«Drukken manns ord er draumo lik» –
Tri år var gått sidan Sevat vart husbond på Buvin, og mykje var no umsnudd der. Sjølv var han lite heime, men kvar gong han kom att frå skogmøte og forretnings-reiser, førde han nytt med seg. Det var rørsle, uro og umvelting ute og inne.
Og Sevat kjende seg som den friske potekvisten på ein gamal mosegrodd apal –
Men slitsamt var det. Han hadde fengje seg motorsykkel so han skulde greie vintervegen noko lenger enn bilen kunde gå. Men ein dag køyrde han i stabbestein, knasa syklen og skadde knée sitt. Der gjekk tri tusen kroner, sa han. Men ein trong ikkje syte so hardt for ein slik støyt i desse tider. Tok no det engelske gruvelage upp att drifta i Langdalen, so såg dei seg full’ snart mun i å kaupe storfossen og då vart ein motorsykkel lite nemnande – lat dei flire og segje han hadde motordilla, – som væl var, hadde han lært å teppe att øyro. At han hadde lagt burt eit gardsverde i ein bil som stod ubrukt heile vinteren, fekk han enno tidt nok høyre. Og at han sumarsdagen fann på all slag ærend for å køyre grassat i vegane istadenfor å arbeide på 157garden. Det er ingen sak no, sa Berte-Marja; treng me for 20 øyre gjær, so er’n Sevat ferdug til å køyre trimilsvegen og kaupe. Og er’n god, so kjem han att på dagen, og har med seg hælve bua hans Halvor. Ja, so mykje rart skrot og skrap hadde Berte-Marja aldri set! Og det vart nok å kjekle um stødt –
Men dei som gjekk tagalle med sitt og aldri vyrde tala til Sevat, var Berit og Hans.
Hans hadde longe freista få Berit med seg heim til sine; men ho sa altid, at det hasta ikkje. Han gofar trong ho, og ho mor og, so ofte ho no låg nedfyre og ingenting orka. «Du ser, det er kje til å tenkje på oss sjølve no,» sa ho. Og Hans tagde, kor lite han lika seg. Det var som han tykte folk lo åt han, slik han gjekk her. Men Berit aldri vyrde folk; mindre og mindre skyna han seg på henne. Vener var dei, og ho var ofte snild med han, men lunefengd og rar. Vilde ikkje eingong dei skulde byte ringar. Det hasta ikkje med det hell – for henne.
– So var det ein vårdag i førefalle, at Sevat hadde vore ein tur med Gunhild i bilen. Ho køyrde jamt til misjonsmøte og andre kvendemøte no. Tok gjerne med seg ein ulldott frå grannekjerringane sine òg til misjonsarbeide, so pass dei òg skulde få vera med eit grand, um det ikkje var so laga for dei, at dei kunde koma på møte.
Vårvatne hadde grave stygge hol nedi leirbakkane, og bekkane gjekk so stride, at det var lite lønt å stelle vegen enno. Men Sevat truga seg fram etter den blaute vegen som låg midt i lia med ur 158og fjell på eine sida, og Hildra brusande vårvill i djuve på den andre.
Det slingra og humpa iveg, bilen gjekk varm, og Gunhild vart rædd og bad um å få stiga ut. Men Sevat berre lo og køyrde på; han hadde altid si gute-moro av å sjå kvinnfolk rædde. Og det var spaning og eventyr å fara soleis hestlaus uppetter alle bakkar og taumkøyre troll!
Men i bråsvingen, der ein leirbekk rann seig yvi vegen, miste han styringa, og bilen tok til å gli attyvi, men rende ved eit lukkelegt høve bakenden mot ei kjempetoll ytst på vegkanten, og dei var berga frå djuve –
Ein augneblink sat dei båe som klumsa.
Gunhild hadde bleikna av redsle, og Sevat bremsa og fomla med ratte. Men då han kjende dei stod, lo han. «Jagu står vi,» sa’n – «hæ» –
«Huf, detta var stygt» – Gunhild skalv i måle.
«Det kunde vore verre, jamen kunde det so. Berre sit roleg» –
Men Gunhild var alt ute.
«Nei, no lyt vi gå,» sa ho.
Då vart Sevat sint. Gå? «Jau, då sku’ folk få no å flire åt – set deg uppi» –
«Nei,» sa Gunhild, «je går itte oppi denna doningen att, fyrr det bli’ veg åt’n» –
Og no kom ho ihug, kva han Embret sa, då dei fekk bilen. «Det sku no ha vøri veg fysst,» sa’n.
