Kransen

av Sigrid Undset

Balladediktningens gjenklang

Olav Solberg, Universitetet i Sørøst-Norge


Samtidig med at Sigrid Undset arbeidde med Kristin Lavransdatter, skreiv ho essayet «Nogen tanker om de nordiske folkeviser fra middelalderen», trykt i Edda (1921). Her diskuterer Undset dei danske balladane som ho særleg kjende frå Svend Grundtvigs Gamle danske Folkeviser, og som i barndomen var hennes «kjæreste og mest forbudte lesning». Undset jamfører dei danske visene med Landstads Norske Folkeviser og andre norske viseutgåver. Eitt hovudpoeng, slik Undset ser det, er at dei danske visene har bevart meir mellomaldermentalitet enn dei norske, særleg riddarvisene. Norske balladar er derimot meir eventyraktige, fantastiske, urealistiske, mindre direkte knytt til mellomaldersamfunnet, men dess meir til den norrøne litteraturen (Undset 1921 b, 1–4). Undset byggjer her bl.a. på Knut Liestøls doktoravhandling Norske trollvisor og norrøne sogor (1915), som ho kjende godt.

Undsets essay knyter seg nært til Kristin-trilogien. Såleis trekker forfattaren fram fleire viser i essayet, som ho siterer eller alluderer til i romanteksten. Typiske balladeuttrykk og ballademotiv dukkar opp mange stader, tematiske mønster gjer seg gjeldande i viktige situasjonar. Balladen skaper klangbotn for handling, personskildring og tematikk i romantrilogien. Her skal vi sjå nokre døme på dette.

Som sagaer og mellomalderdikting gjerne gjer, byrjar Kristin Lavransdatter med å gjera greie for slektsbakgrunnen til hovudpersonen. Far til Kristin, Lavrans Bjørgulfsøn, er av god ætt. Han høyrer til ei svensk stormannsslekt som blir kalla Lagmannssønene. Denne slekta kom til Noreg med «hin Laurentius Østgøtelagmand som tok Bjelbojarlens søster jomfru Bengta ut av Vreta kloster og rømte til Norge med hende», heiter det (Undset 1920, 3). Laurentius blir vel motteken ved det norske hoffet i Bergen. «Haakon den gamle» (Håkon Håkonsson) skal ha sett særleg pris på den svenske rømlingen, får vi vita. Mor til Kristin, Ragnfrid Ivarsdotter, står ikkje mykje tilbake for ektemannen. Ho høyrer til Gjeslingætta, ei norsk storbondeslekt frå Gudbrandsdalen.


Brurerovet

Kristin Lavransdatter har altså ein slektsbakgrunn som plasserer henne langt oppe i samfunnshierarkiet på 1300-talet, men likevel ikkje heilt i toppen. Uansett har dette mykje å seia for Kristins utvikling, kva for miljø ho kan koma til å ferdast i, kva for vegar som kan liggje opne for henne, kven ho kan møte på sin veg. Og alt på dei første sidene i romantrilogien får vi eit hint om kva slektsbakgrunnen kan ha å seia. I den verkelege verda var det i 1244 Laurentius lagmann røva Bengta Sunesdotter, dotter til jarlen Sune Folkesson, ut av Vreta kloster i Östergötland. Laurentius gjorde seg då skuldig i same ulovlege handling som Sune Folkesson sjølv hadde gjort, då han ein generasjon tidlegare rømte med kongsdottera Helena Sverkersdotter frå same kloster.

Og ikkje nok med det. Då Laurentius lagmann var død i Noreg, etter eit barnlaust ekteskap, drog Bengta Sunesdotter attende til Sverige. Her gifte ho seg med stormannen Svantepolk Knutsson, og dei fekk dottera Ingrid saman. I 1288 vart så Ingrid Svantepolksdotter røva ho også, ikkje frå noko kloster rett nok, men frå herregarden Lindö. Brurerøvaren var stormannen Folke Algotsson, og både han og fleire brør rømte til Noreg for ikkje å risikere livet. Ein av dei mest kjende norske historiske balladane handlar om dette brurerovet: «Falkvor Lommannsson». Vi kjenner igjen Folke-namnet i Falkvor og epitetet Lagmannsson i Lommannsson. I balladen heiter den bortrøva brura anten Bendelill, Vendelill eller Mendelill. Det kan sjå ut som ei tilfeldig riddarromantisk nemning, men er eigentleg ei balladeform av kvinnenamnet Bengta. Mor og dotter er altså forveksla i den munnlege tradisjonen. Elles vart det dikta balladar om dei to tidlegare brurerova også: «Herr Laurents og Bengta Sunesdatter» og «Vreta klosterrov» (Jonsson 1990, 3–7; Solberg 1997, 66–69).

