Kransen

av Sigrid Undset

Lov og rett i Kransen

Jørn Øyrehagen Sunde, Universitetet i Oslo


Norsk mellomalderrett har vore eit viktig bakteppe for Sigrid Undset då ho skreiv Kransen. Særleg i dei to fyrste delane av romanen finst det ei rad eksplisitte referansar og diskusjonar om lov og rett. Døme på dette er når broder Edvin seier til Kristin at nokon har utlagt den kanoniske retten feil for henne, eller Kristin hevdar overfor Simon Darre at eit ekteskap er ugyldig om kvinna ikkje har samtykka til det. Men viktigast er likevel lov og rett som eit ofte usynleg bakteppe for handlinga i romanen. Dette gjeld til dømes referansen til dobbel – som er hasardspel – episoden der Lavrans Brynjulfsson vurderer å selja odelsgarden Skog, den korte forteljinga om den gamle krigaren Håkon som føretrekk å gå på legd framfor å ha tilhald på bare éin gard i alderdomen sin, referansen til tjodvegar, som vil seia allmennvegar, eller episoden der ein øydelegg dei kvite steinane nokon har brukt for å gje heidenske offer. Desse eksplisitte og meir usynlege referansane og diskusjonane om lov og rett er så mange at den som skal førelesa over norsk rettshistorie på fyrste halvdel av 1300-talet med fordel kan ta utgangspunkt i Kristin Lavransdatter.

Norsk rettshistorie er særs rik på lovbøker og lovsamlingar. Fram til 1300 er lovmaterialet vår beste kjelde til mellomaldersamfunnet. Den norske sagalitteraturen er i stor grad politisk historieskriving og gjev difor bare spreidd informasjon om folk sitt tanke- og daglegliv. Det er sjølvsagt alltid eit spørsmål i kva grad eit lovmateriale reflekterer samfunnet slik det var, eller om det bare er uttrykk for ein ambisjon om korleis samfunnet burde vera. I den samanhengen skal det fyrst nemnast at framstilling av lover heilt fristilt frå samfunnsrealitetane kjenner ein bare frå den utopiske litteraturen på 1700-talet, der ein brukte reint fiktive lover som ein måte å kritisera eksisterande rett på utan å koma i konflikt med sensuren. For det andre skal ein nemna at Sigrid Undset ikkje bare har lest lovmaterialet, men òg kjenner rettspraksis frå både kongen og kyrkja sine domstolar. Ho skriv til dømes at det var biskopen og domkapitlet som dømte i trolldomssaka mot fru Åshild. Det står ikkje noko om dette i lovmaterialet, men det var nettopp slik ein gjennomførte den einaste kjente trolldomssaka i norsk mellomalder i 1325, som vi skal koma tilbake til.

Kristin Lavransdatter lever på fyrste halvdel av 1300-talet. På den tida gjaldt kong Magnus Lagabøters Landslov av 1274 for landsbygda og Bylova av 1276 for byane, med ein serie seinare rettarbøter (tillegg) og andre lovordningar for land og by. I tillegg gjaldt erkebiskop Jon Raudes kristenrett frå 1270-talet, med eit bakteppe av kanonisk rett, i dei saker kyrkja hadde jurisdiksjon. Fullt så enkelt er det likevel ikkje.

Sigrid Undset har referansar som indikerer at ho òg har kjent til dei to landskapslovene den eldre Gulatingslova og Frostatingslova. Dette var regionale rettsbøker for Vestlandet og Midt- og Nord-Noreg, der ulikt rettsleg materiale var samla. Her finn ein alt frå kongeleg lovgjeving til tidlegare rettspraksis og sedvanar. Desse strekker seg i alle høve frå byrjinga av 1000-talet til nedskrivinga av dei manuskripta vi har bevart frå 1260-talet, men noko av materialet kan vera eldre. Når Sigrid Undset skriv om risungar (barn avla utanfor ekteskap), om einvirke (nokon som driv garden sjølv utan arbeidshjelp) og knyter fredlause til skogen, er dette henta ut frå reglar i desse to landskapslovene som ikkje vart vidareført i Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Sjølv om Landslova avløyste dei gamle landskapslovene som ei samlande lov for heile det norske riket, ser ein at det gamle rettsmaterialet framleis fanst i folk sitt rettsmedvit og påverka gjeldande rett, slik det òg gjer i Kransen. Det kan faktisk nesten sjå ut som om Sigrid Undset medvite let dei frå Jørundgård uttrykkje rettslege førestillingar henta frå landskapslovene, medan den sosiale eliten derimot er oppdatert på endringane som kom med Landslova av 1274.