Støkken sat i ho og vart til harm. Ho heiv kåpa uppi bilen og gjekk iveg. Det sveiv for henne, 159at ho fekk hente hjelp åt’n. For ikkje såg det ut for henne som han skulde greide dette åleine. Men ein fekk full freiste å berge slik kostbar reidskap, som ikkje eingong var heilt betalt enno.
Men då ho kom upp verste kneiken, sette ho seg på ein stein; ho vart so låk med ein gong, at ho vilde sige i uvit. Det kom ein bråverk i ryggen so ho stunde høgt.
Då kom han. «Nåda jåla,» sa han; «kanskje du tør setje deg opp nå?»
Og ho beit tennane ihop og kom seg uppi utan å mæle orde – no lå flate moen fyre dei.
Han glytte burt på ho – det var svært so bleik ho var. Kvinnfolk var kvinnfolk –
Men han lika seg ikkje –
– Utpå natta laut dei bodsende doktaren til Gunhild – Han kom, men var morgonsur.
Fårleg?
Det var som ein tok det. Det stod ikkje nett um live. Men det var heller ingen småting å fara ille for ei kone langt uti førtiåra, helst når ho vonleg fyrr bar på ein indre skade. Allvisst vart det sengjelægje ei tid frametter –
Då Sevat kom upp i gjestekammerse, der han no måtte flytje upp, kasta han seg fullklædd på senga. Jau, no vart her hugleg tilgagns –
Hadde no ho mor vore upp med sjøen! Her kunde ein korkje sova hell vaka. Dei gjekk og skumla på han, som han var den verste brotsmann. Men no sat ho mor på gamleheimen og banna han, ho og, endå ho måtte skyna han vilde ho væl –
160Um litt dorma han eit grand og vasa og drøymde at det var hardår so det snødde pinsdagen. Og han var på veg til Nordland med mor si, men ho sparka imot og ropte etter munnspele sitt. Og gubben stod og sputta etter dei og var hundra år –
Men so for han upp og såg seg svevnyr ikring. Og hugsa. Kasta seg nedatt – huf, den som sosannt var på vegen til verdsens ende!
Då han kom ned att, sov Gunhild, og Berit sat med sitt steingjengne andlit ved senga og vinka han av.
Litt etter sat han på kjøkenet og venta på mat. Dei tok seg god tid, dei som skulde varte han upp no, då Gunhild var burte. Og kjensla av at han sat der berre med eine foten innpå, no som då han var tenar berre, kom smygande som ei kald hand kring hjarta hans. Og idag var trassen burte; han var leid seg all igjenom. Hugsjuk so han kunde sputte seg sjølv ut. – Attpå alt vanta han no pengar til nybyggjinga han hadde teke til med. Og no gjekk det drøs i bygda um at prøvedrifta uppi Raudkletten skulde stogga òg. Var det noko i det, so rauk vona um å gjera kapital av fossen, og med tømmersale såg det smått ut iår, melde blade hans. Kor skulde ein då ta kontantar frå til alt? Ho kosta ikkje lite Signe hell no, og meir vart det, når ho skulde lenger ut i verda og lære meir.
– Berit kom endeleg og sette fram mat, og dei hadde ikkje eit ord å segje kvarandre. Slik han sat der no i gul skinnvest og gule chaufførlegger var han liksom utflutt, tykte ho.
161Men ein ting måtte ho nemne før ho gjekk att. Han Hans måtte få arbeide i fred. Den som aldri var heime, og aldri tok hand i gardsarbeid, fekk la vera å gjeva påbod som berre gjorde ugreie. Kvi fekk dei ikkje lov å køyre heim vinterveden med’ føre var skikkeleg? No såg ein koss det gjekk –
Då for mode i han att: «Bry deg aldri» sa’n; «gardsdrifta er kje din bisseness» –
«Nei, det skulde full vera din, og var det ikkje for ho mor og han gofar so skulde eg longe vore utor augom dine» –
«Mor di er vaksi, ho treng ingen formyndar», sa han kvast, men såg ikkje upp.
«Ho mor er helselaus og viljelaus vorti,» sa ho, tjukk i måle, som gråten vilde upp; «henne hev du mergstole» –
Han reiv seg i håre; vart med ein gong vill. No kunde han den leksa! kunde det altihop – no var han trøytt av det, so ho visste det. –
«Du er kje bundi her. Hald deg til ditt eller sjå deg um etter rom, som høver deg betre» –
Ho beit seg i lippa og vart kvit av harm. Han skjemdest ikkje den karen! So, ho var ikkje bundi her? Jamen var det godt ho fekk vita det. Meinte elles ikkje å vera utløyst. Og ho hadde arbeidt her frå ho kunde lyfte ei bytte og mjølke ei ku.
