262Store Jolaften kom Student Stensrud fraa Byen med sine Framandfolk; Grosserar Storr og Lovise fylgde.
Det var mykje og fagert Folk. Grosseraren, som Daniel hadde tenkt seg som ein fæl Guanokrat, viste seg aa vera ein liten snøgg, stillfarande Mann, mager som ein Adjunkt, med smaae, sjøgrøne Augo; Fru Lovise var i godt Hold liksom Syster si, men fagrare. So var det Studentarne: den digre, koselege juridiske Kandidaten Bang Block; Ekstraskrivaren Becker, raudhærd og lang; Kopist Petersen, høg, blid, med blank Skolt og Brillur; Cand. filos. Viborg, ung og aalvorleg, fager som ei Møy, og endeleg Medisinaren Knutzon med sin store Adelsnase, sin fyllige, mjuke Munn og sine disige, graae Augo. Det var fine Fiffen alt; det lyste av kvite Kragar og Smil og blenkte av Lorgnettar og snøgge Augo. Daniel gjekk og krullad paa sitt unge Kinnskjegg og sagde til seg sjølv, at i dette Laget saag Proprietæren og Son hans ut som Bønder.
Han var ikkje lenger rædd. Um Folk som desse visste nokot, hadde dei Takt nok til aa tigja. Og so kom Student Stensrud med ei blid Helsing 263fraa Pater. Daa vart Daniel so lett og trygg i sitt Samvit. Naar Pater ikkje enno hadde høyrt nokon Ting, so fekk han ikkje høyra nokot helder.
Dei kunde ikkje gaa til Bords, fyrr Lensmannen kom. Men det vilde vera Synd aa segja, at her var langsamt.langsamt] keisamt Samtalen hadde kveikt i med ein Gong og brann som Eld i feit Furuved. Kva dei snakkad um var ikkje altid so beint aa segja; um store Spursmaal var det ikkje. Men det merkjelege var, at Samtalen var aandfull likegodt. Den eine Smaavitsen kom sprutande etter den andre som Gneistar av Staal, Ordspel og Hermestev flaug som Rakettar; det var ein lysande Leik med ingenting, eit Eldverk av Ord og lette Tankar.
Daniel tok til aa grunda, der han gjekk og sveiv. Det, han her høyrde og saag, var det, som han altid hadde drøymt um og lengtat etter: Herremanns-laget, den fine Svingen. «Fram» og dei der inne gjorde Narr av det som fint var, og kallad det Sprik og Spjaak og tomt Fjas, og Aslak Fjordan kunde storlæ, naar han saag ein rigtig «Fjongfole»;Fjongfole] spradebass men det kunde ikkje Daniel lenger forstaa. Den fine Svingen var Adelsmerket. Latin kunde kvar Mann læra, og Aands- og Hjartedaning kunde ein altid faa; men det, som det galdt um, det, som tilslutt skilde millom Folk og Fant, – det var dette her, som Aslak Fjordan lo aat, men som «Borgeren» kallad den formelle Daning.
Gutar som desse var dei sanne Studentar. Dei hadde sin Eksamen paa regelrett Vis; dei hadde den 264Upplæring, som ein Student skulde hava; dei var comme il fautcomme il faut] (fr.) slik ein bør i det eine som i det andre. Og slike Studentar kunde liva idealt. Dei drakk seg ikkje fulle for aa vera glade, dei var lystige, men ikkje ville, og taktfulle, kor fritt dei so skjemtad. Dei hadde Aand og Vit og fin Form; alt det, dei gjorde, vart fagert og svingfullt; – men Bondestudentarne var Bønder, kor ein gjorde av dei. Han tenkte med Uhug paa det Studenterlivet, han sjølv hadde livt. Dette tunge Staaket med Strid og Politikk og Øl og daarleg Toddy, det kunde vera for det det var, men idealt var det ikkje, og Studenterliv var det ikkje helder. –
Grosserar Storr sat i Sofaen og smaapratad med Frøken Hanna. Men Herrarne Knutzon og Viborg drog seg burt til Fru Storr og gav seg i Drøs med henne. Ikkje i Drøs, men i Konversasjon; og det var forunderlegt, so fint som dei kunde te seg. Daniel lagde Merke til dei for aa læra, og han gjorde upp med seg sjølv, at naar han kom til Byen att, so vilde han gaa paa Danseskule.
Dei andre heldt Lag med Proprietæren. Bang Block sat og var morosam, Becker var kvass og vittig. Hr. Petersen kunde og vera vittig some Tider, men lo jamt aat sine eigne Paafund; ender og daa kunde han sjaa dum ut med sin blanke Skolt og sitt opne, breide Brillesmil. Men naar Proprietæren kom halande med sine Setningar, var det som naar ein Vognmannsgamp vil dansa millom Cirkushestar. Det kom so keivelegt og usvipelegt,usvipelegt] klossete at dei andre maatte 265liksom hjelpast til aa faa nokot utav det. Og daa kunde det glimta i Augnekrokarne deira som lette Skimt av Laatt elder Spott; og endaa i Ordi tottest Daniel stundom kjenna, at der sat Oddar løynde elder laag fule Baktankar. Det var Gutar, som kunde snu seg, tenkte Daniel.
