Bondestudentar

av Arne Garborg

I.

«Thi ser I til, som aarle opstaa – Og sidde om Aftenen silde, – Med Sorrig, Arbeide og stor Vantro – Saa ville I gjøre eder rige: – Med Kummer I æde det harmelig Brød, – Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’, – Naar de monne sødelig so-ove»,Thi ser I … sødelig so-ove] Sitatet er frå Thomas Kingos (1634–1703) salme «Uden Herren opholder vort Huus og vor Gaard» (nr. 97 i Kingos salmebok). «ser» er imperativ fleirtal av «se» (sjå), «ville», «sidde» osb. er presens fleirtal. Meininga i sitatet blir: Sjå! – de (dere) som står tidleg opp og sit seint (oppe) om kvelden – med sorg, arbeid og stor vantru vil de gjøre dykk rike – med bekymring et de det fordervelege brødet. For Gud gir sine både klede og føde – når dei søv søtt. Eller på enklare norsk: Sjå, alle de som slit og strevar seint og tidleg for brød og rikdom, [alt dykkar strev er fåfengt] for Gud gir sine [born] både klede og føde – medan dei søv. – Denne salmestrofa opnar altså for eit sentralt aspekt ved tematikken i boka: splittinga mellom svevn/ latskap – arbeid – og gudsfrykt. – song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein sur, kald Maandags Morgo i April.

Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huset; for Ole Johannes var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje vakt, og alt um han stundom hadde prøvt paa aa umvenda seg, so hadde han ikkje fengjet dette til, totte han, saa det laut vera til han vart gamall og fekk betre Stunder. Men han tenkte likevæl som so, at det var best aa halda seg til Guds Ord so mykje ein kunde, og serleg lagde han Lag paa aa halda Borni sine til Boki. Difor heldt han Bøn kvar Morgon, og i desse Bønestunderne maatte heile Huset vera med. Det skulde vera so; Ole Johannes hadde leset det i Luther og i Johan Arndt,Johan Arndt] Johann Arndt (1555–1621), tysk teolog og talsmann for «pietismen», som la vekt på kjenslemessig intensitet i truslivet og dei vakte gjorde det so, dei og. Det var dessutan rimelegt i seg sjølv. Song ikkje kvar Fugl si Morgonsalma til Guds Æra? og skulde me vera mindre kvike til aa prisa Gud enn dei ufornuftige Fuglarne? So laut 2heile Huset upp i den graae Otta for aa lova og prisa Gud, og dei Smaae stod elder sat ved Bordet og halvsov og smaafraus og song, so godt dei kunde. Men det hende, at vesle Judith greet, naar ho var altfor svevnug. Daa vart Ole Johannes paa eigne og Vaarherres Vegne vond, og syngjande av full Hals bøygde han seg ender og daa framyver Bordet og kneip Judith i Øyrat. Tagnad ho daa ikkje, so fekk ho Stryk etter Bøni, naar Ole Johannes hellest hadde Stunder; for ein skulde prisa Gud med glad Hug og ikkje graatande, som Luther sagde. Slikt hadde hendt for vesle Daniel og meir enn ein Gong; men no var han for stor.

Naar Salma var songi, las Ole Johannes Bøni i Salmeboki og dessutan stundom eit Stykkje i Skattkista;Skattkista] Skatkisten, ei andaktsbok av den tyske presten og misjonæren Johannes Gossner (1773–1858); kom ut i 1825, blei omsett til dansk i 1845, fekk stor utbreiding i Norge for Ole Johannes var god til aa lesa. Deretter bad han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det var ikkje altid, at Salma av Kingo høvde til Stykket i Skattkista; men det gjorde det same; for det var Guds Ord alt, og Guds Ord hadde ein altid godt av aa høyra.

I Dag raakad det hellest so til, at Salma og Teksten høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje skulde syta for Mat og Klæde, daa Vaarherre sjølv vilde syta for alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Taket og Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde elder spann, og var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte tilslutt um Enkja i Sarepta og um Vagtlarne i Øydemarki og talad strenge Ord um den Vantrui som gjorde, at istadenfor aa slaa 3vaar Lit til Vaarherre, so gjekk me og strævad og sytte for desse arme jordiske Ting, liksom det var me, som kunde faa Graset til aa gro elder Kornet til aa veksa.

