi øvste Klassen skulde der jamvæl finnast Folk, som ikkje trudde paa nokon Ting.

Men med slike Gutar gjekk det no som det kunde. Dei kom her inn unge og faakunnige, misste si Barnetru og hadde ingenting aa setja istaden; helder ikkje hadde dei moralsk Utvikling til aa bera eit slikt Tap. Naar dei so misste Trui, so misste dei si moralske Jamvigt med det same, og laag daa snart og dreiv med Kjølen i Veret. Hans Haugum og Johannes Ortvedt kjende fleire Døme paa dette.

Soleis nemnde dei ein Rødberg, som so vidt hadde fuskat seg fram til Student ifjor Haust, men 97som baade fyrr og sidan hadde sleppt seg so reint yver. Endaa verre var det med denne stakkars Olai Juberg. Det var ein av dei rette, det. Han saag so roleg og skikkeleg ut, at ein skulde tru, det var ein rein Mors-Unge; men i lognaste Vatnet var verste Grunntrolli. Det var med honom som med so mange andre, som kom reint ferske fraa Bondebygdi og fraa eit innestengt Liv; dei gjekk og brann av løynlege Lyster under sekkte Augo, kom so her inn og drakk av alle Kristiania Rennesteinar, til dess dei ein god Dag laag der. No gjekk Olai Juberg ikring med snaud Skolt og avblømt Andlit og glodde og glodde gjenom sine breide Brillur som eit Lik gjenom ein Kjeldarglugg; det var so det var vondt aa sjaa han.

Daniel vart rædd av aa høyra slikt. Han sende ein løynleg Sukk upptil Vaarherre um, at det ikkje maatte gaa slik med honom.

Den, som Daniel likad best i heile Klassen, var Hans Haugum. Denne Haugum hadde voret Skulemeistar i fleire Aar; han var inne i alt, som høyrde med til den «folkeleg-liberale Vekkelsen» og vart her i Klassen Førar for denne Flokken. Av Kjenningar hadde Haugum tvo, som fylgde han stødt, Johannes Ortvedt og Aslak Fjordan; den fyrste likad Daniel godt med det same, men vart snart leid av hans tome Higring og evige Jabb;Jabb] etterplapring den andre, Aslak Fjordan, var ein faamælt og tung Kar, men snild og vitug, so ein likad han betre, di meir ein lærde han aa kjenna; aa sjaa til var han høg og slengjeleg, 98med raudt, stridt Skjegg, snaud i Skallen, stygg som ein Konstabel.

I denne Flokken fann Daniel att dei Tankarne og Draumarne, han hadde lært hjaa Kapellan Hirsch, og som han gjøymde paa i Løyndom som ein dyr Skatt. Han kom altso med i den folkelege Flokken; men han torde ikkje visa seg ivrig i si Tru; for han hadde litt vondt Samvit, naar han tenkte paa Grosserar Helle og Kapitalist Finsen. –

Der var mange Skulemeistrar og Seminaristar, eldre som yngre. Det var stillfarande, snilde Folk. Prestar vilde dei verta mest alle. Dei hadde si Livsgjerning der, meinte dei; for dei hadde drøymt um aa verta Prestar, fraa dei var smaae. Her gjekk dei daa og sleit for aa naa denne Draumen; men so vart dei trøytte og nervøse, og gjekk daa tidt og pinte seg med store Tvil. Kanskje hadde dei teket imist av Livskallet sitt. Kanskje hadde desse Prestetankarne berre voret ein Draum av deira eigi Faafengd. Kanskje hadde dei mistydt sin «Bestemmelse», forspillt, «forfeilet» sitt Liv. Det vilde vera fælt. Det vilde vera skæmelegt. So lengje høyrde Daniel paa slikt, til dess han sjølv gav seg til aa tvila og grubla; men han fekk ikkje slikt Aalvor i det som dei; – han var væl for ung. –

Haugum og Ortvedt hadde lagt seg upp litt Pengar som Skulemeistrar; her inne hadde dei fritt Husver hjaa ein Kjenning, og dei vilde paa den Maaten klara seg fram til Artium utan aa koma i Skuld. Der var fleire, som hjelpte seg fram sjølv, 99og det stundom paa verre Vilkaar. Ein sagde dei livde for seks Dalar Maanaden, ein annan meinte dei livde av ingenting; ikkje so faae hadde Arbeid ved Sida av Lesningi, so det var utrulegt, at dei kunde halda det ut. Daniel kjende, at han kunde ikkje hava det slik; – men samstundes hadde han ein Vyrdnad for desse Arbeidsmenn, som mest vart til Ovund.