Endeleg kom Lensmannen, og dei skulde til bords. Som dei gjekk og masad med dette, kom Daniel til aa høyra nokre Ord, som fall millom Herrarne Knutzon og Viborg um Fru Storr. «Hva synes du om henne?» sagde Hr. Viborg. «For meget Fedevarer», svarad Hr. Knutzon. Daniel kvakk litt, men tenkte han maatte ha mishøyrt seg. Daa saag han Viborg kviskra nokot til Knutzon med eit Smil … han forstod ikkje det Smilet. Men sidan kunde han ikkje so godt lika Hr. Viborgs gjentefagre Andlit. –
Ved Bordet skulde Fru Storr vera Matmor, daa Andrine rett som det var maatte ut og hjelpa til med Maten. Bang Block, Fru Storr og Lensmannen tok til aa skifta Ord um Namnet «Ribbensbærstek»; Hr. Becker, som hadde voret i Utlandet, fortalde um den Kunsten aa «skjera fyre», ein Kunst, som me Nordmenn etter hans Meining ikkje kunde; so kom dei i Ordkast um den rette Tidi til aa halda Middag paa. Grosserar Storr vilde, at me skulde innføra den engelske og franske Skikken med Middag Klokka 6; dei andre, og iser Fru Andrine, forsvarad den norske Middagstidi. Men Storr heldt paa sitt. Aat ein til Middag Klokka 2–3, so var Resten av Dagen 266øydelagd for ein; Middag skulde ein halda, naar ein var ferdig med sitt Dagverk; i Arbeidstidi, Klokka 12–1, skulde ein taka seg ein Lunch; ikkje det Grand meir. Men dersom ein heldt Middag Klokka 2–3 um Dagen, so skulde ein ikkje have Lunch! skreik han upp. Dette, at dei tok til aa innføra Lunch her hjaa oss med vaar Middagstid, det var … det var … det var eit Merke paa, kor barbariske me var … Me tok upp Skikkar fraa Utlandet, men tok dei upp raatt og umeltat, utan Tanke elder Samanheng … Lunch i eit Land, som heldt Middag Klokka 2, naar Lunchen hadde sin Grunn og Rett i, at Middagstidi var Klokka 6! skulde nokon høyra slikt? Det var plent som naar Villmannen stasad seg til med Flosshatt, men gjekk … skinnklædd hellest, og so trudde, at han hadde gjort eit Framstig i Kultur! – Det gjekk ikkje lett for Storr aa faa segja det, han vilde; han trivlad etter Ord og strævad med Tanken; men sagt si Meining fekk han no. Tilslutt sette han i med so store Ord, at heile Matstellet vaart var Slarvestell og Slendrian og nasjonal Uppøyding; men daa lyfte Proprietæren Glaset sitt og bad Gjesterne sine vælkomne til Bords, og dermed sluttad den Striden. Sidan fortalde Bang Block paa sin morosame Maate um «Jolegrisen», som vaare gjæve Fedrar steikte heil og aat med Tollekniven og drakk Porsøl til; og naar dei var mette, kastad dei Beini i Hovudet paa kvarandre, og kom dei rett i Godlaget sitt, so tok dei Kviven og stakk kvarandre ihel. «Det var mye til Julemoro!» Daniel lo med dei andre. 267Hr. Petersen gav seg til aa fortelja Jolesegner, som han sjølv lo aat; Proprietæren priste Upplysningi; Student Stensrud fortalde, at Bønderne uppi Fjellbygderne trudde paa underjordiske Soldatar, som hjelpte Nordmennerne, naar det var Krig. Det var dei, som gjorde, at Svenskarne altid skaut for høgt; dei gjekk usynlege fram imot dei og lyfte Byrsepipurne deira upp, naar dei skulde skjota. Daniel totte den Segni var fager; men Storr sagde, at han aldri hadde høyrt nokot so norskt: liggja paa Latsida og lita paa Trollhjelp; Lensmannen vilde likna denne Segni ihop med den gamle um Holger Danske, – og det var ikkje fritt for, at Danskarne for nokre Aar sidan hadde trutt litt paa den Segni. «Hi-hi, ja kor var Holger Danske i 1864?»kor var Holger Danske i 1864] Hr. Petersens poeng er at Holger danske ikkje kom danskane til unnsetning i krigen mot Preussen i 1864. lo Hr. Petersen. «Han var væl klok og heldt seg heime liksom me», svarad Becker. Kremting ikring Bordet; so eit stutt Ordskifte, som til Daniels store Forundring sluttad med, at me var der me skulde vera i 1864. –
Dei livde godt, der dei sat; Godlaget vaks. «Apropo!» sagde Proprietæren, «kor hev gamle Jokum det i desse Dagar?» Aa, Jokum hadde det bra. «Je traff ham just for no’ en Dage siden», sagde Hr. Becker, «Far aa je var ute en Tur mæ Jaabæk …» «Med Jaabæk!» skreik Hr. Petersen, «med Jaabæk!» ropad Fru Storr, «med Jaabæk?» ropad heile Bordet. «Ja», svarad Becker rolegt, «med Fars Hest»! Stor Laatt; Fru Storr skreik «Uh», Block sagde ein Vits. Knutzon meinte, at gamle Byraasjef Becker var en quick patron;en quick patron] (fr.) ein kvikkas Hr. Viborg trudde, at Jaabæk burde 268faa vita, at han no stod paa Stall hjaa ein Byraasjef; «ja, det burde han, Jaabæk plage meg!» lo Hr. Petersen, som og kunde vera vittig. Fru Storr hadde vondt av Hesten, Stakkar; han fekk visst mang ein ufortent Piskesmekk for Skuld det Namnet, var ho rædd; men det trudde ikkje Becker. Hesten fekk nok høyra eit og annat politiskt Foredrag, kanskje; eitkvart Fantordet med so ender og daa; men … Jau, eingong hadde han fenget ei god Rundjuling for Namnet sitt likevæl. Det var Løytnant Schmell, som gjorde det. Han var med paa ein Tur, og so fekk han høyra, at Hesten hadde dette Namnet; der med treiv han Svipa og Taumarne og reiste seg i Sleden: «naa saa ska du da Fa’n tordne mej –!» skreik han, og so fekk Hesten Juling slik, at han berre stod paa Bakføterne og dansad. Dei maatte stogga Løytnanten med Magt, men kunde ikkje annat enn læ, naturlegvis. Nei ha-ha-ha-ha, naturlegvis. Men Block, som var ein Hesteven, sagde, at det var Synd aa gjeva ein Hest eit slikt Namn; for ein Hest var eit Dyr, som ein heldt av, og fekk han ein Hest nokon Gong, so vilde han kalla han upp etter ein av sine Venner. «Takk for meg!» sagde Becker; «ditto ditto!» lo Petersen; Ordstriden døyvdest av i Laatt; Hr. Jokum vart gløymd.