Vesle Daniel, som no var ein Gut paa 13 Aar, likad baade Salma og Lesestykket, og ynskte berre, at dei no vilde liva etter det. Men daa Bøni var slutt, og Ole Johannes tok med seg baade han Lias – eldste Sonen – og han Reinert – Tenestguten – og Daniel ut i det surkalde Veret for aa taka aat medtaka aat med] ta fatt på Vaaraanna – hu! daa var det ikkje fritt for, at Daniel totte dette var ein underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Dagen heldt paa og var sur med Blaastr og Smaaslut, so det var reint ufjelgt aa arbeida. Daniel tenkte paa si varme Seng og paa Stova der heime, som Mor visst no hadde sopat og fengje varm, so der var koselegt aa vera. Hadde no berre desse vaksne havt Vit til aa tru paa det, som stod med klaare og reine Ord i Boki! Vesle Daniel gjorde baade undrast og harmad seg.Den versjonen av Bondestudentar som stod i Fedraheimen (jfr. innleiinga), har somme passasjar som Garborg strauk i førsteutgåva av boka frå hausten 1883. Det første dømet kjem her; Fedraheimen fortel meir enn førsteutgåva om korleis Daniel tenkjer ved dette høvet: «Det var sjeldan, han spurde Far sin um nokot, og det hadde aldri hendt, at han hadde spurd han um slike høgare ting. Men i Dag sette han seg fyre, at han vilde gjera det. Han vilde spyrja, um Folk totte det var Moro aa gaa slik og træla, naar dei gjorde det, endaa Boki so tydeleg sagde, at dei kunde sleppa; elder han vilde spyrja, um det ikkje var Synd og Vantru, det dei gjorde no, – aa, han kunde koma med ei heil Rad av Spursmaal, totte han.» Han sette seg fyre, at han vilde spyrja Far sin ut um dette. Totte Folk, det var Moro aa gaa slik og træla? Elder var det ikkje sannt, det som stod i Boki? Aa, han kunde koma med mange Spursmaal i denne Saki, totte han. Men naar han for Aalvor skulde til, blygdest han, og det hadde so nær gjenget i Dag som det vanleg gjekk, naar han tenkte paa aa segja elder spyrja um nokot –: det hadde so nær ikkje vortet av. Men eingong, som Daniel stod der og skugradskugrad] skugre: skjelve og fraus og var reint ille 4i Lag, stansad Ole Johannes med Plogen like ved han, og ingen annan var so nære, at han kunde høyra. Daa skaut Guten Hjartat i Livet, snudde Ryggen til Far sin, snuggad segsnuggad seg] her truleg: skunda seg og fraus og sagde: «Her er ufyse aa vera ute i Dag!» – «Aa ja,» meinte Ole Johannes; «men vil me ha Mat til eit annat Aar, so lyt me nok vera ute». – «Ja men … kvi stend der daa slikt i Boki … som det me las i Dag?» stotad Daniel og stangad med Moldgreipi i Treskoen sin; for det var no so rart aa koma med slike Spursmaal. Ole Johannes vart reint forundrad, ja mest rædd. Kor kunde Guten koma paa slikt? Endeleg sagde han, og slog paa Gamparne for aa faa dei i Gang att –: «Soh! hypp! Der stend det i Boki, Far min, at … soh! vil du goh! … at den som ikkje vil arbeida, skal hellerikke æde; veit du ikkje det? Hypp! soh!» – Gamparne vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen att, stritad og stertadstritad og stertad] strita og sterta er eit ord-par, der båe orda tyder om lag det same: å streva. og kom endeleg i Veg, magtlause og arme som dei gjekk der og slong i den tidlege Vaaren. Og Ole Johannes skjeivlad avstad etter Plogen og tenkte med seg: «Jamen er der Hovud paa Guten; han er mest for god til aa vera Bonde». –

Men Daniel stod etter motfallen og liten og undrast paa, at altid skulde daa dei vaksne hava Rett.Fedraheimen: … hava Rett. Det kunde ikkje nytta aa tenkja paa nokon Ting; dei vaksne visste det altid betre. Hug til aa arbeida …

Hug til aa arbeida fekk han ikkje med dette. Han kunde sannt aa segja ikkje skyna, kvi Gud, som var almegtig, ikkje liksogodt kunde gjeva oss Maten utan Arbeid. Kva vilde det kosta honom aa 5lata det rigna litt Manna,Manna] nærande føde som Gud gav israelarane i deira førtiårige ørkenvanding – etter 2. Mos 16, 1–25 og 4. Mos 11 ja gjerna Velling og andre gode Ting med? – For aa arbeida var daa berre ei Plaga.