Fleirtalet av dei Bondegutarne, som her gjekk, var Folk, som laante seg fram; andre var hjelpte i Veg av gode Folk. Berre ein og annan, som Aslak Fjordan elder Simon Husmo – Simon Husmor, som Ortvedt sagde – hadde Pengar sjølve, elder hadde, som Jens Rud, ein rik Far til aa hjelpa seg. Men some av dei, som livde av annat Folks Hjelp, hadde eit mindre godt Ord paa seg; snart var dei veike, karakterlause Vimringar,Vimringar] sløvingar som leet seg stempla og binda i baade Vilje og Tanke av dei, som dei tok Hjelp av, og snart kunde dei vera Skarvar reint ut, som gjekk til Prestar og snilde Folk og slog Mynt, laug som Hestehandlarar, og brukad Pengarne upp til Rangel og Visvas. Slik ein Kar hadde f. Eks. denne Rødberg voret, sagde Ortvedt.

Dei, som hjelpte seg sjølve, skulde i Grunnen vera best farne. Men med dei var der det, at dei vart so gamle, og tidt helseslitne, fyrr dei naadde fram. –

Var Haugum Førar for dei folkelege, so kunde ein endaa meir segja, at Jens Rud var Førar for dei radikale. Daniel trudde lengje, at Jens Rud var ein 100Presteson. Han saag ikkje ut som Bondegut; han hadde ikkje dette breide, dette … kraftige yver seg som dei, og serleg var Andlitet altfor fint, og Munnen for klaart formad. Endeleg fekk Daniel vita, at Jens Rud var Son av ein Storbonde her upp av Kristiania, og han totte det var merkjelegt, at ein slik kunde vera radikal.

Til Ruds Flokk høyrde Halvor Mosebø, ein liten rundryggjad, gulbleik Teledøl med ei Nos som ein Sadel og eit Par myrkegraae, tungsindige Augo, som syntest smaae under dei hengjande, posne Augnelok; men i Augnekrokarne lo det stundom; for Halvor Mosebø var eit kvikt Hovud. Daniel fekk imot han, fordi det viste seg, at han kunde meir Historie enn han sjølv kunde; men det gjorde, at Daniel tok til aa lesa Historie att. Dessutan «Sven Dufva»«Sven Dufva»] eit dikt i Fänrik Ståls sägner av den finske diktaren Johan Ludvig Runeberg (1804–1877) elder Per Brageland, ein høg, nakkebøygd Gut med tvo klaare, rædde Gaselle-Augo, truskyldig og snild som ein Saud. Han var «Pughest», høyrde med til desse Maurarne, som tagde og strævad, tagde og strævad, forstod ikkje alt, men sette det i seg, grov seg stillt gjenom Bok etter Bok, gjenom Eksamen etter Eksamen, – «indtil de endeleg bleve salige», som Olsen den fyrste sagde, d. v. s. til dei fekk seg eit Kall der nordpaa elder vestpaa, fordi dei var so gamle, elder fordi dei hadde Kona og Born aa forsyrgja. Um Per Brageland hadde Jens Rud sagt, at «ett dåligt hufvud hade han, men hjertat, det var godt», og sidan vart han heitande Sven Dufva. Endeleg reknad dei Markus Olivarius Markussen med 101til «Ruderne»,«Ruderne»] flokken kring Jens Rud mest fordi han var Maalmann. Det var ein herdebreid, haarfager Trønder, ivrig og smaagløgg, med mange Hugmaal, snar til aa læ, ei livleg Sjæl. Han og Halvor Mosebø budde ihop; dei «disputerad og lo, og disputerad og drakk Øl», sagde Olsen den fyrste; men greidde seg gjorde dei like godt.