Dette lagde Daniel Merke til, og daa han just hadde Hanna ved Sida av seg, spurde han henne, kva den Jokum var for ein Kar. Aa, det var berre slik ein gamall Kaptein elder Oberst, sagde Hanna. Jokum-Namnet hadde han fenget, fordi han var so rar. 269– Var han so rar? – Ja, han fann paa so mange Ting, og gjorde so mykje galet, og so fekk Bondevennen og dei Folk so mykje aa snakka um. Tilslutt gjorde han nok litt Skandale – men det visste ikkje Hanna Greida paa –; og so fekk han Sverdordenen. «Fekk han Sverdordenen, naar han hadde gjort Skandale?» – «Ja, for at han skulde gaa sin Veg.» – «Aa, so. – Jaso. – Gjekk han sin Veg daa?» – «Nei, daa han hadde fenget Orden, sagde han, at det maatte vera fordi han var slik ein god Officer, og daa vilde han ikkje gaa, sagde han.» – «Naa?» – «Ja, tilslutt maatte dei gjeva han Olafsordenen.» – «Ha-ha, gjekk han daa, daa?» – «Ja, han hadde nok maatt lova det. Og no gjeng han der inne og er berre slik ein Raring; dei snakkar so mykje um han, men eg veit ikkje rett Samanhengen.» «Det maa vera ein snaal Kar», meinte Daniel. Han sat eit Bil og grundad paa denne Soga; rundt Bordet gjekk Pratet som Rokkedur. Med ein Gong høyrde han Hr. Knutzon segja til Hr. Viborg: «Bra Kar, den Proprietæren!» «God Vert», svarad Viborg. «Berre han ikkje var so dum!» sagde Knutzon halvhøgt. Daniel vart sitjande reint einstird; so saag han Proprietæren vinraud og glad lyfta Glaset sitt og drikka Hr. Knutzon til med eit byrgt og sjølvsælt Andlit. Hr. Knutzon svarad og bøygde seg djupt. Men i det same vaknad der eit litet fint, fint Smil um den mjuke Munnen hans, eit Smil, som ingen kunde forstaa – utan Viborg og Daniel. «Ja mi Sæl er det Karar, som kan snu seg!» tenkte denne. –
270Ved Dessertbordet vart Samtalen meir ivrig, meir aalvorleg; dei talad um «Befordringsvæsen». Og her fekk Daniel høyra det, han ikkje fyrr hadde tenkt: at fine Folk og kunde riva ned paa dei magthavande. Det vart fortalt Ting um desse, som Daniel mest maatte finna utrulege, og det var forunderlegt, at ikkje «Bondevennen» hadde dreget fram slikt. Men Lensmannen og Proprietæren forsvarad Magti, og der vart ein heil Ordstrid. Grosseraren sat og tagde og halvsmilte. Tilslutt sagde Becker, at naar ein saag paa dette «Befordringsvæsenet»,Befordringsvæsenet] befordring: transport so kunde ein Skam mang ein Gong faa Hug til aa slaa seg til Opposisjonen; for ein Opposisjonsmann, ein Sakfører elder slikt, hadde jamt lettare for aa koma seg fram og faa godt Embætte enn ein Departementsmann. «Ja he-he-he!» lo Hr. Petersen, «dersom ikkje Opposisjonsmennerne var slike Bakbeist som dei er, so!» No maatte Proprietæren og læ so smaatt; men Knutzon snudde seg braadt til Daniel og sagde: «Ja Di er vel ikke Opposisjonsmann, Huslærer?» – «Ne-nei», stotad Daniel og vart raud.
Etter Middagen gav Fru Storr Musikk. Det var stor Musikk; Daniel forstod ikkje det Grand, men klappad med dei andre. Alle saag dei gode og fornøgde ut; dei sat og røykte og kvilte og meltad Maten, mette og late som Gudar. Men Lennsmannen og Endre Storr sat i Sofaen og smaapratad, venteleg um Musikk.
– Ja, slik kunde ein hava det, naar ein var rik. God Mat og Drykk, Fred og Ro og godt Selskap, 271Vyrdnad og Venner og alt, som godt var, og det endaa um ein var dum. Var det sannt, at Proprietæren var dum? Han saag ut til nokot av kvart. Men kva gjorde det, naar han var rik?
Den, som trong Hjelp av Folk, han maatte vera klok, og han maatte vera god. Som eit rotet Egg maatte han gaa Folk under Augo; han maatte vita aa bøygja sin Rygg, um det so var for ein Grindstolpe. Men den rike var fri Mann. Han var like gild, um han so var ein Tosk; ja um han var ein Svinepels, kunde han klara seg. Ingen hadde nokot aa segja til honom. Han turvte ikkje eingong vera umvend … Student Stensrud var ikkje umvend, og han var like gode Venner med Pater for det …
– Toddyen vart sett inn paa eit litet Bord i Sideromet; Spelet sluttad; Herrarne fekk vera so gode aa gaa inn og laga.
«Ja–ha, ja visst, den fjerde i Rækken, ja», høyrdest Endre Storr no kvessa i, «jo–o, det skal … det skal … bli længe det! Nu tar Utlanne til aa sælle sine gamle Træskuter og bygger Jernskibe, og vi gaar her hjemme og sætter vore Penger i de Træskibe, som Utlanne skiller sej av mæ; ja; og naar saa … naar saa Jern og Damp har seiret paa hele Linjen, ja, saa sitter vi her mæ vore gamle Træskuter, vi, den fjerde i Rækken av de søfarende Nasjoner!»
Daniel sat og gapte. Aa segja slikt!
«Vers’god; la oss faa oss eit Glas», sagde Proprietæren forsonande, og dei gjekk inn. Men paa 272sjølve Vegen trættad dei; Lensmannen strævad med aa forsvara den nasjonale Æra og Treskipi, og som dei stod der inne og lagad Toddyen sin, spurde han, um Hr. Storr daa for Aalvor kunde tru, at me kunde koma etter med aa byggja Jarnskip. «Koma etter?» sagde Endre Storr, «skulde me koma etter med nokon Ting? Det einaste, me hev lært av Utlandet, det er aa … aa gjera Konkurs!»
Det vart Laatt av dette, og dei lo trygt; for dei visste, at Storr hadde sine eigne Meiningar. Men Storr var komen i Stridslaget sitt no, og daa dei hadde sett seg til Ro att, hogg han i paa nytt.
«Ja, ja, det er lett aa læ», sagde han, «det er … ja. Kor i Guds Namn skal det gaa med eit Land, der ingen vil arbeida?» – «Overdrivelse», sagde Lensmannen. «Vil me ikkje arbeida?» smilte Proprietæren. «Nei, me vil ikkje», svarad Grosseraren. «Me vil … me vil … ha det godt! ha det maklegt vil me … vera store Herrar paa Kreditt! Det vil me! – Er det ein Mann, som hev tent seg ihop nokre Tusund, so legg han seg til og … og ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev han ein Son, som ét dei upp! Ein, tvo, tri! det, som skulde vera Grunnlaget for ein Kapital, for ei stor, fast, solid Drift ned igjenom … Ja, for slik er det i Utlandet! Trur De dei store engelske og amerikanske Rikdomarne hev rignt ned fraa Himmelen? – Dei store utlandske Rikdomarne hev komet til paa den Maaten, at ein Arbeidsmann elder ein Hotelgut tente seg ihop 50 Pund; Son hans heldt 273fram med Arbeidet og tente 100 Pund; og so arbeidde Son etter Far og Ætt etter Ætt … arbeidde, ser De! … ja; og tilslutt var der ein Kapital … Rikdom, Magt, Dugleik! fyrst og fremst Dugleik! – Men her? det, som skulde vera Grunnlaget for ein Kapital, – vips! ut for alle Vindar! «Eig ein Mann tusund Dalar, so skal Son hans ikkje arbeida, han skal studera! … «studera»! … og so sumlar han burt dei tusund Dalarne paa tvo Aar, og sidan liver han paa Gjeld og vert Kopist! – Maa eg so spyrja: kor skal der koma Kapital fraa, og kor skal der koma Dugleik ifraa … for Kapital og Dugleik maa der til, um me skal kunna konkurrera … og kor skal den koma ifraa, naar Kapitalen vert drepen i Fødsla, og alle, som skulde kunna læra nokon Ting, gjeng og kastar seg burt og vert Kopistar!»