Vaarvinna var endeleg slutt, og so skulde det vera Skule ei 3–4 Vikur, millom den og Slaatten. Ole Johannes likad ikkje denne Skuleturen midt paa Fyresumaren, for just daa hadde dei Bruk for Smaagutarne til aa gjæta. Og det var ikkje fritt han slog paa, at i Aar var det best Daniel var heime av Skulen. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa arbeida; der fekk han leika seg i Sundagsklæde saman med mange Kammeratar; og inne i Skulen greidde han seg so vidt godt, at han kunde lika seg der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han til Mor si og sutrad og bad for seg, og gamle Maren maatte daa som vanlegt vaaga Trøya for Guten sin. Og ho fekk fram det ho vilde; for ho visste, kva Kant ho skulde taka Gamlen fraa. «Du ser det er Hovud paa Guten», sagde ho; «og Hug til Boki hev han og; kven veit, kva det kann verta av han, dersom han fær Lærdom»? – «Aa, han fær væl halda seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett han i», svarad Ole Johannes tvert. – «Aa ja; men me hev no set so mangt av det Slaget», svarad Maren. «Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart Prest! – Ja, me ska no ikkje tenkja so høgt; men det er daa ingen, som veit nokot.» – «Aa du snakkar som du hev Vit til», meinte Ole Johannes. «Men, naar Guten plent vil paa Skulen, – so fær han væl 6gaa daa, veit eg!» – Glad var Maren, og endaa gladare Daniel.Fedraheimen: … gaa daa! Den som var glad var Maren; no var daa den Sorgi sløkkt.

Paa Skulen var godt aa vera. Folk hadde det altid litt reinslegt og koselegt inne, naar Skulen var paa Garden, og Skulemeistaren var so snild, at han aldri slog andre enn dei, som gjorde Fantestykkje, og det gjorde Daniel aldri. Og ikkje Judith helder. Det maatte vera gildt aa vera Skulemeistar. Her kunde han gaa inne all Dagen turr og varm, ja sundagsklædd og fin, og vyrd som ein framifraa Mann av alle; god Mat fekk han, og Skulen var daa ikkje stort annat enn ein Leik mot aa gaa og vabbavabba] gå tungt og mødesamt i Moldi. Daniel tenkte titt med seg: den, som kunde verta Skulemeistar.

Paa Skulen fekk han ein Dag ei Forklaring um Arbeidet, som han lagde Merke til. Dei hadde i ForklaringiForklaringi] Sandhed til Gudfrygtighed av den dansk-norske teologen Erik Pontoppidan d. y. (1698–1764); «forklarte» Martin Luthers katekisme og var lesebok i norsk skole fram til 1860-tallet um Syndefallet, og der viste det seg daa, at Arbeidet var komet av Syndi. Hadde ikkje Syndi voret, so hadde me voret frie Arbeidet. Væl hadde Adam og Eva arbeidt paa ein Maate i Paradis og; det stod, at dei var sette i Edens Hage til aa dyrka og vakta den. Men fyre Syndefallet var Arbeidet berre som ein Leik elder ei Moro; for daa var Naturen so godviljug mot Mennesket, at Arbeidet gjekk av seg sjølv og gav dei rikaste Frukter for mest ingenting. Derimot etter Syndefallet hadde Naturen vortet so vrang og forvend,forvend] omsnudd, bakvend at han berre gjorde Motstand mot Mennesket, so Arbeidet no var ein tung Trældom i Stræv og Sveitte, og endaa gav Jordi so lite av seg, at det berre var so vidt me kunde liva. 7Dette totte Daniel han forstod. Arbeidet var ei Straff!Her føyer Fedraheimen til: «Det var rimelegt.» Det var, som naar dei sette vonde Folk paa Tugthuset. Aa den Skarven, den Adam, som berre for eit einaste Eple hadde ført all denne Trældomen yver oss, og det han, som hadde Hagen full av Eple og Kirsebær, som han kunde eta av so mykje han vilde!

