Hildring

av Hulda Garborg

Gamel-Anders

Lauve sprett og gras og lyng,
vår kjem att, og fuglan’ syng,
men aldri som fyrr dei gjorde –

Um kvelden sat Berit uppi «gubbstugu» og batt på vinterhoser til han gofar. Det mjuke, rjomegule garne gleid so lett millom fingrane, og her var fred og godt å vera –

Han gofar hadde fyllt fjorde tjuge og var eit grand gløymsken vorten. Elles var han enno den karen, at han lauga seg i Hildra sumarsdagen, plukka bær og hogg ved, og tok riva ibland, når det var høyvêr.

I sumar hadde han vore ein tur i setra og la til sums uppi sjøen; då stod dei på stranda og riste på hovude og stira etter han. Men han lo med seg sjølv: ikkje sku’ dei bli kvitt han so lett –

I otta var han uppe og knerta ved. Vart ryggen skral, la han seg på kne og hogg. Skulde ein gje seg for litt ryggverk, vart tia for lang. Og fekk han då ikkje tettemjølka si med flatbrød attåt når han kom inn vart han vond.

Kakebrød vilde han ikkje ha, men kaffikoppen var viss, når han hadde ete. Helst vilde han havt den fyrr han gjekk i skålen, men det var rådlaust, 25slik dei no låg og drog seg um morgonen, dei som stod for matstelle. Men leggje seg i skikkeleg tid um kvelden var du fri for dei gjorde. Då sat dei og brende ljos og ved lenge etter dyr og skikkeleg folk hadde kvara seg –

– No låg han og såg burt på Berit og elden som brann i ljøs-muren.

Godt han hadde henne, tia vart so lang når ein låg soleis. Og hjelp trong ein til sumt so harmeleg det var –

Berit var den einaste som fekk sleppe til med det; dei andre brydde han seg lite um å sjå uppi stugu si.

Når han hadde kvilt ved høgsdagsleite, då Berit var i arbeid elles på garden, låg han og las i sogebøker og gamle almanakkar, det vart han aldri leid av. Han laga seg lange, lause kalvskinnsbind som han hefta inn alnakkar i etterkvart dei kom i mangfoldige år. Men siste åra hadde han slutta med det, for det stod ikkje noko i alnakka lenger no’. So las han heller upp att dei gamle, når han vart leid av kongesogor og segnheltar –

Då ho kom med maten til han ikveld, låg han på senga og såg drøymen upp på henne. «Eg ha visst dorma eit grand,» sa han og snudde på seg som han låg vondt. «Tykte han Tollef var her. Og der stend du, so lik’n, so lik’n» –

So gløste han ut gjenom det gamle glase med dei grøne, liksom rimslåtte rutene, «han syns vist det bir for lenge tel eg kjem etter nå» –

«Er du ussel ikveld, gofar?» sa Berit stilt.

26«Å itte det hell, men eg æ itte som før. Det er mæssom en går opp i liminga – gamle mein vil alltid minne seg, det riv i foten, og langt liv skal og ha ende.»

«Døy skal me alle; men du er då enno den sterkaste her på garden» –

«Dei unge kann døy, dei gamle skal. Men live er kjært koss det er laga» –

So dorma han av att, og maten vart standande. Ho sat kurande still til ho høyrde han sov, og gleid sjølv burt i halvdøs der ho sat og myste inn i den svanande elden.

Herinne var soga til Buvin-folke skrive i kvar stokk og kvar minste ting. Malmfurua i veggjene var fellt av karar med trollkraft i armane, den breide, låge døra var laga av plankar som stod mot åtak av alle vinterstormar, og den heimesmidde låsen kunde inga hand bryte upp. Målarkost hadde aldri vore på gubbstugu korkje inne hell ute. Veggjene inni var grå og silkeblanke, utanpå brune og solbrende med varm gullglans når kveld-sola lyste på dei. Alt var liksom levande i denne stova, tala og song og skifte lit og lag ettersom logane leika seg uppi den gamle muren.

