Fisken uti fagran vatni
og ikonn uppi tre;
alle so heve dei makemann,
men ingen so heve eg –
Utpå vinteren laga dei til brudlaup på Buvin. Ikkje so at dei stelte til gjestebod, men det var sumt å greide med lel, der brura var enkje og hadde tvo døtrar.
Det var kome pengar tilgards, og i skogen song øksehogga dagen lang. Tidt og jamt var det framandfolk på garden, nye gjesterom var innreidd, stova hadde fengje ny husbunad med sofa og mjuke stolar, og det gamle husorgele var umbytt med eit pianoforte, som Gunhild hadde kaupt etter ei lensmannsfruve ho kjende frå misjonsmøti. Signe var send til Hamar på skule, og skulde der lære seg å spela samstundes.
Men Berit flutte uppi koven hans gofar, sa berre, at so lenge han livde, vart ho verandes der.
Elles fekk dei ikkje mange orda av henne. Ho gjorde sitt arbeid.
Berte-Marja vilde flytja, so snart ho skyna koss det bar iveg med Gunhild og Sevat, men Berit fekk 125henne til å bli. «Vi er nå fire,» sa ho. For Hans gjorde ikkje teikn til å fara.
Ei ny inne-gjente var komi, og Gunhild kunde ta seg meir fri. Ein fast dreng til var og komen, og Hans var no husbondskar å kalle. Elles var huse jamt fullt av skogsfolk og handverkarar, so det vanta ikkje liv.
Men Sevat var mest på reiser. Det hadde vorte so mange slag forretningar. Og ein dag fyre jol henta han mor si ned til Buvin, ho måtte vera der til han fekk vølt take på stova hennar, sa han, og då vart ho med.
Men ein dag uti januar strauk Gunhild og han nedyvi, og endå ingenting var sagt, visste alle dei som heime var kva som skulde gå for seg –
Dagen lang gjekk folk ut og inn og ståka med mat og kaffikoking, og han gofar tråva ikring som ein elg på garden og i skogen og var sint for alt han såg. Lisa våga ikkje syne seg for han.
Men um kvelden sat ho ved åren i kjøkene saman med Berit og Hans. Ingen nemnde det, men alle tenkte på det eine, at Gunhild og Sevat var vigde um dagen, og at Gullik Settmoen og Halvor Hougen var kaveringsmennar –
Han gofar åtte ikkje ro til leggje seg, kom inn att med’ dei sat der, men då han såg Lisa vart augo kvite i han, og han strauk på dør att.
Men tankane hennar Lisa hefte seg ikkje lenge ved han. Ho sat og venta. Ikkje at ho våga sjå han Sevat ikveld, men ho vilde vita brudgomen i hus. Han Sevat Rønningen Buvin –
126Ho Berit tala kvardagsprat med Berte-Marja, men ho stellte litt meir en vanleg for han Hans, som gjekk der og tagde og berre såg på henne, som han venta at ho skulde segje eitkvart –
«Du heng med nebben, er du låk?» sa ho, og såg heilt lystig ut.
Kunde nokon skyna seg på Berit. Ikveld var ho slik. Gav han rjome og sundagskaffi, og var so blid mot han.
Etter at Sevat hekta seg på Gunhild, hadde vona vokse i han. Men kva Berit gøymde visste ingen, for altid heldt ho maska stiv.
Men so snild ho var ikveld! Der kom ho med reine, nybøtte hoser til han og, so mjuke og varme. Det var so godt å vita, at hendane hennar hadde handsama dei. Og sat ho ikkje der ikveld og la på talliken hans beste stykki av saukjøte og skjenkte kaffi i eininga. «Drikk Hans,» sa ho, «det er meir på kjelen» –
Ingen var som ho, når ho vilde, mest som ei mor, so umsutsfull og god –
Men jamen kunde ho vera eit troll og –
Lisa prata i eitt; gamalt og nytt surra rundt i hovude hennar med’ ho sat der og lydde etter ljod utanfyre. Ikveld måtte det vera song som aldri fyrr i dombjøllune –
Men huttetu for sprengkalde! No var’n Gjø ute, so hard, at han sprengde kalven or kua, og grisen or sua, og kjeringa fraus fast ved århylla!
Men ikkje var det kaldare uppmed sjøen, so jamen laut ho uppi att snart. Ein laut nytte vinterkveldane 127– når vårvatne tok til å gå, var ho likesæl med spinninga. Men skillingen er god å ha – «nå er je so blank, at ha je en hælvskilling ha je støli’n», sa ho Marja hass Toten-Hans –
«Ja men du trøng nå itte bu so ringt,» sa Berit, «du lyt gje deg til her med hardaste vinter’n» –
«Ringt!» Du tala som du ha vit til no, Berit. «Bur som ei dronning, je! Mat ha je, og rår meg sjølv gjer eg – Og no ska dei la meg vera i fred, og itte tala på denne gamleheimen! Nå lid det til Gregorsmess, og då dryp det so smått tå takom uppi lia mi. Og so bur me øss på vår’n, han Velt-Simen og je. Det vart bråtøyr trettandagen iår, og trettandags tøyr er godt som trettan lass høy! So det bli’ sagte mat åt dyrom» –
Berit sat som i halvdraum og lydde til denne røysti som liksom nådde henne langt burte frå. Det var røysti hans, men med veikare ljod –
«Ja ja, noko stort er i gjerdom,» heldt Lisa fram. Det var eit vêrlysForfatternote: Vérlys: Nordlys. so vedundele på nordhimlen inatt. Nei, je var itte kar om å såvå. Men her i garden sov de full so de itte såg drakenForfatternote: Draken: Eldkula. som flaug yvi vola hell. Men je såg’n og det bi full linnvêr lel med det fyrste. Men ikveld syng det under sla’meiom – huf gut! Men engong såg je ris-stjerna, det logande rompetrølle fara framum. Då vart je klomsa, og je våga itte ta fram munnharpa mi på lang tid. Je vart gangand og studdere på horr det vart av ho. Venta halvveges ho sku’ snu og koma att. Men ho kom ailler att» –
128Ho stira fram for seg og geispa – «men ikveld er det månljøst. Tyss! Var det itte bjøller?»