Men, heldt Læraren fram, maatte Ein ikkje segja, at Gud var streng, naar han straffad oss paa denne Maaten? Var det ikkje stygt av Gud aa leggja so hard ei Tyngsla paa oss? Daniel visste, at det gjekk ikkje an aa segja, at Gud gjorde nokot, som var stygt, og difyr svarad han hugheilt Nei, endaa han i Grunnen undrast paa, korleis Læraren vilde klara den Saki. Men det viste seg, at Læraren her som hellest visste, korleis Saki skulde klarast. Nei, sagde Læraren, det var ikkje stygt av Gud. Tvertimot! For etter Syndefallet trong me um aa arbeida i Slit og Stræv, daa Syndi hellest vilde faa altfor stor Magt med oss. Der var eit gamalt Ord, som sagde, at Lediggang var Satans Hovudgjerd,Hovudgjerd] sengekarm eller hovudpute. Meininga må vere at alt det som «hovudgerd» her er bilete på – altså kvile, svevn osb. – til og med lediggang –, er slikt som Satan freistar oss menneske med. og var ikkje det sannt? – Jau. – Jau, det var sannt. Hadde me ikkje denne Trældomen, so vilde Djevelen fylla oss so upp med vonde Tankar og freista oss so hardt til alt, som vondt var, at det vilde ikkje verta livande for oss paa Jordi.Fedraheimen: … for oss paa Jordi. Dessutan var Arbeidet godt til aa allstødt minna oss um at me var Syndarar, og til aa halda oss audmjuke; Læraren fekk … Læraren fekk tilslutt ut, at endaa Arbeidet i Grunnen var ei Straff, so var det likevæl ei Vælsigning. Daniel, stakkar, kjende seg reint liten under all denne Visdomen og fekk paanytt ei sterk Kjenning av, at det 8nok ikkje nyttad for Smaafolk aa vilja gjera seg Tankar um nokon Ting.Fedraheimen: … um nokon Ting. Og det mest forunderlege var, at Læraren hadde spurt alt i hop ut av Borni sjølve, so at Daniel for kvart Spursmaal hadde visst, kva der skulde svarast – for det hadde han lært fyrr –; det var altso greidt nok, at Læraren hadde Rett. So laut ein …

So laut ein daa finna seg i aa tru, at Arbeidet var ein Ting, som det ikkje leet seg gjera aa faa ut or Verdi. Og han vart mest rædd seg sjølv, som hadde slik Hug til Lediggang; for daa maatte det verta lett for den Vonde aa faa han i si Magt. Men fyrr han visste av det, fekk han Trøyst mot denne Suti. For no utviklad Læraren, at det var ikkje aaleine Arbeidet med Henderne, som ein kunde kalla Arbeid; langtifraa! «Trur f. Eks. du Daniel, at Presten ikkje arbeider?» No hadde Daniel i Grunnen trutt dette; men han forstod, at her skulde svarast Nei, og so svarad han Nei. «Nei», sagde Læraren, det maatte ein ikkje innbilla seg. Presten og Futen og Skrivaren og Amtmannen, dei arbeidde i Røyndi likso mykje som me, og stundom meir; og «kva trur de er tyngst, anten aa arbeida med Henderne elder med Hovudet?» Der var fleire, som tok imist her og svarad, som dei meinte, at det var tyngst aa arbeida med Henderne. Men Daniel forstod, at det ikkje var dette Svaret, Læraren vilde hava, og so svarad han høgt og trygt: «d’er tyngst aa arbeida, med Hovudet».Fedraheimen: … arbeida, med hovudet. Dette hadde Daniel no i Grunden aldri visst og aldri tenkt seg; men det maatte vera so, av di Læraren vilde hava dette Svaret. Og Læraren gav … Og Læraren gav Daniel Rett og gjorde litt Narr av dei andre, som kunde svara so tankelaust. Dei skulde prøva aa arbeida med Hovudet slik som Presten, dei, so skulde dei faa kjenna. Naar ein skulde sitja baade Nott og Dag og lesa i djupe Bøker og studera framande Maal, ja lesa sjølve Bibelen i Grunnteksten,i Grunnteksten] Originalspråket for Det gamle testamentet er hebraisk; originalspråket for Det nye testamentet er gresk; men den katolske kyrkja har dessutan godkjent den latinske omsettinga av Bibelen, som blir kalla «Vulgata», som offisiell grunntekst. so kunde ein nok faa Sveitten 9ut, meinte han, og dessutan leitte dette Arbeidet so mykje meir paa Helsa. Aa staa paa Laaven ein Dag, det var ingen Ting mot aa læra ei Leksa i eit framandt Maal f. Eks.; – Læraren sagde dette med Sjølvkjensla, av di det var aalkjennt, at han eingong hadde gjenget hjaa Kapellanen og leset Tysk.