Tri–fire ropande Røyster skreik upp for aa svara, men slog kvarandre ihel. Det einaste, Storr fekk Tak paa, var nokre Ord fraa Lensmannen um vaar trufaste, arbeidande Bonde. «Bonden?» skreik Storr, «var det Bonden, Di sa? – Bonden er som me … og me er som Bonden … men Bonden er den verste av oss alle. Det er Villmannen, det, som … som vil liggja paa Laaven og eta … eta seg mett, og so sova, og bry seg Pokkeren um i Morgo. Lat oss berre ikkje snakka um Bonden!»
Proprietæren var litt raud, Daniel forstøkkt. So sagde Lensmannen, at det var somt, Grosseraren kunde hava Rett i. Dei lægre Klassar no for Tidi var ikkje so nøgde med sin Stand og si Stilling, som dei burde 274vera, og det var ein leid Ting, at Bonden meir og meir gav seg til aa driva ikring paa Bondevenmøte og annat dilikt istadenfor aa arbeida. Men i det heile vilde Lensmannen segja, at Bonden utyver Landet arbeidde som ein Træl – arbeidde so trufast og aalvorlegt, at det vilde vera Urett aa krevja meir av han. Hr. Petersen, som var Son av ein Amtmann paa Vestlandet, sagde det same, og der vart ei samtykkjande Mulling rundt heile Laget.
«Min gode Verson hev den Vanen aa bruka sterke Ord», sagde Proprietæren med eit forsonlegt Smil; «men naar ein ser burt ifraa det … Eg er ikkje uhugad til aa tru, at Folk utyver Landet hev altfor lite Sans for aa bruka Tidi. Tid er Pengar, segjer Engelskmannen, time is money; det er ein Setning, Bonden kunde ha godt av aa læra. Men det, som trengst, er altso Upplysning, – Upplysning, mine Herrar!» – Bravo, bravo. – «Ja kor skal Bonden faa den ifraa», meinte Storr. «Gjenom Bøker –? Ja; men finst det ein Statsagronom elder nokon annan slik Fyr, som kann skriva ei praktisk Bok?» (Protestar). «Kom ikkje til meg med det. Eg hev sjølv prøvt paa aa skriva um slike Ting, og eg hev set … set andre hev skrivet; men … ja. I det heile … Dei skrik paa Upplysning alle Folk; men eg finn meir og meir, at det med Upplysningi … det er Frase!» (Nei, men Hr. Grosserar!) «Ja; Frase. Ein Bonde vert ikkje upplyst. Upplysning er ikkje slikt nokot, som ein kann riva i seg paa eit Aars Tid elder tvo gjenom Bøker elder Snakk; heile sitt Liv maa ein … ein 275maa liva i upplyst Luft! Det er i Grunnen berre dei rike, som kann vera upplyste. Upplysning og Aandsliv er … er ein Luksus, ein Ovbunad;Ovbunad] stas fyrst maa ein hava Maten; og fær ein Stunder fraa den, so fyrst kann ein liva eit Aandsliv. Me ser det og! Desse Idealistarne, naar dei vil taka Bonden, som han der gjeng, og gjera han til ein Aandsmann, kva vert der av det? Talemaatar, og Tøv, og Folkehøgskuleskodd! Nei! Men Bonden skal vera praktisk; det kann han; praktisk i sitt Fag … og, dersom det er det, du kallar Upplysning, Proprietær, so er det godt og væl.» Ja naturlegvis var det praktisk Upptysning, Proprietæren meinte, og um ei Stund viste det seg, at dei i Grunnen var nokso væl samde. Men Daniel visste ikkje kva han skulde tenkja.
Den varme Toddyen styrkte Samfundsaanden; dei tok til aa tenkja paa Landsens Framgang alle ihop. Daa Hr. Petersen fortalde, at paa Bondebygderne sat Folk ved Aaren i dei lange Vinterkveldarne og dreiv Tidi burt med Eventyr og Vas, istadenfor at dei kunde tena Pengar med aa gjera Sopelimar og Tresko, so fann alle dette rivande galet, og Lensmannen meinte, at dette var ei Sak, som sjølve Statsmagterne burde taka seg av.
«Ja, det vilde vera norskt, det!» kvesste Storr i med sitt strævsame Maal. «Statsmagterne! – I upplyste Land heiter det: help your self; her er det Statskassa og … Fatikkassa … og Vaarherre og men ingen kann taka i sjølv, for ein Pokker! Statskassa –? ja, det vil væl segja, at det skulde 276skipast eit litet nytt Embættsverk for den Saki … med Treskoinspektørar og Treskoprofessorar og so ein Treskosjef i Kyrkjedepartementet … ja; og so ei diger Bok med Innberetningar kvart Aar, og Betenkningar og Planar og ditt og datt … Herre Gud!» ropad han til Proprietæren, «berre finn Folk, som vil kjøpa Tresko, so skal du nok sjaa, at Bonden lærer aa gjera dei!» –
Etter dette vart der eit Ordskifte um Embættsstanden. Lensmannen var forargad yver den Treskosjefen og gav litt vondt; dei unge Juristarne gjorde det same; slikt skulde ein upplyst Mann ikkje segja, meinte dei. Og det heldt Daniel med dei i. Grosseraren svarad ikkje stort paa dette; men daa dei var ferdige, forklarad han, at naar det uproduktive Embættsarbeidet galdt for det høgste i eit Land, so maatte Landet armast ut. Han vilde, at dei beste Hovud skulde leggja seg paa det praktiske, og so kunde dei næstbeste eller medelsgode Hovud greida all denne Protokolførsla og alle desse Innberetningar. Lensmannen vart raudare og raudare i Kammen; Hr. Becker og Hr. Petersen kallad Grosseraren for ein Jaabækianar; Fru Storr sat og kremtad. Det same gjorde Proprietæren. Han visste tilslutt ikkje annat Raad enn aa halda ein Tale. So heldt han ein Tale for Embættsstanden, um vaar hæderlege Embættsstand, som me maatte takka Gud for, og den Talen sluttad han med ei Skaal for Lensmannen, «som her var Embedsstandens Repræsentant». Lensmannen svarad med ei Skaal for Odelsbonden, den gjæve 277Odelsbonden, som sat paa si Tuva trygg og gav all Verdi ein god Dag, men bøygde seg for sin Konge og si Øvrigheit; den Bonden vilde Lensmannen drikka for; den Bonden var Kjernen i Landet, og den Bonden vilde nok greida Hespelen,Hespelen] floken um det kom til eit Knipetak. Millom Odelsbonden og Embættsstanden hadde det altid voret god Venskap, og han tvilad ikkje paa, at den Venskapen skulde staa, alt um der var – hm – Røyster som –. Skaali vart vend til den gjæve og upplyste Odelsbonden, vaar høgvyrde og gjestmilde Vert, Hr. Proprietær Stensrud. Daniel likad det, som her vart sagt; og han fekk ei Kjenning av, at desse «Embættsvennerne» kanskje tilslutt var likso gode Folkevenner som Opposisjonskultarne. –
Daa Fru Storr saag, at Mannen hennar vilde svara Lensmannen, fann ho paa aa spyrja, um ikkje nokon av dei unge Herrarne vilde vera so snilde aa syngja litt for oss. «Ja det vilde vera hyggjelegt!» ropad Proprietæren fornøgd. Fru Storr sat strakst ved Pianoet; Knutzon og Viborg samraadde seg um, kva dei skulde syngja; so kom der nokre store Akkordar fraa Spelet, og dei unge Herrarne sette i med full Kraft:
«Här är guda godt att vara,
ack hur lifvet dock är skönt!»