Vi ser at Kristins farsslekt kan skilte med tre brurerov på høgt nivå, dramatisert og vidareført i balladediktinga og i den munnlege tradisjonen. Kva om nå Kristin skulle vera disponert for same lagnad? Det går troll i ord når Kristin blir røva frå Nonneseter kloster i Oslo av Erlend Nikulaussøn. Kristin let seg villig røve, men det kan vi rekne med at dei andre klosterjomfruene også har gjort. Brurerovet gjer seg elles gjeldande i samband med fleire kjærastpar i Kristin Lavransdatter, og balladediktinga er alltid med som akkompagnement, som undertekst. Jamvel på dei siste sidene av Korset dukkar brurerovsmotivet opp, i form av ein allusjon til «Falkvor Lommannsson». Kristin og Erlends son Skule kan då fortelja mor si, som nå held til i nonneklosteret på Rein, at i Gudbrandsdalen syng dei om broren Gaute, som har røva Jofrid Helgesdotter frå slekt og vener: «De kvæder en vise om det, ja da synger de nu at han tok møen med jern og med staal og han slos med frænderne hendes tre dager tilende oppaa heien –», fortel Skule (Undset 1922, 488).


Alvemøya

Det første kapitlet i Kransen handlar i hovudsak om Kristins tur med faren og nokre andre til seters. På ein av dei øvste gardane i skogbandet stansar dei ei stund, og kona på garden ber Lavrans løyse Kristins lue, «de sier hun skal ha slikt fagert hår». Lavrans gjer som kona seier, og Kristins gule, fyldige hår fell ned like til salen. Kona seier rosande om Kristin, «en liljeros er hun og ser ut som et riddersmands barn» (Undset 1920, 11). Episoden er ladd med balladesymbolikk. For det første merker vi oss kvinnehåret som spelar så stor rolle i balladediktinga, helst det utslegne håret som karakteriserer den unge, ugifte og vakre kvinna. Blomstermetaforen liljeros er ei ståande vending i balladane, oftast brukt nettopp om kvinner på høgt nivå.

Det er ikkje langt frå liljeros til liljekrans. Som kjent er «Olav Liljekrans» den vanlege norske nemninga på ein naturmytisk ballade, kjend i alle nordiske land, og vidare. Handlinga går ut på at ei alvemøy freistar å få makt over hovudpersonen, og oftast lykkast ho med det. I essayet diskuterer Undset denne visa, særleg den danske forma, «Elveskud», og den islandske, «Kvæði af Ólafi liljurós». Undset kjem også inn på Landstads versjonar av «Liti Kjersti» som har same hovudmotiv som «Olav Liljekrans», og elles ein sjeldan ballade som Landstad kallar «Dansen i berget», i slekt med dei to nemnde visene (Landstad [1853] 1968, 460–462; Undset 1921 b, 4–10).

Når Kristin litt seinare same dag, på eiga hand og mens dei andre ligg og søv, får auga på ei vakker frue som vinkar til henne gjennom lauvverket med ein krans av gullblomar, forstår ho at det er alve- eller dvergmøya ho ser . På førehand har det vore tale om troll, tussar og alvefolk som held til i fjellet, og ingen i følgjet er i minste tvil om kven Kristin har møtt. I bergtakingsviser synest unge menneske på overgangen til vaksen alder, menneske som er i ferd med å gifte seg, å vera særleg utsette for dei underjordiske. Kristin er berre eit barn, men Undset let henne opptre som ei ungjente. Ho speglar seg i vasskulpen for å sjå kor vakker ho er, bind ein blomsterkrans og set den på hovudet for å sjå korleis ho ser ut, «nu hun var smykket som en voksen mø der skal gaa i dansen» (Undset 1920, 21). Episoden er som teken rett ut av balladeuniverset. Det er nettopp unge kvinner og menn, ofte forfengelege, overmodige, ute på eiga hand, som blir utsette for naturmaktene. I romantrilogien fungerer hendinga som eit frampeik om noko av det Kristin vil møte seinare i livet: fåfengd, egoisme, erotiske forviklingar, ulykker (Steen 1969, 173–174). Lavrans bergar nok dotter si denne gongen, men alvemøya er ikkje dermed ute av bildet. I første omgang går ho igjen i fru Åshilds skapnad, Kristin synest at det er likskap mellom dei to (Undset 1920, 63).