Kristenrett er eit ganske uvanleg fenomen i Europa og spring ut av den sterke tingtradisjonen i Noreg. Kristne skulle følgja den kanoniske retten, som er kyrkjeretten slik den var utforma av kyrkja sine mange organ. I Noreg vart det gjort utval i den kanoniske retten, som så vart vedtatt på tinget som gjeldande rett i tråd med tinget si generelle lovgjevande rolle. Den eldste kristenretten skal vera den som Olav den heilage fekk vedtatt på Moster i 1024, som er bevart i den eldre Gulatingslova, og som det finst referansar til i Frostatingslova. I tillegg har ein kristenrettane for Eidsiva- og Borgarting, som er dei områda der Kristin Lavransdatter oppheld seg i Kransen. Men på det tidspunktet var desse gamle kristenrettane avløyst av ein serie kristenrettar utarbeidd i løpet av 1200-talet av kongs- og kyrkjemakt saman. Fyrst med Landslova av 1274 og Jon Raudes kristenrett frå same tiåret var kongeleg og kyrkjeleg rett for alvor skilt i Noreg. Det kan sjå ut som om dei mange kristenrettane frå 1200-talet fortsette å vera i bruk, samstundes som den kanoniske bakgrunnsretten meir og meir vart ei synleg kjelde til rett i seg sjølv. Kva som var gjeldande kyrkjerett på fyrste halvdel av 1300-talet, kan vera ganske usikkert. Igjen ser det ut til at Sigrid Undset medvite let dei frå Jørundgård uttrykkje rettslege førestillingar henta frå dei gamle kristenrettane, til dømes om kvinner sin giftingsrett, medan den sosiale eliten derimot er oppdatert på endringane som kom med Jon Raudes kristenrett frå 1270-talet.


Mellom kongs- og kyrkjemakt

I Kristin Lavransdatter er religion ein faktor som alltid er til stades. Slik er det i tankelivet, og slik er det med handlingar knytt til kvardag og fest. Men det var forskjell på kven som skulle formulera, setja i verk og handheva Guds vilje på jorda i form av rettsreglar. I mellomalderen var statsmakta delt mellom konge og kyrkje. Dette er klart formulert i Landslova av 1274, der det heiter at kongen er Guds ombodsmann i verdslege saker, og biskopen er det same i åndelege saker (ML II-2). Dette er tankegods henta frå tosverdslæra til Augustin, som i det norrøne lærdomsverket Kongsspegelen er framstilt som ei lære om to hus eller to stavar som Gud har gjeve konge og biskop for å styra i hans namn (Bagge 1987, 114–117).

I Kransen blir dette sett på spissen når Kristin Lavransdatter og Simon Darre sit i urtehagen på Nonneseter. Kristin hevdar då at ei kvinne som vert gifta bort mot sin vilje, kan ta saka til tinget for å få ekteskapet erklært ugildt. Simon Darre korrigerer henne og seier at saka må opp for biskopen. Biskopen var på 1300-talet i Noreg andre instans i det kyrkjelege domstolshierarkiet, og han dømte med brørne i domkapitlet i saker av eit visst omfang eller kompleksitet. Ekteskap er etter katolsk lære eit sakrament og var difor i mellomalderretten eit åndeleg spørsmål som det var kyrkja som laga reglar for, som så vart handheva i kyrkja sine eigne domstolar. Slik var det òg i Noreg. I erkebiskop Jon Raudes kristenrett frå 1270-talet er det eksplisitt sagt at ei kvinne må samtykkje til ekteskap eller gje andre kompetanse til å inngå ekteskap på hennar vegner (Spørck 2009, 128). Manglande samtykkje var så alvorleg at det åleine var grunn til å oppløysa eit ekteskap (Brundage 1995, 74).