Dei song fagert, dei song med Kunst, med Skaking i Maalet, med Drag paa Tonarne; det var som ein skulde vera paa Teatret. Daniel likad ikkje den Maaten; men han visste, at slik skulde fin Song vera. Dei dreiv paa med «Gluntar»; tilslutt kom 278dei med eit Nummer av Bellmann. Daniel undrast paa, um dei ikkje vilde koma med nokot norskt.
Det vart klappat for kvart Nummer, og daa dei sluttad, prøvde Proprietæren aa takka med Ord. Han heldt ein liten Tale for «Studentersongen». Hr. Viborg svarad med ein Tale for «Uppsalasongen», som han vilde segja var reint ut ein Tryllesong; og daa Herrarne forstod, at det galdt aa halda Endre Storr ute, gav dei seg til aa tala alle ihop. Daniel forstod dette og lo med seg sjølv; han totte det var fælt fint. Hr. Petersen talad for Broderlandet, Hr. Knutzon for Kvinna, med Adresse til Fru Stensrud, Bang Block for vaare Brødrar i Sud, og Becker – for Bondestudentarne. Daniel bleiknad. Men Hr. Becker sagde, at det var – æ – godt og – mææ – gledelegt, at Bønderne tok til aa vinna seg meir – æ – meir sann og grundig Upplysning; det vilde hjelpa dei fram til – ææ – til aa kunna svara sitt Rom millom dei andre Samfundsklassarne – og –ææ – f. Eks. paa – ææ – paa Storthinget – paa ein meir verdig – mææ – paa ein meir og meir verdig Maate. Det hadde vist seg, at der var – ææ – at Bønderne ikkje saknad – mææ – Gaavur, og naar desse fekk si rette Utvikling og – mææ – Tukt, so trudde han, at – at den – æ, den – æ Disharmoni, som stundom no kunde – ææ – gjera seg gjeldande millom Samfundsklassarne, den vilde – mææ – uppløysa seg av seg sjølv. Skaali vilde han venda til den Repræsentanten for Bondestudentarne, som me hadde den Æra aa hava her ibland oss, nemleg 279Hr. Stud – naa, Hr. Kandidat – mææ, hm–ææ! – naa, Hr. Kandidat Danielsen – «aa, naa, je bér! – Hr. Kandidat Danielsen-Braut. Hans Skaal!» Bravo! Daniel skifte Liter. Han drakk, men kjende knapt Grunnen, han stod paa. No skulde han upp og tala! Det var naturlegvis det, som var Meiningi; han saag det paa dei. Og kva skulde han tala um?
Han hugsad, at Skaali for Fedrelandet ikkje var drukki. Den fekk han altso taka. Naar ein berre i ei Hast kunde finna paa nokot aa segja! Ein fekk tenkja seg um ei Stund. Men so kom det væl einkvar og tok Emnet ifraa han. Ja væl, der kom Lensmannen. Han vilde visst tala for Fedrelandet.
Men Lensmannen vilde tala for Studentarne. Ikkje for nokon serskilt Klasse av Studentar; etter hans Meining var der ikkje slike Klassar; naar dei hadde fenget sin Eksamen, so var dei Søner av Athene alle, og so var all Klasseskilnad avlyst. (Bravo! tenkte Daniel). Lensmannen talad for Studentarne i det heile, men for Studentarne som Embættsmannsemne. Det var rett og naudsynlegt, at Arbeidet i Statens Teneste stod som nokot høgt og framifraa. Me høyrde nok some Tider, at Statstenesta var eit Arbeid, som – hm – som ikkje var nokot vidare verdt; me hadde endaa fraa ein viss Kant set det aa døypa Born samanstellt med aa køyra Møk. Men Lensmannen vilde halda det for den største Ulukka for Staten, um Skilnaden millom Statstenesta og annat Arbeid skulde døy ut i Folks Tanke. Statstenesta 280maatte staa som nokot – ja, som nokot idealt, for aa bruka det Ordet, – som ei ædel Livsgjerning, som ein vigde seg til i sine unge Aar, og som ein med Energi heldt fast som Livsgjerning i den lange Ventetid. Staten kunde ikkje nøgja seg med Leigetenarar og Nærings-Spekulantar; ein maatte krevja, at Embættsmannen gjekk i Brodden, endaa naar det – naar det galdt Livet! Difor vilde han minnast dei mange unge Menn, som no gjekk og fyrebudde seg til denne si Livsgjerning, og han vilde ynskja og vona, at dei fyrebudde seg slik, at Land og Konge altid maatte hava ein god, ein trufast Embættsstand. Skaal! Bravo!
Lensmannen drakk, og det graae Andlitet hans var raudt som Fullmaanen; han var Stridsmann for ein stor Tanke ikveld, og det var ikkje so ofta, at det gjekk paa. Daniel var reint glad i Lensmannen for denne Talen; det, han der hadde sagt, var Ord ut av hans eiget Hjarta.
Men no kom Endre Storr. Der var ikkje lenger Raad for det.
