Hildring

av Hulda Garborg

Heime att

Det er kje fugl alt som flyge vil –

Var det moro i byen, so var det mindre moro å koma heimatt.

Fysst var det uppgjere med han Embret for den skotne sauen; det var eit «privat regnskap».

Han Embret tok det som ein tek ei onnor rispe. Sovore var sagte snøgt gjort. Men etterpå sa’n noko anna til ho Goro, kjeringa si.

Han Sevat hadde gjort berre moro av det, so dei laut læ, kor gale det var, og god betaling la’n på bordet, med’ han song og tralla og trødde takta.

E va ein liten gut,
e gjekk og gjette sauom;
sauom etter dalom sprang,
e sprang ette hougom!

Men då denne løgne grannen dei hadde fengje uppi her, væl var utom døra komen, riste Embret på hovude – og slikt skulde styre ein gard….

Møte sitt med upplendingane dikta ogso Sevat um, sopass han Embret ikkje skulde få noko å segje der. Det hadde vore eit «lærerikt» møte, og omframt gilde karar alle. Karar som hadde greie på handel og gav’n gode råd både med eit og anna i 113trelast-brangsjen. Sannt var det altsaman, men han tala ikkje um, at han hugsa fælt lite dagen etter, anna enn det, at det hadde vore moro for mange pengar –

Ikkje fortalde han stort um den huglege kvelden på Royal til Gunhild heller. Nemnde berre at han råka nokre karar som baud’n på eit glas øl, og tala på dei store skogprisane. Men elles hadde det vøre en trevali tur, ja. Og han var glad dei no hadde seld siste sauen sin på Buvin. Det var upplagd tap på 30 kr. for åre å halde sau, hadde sakførar Hansen nedi bygda rekna ut. Klæde fekk dei billegare og meir tidhøvelege hjå handelsmannen, og sauekjøt var ryr og dyr mat –

Idetheile bruka Sevat ofte orde tidhøveleg. Og Gunhild lika framifrå godt dei nye, duveblå klæda hans, og sanna, at det var mykje stræv med heimeklæda.

– Men etter denne byferda gjekk Sevat meir i draumar enn nokon gong. No hadde han vore med eine beine innafor ringen der storkara spela seg, og det lysste honom hardt å koma etter med det andre –

Men fysste natta etter han var heimkomen, hadde han ein sæl draum.

Han var lastehandlar og sat på Victoria og drakk svensk Banko med ein grosshandlare frå Gøteborg. Og grosshandlaren sa: Vil ni vara min betingare, hr. Rynning? Og alting var duveblått, og det enda med at dei gjekk arm i arm og song inni ein endelaus skog –

114Ikkje mange dagane etter strauk han nedi bygda att, og ho Gunhild tykte det var som han hadde noko dernede som han løynde for henne. Han var ikkje lik seg lenger, stundom vart han burte natta med, og han tok seg so lite av garden, at ho måtte segje frå til han. Berit og tenarane gjekk der so sure og stinne av spitord, at ho kvidde seg for å gå tilbords med dei.

Men då ho tala til Sevat um eit og anna som var ugjort på garden, vart han sint. Var det so ho ikkje var nøgd, so…

Nei, han måtte ikkje mistyde henne. Men han skyna sjølv, det var kje greit for henne som ansvare hadde –

Ho var heit, der ho sat. Um han fann på å stryke sin veg. – Nei, ho torde ikkje tenkje på det. Då vart det so stuslegt her, at ein kunde gå i grava – ho kjende det so det sveid no, at misse han kunde ho ikkje. Men ho våga ikkje tenkje på alt han fann på av nytt heller; det var som å gå ut på nattgamall is.

Han hadde vekt voner i henne, sett uklåre tankar i sving; ho greidde det ikkje åleine. Og ho gjekk der og bad til Gud når han var burte, men visste ikkje rett kva ho bad um. Tilsist fekk ho nerverider so ho gret.

Og denne svarte fyrejulsvinteren med barfrost som skifte på med slabb og sørpe i tun og vegar, tok på både folk og fe –

Eit par gonger vart ho med nedyvi. Det var som ho livna upp berre dei kom utom tune. Burt frå 115«Gubbstugu» som han Sevat kalla likkista, og burt frå andlite hennar Berit og augo til tenarane –

Nedi bygda var alting lettare. Handelskara og hotelverten var gilde folk av god bonde-ætt alle, trygge og rolege, prata um sams kjenningar, og skyldfolk. Ja, hotelverten, han Halvor Hougen, var mest skyld i kvar gard uppetter, når han tok til å rekne etter. Og jamen var’n skyld Buvinfolke og, det skulde han forklare ho engong han fekk stunder. Ja, å koma inn til han Halvor, det var som å vera i gjestbod.