Men slik hadde det kanskje ikkje alltid vore. Etter kristenretten for Frostating (FL III-22) og Eidsivating (EL kap. 23), der Kristin vaks opp, var regelen at ei kvinne aktivt måtte protestera innan eitt år om ho ikkje ville gifta seg med den hennar føresette hadde inngått avtale med. Eidsivatings kristenrett, som skriv seg frå 1100-talet og kan seiast å vera mindre strengt kanonisk enn kristenrettane frå 1200-talet, kan like godt lesast på den måten at ein slik protest skulle koma på tinget som for biskopen. Sigrid Undset let dermed ikkje Kristin ta heilt feil, men bare ikkje vere heilt oppdatert på korleis retten hadde utvikla seg.

Det er i det heile ganske typisk at både konge og kyrkje kunne laga lover som låg tett opp til kvarandre. Dette skuldast på eine sida at grensa mellom kongeleg og kyrkjeleg jurisdiksjon slett ikkje alltid var så klar. Er det eit verdsleg eller åndeleg spørsmål å til dømes lova meir enn ein kan halda i ein kontrakt? For ein avtale om yting og motyting er eit verdsleg spørsmål, men ei løgn er ei synd. På den andre sida skuldast det at konge og kyrkje ønskte å regulera visse handlingar som skapte uro i både det sivile samfunnet og den kristne fellesskapen. Eit slikt tilfelle kunne vera hor. Det å røma med nokon sin ektefelle var like mykje ei fornærmande handling som ei synd. Det er det som gjer at lagmannen i Steigen ønskjer å straffa Erlend Nikulaussøn for hor, for det var ei straffbar handling etter Landslova av 1274 (ML IV-27). Samstundes fortel Erlend at kvinna, Eline Ormsdatter, seinare stemna han til erkebiskopen i Nidaros for hans omgang med henne. Etter Jon Raudes kristenrett kunne ein kyrkjeleg domstol døma i ei slik sak (Spørck 2009, 131).


Fredløyse, bann og skogen

Eit tema som dukkar opp med jamne mellomrom i Kransen, og som må seiast å vera sentralt i boka, er fysisk eller følt utanforskap i form av fredløyse og bannlysing. Fredlause og bannlyste var dei som vart stengt ute frå samfunnsfellesskapen. Fredløyse var ein straff i den kongelege rettsordenen for ubotamål, som vil seia brotsverk som i utgangspunktet ikkje kunne gjerast opp med bot. Realiteten var likevel at ein kunne betala seg ut av fredløysa med vener si forbøn og store mengder gods (Imsen 2009).

I Landslova av 1274 finst det ei liste over både gamle og nyare utbotamål (ML IV-3, 4), der dei to kjernekategoriane er landsforræderi og falskmynteri, og ulike former for fysiske og sosiale drap og lemlesting. I realiteten var fredløyse òg ein konsekvens av at ein ikkje klarte å betala bøtene for eit brotsverk ein var skuld i. Han eller ho kunne fritt drepast, og freista difor ei liv i villmarka. Ein bannlyst vart utestengt frå kyrkjelege handlingar og dermed frå den kristne fellesskapen, og hadde ikkje von om frelse. Men ein bannlyst kunne likevel leva mellom andre utan å risikera anna enn sosial utstøyting. Eit døme på dette frå rettspraksis er Groa Munansdatter, som i 1317 bad om tilgjeving og vart løyst av eit bann etter å ha levd i 23 år i synd (DN II nr. 110).

Alt i byrjinga av Kransen er det skildra ei reise Kristin gjer saman med far sin og eit lite følgje opp til stølane deira på fjellet. Av bondekona Isrid vert Lavrans skulda for å fara for lempeleg fram mot dei fredlause. For, hevdar Isrid, han sparer ikkje bjørn og ulv, som òg gjer skade på folk sin buskap. Under den strenge vinteren gjev truleg Lavrans til og med hjelp til dei fredlause. Det er ikkje ei plikt etter Landslova av 1274 å drepa ein fredlaus, og Landslova handsamar ikkje tjuveri av dyr på beite. Etter Frostatingslova er utgangspunktet at dei som tek seg fram i villmarka utanfor veg og ikkje svarar når ein ropar til dei, fritt kan drepast (FL IV-40). Etter den eldre Gulatingslova var den som stal og slakta dyr som gjekk på beite, nettopp det Isrid skuldar dei fredlause for, ubotamann og kunne fritt drepast (GL kap. 253).