– Ja! naar det skulde gaa med Talar her, so kunde nok han og gjerna … gjerna prøva. Dei hadde talat um Bonden; ja; han kunde og gjerna tala um Bonden. Men ikkje um Odelsbonden; for Odelsbonden vart meir og meir … han vilde segja Mythe … «Hm!» sagde det rundt Bordet. Men Storr vilde tala um den Bonden, som livde rundt um i Dalarne no, – «han, som hev Garden sin standande i Pant i Hypotheken, han, som ikkje lenger eig den 281Tuva, han sit paa, men gjeng og trælar for Banken, d. v. s. for Pengemannen … Ja. Det er sagt her, at han arbeider … at han arbeider som Træl» – «Hm!» sagde Lensmannen –; «og det er sannt, han arbeider som ein Træl; men so var det just, at han ikkje skulde arbeida! han skulde arbeida med Lyst! det er Tingen, med Lyst! Ja. Men det kann han ikkje, so lengje han er Villmann og hatar Arbeidet … og so lengje det aa vera Embættsmann, det aa liva trygt og godt og rolegt og uproduktivt, er det høgste i Landet.» «Hm!» sagde Daniel. «Men slik er det no; og Bonden ser og høyrer ikkje annat for seg … og so lærer han aa lengta burt fraa sitt Arbeid og sin Stand, istadenfor at han skulde leggja heile sin Hug i Arbeidet, og dermed … gjera Framstig, Framstig –! No kjem han ingen Veg, annat enn til Banken. Eig han litegrand, so kastar han det burt til Fjas … og hev han ein Son, som duger litegrand … ja, so skal ikkje Sonen verta Bonde, Gudbevars! nei, det er for simpelt; nei, han skal paa Seminariet – iallfall … og hev han voret der, so er han strakst for fin til aa taka si Haand i nokon Ting … skal gaa paa Stasen! skal vera med i ‘Fiffen’ … liva paa dei arme Skillingarne, som andre slit ihop, og so gaa og skrika paa større Løn, større Løn! – for det er fint i dette Landet! – men aa liva av det, ein sjølv avlar fram, det er simpelt … Ja. So gjeng all Dugleik burt fraa Bondestanden, og so gjeng Skrapet etter og trælar for Bankarne … det vert eit Proletariat, liksom i England … og det er den 282Odelsbonden, me skal lita paa, naar det knip!» – Daniel kjende seg uroleg, der han sat; men han trøystad seg med, at Storr var Materialist. Og so saag han paa dei andre og forstod, at ikkje dei helder heldt med han. «Men Storr dreiv paa. Me gjekk her og snakkad um Upplysning … ja, godt og væl … men … det var ein Ting, som all Skule og all Upplysning her i Landet skulde gaa ut paa, og det var … aa prenta inn i Folketanken – liksom med Eldskrift – den gamle gode Setningen: poverty is a crime, Armod er Synd! Det skulde vera det fyrste Bud i vaar Folkekatekisme –: du skal ikkje vera fatik. Dette Landet maatte verta ein Arbeidsstat etter belgisk elder schweitsisk Mynster … og so gjekk dei her og gjorde det um til ein Kancelli- og Litteraturstat etter tysk Mynster … Me kunde sjaa det i all Ting, – i Bokheimen med all denne Dikting og Drøyming og alle desse Idear … tysk ideal Skodd, ein usunn, ulivande Hybel-Litteratur … istadenfor aa segja Folk ærlegt Sanningi og læra dei aa forstaa, kva det kostar aa liva … slikt gjorde sitt til aa tøma Landet for Energi og Folk. – Og so Statsbudgettet. Me kunde sjaa paa Statsbudgettet, at me var eit Folk, som var styrt av Embættsmenn – og av Bønder, som vilde vera fine … mest all Ting gjekk til Kontorvæsen og uproduktivt Stell, og litet og ingenting til Framhjelp av Arbeid og Næring. … Og vilde ein Arming lesa til Prest, so stod hundrad Mæcenatar og tankelause Geni-Uppdagarar ferdige og vilde hjelpa han fram (tru det? tenkte Daniel); 283men var det ein, som gjorde ei nyttig Oppfinning, so … ja, so trudde Folk, at han var galen! og um ein grundad eit Verk elder ein stor Verkstad, so gjekk baade Staten og andre fine Folk til Utlandet like godt! … Ja; – og so jamrad me yver, at me var eit fatikt Land. – Javisst! Finnland utførde Smør, Korn, Kjøt, Villt og andre Ting i mengdevis; kva utførde me? Emigrantar! Schweitz hadde ein Industri, som sende sine Varar Verdi rundt; kva fabrikerad me? Akkevit og Bayerøl!» – «Ja Skaal daa!» ropad Student Stensrud. Endre Storr kvakk upp og saag seg ikring; «ja det er sannt», sagde han, «det var Skaali for … for … ja, Skaali for Bonden. Ja; det hev nok ikkje voret den beste Samanhengen i denne Talen min; men – men – eg vil drikka ei Skaal for den Bonden som –; for, at Bonden – og me alle ihop – maa faa so mykje Kultur, at me vert glade i aa arbeida … og at han, og me alle, maa læra aa forstaa, at den, som avlar ei Tunna Havre, er større enn den, som lagar ei medels Bok … at den, som fær tvo Straa til aa veksa der, som det fyrr berre vaks eit, – han er ein Velgjerdsmann mot Ætti! Skaal for den Bonden, som arbeider, og arbeider med Lyst og Framtak!» Skaali vart drukki; men der var ingen, som sagde Bravo.
– Og denne Mannen vil Haugum segja ikkje er Materialist! tenkte Daniel.
Han hadde drukket so smaatt under Talen for aa faa Mod til Skaali for Fedrelandet; no var Glaset tomt, og han ruslad inn i Sideromet for aa fylla det 284paanytt. For no vilde han tala! Og han skulde segja Hr. Storr nokre aalvorlege Ord, som baade Lensmannen og dei andre skulde lika.
