Det kjem ikkje heilt or ulvekjeften
som i er kome –
Sevat var burti mangt denne vinteren. Han var komen inn i ein ringdans, der han vart kasta styrelaus ikring av magter som stundom bar han yvi båretoppen, men oftare og oftare slengde han inn på kanten av malstraumen –
Denne tida, då Gunhild låg nedfyre, og han illtreivst so inderleg heime, hadde vanheppa vore i hælane på han ute og.
Han tok til å fæle, såg meir og meir, at han hadde køyrt seg fast. Nyst var han millionær i tyske mark og russiske rublar, og tok inn utruleg på skipsaksjer og skog. No stod med ein gong stortrolla derute og gap-lo åt han og ropte tosk!
Han skyna ingen ting; koss i heite kunde slikt gå for seg!
Og fabriken han fekk Gunhild til å gå med på å setja pengar i, mest alt dei fekk for siste skogteigen, den rauk fyrr han var komen i full drift. Og slik ein nåde det hadde vore å få vera med der. Men kvar krone gjekk ti! botnar i eit veldugt svart gap –
Det var eit lån på garden fyre hans tid; no var 183det mange; snart var storparten pantsett. Og no trong han eit nytt lån att for å greide dei gamle. Og ein dag stod han i det store, heimehuglege kjøken-rome på Vestgard med eit papir i lumma som han måtte freiste å få underskrift på.
Kring langborde sat husbondsfolke med vaksne born og tenarar og fekk seg dugurd. Store jarnpanner med steikt flesk, tretraug med dampande jordeple og kvite trebollar med kjillarmjølk var framsett millom flatbrødhaugane –
Det var seks søner og ei dotter på Vestgard, og no var det arbeid for mest alle heime. Berre yngste sonen var enno ute på skule; han vilde bli lærar. Den eldste var utlært ved høgskulen på Aas og styrde no garden saman med far sin.
Elles var det arbeid nok i dei seks tusund mål skog som høyrde garden til, i smia, snikkar-verkstaden og det store fjøse. Av leigd hjelp hadde dei berre ei ung gjente og ein dreng til underbudeie. Næst-eldste sonen var «overbudeie» eller «sveitser» dei kalla, og han hadde ogso gjenge dyrlækjarskulen, og var til stor hjelp for mange i grannelage på sin måte, som far hans var det på sin. Vestgardsfolke var namnspurd både for dugleik og hjartelag.
Arne sjølv var godlynd og klok, hadde auka gamall velstand og kunde hjelpe i mang ei naud. Desse små grendene heruppi fjelle var verda hans; ansvar kjende han her for alt og alle, og alle hadde tillit til han og spurde han tilråds. Og byrg var 184han fordi bygda hans etter måten gjorde komuna mindre bry enn mange større og rikare krinsar.
Folk var sjølvhjelpte, um det enn var smått for mange. Og ingen lensmann hadde ærend dit, for folk var so ærlege, at ikkje den største armod fekk dei til å stele frå kvarandre eller snyte i handel.
Og um ein liten brukar miste eit dyr ved ulukke, var det som ei uskrivi lov, at grannar som hadde råd med det la saman og bøtte skaden. Og soleis hjelpte dei ogso kvarandre når storarbeid stod på. Heldt doning på nybrot og taktekkjing, og det vart altid som ein grendefest, som slutta med leik og dans –
Og i alt sovore var Vestgardsfolke fysst og sist.
At han Sevat kom soleis ein kvardag midt i arbeidstida var ikkje for det gode; det skyna dei straks, men ikkje tedde det på dei, at dei undrast. Dei tok imot gjesten rolege og blide, sæte vart framsett og praten kom igang um ver og vårvoner.
Han kom gangand’ idag, Sevat, og Arne skjemta harmlaust med det. «Du pla’ no koma på gummihjul, du,» sa’n, og fann eit grand åt han, fordi han hadde fått motordilla, han og.
Men då folka reiste seg frå matborde vart Sevat beden inn i kammerse, og fagna fint på kvitduka bord med kaffi og allslags bitetiForfatternote: Biteti: kaker av ymse slag. av heimeslage. Men då Arne og han vart åleine, kom han fram med ærenda si. Han trong eit lite lån i eit knipetak, 185og vilde be Arne skrive under på eit papir. Det var sjølvsagt berre ei formsak, for verde var det som Arne sjølv visste, nok av enno på Buvin.
«Eg har vore dum og godtruen, eg som alle andre no ei tid» sa han og lo so smått, «du vet eg er impulsiv, eg liksom tyske-keisar’n –»
Arne smilte roleg. Ja, det var so det.