Denne Utgreidingi var som sagt Daniel til stor Trøyst. Han kunde altso godt tenkja paa aa verta baade Skulemeistar og Prest for den Skuld; Djevelen fekk ikkje meir Magt med han for det; tvertimot – naturlegvis.

No forstod Daniel dette um Arbeidet. Det var Arbeidet med Henderne, som var paalagt til Straff; for det gav Tvang og Trældom og Armod; men Stormannsarbeidet, som var fint og høgt og gav Æra og Vinning og gode Dagar, var ikkje paalagt til Straff. Og daa han so sidan ein Gong i Kyrkja fekk høyra att det Salmeverset um, at «Gud giver sine baade Klæder og Føde, naar de monne sødelig so-ove», so forstod han med ein Gong, at det var Prestarne og dei høge, som Gud heldt serskilt for «sine», og som han gav Mat og Klæde, medan dei laag og sov. Dette var den største og vidaste Tanken, Daniel endaa hadde havt, og han fekk etter den Dag eit sterkt Ynskje um, at han ikkje vilde verta ein av desse Syndararne, som Gud maatte aga med Trældom og Slit, men at han vilde verta ein av Guds «eigne», som las Bibelen i Grunnteksten og sat reine og fine i ei varm Stova og aat Herremannskost og drakk Vin. – Og iallfall vilde han verta Skulemeistar.

10– Ætti paa Sørbraut var ikkje gamall; dei mintest ikkje lenger upp enn til Farfar hans Ole Johannes. Men det skulde nok ha voret ein litt rar Kar. Han hadde voret ute i Kongens Tenest, sagde dei, og daa han kom heim att, var han so klok, at han laag alle sine Dagar sidan og arbeidde med ein Maskin, som skulde kunna gaa av seg sjølv. Han fekk ikkje denne Maskinen til; men det var utrulegt for alle dei Greiur og Gongverk, som han fann paa og sette ihop. Son hans heitte Dagfinn; det var endaa honom, Daniel var uppkallad etter. Um gamle Dagfinn Sørbraut fortalde dei, at han var slik ein Skattegravar; han hadde rotat upp alle dei Haugar som fanst paa Garden, men hadde ikkje funnet annat enn nokot gamalt Jarnskrap; paa Garden brydde han seg ikkje um aa leggja nokot Arbeid. So kom Ole Johannes; han hadde voret Skulemeistar i sin Ungdom og galdt for ein klok Mann; men hellest foor han so stillt gjenom Verdi og gjorde so lite Braak, at Folk mest ikkje hugsad paa, at han var til. Men ein Arbeidar var han so trugjen som ein Træl, og dei sagde han hadde arbeidt seg sovidt upp no, at han mest var skuldfri paa Garden. Han hadde tri Søner. Den eldste, han Elias – elder «Lias», som han heitte til Kvardags –, var ein tung Slamp, men ein Arbeidstræl liksom Fa’ren; den andre, han Jeremias, hadde faret til Sjøs og vedkjem ikkje denne Soga; etter Jeremias kom ei Dotter, Naomi, som «hadde voret saa sæl ho hadde fengje døytt», og so kom Daniel, som «var den klokaste i heile Huset».