Som han stod derinne og blandad, kom Herrarne Knutzon og Viborg inn og sette seg; Glasi sine hadde dei med seg. «Uh, denne Endre Storr,» sukkad Knutzon. «Ja dæ er en Skrue», svarad Viborg. «Naah! d’er rett, Huslærer!» heldt han fram, «driv paa! her faar man drikke; for an’t er her sgu ikke aa ta se’ til!» «Nei, du kommer ikke paa nogen anden Slags Galei her», meinte Knutzon. «He-he, nei, man har jo no’e, som hetter Moral her oppaa Lanne,» lo Viborg. «Ja, men apropo: har man ikke noe som hetter Natteløperi aassaa, hva?» – «Aa Snakk, æ du gal? Dæ er bare oppi Avdalene, dæ.» – «Ja, hva sier Di, Huslærer? Di maa kjenne te dæ, Di?» – «Nei, den Skikken er uddød paa disse Kantar», svarad Daniel truskyldigt, Dei lo so turrt; han hadde væl ikkje den rette Svingen paa Maalet. «Ja Fa’n tro disse Bønder» sagde Hr. Viborg; «men d’æ jo rimeli, at Di ikke vil gji Beskje til oss; hva? Di er nok ful, Di? Hva?» – «Aa Visvas», meinte Knutzon, «Huslæreren haaller sej naturlivis te Huse, han.» Dei lo og drakk; so kom Hr. Viborg med nokre Ord um «Husets Frøken», som gjorde Daniel reint maalbunden. At slike Folk kunde segja slikt! Og so den Maaten, det vart sagt paa! Uvyrdslegt og fint paa ein Gong, sjølvtrygt, likesælt, som det skulde so vera … Daniel kunde ikkje finna Ord for det. Det var … det var 285… ja, det var det, som Horats kallad frons urbana. –
«Go’ Aften, mine Herrer!» sagde Lensmannen; han skulde reisa. Der vart Uro ei Stund ved dette; Kvinnfolki kom like eins og sagde Godnatt; so kom Lensmannen og Grosseraren i Ordstrid att, og det saag ut til, at Laget vilde løysa seg upp. Men Herrarne Knutzon, Viborg og Becker flokkad seg burttil Fru Storr og var galante, bukkad og bukkad og gjorde seg lækre, so Daniel saag seg leid paa dei og totte han saag liksom Svinsing av ei dillande Rove under dei lange Frakkeskauti. Endeleg gjekk Kvinnfolki, og Lensmannen med; Proprietæren, Grosseraren og Student Stensrud fylgde han heilt ut til Sleden. Dei andre samlad seg inne i det Romet, der Toddyen var.
«Den Storr er Fanden ta mej en Jonglør!» sagde Bang Block med laagt Maal. «Alt det, han fær og fiktar med, det er s’gu berre for aa gjera seg interessant; han vil vera original, han vil vera nokot for seg sjølv, nokot slikt framifraa … han burde Fanden ta meg vera Opposisjonsmann!» Det meinte no ikkje Hr. Petersen; han smilte so breidt og blidt. Storr var ein bra Kar, litt naiv, men umaateleg morosam. Det traut ikkje paa Gaman i det Laget, der han var. Aa ja morosam; men han var ein Jonglør. Han var av same Slaget som desse andre «Folkevennerne»; det var s’gu seg sjølv, han tenkte paa. Hadde han voret Talar, so burde han gjort som denne Kandidat Meier og andre av det Slaget, som foor paa Landet 286og heldt «Folkehøgskule» – Block frynte stygt, naar han nemnde slike Ord – heldt «Folkehøgskulen for aa koma att som Profetar elder Storthingsmenn … «Meier? Trur du han vil verta Storthingsmann?» sagde Becker. Aa, Block kjende Krutet. Meier gjekk her eingong og søkte eit Prestekall, og daa han ikkje fekk det, so … ja daa var det, at Hr. Meyer drog tilfjells for aa vekkja Folket! – Naa, det var sgu ei god Upplysning, meinte Becker. «Er det sannt det?» – «Det skal vera sannt.» Det var ei forvitneleg Upplysning! Den Meier galdt for slik ein Høg-Idealist … Aa skidt; det var sgu same Sørpa alt. Kandidat Meier var so god ein Sakførar Stensgaard,Sakførar Stensgaard] ein karikert opportunist i De unges forbund av Henrik Ibsen (1828–1906) som nokon kunde sjaa, just av same Slaget som desse brandraude Herrarne ned i «Frams» Klikk … Daniel kvakk. «Aa, lat oss no ikkje faa Politikk igjen», bad Hr. Viborg. «Det er daa Fanden, at so snart ein kjem paa Landet, so skal ein politisera!» I det same kom Proprietæren og dei andre inn att, og Samtalen slog um.
Dei sette seg til aa forhandla um, kven ein skulde segja var verst av dei tri Demagogarne Jaabæk, Bjørnson og Sverdrup; og det var ikkje so godt aa avgjera, for dei var fæle alle. Daniel høyrde ikkje stort paa det, dei sagde. Han sat og vreid seg og tenkte paa Talen for Fedrelandet. Men kvar Gong han skulde vaaga seg i Veg, torde han ikkje. Det var ikkje greidt aa tala i so fin og kritisk ei Forsamling. Rett som det var, sagde Proprietæren og Grosseraren Godnatt. Proprietæren var 287gamall, Grosseraren trøytt; «men Ungdomen skal sitja!» lo Proprietæren gjestmildt. «Ja, me vil sgu sitja!» meinte Student Stensrud; dei gamle gjekk. – Kunde det no nytta aa tala for Fedrelandet? –
Block lagad seg nytt Glas; der vart eit Ordskifte um den rette Maaten aa laga Toddy paa. Becker, som hadde voret i Utlandet, fortalde Framgangsmaaten med aa laga Absinth;Absinth] sterk, grønnleg likør, som dei drakk oppblanda med vatn dermed fekk han Tilføre til aa fortelja um Livet i Paris, og det var mykje morosamt. Men det var stygt, ymist av det, han fortalde, og Daniel fekk høyra um Ting, som han ikkje trudde kunde finnast i Verdi. Fraa Paris kom dei til Kristiania og snakkad um somt av det stygge, som der fanst; og Daniel kom etter, at han nok mest var likso framand i Kristiania som i Paris. Det, som han hadde set, det var berre det simple, det grove, det, som var for Bønder … So kom Hr. Jokum for ein Dag att, og Herrarne Petersen og Becker fortalde Sogur um han, som var av eit sovoret Slag, at Daniel fann det meir enn rimelegt, at Hanna ikkje hadde visst um dei. Men det, som Bang Block sidan fortalde um den flotte Fru Harry, var ikkje stort likare. Det var forunderlegt, at der kunde vera so mykje slikt millom fine Folk. –
