Hjorten spelar i heio nord, hau!
Sevat gjekk so kvast som han hadde ærend – han trong lye på eit sterkt mål og sjå eitkvart med troll i!
Han var leid seg. Leid seg so han sputta.
Det sku ingen vera menneskje. Armslag og olboge-rom fanns ikkje i denne verda!
Den som fylgjer elva kjem eingong til sjøen sa dei. Men elva gjorde mange krokar – ein såg ikkje frå den eine til den andre. Det var som ho mor sa – krokute veg millom vogga og grava.
Ja ho mor! Gonglage vart tyngre, der han gjekk. Han såg ho for seg lita og grå i den vesle stugua uppmed sjøen. Lenge sidan han var der no – troll visste kor det vart av tia –
No var han tretti år snart og hadde vore burti mangt, men var ikkje lenger komen – gjekk her tenar for tvo kvinnfolk – bunden som ei bandbikkje. Men ho mor var som tia, ho, let seg ikkje binde. Vilde ikkje på gamleheimen, vilde vera for seg sjølv med munnspele sitt og den lurvete høna. Lika ikkje anna folk enn skogkarar som slong innum.
Ho var ikkje som andre. Halvskrullut sa dei, 57hæ – hadde no likevel vett for mange. Men ho hadde fått freste verda ho mor. Den eine hev lukka, den andre hev tome krukka, og han vert ikkje altid feit som mest veit; alle ting lyt hende fyrr verda tar ende. So hende det og, at ho kom på vidåtta det åre då tuva itte vart grønn på nordsida heile sumaren. Og ho kom att med skamma.
Han lo. Skamma det var no han som her gjekk –
Men ho mor var ikkje av det slage som trega. Alt er visare enn menneskja, sa ho, og berre den som ingen veg har gått har ingen bakke møtt. Ho vilde ikkje byte med nokon berre ho fekk vera for seg sjølv og ha «skamma» si i nærmunom. Og um det ikkje plent var difor han hadde vend vegane sine uppi her att, so måtte’n vedgå for seg sjølv, at det hadde gjort sitt.
Den vesle stugua uppi skogen drog. Han hadde sanna, at ein ikkje skulde kasta burt det små fyrr ein hadde det store – og det store, det hadde han ikkje – enno.
Ikkje var det berre godt i ho mor, nei; men der det ikkje fanns vondt, var det ikkje noko godt hell. Gull var gull, um det låg i søpelhaugen. Kva var det i dei han no slong imillom? Graut og gudsord. Nei, ho mor var som vårflaumen, ho. Grus og gyrme var blanda i klåre brevatne. Ein måtte gje ho både ris og ros, men ho var ny stødt, i ævleg skifting som nordlyse var hugen hennar. Koss kunde dei skyna henne, desse andre? Men himmelen var 58blå, um ikkje den blinde såg det. Han brydde seg fan um dei andre –
No høyrde han duren av fossen like under seg. Han bura som ein bøling sinte uksar! Og slik ei trollmakt skulde renne til havs i all æve utan å gjera gagn for seg! Slik helvetesmakt! Det var so ein kunde bli galen av å høyre på denne buringa!
Men kven høyrde uppi her! Dei skyna ikkje meir enn sauen, og såg ikkje lenger enn si eiga nasa – drakk Zulukaffi og las i alnakka, medan stortrolla uppi fjellom stod og slepte vatne og lo seg mest ihel av toskeskapen!
Men for han skulde dei visst få sitja i haugen både ho Berit stornase og mor hennar; tom pung andres pengar er i. Men den dagen kunde koma då dei fekk lære, at den som knepper handa for hardt att, fær ingenting i ho. Skitt i altihop; jord og jinter er det nok av, sa Smestad’n.
Men at all denne herlegdomen skulde vera i kvinnfolkhendar var å spotte vårherre –
No hadde dei sjangsen, prisane var so ein mest ikkje våga tru på det. Ein kunde hogge og kaupe seg inn i den nye treforædlingsfabrikken, ein kunde… men kva gagn var det i å tenkje –
No stod han på ytste rabben yvi falle og kjende det friske vats-dreve i andlite, det svala so godt! Han blinda att augo og anda langt ut. Nei, den innkvervde prinsessa skulde visst få sitja for han – ikkje var han verre vengjeskotin enn han lette att etter den smellen.
Han stod ei stund og stridde med ein stor harm 59som brann i han, reiv seg so laus med eit bråkast i tanken, og var med ein gong inne i ein gamall draum – der nede stod gullkvenna og mol!
Kvi skulde det ikkje vera gull i fjella her!
Då han gjekk for presten las han ei bok um gullgraving i California, og lenge etter låg han og grov i elvsanda, so han kom heim utan eit bein frå fisketurane sine. Men ho mor var ikkje den som spurde etter fisk når han kom med eventyr, kor arm ho var.
Og no visste han meir um den ting, og at det fanns gull her kunde han forplikte seg på. Ein fekk berre vente. Han ventar ikkje for lenge, som ventar på ein god dugurd. Men so var det no det og, at kua kunde døy med’ grase grodde. Og tia ho gjekk – Med eitt stakk det han, at han vilde nedi djuve, under sjølve storspruten – likso godt eit realt laug, når ein var våt lell. Han turka andlete med luva, sovidt han såg, sette seg på enden og let seg gli nedyvi skråningen, der det var ei sleip renne full av høgt og søkkvått villgras og kjempediger blåtoppa lushatt.
Han krabba yvi grønskesleipe steinar, dumpa ned i jordhol, blåheldt seg i seige seljerunnar og sat endeleg på den store steinen under kvitdreve, heit so det dampa av han.
Mang ein god dag var gått sidan han sist ok seg herned, og no tok det mest pusten frå han og gjekk som snøelingar gjenom holde. Og snart spratt han upp, skok seg som ein våt hund og grov seg uppyvi råsa att med hendar og føtar.
60Den gufsen dernede kunde svimeslå ein bjønn. Men han visste det som kunde temje trolle – berre venta go’ kar!
Her kunde bli storindustri! Botnlause rikdomar gjekk gjenom denne gullkvenna, men ingen vyrde dei!
Buvin og Hallemoen åtte ho ihop, men dei sov den ævlege svevnen –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.