Ranglefantarne var helst aa finna millom dei «meiningslause», sagde Haugum. Der var Isak Abrahamsen Opjorden, som tilslutt vart teken heim fraa Skulen, og der var Bent Bu, ein Fyr, som sjeldan var aa sjaa. Olsen den fyrste og Simon Husmor hadde nok og sine «Øl-Rider», men det var berre ein Gong imillomaat. Olai Bruvik, som altid hadde same Meiningi som den, han talad med, laag etter alle dei Tenestgjentur, han saag, og kvar Gong han fangad ei, vart han burte fraa Skulen i 8 Dagar, fortalde Ortvedt. –

Fraa Tarald Ruste fekk Daniel ender og daa Brev um, at han maatte spara. For spart var spart, og Landet var fatikt, og Embættsmennerne livde altfor feitt. Lias skreiv ein hente Gong og fortalde, at alt stod godt til, og at han mest ikkje kunde klara seg. Ingen skreiv um det, som Daniel brydde seg um aa høyra: um Inga. Daniel sende tvo Gonger Brev til Judith og prøvde aa faa henne til aa fortelja fraa Holms; men den Døla forstod ikkje Meiningi.

Pengar fekk han berre so vidt han kunde baska og liva. Stundom naadde ikkje Sendingarne ihop, 102og so maatte han laana. Men det var ikkje faarlegt; han visste, han kunde betala. Og han vart altid bergad. Best var Austlendingarne aa beda um slikt; Vestlendingarne var meir kloke. –

– Ein Dag kom Jens Rud til han med ei kjærleg Helsing fraa Kapellan Hirsch. Daniel raudnad. «Kjenner De Kapellan Hirsch?» spurde han. «Ja, – han er gift med Syster mi», svarad Jens. «Aa; – so.» – Men Daniel kjende seg styrkt av denne Helsingi, og han lovad seg sjølv paa nytt Lag, at han ikkje vilde gløyma sin gamle Lærar. –

Vaaren var endaa lenger her enn heime. Det tok til aa letna alt i Marts, med varm Sol og høg, ljos Himmel; men so kom April med Vinter, og daa den sluttad, og det rett tok til aa verma i Bakkarne, so kom Mai med sin kalde Nordanvind, som aldri tok Ende. Jau, til siste Slutten rann Juni upp, – Juni med si kvite, gloheite Sol og sin tette Ølrøyk burtyver Fjorden og dei fagre Aasarne. Og Sumaren sprang ut paa ei Nott.

Men daa vart det likso ille. I Byen vart det so varmt som i ein Bakaromn, og ein kunde lite pusta.

Daa Daniel hadde lengtat so lengje etter Frimaanaden, at han hadde lengtat seg leid, – so kom Frimaanaden med. Daa var dei som blesne burt, alle dei underlege Fuglarne paa Heltbergs Fabrikk, og Daniel gjorde seg ikkje drjug, han helder. Det skulde verta ein forunderleg Ting i Grunnen: aa koma heim som Kristianiamann. –

103– Inga Holm var bleikare no og høgare, men ikkje mindre søt. Dette Drag av sorgmild Lengt, denne Daam av blid, elskhugssaar Drøyming, laag yver henne enno som eit Huldreslør. Men kvi var ho so bleik, den vene Møy? Hadde ho Sorg? Gjekk ho i ein Lengt, som ikkje fann Ord? Kunde ho ikkje sova um Notti for Tanken paa sin Ven? Og Daniel kjende Bringa si gaa full av søte Straumar ved den Tanken, at kanskje var det honom, ho bleiknad burt for i Løynd. Men … dersom det no var ein annan. Og kor rimelegt var ikkje det. Daa vart det graakaldt og tomt ikring Daniel, og inni Bringa hans vart det og graakaldt og tomt, med smaae, rivande Styngjer.