Og so ljost som det var dernede! Elektriske månar ute og inne; ein slapp bruke fjøslykt når ein skulde utum stovedøra der – og krake seg ihop kring åren eller ei lita parafinlampe –

– No gjekk ho her og venta.

Ute var det kolsvart; inne var det stusleg. Når han Sevat for soleis burte, kunde ho kjenne det som han hadde all hennar velferd i si hand. Men koss skulde han få utrette noko her, når dei ikkje våga tru seg til han? Ein gong hadde han sagt, at ho vanta våge-vit og vågemod. Og det var vel gudbetre sannt. Desse tvo som gjekk her, ho Berit og gubben magtstal henne. Bundi var ho, no som då han Tollef levde. Dei tri høyrde ihop. Einsleg hadde ho vore frå fysste dagen her – hadde gått der og beintfram vore rædd dei –

Kveldsvorden var fråseggjort, og ho vandra kvilelaus att og fram i det store kjøkene.

Han Hans sat med ryggen til det store langborde og las i blade sitt, ved det gulblakke ljose frå 116ei lita taklampe, og Berte-Marja vaska upp matkoppen. Ingen av dei mælte orde, og det var sløkt på åren. Signe hadde stole seg ein ljos-stubb og lurt seg upp på lofte med siste boka han Sevat hadde lånt henne. Ho het «Skud i natten», og handla um elskhug. Og bilæte på titelblade var fagert som ein draum.

Berte-Marja lika seg ikkje; her var so stusleg, at ein mest fekk vondt for bringen. Og ho sukka og tok eit ramvedtre og la på varmen, so det fata og blenkte upp rome. Tok so rokken og fekk han til å syngje med alle sine mål. Elden og arbeide og kaffikjelen var den visse trøysta i slike stunder –

Men Gunhild såg ikke glime i Røros-koparen, kjende ikkje at alting vart levande att ikring – for henne tyktest det like daudt og dåmlaust. Ho lydde berre etter duren av køyredoning –

– Då kom Berit, velklædd og frisk i hamliten som etter ein tur. Gunhild såg på henne, men spurde ikkje. Og litt etter høyrde ho køyreduren –

Hans treiv luva si – fekk full’ ut og ta imot hesten. Glytte burt på Berit og sukka uvitande. So ven ho var ikveld –

Men Berit snudde seg frå og hengde upp hovudplagge sitt. Ingen mælte orde; men Berte-Marja sette kjelen attmed elden att, ubeden.

Ho var ei djerv møykjering i femti-åra, hadde vore budeigje på garden i tjuge år, stelte fjøse som sitt eige og hadde som eit yvi-tilsyn inne og, for det var som dei unge tenestgjentene hadde meir respekt for henne enn for Gunhild, som var lite sterk.

117Dugande var ho i alt arbeid på ein gard, men meistar var ho i fjøse. Ho hugsa når kvar ku var fødd og kunde stelle dei so dyrlækjar sjeldan og aldri hadde noko der og gjera. Men fienden var Sevat, han som gjerne selde siste kua, fekk han rå.

Då borde var duka, gjekk ho sin veg –

Men Berit lyfte rokken fram att og sette seg til å fingre med tråden.

Ho var so rak der ho sat, og augo hennar var kvasse av trass og vilje.

Gunhild glytte på henne. Det var noko i åsyne til den unge gjenta ikveld som skremde henne. Endeleg spør ho: «Har du vøri nord i galom?»

Og Berit svara so fort og fast, som ho berre sat og venta på dette spursmåle. Ja, ho hadde so. Han hadde sagt det far hennar fyrr han døydde, at vart dei rådville med noko, skulde dei samrå seg med gode grannar, og helst med han Embret og han Arne Vestgard, som formyndaren hennar var. Og no var ho rådvill vorti og hadde vore hjå han Arne.

Gunhild seig ned på benken. Kva meinte ho? Hadde ho…

«Ja,» sa Berit, og no skalv ho i måle. «Eg vet kva’n Sevat driv med; det ber mot storhogst, og du hev ingen spurt tilråds, so fekk eg gjera det. Eg hev ein rett her, eg og, som odelsgjente skal vera» –

Gunhild bleikna, men Berit hadde meir ho måtte få sagt, og no hasta det.