Tidleg i Kransen møter lesaren fru Åshild på Haugen. Haugen var ein einvirkesgard i Dovre. Einvirke er ikkje ein term nytta i Landslova, men i særleg den eldre Gulatingslova og Frostatingslova nytta om ein person som driv garden åleine utan hjelp av trælar eller tenestefolk som er eldre enn 15 år. Både fru Åshild og ektemannen Bjørn Gunnarssen er eigentleg av alt for høg byrd til å gjera gardsarbeid, noko Erlend òg spottar dei for på eit tidspunkt. Men dei har kome i denne situasjonen fordi fru Åshild skulle ha gjort seg skuld i bruk av trolldom, mellom anna for å binda den langt yngre og svært vakre Bjørn til seg. Trolldomssaka skal ha vorte avgjort av biskopen i Oslo og domkapitlet. Det finst faktisk ikkje reglar om straff for bruk av trolldom i Jon Raudes kristenrett frå 1270-talet. Det finst derimot i mange andre kristenrettar, og trolldom var utan tvil eit åndeleg spørsmål som fall inn under kyrkja sin jurisdiksjon. Den einaste trolldomssaka vi kjenner frå mellomalderen, var mot Ragnhild Tregagås i 1325 og gjekk for biskopen og domkapitlet i Bergen (DN IX nr. 94). Eit forbod mot bruk av trolldom finn ein òg i Landslova av 1274, der det vart rekna som ubotamål med fredløyse som straff (ML IV-4). At fru Åshild og Bjørn i staden fekk leva på ein einvirkesgard i Dovre var som ei form for mild fredløyse for folk av svært høg byrd.

Då Erlend Nikulaussøn fortel om si moster fru Åshild og hennar mann Bjørn, tenkjer Kristin på ein mann i heimbygda som skulle ha konspirert med ei gift kvinne om å ta livet av ektemannen hennar – det meinte ho heilt korrekt å vita var ubotamål (ML IV-3). I same samtalen fortel Erlend at han har vore bannlyst og måtta bøta dyrt for fred for forlik. Seinare fortel han at han hadde gjort seg skuld i hor med kona til lagmannen i Steigen, Eline Ormsdatter, som han etter ei tid rømte til Danmark med. Hor vart strengt straffa etter Landslova (ML IV-25), og koneran var mellom dei alvorlege brotsverk som vart rekna som ubotamål (ML IV-3). Ei av årsakene til at Erlend har så lite igjen av farsarven, er nettopp at han har måtta kjøpa seg fri frå både fredløysa og bannet. Det må ha vore dyrt, for Eline reiste tilbake til ektemannen, som tok henne inn i huset igjen. Ho meinte likevel han handsama henne dårleg, og det er etter dette at Erlend og ho rømte til Danmark. Dermed rana Erlend ei kone som han fyrst gjorde seg skuld i hor med, som deretter vart tilgjeven ekteskapsbrotet, før Erlend gjer seg skuld i hor med henne igjen. Det var like mykje ubotamål som sjølve koneranet. Dermed vart han dobbelt fredlaus etter Landslova (ML IV-25). Erlend skuldar noko av vanlagnaden sin på at kong Håkon var ein hard mann. At han i det heile fekk kjøpa seg fri frå slik dobbelfredløyse er vel eit teikn på gode vener og mykje gods, og ein konge som ikkje var alt for streng.

Abbedissa Groa Guttormsdatter fortel Kristin at hennar gamle ven frå Hamar, broder Edvin, hadde vorte refsa av sine føresette for å ha skrifta både skogmannsmenn og bannlyste, døypt barna deira og gravlagt deira daude. Ein skoggangsmann var ein fredlaus, og i både den eldre Gulatingslova og Frostatingslova vert ein fredlaus omtalt som nokon som lever i skogen. Skogarkaup er etter begge lovene å kjøpa seg fri frå fredløyse og vil bokstavleg seia retten til å flytta ut av skogen for å verta ein del av samfunnet igjen. I det heile er skogen staden for mørke gjerningar og representerer den uorden og det kaos som grensar til menneskesamfunnet. Typisk heiter det i Frostatingslova at ein risunge, som er eit barn avla utanfor ekteskap, er eit resultat av seksuell omgang i skog. I Kransen er det til dømes i skogen at Kristin som barn møter dvergmøya, og Kristin og Erlend har sine stevnemøte i skogen over Skog og i huset til Brynhild Fluga, som på kvar sin måte er stadar prega av det uføreseielege.