Alvemøya eller huldra er i tradisjonen alltid utstyrt med kuhale, eller innhol rygg. Trass i det tillokkande ved henne når ein ser henne ansikt til ansikt, har ho ei dyrisk, djevelsk og løynd side. Vi kan altså sjå ein tematisk samanheng mellom alvemøya i seterskogen i byrjinga av Kransen, og pestkvinna eller pestgygra som dukkar opp i Nidaros på dei siste sidene i Korset (Bliksrud 1988, 222). Undset har framstilt pesta i samsvar med segntradisjonen. I segnene går pesta frå gard til gard med rive og sopelime. Der ho sopar, døyr alle. Men der ho nøyer seg med å bruke riva, slepp nokre unna, mellom rivetindane, så å seia. Undset, som sikkert har sett Theodor Kittelsens teikningar av pesta, er på linje med tradisjonen når ho let nokre menneske tru at ein kan stanse farsotta ved å ofre ein lytefri, ung mann. Offeret skal etter tradisjonen gravleggjast på grensa mellom eit kyrkjesokn der pesta rår grunnen, og eit kyrkjesokn der pesta ennå ikkje har kome. Slik skal pesta stansast (Kvideland og Sehmsdorf (utg.) 1991, 345–347). I Undsets framstilling heiter det at offeret skal blotast «i gravgaardsgrinden» (Undset 1922, 501). Tankegangen må altså vera at det ikkje skal koma fleire pestlik til kyrkjegarden etter ofringa.

Alvemøyepisoden peikar dessutan fram mot dansescenen i midtpartiet av Kransen. Som ungjente har Kristin kome til Oslo og skal vera ei tid i Nonneseter kloster. I samband med feiringa av Margretmesse (Marimesse, 20. juli) får Kristin og dei andre klosterjomfruene lov til å delta i dansen på leikvollen. Kristin er trulova med Simon Darre, men har alt blitt kjend med Erlend Nikulaussøn. På den bakgrunnen får balladen som Danske-Sivord syng for dei dansande, ein tilleggsdimensjon til å vera ei underhaldande vise om trekanten Iver herr Jonsøn, dronninga og kongen (Undset 1920, 161). Visa handlar også om den erotisk ladde spenninga mellom Kristin, Erlend og Simon Darre. Undsets romanpersonar går på sett og vis inn i ferdige intertekstuelle roller, som så blir utvikla og utvida vidare. «Iver herr Jonsøn» er elles ei av dei visene Undset trekker fram i folkeviseessayet.


Drap og død

I utgangspunktet er balladen ein episk sjanger, men bidrar også til dramatikken, når blodet kokar og spenninga stig. Den følgjande episoden er ein av dei mest dramatiske og brutale i heile romantrilogien. I ei illevarslande og uhyggeleg stemning på Haugen, fru Åshilds gard, planlegg Kristin og Erlend å røme frå alt. Så dukkar Eline Ormsdatter opp, Erlends frille frå tidlegare tider, og mor til barna hans. Nå er ho enke, og ho utfordrar Erlend til å halde lovnaden sin om å gifte seg med henne. Men Erlend nektar. Eline har vel tenkt seg at noko slikt kunne skje og er desperat nok til å ville kvitte seg med Kristin, forgifte henne. Ho har med seg i veska eit forsegla drikkehorn og bed Kristin drikke henne til, utan sjølv å drikke av hornet. Erlend anar kva som foregår, og med moralsk støtte av Kristin tvingar han Eline til å drikke av giftdrikken. «Vi har dræpt Eline Ormsdatter», seier Kristin (Undset 1920, 285). Det finst fleire nordiske balladar om giftmord. Riddarvisa «Herren Jennår» er ein av dei, med ei handling som minner om episoden i Kransen. I balladen dreiar det seg også om ein trekantkonstellasjon, og visa endar med at herren Jennår trugar kvinna som har planlagt giftmordet, til å drikke sjølv.bokselskap.no/boker/riddarballadar1/tsb_d_275_herrenjennar