Gråten vilde ta magta frå henne, men ho tvinga seg og rette ryggen i trass. «Og no skal du vita det, at so lenge eg liver vert ikkje denne garden din. No er det mor mi, som eig han, sidan er det eg. Soleis vilde far min det, og soleis vil eg 162– for det er eg fødd til, og til det stend hugen min.»
Dermed vende ho han ryggen og gjekk
Hæ! Han lyfte på akslom og lo. Kva anna skulde ein gjera –
Men so med ein gong sig han ihop yvi bordet og sit som ein sjuk og stirer. I denne augneblinken kunde han gje livet sitt for å eige henne, um ho aldri åtte nåla i veggen. Men aldri hadde han kjennt meire sårt, kor høgt det var upp til henne.
Då stend mor hans i døra. Ho er komi stillt som ei ånd.
«Guddag og signe spis,» segjer ho og stig inn.
Han tek seg til hovude; det kjennest som han hadde fenge eit slag. Koss i all verda… kva var hendt? Koss kom ho hit –
«Måtte sjå deg att, Sevat – vart so hugtung dernede» –
Han ris upp. Hæ – kunde ho betre ha det? Hadde ho noko å klaga på, med’ ho gav seg på bygdevegen att slik. Kva måtte folk tru? Var ikkje gamleheimen god nok for henne, når han var god nok for so mange av dei beste kjerringane i bygda – han betalte for ho og meinte å ha stelt alt på det beste. Han var i slik øsing, at han lite sansa seg. Alt kom på ein gong – det var ikkje slik her no, at ho høvde inn –
Men Lisa såg sårt på han, «byd du ikkje mor di sess, Sevat; vegen var dryg idag» –
Han sette stol fram, men vart gangande i ring. «Eg spør berre kva som er tids,» sa han, og beit 163tennane ihop. Men ho svara berre, at han måtte heller køyrt henne på kyrkjegarden, enn derned millom alt det framande folke –
«Ikkje fær ein syngje og ikkje fær ein spela, ikkje fær ein mat som er vyrdande. Fisken er gamall, smøre er laga i byen, og i senga attmed meg ligg ei sint kjering og skjeller berre eg snur meg» –
Han knytte neven i lumma. Noko fekk ein tola alle stader; ho var då ingen unge.
«Skal ikkje vera so syndhard mot mor di, Sevatguten – so mang ein gong hev eg gjenge føtene mine såre for di skuld» –
Ho vart so lita i klædi, sat der som eit heimlaust bån framfyre han og bad for seg. Og han mjukna i mæle, kunde gråte sjølv, for no tykte han med ein gong, at dei var på landsvegen att båe, på legd og nåde. Ikkje hadde han bede um å bli sonen hennar, han var slengd ut på søkkemyra og fekk slå seg fram som dyrungen i skogen. Men ikkje var det hennar skuld –
Han stogga og såg mildare på henne. Ho sat der so arm og audmjuk med dei hjelpelause augo feste på han. Og med ein gong gjekk det som ei varm båre gjenom all hans hug og hått, at der sat det einaste menneskje i verda som vilde gå føtene sine såre for hans skuld. Han vart mjukmælt som ho, og tårune blinda augo hans.
«Ja ja, mor – me skal ikkje tala meir um dette no. No fær du kvile, og imorgo skal du få fin skyss.» – Og det ho trong skulde han sende henne, 164og til næste vår skulde han syte for at stova hennar vart ferdug upp med sjøen. Men no måtte ho vera snild og slå seg til ro der ho var so lenge. Her låg ho Gunhild klein, og alt var i ulag nett no, so det var kje so greidt for han –
«Og so lyt du hugse du er gamal no, mor, det kan vera bra å vera nær doktar so du kan få hjelp um noko kjem på. Og nye brillor når det trengs og mangt anna» –
Hæ – no bles ho. Doktar! Ikkje trong ho doktar, gjekk aldri åt doktar «minners det stakk åt liva»,og jamen var ho fresk! «Det er full’ itte rar mor du har, men neiggu um ho er gamal, forlate mi synd no banna eg.»
Ho talar til tunga vert turr, sputtar kvitt og spør, um han ikkje byr mor si ein drykk – ho er so tyst, at ho kunde drekke skoplugg –
Han henta mjølk, og ho drakk og vende seg so mot varmen og geispa, ussel og småøygd. «Ja ja – far din reid so blank ein hest, han, men du og je, vi togg brusk og bein og tråva gardimillom» –
«Gamalt dette no, mor»
«Ja ja… gamalt alt no – slut på eventyra no» –
Ho turka augo og stira tomøygd fram fyre seg. «Du var so kjær i eventyr. Minns du når me kvilte på vegkanten, kor du bad meg spela. «Spela eventyr, mor», sa du –
Han gjekk uroleg ikring, gleid meir inn i draumane hennar –
165«Ja då mor, og eventyre skal koma. Men me lyt vente. Ha tolmod. – Og du skal sjå, stova di skal bli so fin som Soria Moria slotte – til våren att» –
So svinga han burtum kråskåpe, tok ei flaske og skjenkte i tvo glas –
«Og det drikk me på! Og so gløymer me det som gløymast skal, gløymer at me låg i lus og lort og åt mugne osteskorpor – det og mangt anna, gløymt skal det vera! Dei skal få høyre frå legdguten» –
Og no lyste augo hennar imot han som ho såg morgonsola renne – Å, guten hennar var som spele; so mange slag tonar var det i han!