11Det var ikkje nok med, at han kunde lesa, slik som Far hans, og skriva og rekna med; men «han var so brennande god til aa svara or Grunnen»;aa svara or Grunnen] å gi svar som byggjer på «heilage» skrifter som Bibelen eller andaktsbøkene – «det var som han kunde vera Son aat Presten». Men Arbeidshug hadde han ikkje; «han kunde visst ha best Hug til aa vera Skattegravar, liksom den han heitte etter.» –

Men Daniel hadde større Draumar enn so.

Det gildaste og gjævaste som fanst etter hans Meining, det var dette store straalende – Taarn, liksom – av Magt og Glans, som bygde seg upp i Landet fraa Lensmann og Skulemeistar gjenom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann høgre og høgre, meir og meir glinsande, like upp til Kongen, som stod øvst paa Toppen og var klædd i berre Gull. Dei, som høyrde med i dette Taarnverkét, var store og megtige og fine og kloke; men dei, som ikkje fekk vera med der, var liksom Israels Born i Ægypten, daa dei gjekk og reidde Leir for Kong Farao. Berre aa faa sjaa desse Kongens Tenarar i deira fulle Glans totte Daniel var ei Høgtid. Som dei steig fram for den glaapande Bondemugen i sine herrelege Klædningar, strake og høge, med glinsande blanke Styvlar, med snøkvite Kragar um Hals og Hender, med blanke Brillur yver morske Andlit og med Gullkjede og Gullringar baade her og der, syntest dei for Daniel som nokot himmelsk og forunderlegt som han aldri kunde stira seg mett paa. Og so audmjuke som Bønderne stod, so snart desse Stormenn viste seg, og so som endaa den gildaste Bonden vart bøygd og liten, berre 12han skulde tala med ein av deira Kontorgutar! Det var Karar, som hadde Magt. Og slik som dei talad. Det var som aa høyra Guds Ord sjølv. Det var ikkje dette tunge, seine Maalet, som Bønderne gjekk og brækad i, og som dei skjemdest yver sjølve, so dei knotad, naar dei skulde tala med betre Folk; nei, det var eit Englemaal, eit Høgtidsmaal, som Ein kunde kjenna seg reint uppbygd av aa høyra. – Og so var dei so lærde og kloke. Naar dei talad til ein, so galdt det berre um at vera gløgg til aa forstaa, og snøgg til aa samtykkja. Dei likad det, desse store, naar Folk forstod dei strakst, og sagde ja med det same; for so slapp dei aa segja det uppatt. Og um ein kanskje hadde ei onnor Meining, so maatte ein aldri vera so styven, at ein kom fram med den, so dei høyrde det; nei, mot Kongens Tenarar galdt det aa fara fint fram; for dei bar nok ikkje Sverdet forgjæves, som der stod i Katekisma. Det var nokot med det fyrste, ein klok Mann lærde Son sin, det, at han aldri maatte motsegja ein Storkar. – Og enn slik som det var aa koma inn til desse Folk! Daniel hadde voret med Far sin inn paa Prestegarden eitpar Gonger, so han visste det. Der var so reint og fint, at ein maatte tru dei vaskad Golvet kvar Dag; og Stolar og Bord var gjorde av Tre, som blenkte, og der var Blomar i Vindaugo, fagre som i Paradis, og Gardin so lette og kvite som Kveldskyer paa Himmelen, og paa Veggen var der Bilæte, som var so reint ulike den Jomfru Maria og den Keisar Nikolaus, som dei hadde heime, at der var ikkje Liknament; 13og blanke Messinghamrar i Dørerne, og Glasskaap med raude og blaae og forgyllte Bøker, og eit stort, underlegt Spel, som dei klunkad paa so vent, at ein kunde graata, og eit kvitt Marmorhovud uppe paa ei Hylla, og so mange, mange fine Ting, som han ikkje visste Namn paa, – og yver det heile ein Daam, nokot reint og mildt og himmelskt, ein fin Ange, som han ikkje kunde forklara seg, ein linn, sunn, smeikjande Varme, som ikkje tyngde, og som ein ikkje vart svevnug av … aa, aa, – det var ikkje til aa utsegja.