Det er tydeleg at Undset legg vekt på å framstille folkevisene som levande i kvardagen til folk flest. Trua på underjordiske makter, som ofte fungerer som bakgrunn for folkedikting, er ein del av dette. Folk dansar til balladesong og felemusikk, og syng dei gamle visene, som elles ikkje var særleg gamle på 1300-talet. Fleire stader gjer Undset det tydeleg at folk veit om og kjenner til bestemte viser. I scenen i Korset, siste roman i trilogien, der Simon Darre ligg for døden, seier Kristin at om ho hadde blitt tvinga til å gifte seg med Simon, ville ho teke kniv med seg i bruresenga. «Jeg hører du kjender visen om Knut i Borg», seier Simon med eit smil (Undset 1922, 252). Som det går fram av Simons kommentar, handlar riddarballaden «Knut i Borg» om ei uvillig brur som ikkje får den ho vil ha, og følgjeleg tek livet av mannen ho har hamna i brureseng med. Fleire balladar, særleg opphavleg vestnordiske, framstiller sjølvrådige kvinner som ikkje nøler med å gripe til kniven når dei meiner det trengst. Eit anna døme på at folk har kjennskap til balladar, kjem fram i ein scene i Husfrue, andre roman i trilogien. Her får vi ein stad vita at Lavrans Bjørgulfsøn har lagt ned forbod mot at nokon på garden syng visene om opprøraren og, ifølgje tradisjonen, svindlaren og valdtektsmannen Audun Hugleiksson (Undset 1921 a, 419–420). Stormannen Audun Hugleiksson vart fengsla av Håkon V Magnusson for påståtte synder, og hengd i Bergen i 1302. Visene om den norske stormannen vart dikta i nær ettertid, dei finst best bevarte i færøysk tradisjon. Men for Lavrans er dei altså for sterk kost.

Ein av dei balladane Undset trekker fram i folkevise-essayet, er «Draumkvedet». Som vi kan vente, har denne mest kjende av alle norske balladar også sett spor etter seg i Kristin Lavransdatter. Når den prestlærde Gunnulf Nikulaussøn, bror til Erlend, ein stad i Husfrue formanar Kristin om kva djevelens handlingar kan føre til, er det med ei omskriving av Draumkvede-strofer: «Djævelens verk er det som begynder i søt lyst og ender med at to mennesker er som ormen og padden der stinger hinanden med tand» (Undset 1921 a, 186). Erlend er på ingen måte nokon lærd mann, men Undset lar han likevel – med ironisk effekt – nytte ei vending frå «Draumkvedet» når han ein stad filosoferer over kvinnehistoriene sine. Det heile er som å vasse i botnlause hengjemyrar: «han kunde ikke komme nær en kvinde uten han stod i vasemyren opunder armene» (Undset 1921 a, 398). Hengjemyrbildet lånt frå ei av Moltke Moes restituerte Draumkvede-strofer:

Va’i så hev eg dei Våsemyran’,
der hev kje sta’i meg grunn;
no hev eg gjengji Gjallarbrui
med rapa mold i munn.

Ein tydeleg referanse til «Draumkvedet» får vi på slutten av Kransen, der Ragnfrid minner ektemannen om nokre gamle kvad som ein omreisande songar sa fram for dei, ein gong for lenge sidan. Særleg eitt av kvada har Ragnfrid bite seg merke i. Dette handlar om ein mann som hadde kome tilbake frå «kvalverdenen» (skirselden) og fortalt om pinsler han hadde sett: «Da hørtes gny fra helvedes dypeste grund, til sine mænd malte utro kvinder muld for mat» (Undset 1920, 366). Mannen som har kome tilbake frå skirselden, kan vanskeleg vera nokon annan enn visjonæren Olav Åsteson, og det går vidare fram at Undset her byggjer på Landstads kommentar til «Draumkvedet» i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968, 65). Formuleringa rapa mold i munn kling også med på slutten av Korset der den vesle guten som skal ofrast til pestgygra, får gravjord på lefsebiten (Undset 1922, 503).

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kransen

Kransen er første bind i Sigrid Undsets trilogi om Kristin Lavransdatter. Handlingen er lagt til første halvdel av 1300-tallet, og vi følger Kristin fra barndom og oppvekst på Jørundgård i Gudbrandsdalen til hun som ung voksen gifter seg. Mye av boken handler om Kristins nære forhold til faren Lavrans, et forhold som settes på prøve når Kristin møter og forelsker seg i Erlend Nikulaussøn av Husaby.

I 2020 er det hundre år siden Kransen ble utgitt for første gang. Det norske språk- og litteraturselskap markerer jubileet med en tekstkritisk utgave. Til utgaven, som er basert på førsteutgavens tekst, er det laget ordkommentarer, variantapparat og en nyskrevet innledning med bidrag fra i alt tolv forskere fra ulike fagfelt. Innledningen er tenkt som en inngang til trilogiens mangfoldige innhold så vel som til den forskningen som allerede er gjort.

Les mer..

Om Sigrid Undset

Forfatteren og samfunnsdebattanten Sigrid Undsets betydning for norsk og internasjonal litteratur- og samfunnshistorie er uomstridt. Hennes omfangsrike produksjon favner romaner, noveller, essaysamlinger, helgenbiografier, artikler og selvbiografiske skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.