Valdtekt, hor og ekteskap

I Landslova av 1274 er det bare to referansar til skogen som ein stad dei fredlause rømer til (ML IV-9). Elles er skog ein stad med ein viktig naturressurs. Sigrid Undset gjev skogen same rolle i Kransen som den har i den eldre Gulatingslova og Frostatingslova, og lagnadsstyrande hendingar i Kristin sitt liv vert lagt til skogen.

Som alt nemnt vert Kristin med faren for å sjå til stølane, og det er på den reisa ho møter dvergmøya i skogen. Viktigare er at Kristin følgjer Arne Gyrdsson eit stykke på veg når han skal til Hamar, mellom anna inn i mørke skogen der han gjev til kjenne sin umogelege kjærleik til henne. Det er på vegen heim i mørke, med ein furuskog på nedsida og ei steinur på oversida av vegen, at ho vert overfallen av Bentein, som freistar å valdta henne. Valdtekt er eit av dei saksområda som førte til uro både i det sivile samfunnet og i den kristne fellesskapen, og var difor regulert i både Landslova av 1274 og i Jon Raudes kristenrett. Etter Landslova var valdtekt ubotamål (ML IV-4), som gjer gjerningsmannen fredlaus. Problemet var å bevisa valdtekt. Utgangspunktet i Landslova er at ein må ha to vitne. Viss ikkje må ein melda valdtekta same dagen, og så skal 12 gode menn avgjera saka. Det er på denne bakgrunnen ein må forstå både Bentein si utsegn om at Kristin dagen etter vil ha vet til å teia om det som har skjedd – ho har vore i skogen åleine og har ingen vitne som kan bevisa at samleiet vart gjennomført med tvang, noko som gjorde henne mistenkjeleg og ville sikra han frifinning. Det er opphaldet i skogen og det at Kristin ikkje har meldt valdtekta med ein gong, som gjer at Inga, mor til Arne, kan retta sine grove skuldingar mot Kristin når liket av Arne kjem heim til Finnsbrekken etter at han er drepen av Bentein i Hamar.

Kristin kunne ha gode grunnar til å ikkje melda frå om valdtektsforsøket til Bentein. For valdtekt var altså òg regulert i kristenretten, og etter den skulle ei kvinne bøta for seksuell omgang utanfor ekteskap sjølv om ho vart trudd på at ho vart tvungen til samleie (Spørck 2009, 135). Sjølv ei valdteken kvinne var dermed ein syndar i kyrkja sine augo og var det dermed i ålmenta sine òg. Ved fleire høve i Kransen, som i Ragnfrid Ivarsdatter sin samtale med Lavrans i låven på slutten av boka, vert både ære og liv knytt til ei kvinne sin møydom. Dette var nok det generelle samfunnssynet, i alle høve for den samfunnsklassen som Kristin høyrde til. Men det var verre enn som så. For dersom den som melde ei valdtekt ikkje vart trudd, ville ryktet hennar ikkje bare verta skada, men heilt øydelagt for all framtid. Kor stor skam det var for ei kvinne å ha samleie utanfor ekteskap, kan ein sjå av eit skifte frå 1487. Her heiter det at sønene skal arva foreldra, mens dattera Gro Arnesdatter ikkje skal ha arv før ho har betalt tilbake bota foreldra betalte til konge og biskop etter at ho vart gravid utanfor ekteskap, noko dei aldri ville tilgje henne (DN X nr. 265). Å melda ei valdtekt var altså å ta ein stor risiko, samstundes som det var umogeleg å koma frå det utan ein viss skade. Dette er nok årsaka til at vi frå mellomalderen bare har bevart ei sak der det fall dom for valdtekt (DN XIII nr. 163).

Det er vidare inn i skogen at Kristin og Ingebjørg forvillar seg når dei rømer frå ville dyr under marknaden utanfor Oslo. Det er tilbake inne i skogen at dei to tyskarane frå Rostokkskipa fører dei for å rana og truleg valdta dei. Medan Kristin redda seg sjølv ut av valdtektsforsøket til Bentein, er det Erlend og dei to sveinane hans som reddar henne og Ingebjørg ved dette høvet. For valdtekt er straffa fredløyse, og dermed dauden. For valdtektsforsøk skal straffa setjast etter skjønn, bare med den øvre grense at dei tiltalte ikkje kan dømast til døden (ML IV-4). Dei to tyskarane slepp dermed billig når dei bare får juling og vert jaga bort. Som med møtet med dvergmøya og med Bentein er Kristin igjen i stor fare, og igjen vert lagnaden hennar avgjort i skogen, denne staden for uorden og kaos.