Men Viborg og Knutzon hadde fenget Smak paa aa erta den snilde Huslæraren. Som han der sat og krullad paa det vesle Kinnskjegget sitt og glodde framfor seg med sine blide Augo, storbygd og tung, gruv i Akslerne, saag han so altfor truskyldig ut, at dei kunde ikkje halda seg. Var det sannt, at Hr. 288Huslæraren, daa han var i Kristiania, hadde ført slikt eit villt Liv? – Daniel kvakk; dei andre maatte læ. Ja, heldt Hr. Viborg fram, der gjekk eit slikt Ord i Kristiania. Hr. Huslæraren var nok meir kjend, enn han sjølv trudde, og det var ikkje just for det gode. «Ikkje sannt, mine Herrar?» – «Jau», sagde Knutzon; «jau», sagde Becker. Daniel forstod no, at dei vilde gjera Narr av han, og det totte han var brennande leidt; men so vart han arg. «Kva er det for Snakk?» sagde han. «Snakk? Vil Hr. Huslæraren kalla det for Snakk, som er stadfest av tvo gode Vitne?» – «Hr. Huslæraren gjorde best i aa svara paa Spursmaali,» meinte Hr. Becker. Og dei fine Herrarne sat og glodde paa Guten med uppdregne Bryn og Lorgnettar for Augo og totte dette var mykje til Moro; men Daniel visste ikkje, kva han skulde segja. Han kjende seg Undermann; han kunde ikkje klara seg mot denne flirande frons urbana. So vart han bergad av Stensrud, som gav seg til aa fortelja um Student Rødberg; kjende mine Herrar ein Student Rødberg? Det var han, som var Huslærar her paa Garden ifjor. Detvar ein Gut, det, som kunde liva villt! Og so hadde han det med det, at han ikkje kunde segja sannt. Han laug allstødt, baade naar han hadde Naud paa det og ikkje; men so var det Ulukka, at han kunde ikkje ljuga i Samanheng; den eine Lygni motsagde den andre, og so gjekk det galet. Stensrud fortalde ymse Ting um dette. Tilslutt hadde Rødberg drivet det so vidt, at han ikkje saag seg onnor Raad enn aa slaa seg paa det gudelege … 289Daniel vart uroleg. Og Rødberg klarad dette baade væl og lengje; for kvar Gong det gjekk galet, so gjorde Rødberg Bot, og so beit den snilde Prestemannen paa att. Endeleg fekk Rødberg Eksamen. Men daa han var ferdig med den, slog han seg so laus med Rangel og Galenskap, at dei fann paa den Utvegen aa senda han her upp. Broder Rødberg var veik, Broder Rødberg skulde liggja paa Landet! Men Broder Rødberg visste Raad til aa vera veik paa Landet og, han, og daa han hadde logjet so lengje, at Lygnerne hans tok til aa slaa kvarandre ihel, so kom det upp alt, og Rødberg maatte paa Porten. – Kor Rødberg no var? – I Kristiania, og det var dei, som vilde vita, at han i denne Tid gjekk Konstabel der inn paa Grønland. – Konstabel? Kunde ein akademisk Borgar falla so djupt? – Aa, meinte Stensrud, naar ein Mann svalt, so kunde han visst falla. – Daniel var sveitt; han glytte paa Stensrud med Uro i Augo og undrast paa, um dette kunde vera meint paa honom. –
Ja, der var mange slike, sagde Bang Block no, han sat og lagad det femte Glaset. Kjende Herrarne ein Student Monsen? Det var og slik ein Lurifas av ein Fyr. Han hadde fiktat seg fram med Lygner og Laan i fleire Aar; ei Tid hadde han livt paa ei Malmgruva, som Bror hans ikkje hadde funnet. Han var utum seg paa alle Kantar. Berre slik ein liten Ting som den –: her i Vinter, daa dei heldt denne Kommersen i Teatret, «Børneforestillingen», som «Borgeren» kallad det … «Apropos, var ikkje De og 290med der, Huslærar?» spurde Viborg ertande; han stakk ofta paa Glaset. Daniel riste paa Hovudet; han vilde ikkje ljuga … «Kva var De vilde fortelja um Monsen?» sagde Stensrud. Jau, Fyren gav seg ut for, at han vilde pipa, og fekk paa den Maaten Fribillett; men i god Tid fortalde han so det heile til ein Konstabel, og sidan gjorde han Mynt ut av, at han ikkje hadde pipet! «Ja dei Bønderne, dei Bønderne!» lo Hr. Petersen; han kunde ikkje finna paa nokot vittigt no; for han var full.
Daniel likad seg ikkje lenger millom den formelle Daning. So snart han saag seg Kans til det, stiltrad han seg ut og gjekk og lagde seg.
Men det varde lengje, fyrr han fekk sova. Han laag og harmad seg yver, at han hadde klarat seg so kleint, og no, etterpaa, fann han ut ei Mengd med gode Ting, som han burde ha sagt til dei fine Herrarne. Innimillom vreid han seg i Spursmaal og Tvil um, anten dei i Røyndi visste nokot elder ikkje; ymse og underlege Ord hadde fallet; men dei kunde daa væl aldri tru, at han var slik ein Fyr som denne Rødberg elder Peder Monsen! Og so hadde dei gjort Narr av han –! og han hadde ikkje kunnat klara seg. Nei, frons urbana, den maatte til; ein kunde ikkje berga seg utan den; men hadde ein den, so kunde ein segja og gjera kva ein vilde … Og so dumt som det var, at han ikkje hadde talat for Fedrelandet. Hadde han gjort det, so hadde dei daa set, at han var nokot til Kar … Men i Morgo, i Morgo skulde han fara klokare. Han skulde syna dei vise 291Herrarne, at han ikkje var nokon Kastekjepp! og daa skulde han halda Talen for Fedrelandet. Denne Tanken gjorde, at han vart rolegare. Og Talen for Fedrelandet tok han til aa halda med seg sjølv, og det gjekk godt, totte han –: «Mine Herrar! Under all vaar Strid … er der daa eit Namn, som samlar oss … samlar oss i Eldhug, i Gleda … eit Namn, som … naar det vert nemnt … fær oss til aa gløyma alt det, som hellest kann skilja oss aat og til aa … gjeva kvarandre Broderhaand …» – «Underlegt nok», tenkte han med seg sjølv, «at ingen av dei andre helder talad for Fedrelandet. Er det ikkje fint, kanskje? – Jauvist er det væl fint. Det er berre Internasjonale, som trur, at Fedrelandet er ein Frase» … «– gjeva kvarandre Broderhaand … liksom Fedrarne paa Eidsvoll … Ja, mine Herrar! dei store Minni … Soga … I Rosenlund under Sagas Hal … dei store Fedrarne, Vikingarne, som vann heile Rike … alt dette … dei høge Æser … og Aasynjur … og dei høge Helteskikkelsar, som vandrar gjenom Soga … dei høge Haakonar … dei høge Olavar … Og endaa hev me Menn, som … vil vaaga Liv og Blod …» –
– Hr. Jokum sat ved Bordet og nikkad; Olafsordenen hadde han paa Bringa. Men Grosserar Storr stod og glodde paa Daniel med heite Augo og sagde, at Fedrelandet var … Fedrelandet var … han vilde segja ein Frase.
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.
Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.
Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.