Hildring

av Hulda Garborg

I eventyre

Det stend ei bjørk i Bjålandstune
ho blikrar med lauve på;
det kvite hadde eg esla meg,
det svarte mone eg få –

Det hadde vore storkrig ute i verda; civilisasjonen hadde gjort sitt meistarstykke, og millionar var drepne, med’ andre millionar svalt ihel; folk livde som usselt fe, der jorda var grøderik som paradishagen. Hendane som skulde arbeide var tekne til storblote for tidens gudar –

Men i dei små nordlanda sat folke i ro og avla mat til slaktarane og hogg skogen sin til å fyre under blot-kjelane med. Prisane dei fekk for alt var eventyrlege, so jamvel den rolege øysterdølen miste vite og vart jobbar. Alle som kunde lyfte ei øks fekk arbeid og tente store pengar, bøndane vart spekulantar, grosserarar og «godseigarar», og sønine deira ingeniørar, disponentar og direktørar. Det store ideale for ungdomar vart «generaldirektøren». Tilsist vart det som ein åndeleg St. Veitsdans breidde seg i alle samfundslag; ingen åtte lenger ro eller nattesvevn for berre gulldraumar.

Litt tid tok det fyrr dei små fjellbygdene kom med i leiken, og ikkje alle vart galne der. Men det 104var mange nok, um det enno var etter måten roleg uppi øvste norddalom.

Men di lenger Sevat kom søretter, di meir fekk han kjenne, at lufta var ladd med ei fengjande uro. På stasjonane flaug folk på han og kviskra so mykje som han snautt skyna.

«Smør?» sa dei og blunka. Og «ost» sa dei, og vilde stikke pengesetlar til han.

Han vart mest rædd og skunda seg inn til dyra sine att.

På stasjonen i Oslo vart det endå verre. Folk nappa i han og var blide. Men so rare i augo. Mest som galne. Og dei baud prisar som enno ingen uppmed Hildra og Sirilsjøen hadde drøymt um.

Tilsist måtte han mest røme, for å bli dei kvitt –

– Det fyrste Sevat måtte gjera i byen, då han hadde levert vogna, var å kaupe seg klæde. Ikkje kunde han syne seg på «Solung-børsen» i den munduren han hadde sove millom sauom i. Og innom der vilde han. For det var ikkje berre i Sant-Hansmarken det var folksamt der, hadde han høyrt. Kann hende ein kunde slompe burti både han Simen Sundet og grosserar Mørkel der, og dei kara var han huga til å prata litt med att. Etter alt han hadde høyrt gjekk det for seg store ting nedi her nå, og kven visste – kann hende kunde han endå bli «betinger». Eller eitkvart anna so burtimot, til dømes disponent for noko slag forædlingsfabrikk –

Og so fekk han kjend fylgje i by’n, og vart kanskje beden på middag – dei såg ikkje på skillingen slike karar –

105– Det stod ein flokk tungklædde karar i hotelgangen då Sevat kom inn blank og nyraka i duveblå dress frå Brødrene Dobloug og det fine amerikanske gullkjede sitt utanpå vesten.

Han strauk av seg hatten, som ogso var ny og duveblå, og gjekk blid og halvt blyg burtåt kara, som han straks takserte til storelv-døler. Fine var dei, og stod messom so stødt på fotom. Eit par av dei yngste hadde bysving på seg, likevel såg ein dei var bondegutar.

Men Sevat kjende seg ikkje mindremann, no han var ny og duveblå all igjenom.

Duveblå!

Han hadde gått og kjæla for dette orde på vegen frå hotelle i Vognmannsgata, der han budde. Han såg heile Sirilsjøen når han sa det – det var mest so ein måtte syngje det –

Han helsa inn i flokken og sa gudag, men dei var i slik morosam prat, at dei aldri ansa han. Berre ein som stod litt for seg sjølv, letta sovidt på luva.

Dei prata um ein fest dei hadde vore på igår og lo og minntes. Millom dei sat ein breid, raudleitt kar ved eit lite bord, slørøygd og ufsen, i tung bakrus.

«Champanje nummer en, huf gut!» lespa han; «det grys i meg» –

Ja, han Mørkel spara ikkje! Det vart ein langdrug middag, men so vart det og storhandel!