Kristin og Erlend møtest seinare i skogen over garden Skog, som far hennar avhenda til bror sin. I samtalen mellom dei vert valdtekt i skogen igjen eit tema, men det som skjer, er at Kristin mister hjarta sitt til Erlend. Erlend fortel henne at gjennom samleie vert ein i Guds augo gift. Broder Edvin fortel seinare Kristin at dette er ei tvilsam tolking av kanonisk rett. Det har broder Edvin rett i. I Jon Raudes kristenrett heiter det om dette: «Men etter syndefallet ble det ordnet på den måten utenfor paradiset at kjønnsdriftenes utillatelige begjær, tilbøyelig til heftig utuktig lidenskap, skulle avhjelpes ved sømmelig forening i det hellige ekteskap» (Spørck 2009, 127). Samleie før ekteskap var ikkje det Jon Raude her hadde i tankane som sømeleg. Det interessante juridiske spørsmålet er om Erlend igjen gjer seg skuld i hor når han denne kvelden har samleie med Kristin. Ho er ikkje gift med Simon Darre, men dei er trulova. På dette punktet var Jon Raudes kristenrett klar:

[…] forlovelsen er ikke bare en forlovelse, men ekteskapet er så forpliktende at selv om en annen siden forlover seg med henne ved hjelp av de samme ordene og holder bryllup med fullbyrdet legemlig omgang, og han til tross for dette har fått en annen på samme måte tidligere, da skal begge ekteskapene erklæres for oppløst, og det som først ble gjort uten forhindringer, skal holdes etter Guds lov. (Spørck 2009, 128)

Forloving bandt to saman som om dei var gift etter kristenretten. Det er difor Simon Darre med rette kunne stiga ned i Kristin si seng, difor mor hans kunne verta fornærma fordi Kristin avviste han, og difor Simon Darre kunne troppa opp på loftet til Brynhild Fluga og henta Kristin som hadde kome dit for å vera med Erlend. Det er difor Erlend gjer seg skuld i hor når han har samleie med Kristin. Kristin på si side gjer seg skuld i eit brotsverk utover hor – ho gjev avkall på sine frendar sitt råd i giftingssaka si. Når Erlend planlegg å røva Kristin bort frå Jørundgård medan Lavrans og Ragnfrid er bortreist er dette ein av tinga fru Åshild understrekar når ho rådar han frå gjerninga. For etter Landslova vil Kristin med det gjera seg arvelaus (ML V-2).

Ikkje bare overfor Simon Darre, men òg foreldra sine, trekker Kristin fram at ho aldri sjølv har sagt ja til ekteskap. Lavrans seier då at ho heller aldri protesterte i løpet av den to år lange trulovingsperioden. Som alt sagt, var regelen etter Frostatingslova og kristenretten for Edsivating at ei kvinne måtte protestere innan eitt år om ho ikkje ville ha den som hennar føresette valde til hennar ektemann. Fyrst med kristenrettane frå om lag midten av 1200-talet vart det lov at ei kvinne måtte samtykka til ekteskap (Spørck 2009, 89), noko som òg vart vidareført med Jon Raudes kristenrett (Spørck 2009, 128).

På eine sida vart altså ei kvinne arvelaus om ho gifta seg mot frendane sitt råd, og ho måtte på andre sida samtykkja eksplisitt til ekteskap (Brundage 1995, 74). Dermed rådde kvinner sjølve over kven dei skulle gifta seg med, men det kunne ha store konsekvensar. Dette må ein sjå på som eit kompromiss mellom to ulike omsyn. Etter kristenretten var giftingsalderen for kvinner tolv år (Spørck 2009, 128). Ifølgje Landslova var ein myndig og kunne disponera over eigen eigedom når ein var 20 år. Dette er formulert i samband med kvinner og giftarmål (ML V-2). Kristin vert forlova med Simon Darre når ho er 15 år gamal, og er 18 år når ho vert gift med Erlend. Med ekteskap følgde ulike eigedomstransaksjonar. Dette er tydeleggjort i Kransen når Munan Bårdsson for andre gong frir på Erlend sine vegner, og presenterer eit brev frå Erlend om korleis Kristin skal sikrast økonomisk i ekteskapet. Det vert tydeleggjort under sjølve bryllaupet i samband med alle gåvene som høgtidleg vert lagde fram. I høve til alt dette er Kristin altså ikkje myndig, det er far hennar som rår over hennar eigedom, og far og mor hennar som rår over kven ho skal gifta seg med. Sjølv om Kristin var fylt 20 år, ville det vera far hennar sin eigedom som ekteskapet fekk konsekvensar for, og han ville dermed framleis rå for ekteskapet hennar. Men straks ei kvinne hadde eigen eigedom, vart situasjonen ein annan. Etter Landslova skal ei kvinne som har teke arv og dermed fått sin eigen eigedom, sjølv råda for kven ho gifter seg med (ML V-1)