Alt dette bygde seg upp for Daniel til ein Himmel paa Jordi, som han knapt torde drøyma um aa koma inni, men som han drøymde um jamt likevæl. Di eldre han vart, di meir tenkte han med seg sjølv, at han maatte ut or Trældomen og Tre-skorne og Vadmaalsbroki med Skinnbøterne framme og bak; han maatte ut or den laage, myrke Bondestova og burt fraa desse Bønderne, som sat der og snakkad vondt um kvarandre og surt til kvarandre i eit fælt Maal og i ei kvævande Luft; men fyrst og sist maatte han burt fraa Arbeidet. Aa, den som berre var vaksen!

I Bygdi gjekk det ei stor Fraasegn um Son hans Jo Kleppe, han fraa Berg Sokn, som hadde voret i Kristiania og «leset seg fram til Prest». Han hadde leset og strævat i mange Aar, fyrr det vart nokot av; for det var nok ein fælt strid Skule. Gong paa Gong maatte han taka Eksamen, og det gjekk stundom galet og stundom godt; det spelad nok reint paa Vitet for Guten sometider; men han hadde drivet paa, og 14so hadde han vunnet fram tilsist. «Og no», sluttad Soga, «no er han Prest der nordpaa ein Stad og hev kanskje sine 600 Dalar um Aaret.»

Det var ei Soga, som vart fortald med slikt eit Aalvor og slik ein Age, som galdt det ein Oskefot, som hadde vunnet eit Kongerike. Og kvar Gong dei kom til det, at «no var han Prest og hadde kanskje sine 600 Dalar um Aaret», so lyddest det for Daniel som Lurtonar, som lokkad han ut til store Eventyr. Skulde slikt kunna henda med honom –? Den Presteskulen var so fælt dyr. Sjølve Jo Kleppe, som no var slik ein Riking, døydde som Fant tilslutt, sagde dei, fordi han hadde kostat so mykje ut paa Sonen. Og Far, han var nok ikkje nokon Riking, han. – Der var smaae Voner.

Men meir og meir drøymde Daniel um Presteskulen, og meir og meir trudde han, at Vaarherre vilde hjelpa han dit. Det kunde snart koma Raad og Hjelp, naar han fyrst vilde.

Og det hende tidt nok, at Folk gav desse hans Draumar Næring. «Det kunde verta nokot stort av den Guten», fekk han stundom høyra at den elder den hadde sagt, «berre det var nokon, som vilde halda han paa Skular». Nokot stort! – Det maatte vera Prest, det.

Dei hadde fengje ein ny Kapellan der i Gjeldet for eit Aars Tid sidan; han heitte Hirsch og var austantil. Det var slik ein snild Mann, denne Hirsch; daa Daniel gjekk og las, fekk han gaa for honom. Kapellan Hirsch var Son av ein Grosserar i ein 15Austlandsby. I Kristiania var han komen i Lag med grundtvigske og norsk-norske Folk, som hadde ført han med seg inn i den nye Aandsstraumen, som daa var uppkomen, og som kveikte han upp i ei stor «Tru paa den norske Bonden.»

Det var Bonden, som sat inne med dei «bundne Krefter» her i Landet; hjaa Bonden drøymde dei uløyste Tankar, som skulde reisa det nye Norig. No var Hirsch komen paa Bondebygdi, og alt um han i Grunnen totte Bonden saag annarleis ut, enn han hadde tenkt seg, so drøymde han likevæl stødt um dei store Aander, han her meinte han skulde finna.

Kapellan Hirsch lagde snart Merke til Daniel. Han likad denne sterktbygde Guten med det rolege, godslege Andlitet, og serleg likad han Augo. Dei kunde sjaa so blidt og trufast paa ein, desse Augo; der «drøymde Aand» i dei, meinte Hirsch. Og til hans store Gleda viste det seg, at Guten var flink, – mykje flink. Det var ikkje nok med, at han kunde sine Leksur; han forstod dei; han visste so merkjeleg godt aa finna dei rette Svari. Med stigande Voner fylgde Kapellanen Guten ut gjenom Bøkerne. Og tilslutt var han stød paa, at her hadde han funnet ei bundi Kraft. Han spurde etter um Daniel ut i Bygdi. Jau, alle sagde, at det var ein framifraa klok Gut. Han hadde altid havt Ord for det. Og Skulemeistaren sagde det same. Kapellan Hirsch vart so glad som han skulde ha funnet Gull.