Og no tok dei til å diskutere prisar.

Han Sevat lydde so øyro stod på stilkar. So 106var han Mørkel i byen! Budde på Grand. Då var full det endå finare enn her.

Han som sat ved borde, heldt seg for skallen og tok til å tala halvt for seg sjølv um ein køyretur. Alle bilar som fanns i byen! Ha – ha – ha! Ja slik moro! Han la seg flat yvi borde og lo so han hiksta –

Då våga Sevat seg til å spyrja ein av dei unge, um det var han Mørkel frå Fredrikstad, som var i by’n? Og den ljoshåra guten svara pynteleg at det var han, ja. Men no var’n reist. Han hadde som eit slag seng i bilen sin, so han køyrde både natt og dag, han. Um Sevat kanskje kjente grosseraren? Jau, det var kje fritt. Og Sevat fortalde at han nok hadde havt den karen til nattegjest nysst.

«Okken som spanderte, segje du?» ropte ein i flokken, og peika på den unge mannen Sevat tala med, «der står syndar’n!»

Alle bila som fanns i by’n! Sevat berre glåpte; det var som han høyrde eventyr.

Den unge mannen smilte berre so smått, slog upp ein fin bisamfora bilfrakk og såg på klokka. Han måtte sjå til å koma på heimveg. Men fysst skulde han eit snarærend uppi by’n. Han hadde glømt, at han skulde kjøpe eit nytt pianoforte til fruva si. Dei tvo gamle stod på salen, men ho vilde ha eit nedanunder no tel vinter’n. Ho var komen frå ein storgard nedmed Mjøsa, hadde vore i Tyskland og Paris og lært pianospel, og visste kva ho vilde. Ho kunde ikkje «legge musikken på hylden» um ho gifte seg på ein bondegård.

107So sprang han ut med ei flott rundhelsing og kasta seg i den store bilen som stod utanfyre og dura uppyvi Carl-Johan.

Men han som sat ved bordet rumla med sitt. No var han like fan glad okken som spanderte, han vilde berre veta korr i helvete døm hadde vøri hess? Han glodde glasøygd, var ikkje kar om å hugse non ting –

Då kom ein bleik glattkjemma mann med gullsnor på kragen og spurde Sevat, um det var non han ønsket å treffe?

Nei – jo, han unterst berre på um han Simen Sundet frå Øysterdalen var der no?

Men nei dessverre –

Og mannen med gullsnora snudde fort ryggen til og gjekk inn i eit bur, der han hadde ein disk med store bøker på –

Då snudde ein i flokken seg og såg på Sevat. So han vilde treffe Simen Sundet? «De er kann hende skoghandlar De og?»

Dei små blågrå augu tok mål av Sevat.

Men Sevat drog på det. Han var ikkje akkurat det heller men –

Dei kom i prat, og Sevat fortalde kor han kom ifrå og at han vonleg vart betinger for eit firma snart.

«Jaso du er østerdøl,» sa mannen; «je hadde elles taksert deg til solung, je, for du ser meg ut tel å vara snøggar’ i snu’en enn østerdølen pla vara» –

Han lo godlyndt, og Sevat tok ikkje ille upp 108den takseringa. Han såg den andre truvæli i augo og sa, at kor han var ifrå høyrde ein no på måle. «For je æ nå mæssom hælvveges hemærkjing og je – ha elles føri no’ kvar stan millom Mjøsa og Røros, og kain æille målføre ned gjønom dalom – og litt amerikansk attpå.»

Dette tykte nok hemarkingen var morosamt, og han drog Sevat med seg inn i kameratflokken sin, og det enda med, at han vart med dei på Royal, der tvo av dei budde.

Og aldri hadde Sevat havt so gild ein kveld. Det vart mat og øl, og tilsist gjekk dei på ein overlag gild stad, dei kalla Dovrehallen og tok seg ein pjolter og høyrde på song og spel og mange slag moro. Men dei vart snart trøytte, og «desse jålutte jinten» som sat og lo og nikka til dei, vyrde dei ikkje; det var tømmerprisar som sat i hovude på dei kara, og dei passa setelboka si –

Men Sevat vart tilsist so modig, at han tok til å tala um storfossen, og all den rikdomen som var i fjella nord i dalom. Og la fram ein morosam plan um å «kanalisera» Glåma, so tømmere skulde gli heftefritt frå øvst i dalen til Fredrikstad so glatt som i søt mjølk –

Dei tykte han var ein snodig kar, og tok til å spyrje’n ut, og Sevat gav ei skildring av fossen og skogen og fjella uppi bygda si, der draum og hugsviv rann ihop med det røynlege, og det lyddest som all denne herlegdomen var hans –

Tilsist spurde ein liten breid kar med gløgge ljose augo som sa seg gardbrukar frå Valset, okken 109som åtte denne merkelege fossen? «Er’n din?» sa’n, og såg heller vantru ut.