Han sat uppe i Skulemeistarstolen i Dag, til eit Merke paa, at han no var komen upp yver Aalmugen. Og han sat der og gjorde Kur til Inga Holm paa Avstand som i gamle Dagar. Men ein uventande og forunderleg Ting hende honom i Dag. Daa Messa var slutt, kom gamle Klokkar Holm og bad han med seg heim til Middags. Daniel vart blodraud og reint fortryllt. «Takk … Takk», sagde han, og visste det ikkje. Han tenkte med ei hard Hjartebanking paa, at kankje var det Inga sjølv, som –! Og saman med ein av dei eldste Skulemeistrarne fylgde han med bivrande Hjarta Klokkaren heim.

Gamle Holm var fornøgd med Daniel. Guten hadde ikkje forandrat seg, so vidt han kunde forstaa. Utan i Maalet, naturlegvis. Dei sunne Grunnsetningarne, som han var heimangjord med, hadde han haldet 104fast paa; og han hadde ikkje vortet uppblesen. Han heldt med Klokkaren i all Ting, og gamle Holm vart mest staut av aa faa slikt Medhald av ein Mann, som ein daa snart kunde kalla lærd.

Mons Skulemeistar tagde for det meste. Berre ender og daa kom han stikkande med eit lite Spursmaal um eit elder annat, som han lengje hadde ynskt aa faa Greida paa av kunnige Folk. Daniel svarad naadigt baade paa det han Visste, og paa det han ikkje visste, og Klokkar Holm og Mons Skulemeistar undrad seg storleg yver hans Visdom.

Men det var for det meste Hans Haugums Visdom, Daniel foor med no.

Daniel tagnad, daa dei nærmad seg Garden. Han totte alt her vart so heilagt og forunderlegt; der laag ein Glime, ei Hildring yver kvar Ting, og alt, han saag, laag liksom og glyrde til han, og takkad for sist, elder drog paa Gjeipen. Men ei gamall Høna gjekk og kaklad og breidde seg og sagde tydeleg, Gong etter Gong: Friar? Friar? Friar? –

Daniel vart blodraud. Men han kom inn. Helsad paa Gamlemor, og det gjekk nokonlunde. Helsad paa Inga; det gjekk skralt. Han var ikkje god til aa sjaa henne; der lagde seg slik ei Dimma for Augo, og dessutan kunde han ikkje faa dei upp. Men det verste var, at han ikkje kunde segja nokot. Han stod og tagde som ein stor Tosk. Det var forargelegt!

Men ved Bordet vart han modigare, daa han hadde fengje litt Øl. Og so fortalde han i Aust og 105Vest, alt han kunde minnast, og laug som ein Skipper, for at Inga skulde finna det morosamt. Men det, han sagde, tyddest i hans eigne Øyro som ein tom Dur.

Etter Bordet var det Pipa, og no totte Daniel det kom væl med, at han hadde lært aa røykja. Han vart sitjande hjaa Klokkaren langt utyver Dagen. Inga sat slik til, at han ikkje kunde sjaa henne fraa Voggestolen sin; men han kjende paa seg, at ho var inne; og her var so hyggjelegt.Fedraheimen: … hyggjelegt. So sælt, so solfullt, so rikt; Make til … Make til koseleg Stova hadde han ikkje set, og slik ein Hage, med slike Blomar, og med eit Lauv, som skalv i Sumarvinden som ei søt Kviskring, fanst ikkje paa Jordi. –

Men sidan maatte Daniel paa Gjesting andre Stader. Han maatte til Lensmannen; og der laut han vera litt Jaabækianar. Der var ikkje Raad med det; Lensmann Ruste hadde gjort han so mykje godt … Og næste Sundag maatte han til Grosseraren. Der vart det endaa verre. Der var Middags-Lag, og han maatte sitja paa Sida av Grosseraren, paa ein Stad, der alle saag han. Og so vart han vist fram. «Hm! vor Protesjé», sagde Grosseraren, daa dei var komne i Veg med Maten. «Vi understøtter ham lidt … vil hjelpe ham frem, ser De … Bare Bondegut; men gode Evner, siger Rektor; ingen Manerer, som De ser; men det kommer sig nok!» – Daniel vart so sveittande skamfull. Og det vart ikkje betre, daa ein av Gjesterne, som vilde vera «behagelig», gav seg til aa rosa Grosseraren for denne hans gode Gjerning, og formanad Daniel til aa 106vera takksam mot so «goddædig» ein Mann. Daniel var svolten som ein Skrubb, men han misste heile sin Mathug. Resten av Middagen sat han berre og prikkad i Maten, og høyrde med halve Øyro paa, at ein Prest og ein Skrivar dømde Livet av Jaabæk og jamrad upp i Himmelens Skyer um, kor magert det var for Embættsmennerne.