Den usikre kyrkjeretten

Sigrid Undset er oppsiktsvekkjande sikker og korrekt når ho handsamar alle desse tema i Kransen. Norsk mellomalderrett må ha vore ei inspirasjonskjelde til å forstå tanke og kvardag i mellomalderen. Ein kan mistenkja at den òg er brukt når eit tema skal skildrast og forfølgjast. Utfordringa har vore at når ein kjem ut på 1300-talet, gjev kristenretten ikkje eit godt bilete av den jurisdiksjon som kyrkja hadde, fordi kanonisk rett etter kvart fekk den plass i den kyrkjelege rettsordenen som den eigentleg skulle ha. Fleire episodar i Kransen som opplagt kom inn under den kyrkjelege jurisdiksjon, har Sigrid Undset ikkje hatt kjelder til korleis vart handsama i Noreg.

Dette gjeld fyrst at Fru Åshild vart tiltalt for trolldom. Som alt sagt er ikkje dette eit tema etter Jon Raudes kristenrett, medan dei eldre kristenrettane ikkje gjev eit adekvat bilete av korleis ei slik sak prosessuelt ville verta handsama på 1300-talet. Når det gjeld trolldomssaka, var saka mot Ragnhild Tregagås i 1325 kjent og særskilt publisert (Munch 1838), og kunne brukast som førebilete. Det finst heller ikkje noko klart grunnlag for bannlysinga av Erlend etter at han rømte med Eline til Danmark, eller for gudsdomen Kristin gjev seg i vald når ho held handflata over eit brennande lys for å bevisa at ho ikkje har oppført seg usømeleg med verken Bentein eller Arne den dagen på vegen gjennom skogen. Likevel er desse episodane rettshistorisk trulege ut frå ein meir generell kunnskap om norsk og europeisk mellomalderrett. Meir problematisk er Bentein sin lagnad etter at han hadde drepe Arne i biskopsgarden på Hamar, då han vart utstøytt frå kyrkja og dømt til å hengjast. Dette var ei sak som skulle avgjerast etter kristenretten, sidan drapet skjedde i eit område som fall inn under kyrkjeleg jurisdiksjon, og sidan både drapsmann og den drepte var ein del av kyrkjeleg jurisdiksjon. Men etter Jon Raudes kristenrett var straffa bøter og eventuelt formuekonfiskasjon og ikkje døden (Spørck 2009, 110). Det kan vera at Sigrid Undset meinte ein òg kunne bruka Landslova av 1274, og i så fall kunne fredløyse og død vera ei mogeleg straff (ML IV-19). Men henging var ei straff som i Landslova er reservert for tjuvar, og då bare i heilt spesielle tilfelle (ML IX-1). Så det er vanskeleg å sjå at straffa Bentein vert idømt er anna enn ei litterær oppfinning.

Einaste gongen ein sikkert kan seia at Sigrid Undset skriv noko som er feil, er når Erlend fortel at lagmannen i Steigen ville han skulle brennmerkast for hor med kona hans. For det fyrste er det høgst usikkert at lagmannen i Hålogaland på dette tidspunktet hadde opphald i Steigen. Mest truleg sat lagmannen i Vågan, som var einaste byen i området, slik det sat lagmenn i dei andre norske byane med unnatak av biskopsbyane Hamar og Stavanger. For det andre var brennmerking etter Landslova av 1274 bare ei straff for tjuveri (ML IX-1). Det var heller ikkje ei straff for hor etter Jon Raudes kristenrett. Men kanskje er denne feilen eit poeng i seg sjølv – det er høgst usikkert kva som er sanninga om Erlend sin relasjon til Eline og ektemannen hennar i Steigen.