Og som han gjekk der og øste seg upp, flagra orda hans imot henne som fagre fuglar – dei var tvoeine i verda att, ho og Sevatguten!
Her gjekk ein og sleit vengjene av seg som fivreld i klungerbusk, men gløymt, gløymt skulde det vera, «for no skal me lyse upp i verda!»
Lisa kjende, at der han no sveiv, var det ljost. Mangt måtte ein innum, men kallen spela: Fårleg, fårleg å spenne gradungen for møkkjerra; der høvde jalken! No var han Sevat son åt far sin der han gjekk!
Han drog ein krakk tett innåt henne, sette seg og tala um draumane sine som ein talar til eventyrlystne born. Eingong skulde ho få sjå under her! Hjul skulde gå, rundom og rundom, og usjålege hendar skulde kveikje ljos og varme i stovorne uppmed Sirilsjøen og kvar heim etter Hildra og Sirilla! Ein song som ingen hadde høyrt maken til skulde ljome utyvi all fjellheimen!
166Lisa sat og rugga med hopknepte hendar. No var det som ho såg for seg han som tala so søte og fagre ord til henne, og ho kviskra: «gud signe deg so vent du talar!»
«Men me lyt vente, mor – vente tolugt, kvar i sitt» –
No kviskra ogso han –
«Ja, ja»
Ho bøygde seg imot han, og augo lyste – «skulde ikkje turka upp i gamalt fang, du Sevatguten; prinsessa hadde ikkje vore deg for god!»
Då lyfte han brått handa som han vilde slå, og ho drog seg forfælt unda –
Men no kom folk i svala, og orda fraus på lippom hans.
Det var Berit. Ein augneblink vart ho standande og sjå på dei tvo. Kva var no tids? Det vart mykje no på Buvin. Men den stakaren fekk ein gjera væl imot, so lenge ein vann –
Og ho spurde ikkje um noko, men stelte Lisa som ein annan vyrd gjest – var berre. takksam for Sevat snart let dei vera åleine.
– Uppå det vesle rome, der seng vart reid til Lisa, stod Berit og høyrde tolug på henne med ho prata um alt og alle uppmed sjøen. Gamleheimen nemnde ho ikkje, og ikkje spurde Berit. Ho visste fyrr kor ille Lisa lika seg der, og tenkte, at denne gongen vart ho vel for godt på Buvin. Det var ho longe budd på. Og i sitt inste fann ho det rimeleg. Slik det no var skjemdest ho; det var uhugleg og lite sømeleg å jaga stakaren dit ho ikkje 167kunde trivast – kor lite moro det vart å ha henne svivande her.
Det fysste Lisa gjorde uppå rome sitt var å ta munnharpa si upp av lumma og leggje ho på stolen frammed senga, med’ ho heldt på å småputre og prate um sitt. Det var no dette um demninga uppi sjøen og føsken som øyddest fordi matfløa vart burte. Matfløa olst inni vikom på gyrmebotn, og var det nok av den voks auren til åtte tumar fysste åre, og sidan auka dei halvkilo’n årvisst. Men no var det berre kjøe og slarkefisk å få uppi der. Ja all rikdomen vart burte i fjelle, koss det kunde ha seg. Siste snølause vinter’n hadde svell-brann’ øydelagt skog og mark, hamninga var brunflekkutt, og um det so var myrbærblomen, so stod’n blank siste åra ‘pi myrom; det var berre ho-blom altihop. Ja, ja, det gjekk på skade!
Berit drøymde seg burt. Vart standande og stire på den vesle fine munnharpa som låg der. Hadde slik hug til å røre ved ho, men våga ikkje. Ikkje var ho den som fekk eit spel til å låte. Men det drog henne som noko løyndomsfullt og vedunderleg, og ho vart so hugsår der ho stod, at ho måtte skunde seg ut.
Og ho sa godnatt og bad Lisa sova godt.
Men Lisa måtte ha tak i handa hennar.
«Takk og ære,» nikka ho, «takk og ære, og gud signe deg so god du er» –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.