«Det er ikkje alle som trur han Sevat er fullvaksen nok til å rå for alt her. Dei beste uppi her agtar seg for å skamhogge skogen, um prisane er 118aldri so bra no ei rid. Det kjem folk etter oss, sa’n Arne – men her vert lite tenkt på det» –

Ho beit seg i lippa og bråtagde. Slik hadde ho aldri tala til mor si fyrr. Men no var ho so rædd. Kjende det som ho stod på ytste fossestupe, og vegen heldt på å gro att bak henne. Kallen spela i djuve, det lokka og lokka.

Gunhild fekk ei harme-rid, so ho tok seg til bringa og seig ned på krakken. Hadde dotter hennar rennt rundt i galom og bore henne ut millom grannefolke! Det var noko so beint imot all folkeskikk, at ungen måtte vera sjuk og sanselaus! Ho fekk seg snaut til å tru det, men der sat ho og sa det, og blygdest ikkje!

Då var Sevat i svala. Ho reiste brått. «Du tegjer no, so du vet det. Fær han vita dette, so stryk han, og då fær du sjå» –

Dermed skunda ho seg inn i stova. Var for uppskaka til å møte han no.

Derinne seig ho beint ned på vedkassa attmed døra. Hjarta hennar dulpa som ho var støkt av udyr, og hendane skalv.

No fekk dei noko å renne gardimillom med. Måtte dei ikkje tru både eit og anna, når ho Berit, som elles var tagall nok, for åt slik? Ho hadde same harde trassen i seg som faren. Han hadde ho vore rædd stødt, og meir og meir kjende ho seg no skræmd av dotter hans. Ja for hans dotter var ho. Dei var som svartfjelle båe –

Annleis med han Sevat; når han steig yvi dørstokken var det som allting letna. Men so skræmd 119var ein, at ein snaut våga sjå på han, når dei andre var tilstades. Det var som dei hadde vargaugo alle –

Men no var han i kjøkene. Og han høyrdest so lystig, song upp so det var som ljos kveiktest i heile huse. Lo og prata. Han kom som eit driv stødt –

Men ikkje våga ho seg inn.

Men straks etter dura rokken. Dura som ein domedag.

«Nei no, Berit, lyt du stogga rokken eit grand,» ropte han.

Og duren bråstogga som nokon hadde rive tråden. Då rømde Gunhild inn i kammerse og kasta seg på senga – no bar det vel ihop med dei tvo – Gud hjelpe henne sosannt –

Men fyrr ho sjølv visste det, var ho uppe att – måtte innatt, måtte hindre dette som ho gjekk i angest for so lenge. Men då ho kom til døra, orka ho ikkje gå inn, vart berre standande som fjetra og lye –

Men derute hadde Berit slege vekk ei hand som vilde burti rokken.

«Du kjem som verda stod på ende,» sa ho kvasst og skalv enno i måle.

«Ja, verda står på ende, det er det ho gjer, og her sit de i haugen og spinn!»

Han var komen tett innåt henne, men ho såg han burt. Då drog han på akslom og tok ein likesæl sving frametter golve. Vilde frøken Buvin vyrdest høyre på han litt, so skulde han fortelje henne eit eventyr! Her i brystlumma hadde han eit papir som berre trong underskrift. Forskot å få på skog no, 120kva dag dei vilde. På heile Rustvangen um so var! Fem tusund, titusund! Det var berre å skrive under. Heile Buvin kunde bli uppattnya, husi, reidskap, alt!

Augo hans lyste, og han var ikkje heilt stø på føtane.

Og atter kom han svingande burt mot henne, bøygde seg brått ned yvi henne og tok eit fast tak um armen hennar.

«So stogga då den rokken for svarte! Du er so vakker ikveld, Berit! Høyrer du!»

Og no var han so mjuk i måle, at det var som han gret, klemde hovude hennar innåt seg og kviskra: «Var itte slik mot meg, Berit. Je er so glad i deg – har vore det frå fyste dagen! Je er den je er… du skal få sjå…»

Han heldt henne, so ho magta ikkje fri seg. Han tagg, han var som ein unge, som ein galning – skifte hamlit og vart bleik som han vilde uvita –

«– det er du… du…»

Han fann munnen hennar og kysste henne sanselaus –

Eit ørlite sekund kjende han koss ho vart mjuk innmed hjarta hans, og han kviskra namne hennar i siger-ørske.

Men då rette ho seg so brått, at han tumla mot åresteinen, og rokken ramla i koll –

Ho sansa seg ikkje fyrr ho høyrde måle til Gunhild.

«Kva i Jesu nam» –

Men Sevat reiste seg med ein fjollut smil.