På eine veggen hang enno bandveven hennar Berit-gomor, den ho vov på i morka, når ho gjette. Han var fint utskoren, og dei sa han var komen frå øvst uppi Foldala. Det var som eit eventyr å tenkje på koss dei gamle livde uppi her!

No svana han gofar burt og, litt um senn, men 27ikkje tenkje på det! Enno kunde han liva lenge, han som aldri var sjuk å kalle –

Men når han gofar eingong var burte, vilde ho flytje uppi denne stova og bu der åleine. Her var dei ikring henne alle dei ho kjende seg i ætt med, um dei longe var under torva gøymde.

– Elden på åren heldt på å slokne, ein liten loge fræste upp or siste tjyru-vona, so vart det myrkt ikring henne; berre glohaugen gløste raudt imot henne som eit digert trollauga –

Bundingen kvilte i fange, og ho gleid burt i halvdraum med’ underlege skuggebilæte sveiv forbi. Sjølve rudkallane krøkte seg inn gjenom den låge døra, sette frå seg tunge kolfat fulle med blank, kjempediger aure, kasta skinnsekk og øks på golve, letta av seg bør etter bør med barfugl og kvit rjupe – det vart ikkje ende på det dei ryggane bar. Og ho skimta i den fredlause far-far deira med bjønn på ryggen, hovdingsonen ned’frå storbygda ved Mjøsa – –

So skvatt ein raud rev og ein røyskatt framum, og snøstjernur glitra på ei kvit fonn. Men fonna fekk vengjer og vart levandes, og ein flokk drivkvite rjupor letta og steig inn i solglansen under tindrande grønblå vinterhimmel – –

Det var sogone hans gofar som kom att i draumdis og eventyrglans. Ho lang-gomor, ho som sleit eit lamb frå skrubben med berre nevar og ein bjørkpåk var og innum, men måtte skunde seg, for ho skulde sta bera vatn frå bekken åt krytera i det 28gamle steinfjøse! Og reven som drog seg åt elva med glefsa kring foten, og stupte seg uti for å sleppe tur pina såg ho snerten av –

Og altsaman vart til noko forunderleg dragande – som ein breid ljosveg attyvi og framyvi, eit stråleband millom henne sjølv og den verda som var ættegarden hennar.

Ættegarden!

Ho vakna i det ho sa orde halvhøgt, og det var som ho høyrde det fysste gongen.

Hennar ættegard.

Ho kjende seg odelsgjente i det same, og det var som alder og år rann på henne –

Og då ho steig upp av stolen halvt i svevnørske kjendest det som ho hadde ei tung bør på ryggen, so ho måtte rette seg med magt – Men inni myrkre kring henne lyste ei stjerne – auga hans far. Og ho tykte han sa at no var det hennar tur –

Og det var som sterke hendar tok i børa med henne so ho letna og vart til vengjer som lyfte henne upp i noko nytt og ljost – han far trudde henne til å lyfte arven!

Ho famla seg fram til senga – vilde segje draumane sine til han gofar, som ho var van å gjera.

Men han sov som eit barn no, so trygt og godt, som ogso han hadde fengje ein god bodskap. Ja, so lenge ho hadde han, var ho ikkje åleine. Og ho hugsa, at det var same kjempegrjot i han som i rudkallane. Han var ein hardbaling som aldri 29skvatt undan for vågestykke og aldri gav seg for ein støyt. Enno hugsa ho den dagen for ti år sidan, då han skamhogg foten sin i vedskogen og kom hinkande heim med foten i ei slynge han hadde laga av livreima si. Han sette seg ned og bad dei koma med nål og tråd. Kvit ulltråd. Og Berte-Marja sauma, med han togg skrå som han var illsinnt. Då ho var ferdug bad han um kaffi. «Han hang og slong,» sa’n, «men no sit’n, kjinne’ eg» –

Til doktar vilde han ikkje, og bra gjekk det. Ja slik var han gofar –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.