«Ein Gut vert ikkje namngjeten yver ei heil Bygd, utan der er nokot framifraa ved han», tenkte 16Hirsch. «Folket dømer altid sunnt; det tek ikkje letteleg imist paa slike Ting». Og Kapellanen sette seg fyre, at her vilde han gjera alt han kunde for aa faa løysa denne bundne Krafti. Ein einaste slik Mann, som med store Gaavur gjekk frisk og sterk fram av sjølve Folkets Naturgrunn, – kva han kunde gjera i vaart folkelege Gjenfødingsarbeid, det var meir enn kanskje nokon kunde drøyma.

Eit heilt Aar hadde han, som Urtegardsmann,Urtegardsmann] person som er inspirert av Johann Arndt (jfr. tidl. note), særleg av huspostillen hans: Samtlige Bøger om den sande Christendom (tilligemed hans Paradis-Urtegaard) (1605–1609, dansk omsetjing 1838) gjenget her og søkt etter eit friskt Tre med fruktberande Kraft. No hadde han funnet det. Og no skulde han med Guds Hjelp dyrka det so, at Frukti kunde faa mogna seg fram i all sin rike Fylle. –

Daa Daniel var konfirmerad, fekk Kapellanen ein Sundag fat i Far hans med Kyrkja. Og han talde for Ole Johannes det beste han kunde um, at han burde halda denne Guten fram til Lærdom. Ole Johannes vart so fornøgd yver dette, at det var so han raudnad i sine gamle Kjakar; men det vilde no væl verta for dyrt. Kapellanen svarad, at han vilde lesa med Guten sjølv so langt han kunde, og det skulde ingenting kosta. Daa blenkte det sterkt upp i Augo hans Ole Johannes Sørbraut. Dessutan, heldt Kapellanen fram, skulde han tala med Klokkaren, so Daniel kunde faa gaa fritt paa KlokkarskulenKlokkarskulen] skole for dei flinkaste gute-konfirmantane, dei som ville bli omgangsskole-lærarar og læra Skriving og Rekning og andre Ting, som han der best og lettast kunde læra. Ja, dette var fælt snilt av Presten, reint overlag snildt, sagde Ole Johannes. Men … var ikkje Presten rædd, det kunde vera faarlegt for Guten aa faa so mykje verdsleg Kunnskap? 17– Nei, Kapellanen meinte, at mykje Kunnskap just gjorde ein Mann godt; det var liten og falsk Kunnskap, som «uppblees». Ja –ja; Presten forstod no det best, han. – Men trudde Presten, at det no kunde vera Raad, at Guten kunde … koma so langt fram? – Ja; Kapellanen trudde, han kunde koma langt fram. – Han vart tilslut litt leid av alle desse aandlause Motlegg og Tvilsmaal hjaa denne u-upplyste Bonden, og sagde, at han totte ikkje Ole Johannes burde setja seg imot dette, naar han so tydeleg saag, at det var Guds Vilje, og han skulde tenkja, at Vaarherre kanskje hadde større Tankar med Guten, enn han kunde fata. Daa Ole Johannes høyrde dette, gav han seg strakst. Tilbodet var no og so godt, at det i Grunnen ikkje gjekk an aa bjoda det av. So gjekk daa Ole Johannes heim baade byrg og uroleg yver det, som i Dag var avgjort; men Kapellanen var glad som ein Landvinnar. Det skulde verta eit herlegt Arbeid aa faa saa og planta i slik ei naturfrisk Barnesjæl. –

Daniel vart halvgalen av Gleda. Han gjekk og lo ein heil Dag. At det skulde koma so snart –! Og at det i det heile kunde koma! At han, som berre var ein stakkars Bondegut, kunde hava slik ei Lukka! Aa Gud vælsigne den Presten Hirsch; han vilde aldri gløyma Presten Hirsch, nei, aldri.

Ein Dag ut i Vika ruslad gamle Ole Johannes paa Bygdi og laante seg nokre Dalar, som skulde vera til Bøker. Det var som heile Huset kom i eit Høgtidslag i denne Tidi. Men ut paa Bygdi talad 18dei no med Forundring, og helst med litt Spott, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv, at han vilde verta Prest.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.