Ja, det var sannt som ho Berit sa, ja, han var 121eit grand full, men ikkje verre enn han kunde gjera rett for seg. Og no skulde ho gjera væl og høyre på han. Det var kje småting som stod på. Det var meir enn eit kuverde som stod på spel denne gongen –

Han kasta seg ned i benken og saup etter anden. Gunhild stira. Hadde han slege seg? Han var so underleg i augo, at ho vart rædd.

Men han lo. Slege seg? Var det likt –

Og han tok til å famle upp setelboka – «og no ska’ eg syne deg papir som…»

Berit stod og reiste uppatt rokken. Stod roleg og greidde snora som var sprunge av, smøygde ho på hjule att utan å sjå upp.

Gunhild såg frå den eine til den andre.

Papir – jaso… var kannhende best å vente til morgondagen med det, ettersom det såg ut. Mæle var kaldt og kjøvt av gråt. Aldri hadde ho vore so rådvill og hjelpelaus. Kva var det med desse tvo! Då stellte Berit rokken burt og gjekk. Og no bar ho hovude so høgt att, at Gunhild berre vart standande og stire. Men Sevat såg ikkje upp – Men då ho væl var ute spratt Sevat upp. Hæ – skulde det no vera livsstraff for å velte ein rokk og, so vart her ikkje verandes –

Ho såg upp. «Nei, du vet det, men –

Han såg raud og ruskutt ut, men tyktest heilt ædrug no. Og ho freista slå det burt. Ho Berit var so brå av seg, men det var no ikkje so fårleg meint. Og ho bad han tilbords og vakta på andlite hans, for no var han vreid.

122Han slengde seg ned i høgsæte, og tok imot utan takk. Berre då ho kom med ein tallik tjukk kinnerøme slakna andlitsdraga, og han sa ho skulde ikkje bry seg. Det var longe nok åt han –

Men etter maten vart det so dei sette seg ved borde, og han tok fram brev og blad og lister. Og Gunhild kunde ikkje lenger tvila. Det var reine skire toskeskapen å ikkje selja no, slike vilkår som vart bode.

Dei vart sitjande lenge. Og tilsist hadde ho underskrive dødsdomen til Rust-teigen.

Ti tusen kroner!

Dei flutte seg inn i stova, og Sevat kom på, at han hadde ei flaske portvin uti karjolskrine.

Det var stilt i huse no, og dei sette seg bortåt omnen og hadde den store vedkassa til bord. Det var so hugleg med ei god bjørke-skie i omnen alt. Kveldane var kalde. Og det lyste gjenom trekkhole som eld or ein trollkjeft, og dei prata innpå mangt og mykje både for notid og framtid.

Gunhild lika den søte vinen, og ein slik handel dei hadde gjort ikveld var noko so storfellt, at ho var som i ei onnor verd.

Det sveiv henne i tankar, at slik ein kveld hadde ho aldri havt med han Tollef. Og likevel hadde ho sakna han. Einsleg vaka, einsleg sova var lite ved. Ein visste ikkje kva ein mann var fyrr ein miste han. Snild hadde han Tollef vore, på sin måte, og god å stø seg til, og aldri skulde ho gløyme kor veik ho vart då han fall ifrå, men –

«Drikk, det gjer deg godt,» sa Sevat.

123Men no varde ho seg. Visste ikkje, um ho trotte meir. Ho vart messom so rar.

«Du slit for mye,» sa Sevat, «berre drikk, so søv du so mye betre. Det er itte kvar dag det kjem ti tusund kroner flygand – skål» –

Og ho drakk varsamt og sa, at sagte gjorde det godt men –

«Du er nå berre ungdomen endå,» sa han og glytte burtpå henne. «Skulde full ha litt hugnad, og itte berre sorger og bekymringer» –

Men no brast det for Gunhild. Aldri hadde ein mann fyrr fengje munnen sin til å segje so pass åt henne. Og no gret ho. Ja, ho måtte gråte. Det vart messom so for mye av godt –

Då drog Sevat stolen sin burtåt henne og tok hovude hennar innåt aksla si. «Å nei stakars dei, græt du –»

Men no var ho so hugmjuk og kløkkt, so uppøst av sinns-rørsle, at ho vart liggjande og hikste innmed aksla hans.

Han strauk ho yvi håre, og sa det var fint hår. Visste ikkje anna å segje –

So la han hovude sitt nedåt, og let augo att –

Og den natta kraup Gunhild Buvin som ein myrkrædd unge inn i armane på ein sterk mann att. No hadde ho fengje ein stomn å stø seg til og takka Gud. Han hadde set kor veik ho var.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.