Den rettslege og sosiale arva etter mellomalderen

Då Sigrid Undset skreiv Kransen, var det i utgangspunktet få restar av norsk mellomalderrett igjen. Kyrkjeleg jurisdiksjon fall i stor grad formelt bort 1521, og i praksis i løpet av siste halvdel av 1500-talet. Landslova av 1274 vart avløyst av Kristian Vs norske lov i 1687. Frå byrjinga av 1700-talet var det få fredlause å finna i villmarka, og skog og fjell vart for alvor ein del av, og ikkje motpolar til rettsordenen. Seksuell omgang mellom ugifte vart avkriminalisert i 1811, og seksuelle brotsverk mellom vaksne vart generelt færre og færre utover 1800-talet.

Sjølv om reglane vart endra og einskilde institutt forsvann gradvis, var det påfallande mange trekk ved den mellomalderske rettsordenen som framleis gjorde seg gjeldande i byrjinga av 1900-talet på eit djupare nivå. Odelsretten, som vart sterkt endra og utvikla i løpet av 1200-talet, vart endra ved fleire høve før den i realiteten vart avskaffa i 1811, men så innført på ny med Grunnlova i 1814. Bøndene si vegarbeidsplikt vart mykje endra, men stod ved lag ut 1800-talet. Legdsinstituttet, innført i Håkon IV Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263, vart reformert på midten av 1700-talet, men ikkje avløyst av eit nytt fattigomsorgssystem før 1900.

Viktigast i høve til Kransen er nok likevel utviklinga av retten til eit kjærleiksliv og ein seksualitet, særleg for kvinner. Å ha kontroll med dette både juridisk og sosialt var viktig i mellomalderen for å ha kontroll med eigedom. Frå midten av 1800-talet skjedde store endringar når det gjaldt kvinner sine retter – til å ta lik arv med menn, til å forvalta eigen eigedom, til å motta barnebidrag og til å stemme ved lokale og nasjonale val, for å nemna viktige milepælar opp mot utgjevinga av Kransen. Likevel viser dei heftige diskusjonane rundt dei castbergske barnelovene frå 1915, då mellom anna barn født utanfor ekteskap vart likestilt med barn født innan ekteskap, at kvinner sitt kjærleiksliv og seksualitet enno var eit sensitivt emne. Ikkje minst i bondeorganisasjonane, med sitt fokus på odelsrett i overføring av eigedom, var motstanden mot lovene stor. På dette feltet strekte mellomalderen seg lengre inn i det moderne enn på noko anna.

Skamma som Kristin etter kvart skulle føla, og lengten som Lavrans og Ragnfrid til slutt ikkje klarer å skjula for kvarandre, var dermed både mellomaldersk og relevant i 1920. Dei som las Kransen då romanen kom ut, kunne difor framleis identifisera seg med folket på Jørundgård. Ikkje bare fordi i hjarta er mennesket likt til alle tider, men fordi dei idear og førestillingar som er knytt til rettslege reglar og institutt, kan leva vidare på djupare sosiale nivå.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kransen

Kransen er første bind i Sigrid Undsets trilogi om Kristin Lavransdatter. Handlingen er lagt til første halvdel av 1300-tallet, og vi følger Kristin fra barndom og oppvekst på Jørundgård i Gudbrandsdalen til hun som ung voksen gifter seg. Mye av boken handler om Kristins nære forhold til faren Lavrans, et forhold som settes på prøve når Kristin møter og forelsker seg i Erlend Nikulaussøn av Husaby.

I 2020 er det hundre år siden Kransen ble utgitt for første gang. Det norske språk- og litteraturselskap markerer jubileet med en tekstkritisk utgave. Til utgaven, som er basert på førsteutgavens tekst, er det laget ordkommentarer, variantapparat og en nyskrevet innledning med bidrag fra i alt tolv forskere fra ulike fagfelt. Innledningen er tenkt som en inngang til trilogiens mangfoldige innhold så vel som til den forskningen som allerede er gjort.

Les mer..

Om Sigrid Undset

Forfatteren og samfunnsdebattanten Sigrid Undsets betydning for norsk og internasjonal litteratur- og samfunnshistorie er uomstridt. Hennes omfangsrike produksjon favner romaner, noveller, essaysamlinger, helgenbiografier, artikler og selvbiografiske skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.