Sevat reint kvakk. Og i ein augneblink såg han Buvin-kvinnfolka for seg, og sa med ein løyndomsfull smil, at han var itte akkurat det hell men. – Han hadde lært seg at ein aldri skulde svara ja, ja og nei, nei, men halda noko for seg sjølv og. –

Men han var trøytt og tung i hovude av øl no, og var likesæl um han slapp laus. Det tok til å sîge so mange slag tankar inn på han. Han hadde visst sagt noko um at dei var tvo um fossen, og dei måtte tru han var den eine. Men skitt, det som ikkje var sannt idag, kunde bli sannt imorgo –

Men no vilde han ut i lufta; det var berre um det han vart låk i denne stinne lufta – tvi, det var verre enn i krøtervogna!

Men koss det var sat han litt seinere på rome til Valsetingen med tvo av dei andre og spela kort. Han vart kvek att, då han slapp ut i den svale nattelufta, og no lo dei seg mest ihel av han. Han vart på ein pisk, og sette upp alt det han aldri hadde ått, gard og skog, ja hestar og kyr, og tilsist sjølve storfossen. Og då han hadde tapt den, slo han i bordet og sa, at no sette han pinedø upp kjeringa si! Hadde dei spela av han det andre, so kunde dei ha henne og!

«Je syns du sa du var ungkar, je,» sa makker’n hans.

Jaso, hadde’n sagt det! Ja, en sa so mykje. Men det en itte hadde, det kunde en fulla få –

«Ja kjering lyt du ha, kar; det æ no tå det 110likaste en har på en gard det. Men kor helst ligg på lag gar’n din uppi der da?

«Det skil dei itte – spell ut, segje je! Og syn itte korta dine åt denna luringen der!»

«Pass dine eigne kort du,» sa han som vart kalla luring, «døm kunde je sjå hele tia var so je for med slikt fæinteri. Men tjuv trur kvar man stel. Je ser nok du sit og vrenger glugga dine etter korta mine din kvelp» –

«Ja var det itte det je såg at du var blingsete,» lo Sevat; «stikk den!»

«Je trur itte en døl på maska, um ho er æiller so blank,» humra hemarkingen.

Men no sette Sevat upp skøyerfjæse sitt. «Vet du hå gammelskrivar’n vår sa eingong – nedpå Hemarka, der er døm itte kristna ennø der, sa’n, og da blir døm det fell itte hell» –

Men no sa han som Sevat hadde vorte besteven med, at det var på tia dei gjekk. Dei sku tileg upp, og han for sin part vilde no sova ei stund.

– Det tykte Sevat var det mest toskute prate han hadde høyrt. No var det ræmen ruske so morosamt, at –

«Nei kom nå,» sa den andre. «Je ska følgje dei til losi ditt, je – du kunde koma ut for kvinnfolk.»

Det var kar som stod like stødt på føtenn’ det, ja Sevat tykte han var som eit lite tett fjell, der han stod framfyre han. Fysst vilde han skuve fjelle unda. Men med ein gong lo han fjollutt – «blir du æiller full, du da,» lespa han, og gav seg yvi – «du har pinade bælma ti dei bra du og» –

111Og karen slapp ikkje Sevat fyrr han hadde’n væl i hus, men sa med seg sjølv at denna var for toskutt tel å gå laus –

– Dagen etter sov Sevat lenge i det vesle myrke hotelrome sitt. Som væl var hadde han fritt upphald i tvo dagar og fri reis hematt tå slakterie. Men jamen var det gildt folk han hadde råka, denne Even Berg som fylgde’n heim hadde han hug til å treffe att – snild kar!

Men huf, kor vondt en hadde i hugu –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.