So snart dei var komne fraa Bordet, vilde Daniel ryma. Men det fekk han ikkje. Han skulde «versgo ha Kaffi»; dessutan, lagde Grosseraren til, hadde han godt av aa vera med litt i fint Selskap, so han kunde læra Folkeskikk. Og so maatte Daniel «vera med». Han fekk ikkje eingong Lov til aa gjøyma seg burt nedi Hagen; Grosserar Helle hadde nok Bruk for sin Protegé. Han vart utspurd um baade ditt og datt, og daa dei tilslutt kom inn paa Politikken, so uttalad den same «behagelige» Gjesten – Hr. Pastor Eing –, at han vilde vona, Daniel ikkje var Jaabækianar. Daniel svarad, at han ikkje hadde tenkt vidare yver Politikken, og det sagde Pastor Ring var rett; Grosseraren meinte og, at Ungdomen helst burde halda seg ifraa slikt. «Men Jaabækianar vert han no ikkje», lagde Grosseraren til med eit Smil; «so mykje Tiltru hev eg til Guten.» –

Hjaa Finsen var det paa ein annan Maate. Finsen brydde seg ikkje um Politikk; men so vilde han vita, um Daniel hadde funnet Frelsaren, og det kunde ikkje Daniel greida. So fekk han ein lang Formaningstale um aa søkja Skaparen i sin Ungdom. 107Men tilslutt kom Finsen med det, som nok laag han mest paa Hjarta: um Daniel ikkje kunde vilja vera Missjonær. «Ikkje saa aa forstaa, kjære Ven, at jæ vil lægge naaget Præss paa dej», sagde Hr. Finsen; men … han vilde kunna hjelpa Daniel med so mykje større Gleda, dersom Vaarherre bøygde hans Hug slik, at han vart Missjonær. Skulde det ikkje vera herlegt og stort aa faa vera med aa byggja Kristi Kyrkja der ned i Sululand? Maatte det ikkje vera eit sælt Arbeid aa faa føra Frelsebodet ut yver Verdi til dei, som enno laag i Myrkr og i Daudens Skuggar? – Daniel var i si verste Beit. Segja beint Nei gjekk ikkje an, og segja Ja – det gjekk helder ikkje an. Daa fekk han ein frelsande Tanke: «Mor vil ikkje», sagde han. Dermed slapp han for den Gongen, og han totte han hadde greidt seg godt. Det same totte Maren, daa han fortalde det til henne. –

– Som han var komen godt og væl inn til Kristiania um Hausten att, fekk han høyra, at Grosserar Helle hadde spelat upp. Daniel vart reint fortenkt, men – sannt aa segja – glad. So var han daa kvitt den Formyndaren. Men daa han strakst etter fekk Brev fraa Lensmannen um, at heretter laut han berga seg med endaa mindre Pengar enn fyrr, var det slutt med Gleda.