«Men lån er ofte verst for den som fær det, veit du. Mange lån er møllesteinen kring bondens hals. Du er tilsist som fisken i ringnota, kor du vender deg er det stengt med renter og renters renter, so du ingen stad slepp ut. Låna gneg på garden som skot.Forfatternote: Skot: små mus. Sjå no han Gullik, no sit han som reven i glefsa for tankeløysa si. Har somla burt en tå beste galom i bygda. Itte har’n drøkki mer hell andre, itte har’n spela kort hell tura med kvinnfolk; det er berre tankeløyse og slarvestell» –
Sevat kjende det heile tida som Arne tala um Buvin, der han no hadde styrt i ti år. Og han vart heit der han sat. Men han freista le. «Ja, han Gullik! Men du mene full’ itte at»…
«Nei, du vet, men – låna gneg på Buvin og. Og mange andre garder som skulde vera gode nok. Forretningane sluker tida, so det vert lite med arbeid.
Men arbeidsro lyt det vera på ein gard; det er arbeide som ber alt for bonden. Og umtanken, en lyt måna seg fram litt um senn» –
«Ja ja du vet det. Likevel – i desse tider, so 186er det ikkje altid den gamle lova som gjeld. Men, er so du er rædd, so» –
«Nei, for det. Men ingen vet kor det ber av med noko no. Einaste vona er full no som altid å halda seg til det som naturleg er for bonden og gjere det en kann der. Ettersom det ser ut, so har me vøri på toppen med prisar og storhogst.»
Sevat drog på akslom. Det prate hadde han høyrt so ofte, og det var no ymse meiningar um desse ting –
Arne saug ettertenksam på pipa, og såg framfyre seg. Det var full so. «Men det spørst um me kjem til å legge noko kvarv på galom våre, dette ættlede likevel. Det skal full bli vanskeleg nok, um ein er aldri so varsam» –
Hjarta vart tungt i Sevat. Ikkje at han åtte den kjensla for Buvin som desse andre hadde for ættegardom sine, det var ikkje religion for han, og meir enn ein gong hadde han stogga framfyre denne ættegards-dyrkinga i harm og motvilje. Han fann ho reindyrka i tvo menneskje der lagnaden no hadde sett han, og han tykte dei var som innkvervde i fjelle, og ikkje åtte raudt mannablod i årom. Men han kjende det som han måtte gå til botnar i den store søkkemyra han all sin dag hadde slite for å koma upp av, um han no ikkje fekk den fjøl-stubben han stira etter til å halda seg uppe på –
Men då rette Arne seg i stolen; han vilde skrive på denne gongen, var so dei kunde få eit namn til, som banken vilde godtaka. Det var ikkje so mange av dei nett no. Det var no det, at Buvinfolke var 187av ætta hans, og so fekk ein gjera det ein kunde i det lengste –
Sevat hadde vondt for å løyne kor glad han vart, augo vart so varme, og han måtte snyte seg både ein og tvo gonger. No var han berga denne gongen og so kunde det store undere skje. Enno var ikkje all von ute –
Og dagen etter hadde han namnet til den velsigna Gamle-presten attåt Arne Vestgards. Gildare nytt kunde han ikkje koma heim med til Gunhild. No kunde dei sjå, dei som gjekk der og tala um tvangsaksjon og skula til Sevat. Når desse tvo karane våga namne sitt, måtte dei vel tru på han. Og det var vel folk som skyna seg meir på forretningar enn ei ung gjente og ein eldgamall gubbe –
Sjølv hadde Gunhild enno aldri mist trua på han, kor gale det kunde sjå ut. Gale gjekk det for alle snart; koss skulde dei vente å sleppe unda Guds straffedom meir hell andre! Og når han la papir framfyre henne, vilde ho knapt lesa det ho skreiv under på –
Sevat hadde gått av vegen for gubben lenge no; rekneskapen med føderådet var han redd for.
«Denne gamlingen er som gamalosten,» sa han til Gunhild; «han vert sterkare di eldre han bli’». No hadde han ogso teke til å gå rundt i galom og klage seg for vanstelle på Buvin. Sevat fekk høyre att nok til å vita kvar han no hadde den karen. Ikkje minst for gubbens skuld velsigna han då no dei tvo som hadde berga han.
Ogso Gunhild gjekk unda Anders. Det var ein 188kross vårherre hadde lagt på henne, og ein fekk bera det i tòlmod. Men då Sevat ein dag sa høgt til henne, at no kunde gjerne vårherre få ta denne gubben som gjekk der og sette vondt ut um dei millom grannefolke, då vart ho fæli. Ein kunde då ikkje ynskje livet av han likevæl.
«Jau,» sa Sevat uvyrden, «det kann ein, men ein kann diverre ikkje ta det». Han var sint.
Jøss, kor han tala! Tenk um nokon høyrde han. Men det var ikkje råd anna enn ho måtte smile før lite grand. Han var so munnkåt, han Sevat, men han meinte no ikkje større med det.
Det siste sa ho liksom til vårherre. –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.