Paa Skulen gjekk alt som fyrr; men fire av Gutarne var gjengne ut: Wall, Presler, Simon Husmor og Olai Bruvik. Den siste sagde dei hadde gift seg med ei rik Slagtardotter og skulde vera 108Handelsmann. Men tvo nye var komne inn att. Dei hadde fyrr gjenget paa ein annan Privatskule; no hadde dei voret uppe og stroket, og so skulde dei prøva ei Skuring paa Fabrikken. Den eine heitte Gregus Johnsen, ein lang, bleik Fyr, som dei sagde var Diktar; han hadde endaa skrivet Vers i «Posten». Den andre var gamle Vidunderbø. Hans rette Namn var Underbø; men han hadde vortet namngjeten og umdøypt, fordi han «snart i ein Mannsalder» hadde gjenget her inne og stroket til Artium. Men kor lengje han strauk, og kor ille det gjekk, so heldt han ut like godt, seig som eit Vidunder. No var han langt ut i Aari, so dei for Moro Skuld fortalde, at han hadde ein Son, som var Student, og som i Eksamenstiderne las privat med Far sin «for aa hjelpa den unge Mannen fram». Det var ei aalmenn Segn, at Vidunderbø som ein ny Jerusalems Skomakar vilde gaa her inne til DomedagSegn … Domedag] I ei tysk folkebok frå 1600-talet blir det fortalt om skomakaren Ahasverus; Jesus kom framom huset hans på veg til Golgata og bad om å få kvile der; men Ahasverus jaga han vidare; etter segna blir Ahasverus straffa med å aldri kunne døy, slik at han må streifa kring i verda til domedag. og strjuka til Artium. –

Meir enn nokongong dyrkad Daniel si huglagde Møy i sine einslege Draumar. Den Solskinsstundi i Klokkargarden livde han uppatt og uppatt, og ut ifraa den diktad han mange lange Eventyr, som altid sluttad i ein kvit Prestegard millom grøne Tre. Men daa det leid utpaa Hausten ei Stund, kom der nokot som gjorde, at han tenkte mindre heitt paa Inga Holm.

Der kom ei ny Tenestgjenta i Huset. Ho var fraa Vestlandet og heitte Berta Maria. Det var ei skikkeleg Gjenta, godsleg og snild, med eit Andlit 109so mjukt og rundt og smørblidt og lokkande som ei Pannekaka. Daniel saag paa denne Gjenta og likad henne. Tala til henne vaagad han ikkje; men han likad aa sjaa henne, og det var ikkje lengje, fyrr han tenkte paa henne, naar han ikkje saag henne og.

Han vilde henne ingenting! for han elskad henne naturlegvis ikkje. Men hadde han kunnat litt av Bruviks Kunster, so vilde han gjort seg kjend med henne i all Tukt og Æra; for daa hadde det vortet so mykje hyggjelegare paa Hybelen. Men Daniel kunde ikkje Bruviks Kunster. Han vaagad seg ikkje eingong til aa bjoda Berta Maria ein Teaterbillett.

Men likevæl var han glad for ho var her, og tilslutt tenkte han mest likso tidt paa henne som paa Inga. Det var paa ein annan Maate; for Berta Maria var berre ei Tenesttaus, og Inga Holm var Idealet; men han maatte likevæl undrast paa, at ho var so ofta i Tankarne hans; for han elskad henne ikkje, det var han stød paa. –

Det var vondt for Daniel aa klara seg med dei Pengarne, han no fekk; og han tok til aa faa Smaagjeld. Men det verste var, at til Sumaren maatte han hava nye Klæde. Han skreiv til Lensmannen um dette ei Stund yver Jol, men fekk ikkje Svar. Endeleg kom der Brev; men det var fraa Finsen. Og denne skreiv, at Herren i sin Naade hadde kallat Lensmannen heim til seg. Og Finsen torde segja, at den gamle Mannen i Sanning hadde faret med Fred. Han tvilad ikkje paa, at den Sjæli var frelst; og for det maatte me alle, og Daniel ikkje minst, lova og 110prisa Gud. Ja, Daniel kunde vera med paa det; men kor gjekk det med dei nye Klædi? Finsen skreiv ikkje eit Ord um dei. Derimot skreiv han um, at han no vart aaleine um aa hjelpa Daniel, og at han nok skulde halda ut til Artium; men daa fekk Vaarherre hjelpa vidare; for fraa Hausten av skulde Finsen halda ein Gut paa Missjonsskulen, og meir magtad ikkje han. –

Daniel vart kald. Det skulde altso verta til det, at naar han endeleg naadde so langt, at han vart Student, – so skulde han paa nytt Lag koma paa berre Bakken.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.