Berit meinte dei var trøytte alle no og laut gå kvar til sitt. Dei som var nedafyre kom ikkje att ikveld, so ein turvte ikkje vaka for det. Ho reiste seg, og augo flakka so kvilelause kring i rome. Hans såg etter henne. Ho var so bleik ikveld, men augo hennar messom lyste. Ja, no vart det noko å stå ti. For hennar skuld laut ein freista å gjera det ein kunde. – Ho var ikkje den som strauk frå gubben, og koss det no laga seg, ikkje gjekk han frå henne, fyrr ho sjølv sende han burt – det visste han med seg.
– Berit fylgde Lisa inn på loftkammerse, kveikte ljos og bad henne ta det med ro imorgo tidleg, til dei kom med kaffi åt ho. Sa so godnatt og gjekk ned att.
Der sat Hans åleine og spikka på eitkvart.
«Ja, vi lyt full kvare oss vi og no, Hans» –
Ho rydda litt og sopte ihop flis og kasta i den svanande elden.
«Det vart ein stusleg laurdagskveld,» sa Hans berre.
Men Berit smilte. Det var no som ein tok det. Ho for sin part tykte mange hadde vore meir stuslege. Ho Lisa var no morosam.
Ja for det, so, men…
«Kor då?»
Berit sa det so roleg, at han tykte mest det var uhugleg. Berre ho ikkje var sjuk –
Då la ho med ein gong handa på aksla hans 129og smilte so rart: «Og so vert det full vår tur då, Hans» –
Han kjende handa hennar på aksla si, men orda ho sa gjekk i vase for han. Kva meinte ho? Kva hadde ho sagt?
Men då var ho alt ute, og han vart sitjande som klomsa. Var det det ho hadde sagt? At no var det deira tur?
Blode susa til hovude på han so han kjende seg svimren, stod upp halvt i ørske, kara yvi varmen, steig upp på benken og sløkte taklampa –
Uppå rome sitt vart han gangand’ i ring og sumle fyrr han sansa, at no skulde han fli seg –
Men so flidde han seg òg som til kyrkjeferd – for no måtte han finne henne –
Hjarta dulpa i bringa på han – hadde det endå ikkje vore måneljost –
«Koven» uppi gubb stova var eit rom med dør ut til eit stort bryggjarhus-rom med steinlagd golv, og stova låg øvst i tune med ryggen mot lia. Ho var låg og gamal og grå, men traust og tett – einaste varme huse på garden, sa’n gofar, og der vilde han bu. Vilde vera i fred med sitt og seg sjølv. Men den einaste som skyna det var Berit. Dei andre smilte åt det. Skyna ikkje kva han meinte med sitt. Han låg då berre der og las og klaga seg for tida var lang –
«Men her på gamle garden
i grøne kjære lid,
sat sonen eller faren
heilt ned frå gamal tid.
130Med det dei sa og gjorde
dei for so lugomt fram,
og støtt var merkjingsordet:
gjer ikkje ætta skam» –
So stod det i den Gudbrandsdalssongen Berit hadde klypt ut av blade og sett upp på veggen sin i råme av bjørkenever – for den tykte ho høvde her og –
Og ikveld, då ho gjekk og stelte seg so underleg roleg og klår, og såg inn i framtida som etter ein uppstaka veg, kjende ho ætteblode i seg som lagnadstunge båreslag. Det var berre ein ho kunde vente seg hjelp av no – han som ho hadde gjort glad ikveld. Ho gjekk og sa det for seg sjølv, at det var godt å gjera nokon glad, um ein aldri sjølv kunde bli glad meir –
– Ho hadde dorma litt og drøymt noko uklårt um ei toll, som heldt på å vekse og vilde til himmels, då Hans stiltra seg inn, helgeflidd og i hoselesten – rædd so han skolv –
Hadde han misstydd henne, so…
Men Berit rette ei hand ut, og i måneblenken såg han andlite hennar og dei myrke hårflettune som låg framyvi akslane og bryste.
Smilte ho?
Jau, gud signe henne sosannt, ho smilte imot han. Han fekk koma –
Og han sette seg på sengkanten, halvt blyg men so glad at han kunde stupe kråke – var ikkje dette ein draum, so –
131Han gjorde seg karsleg og skjemta. Måtte stagge ørskesæla som mest tok sansen frå han.
Ho smilte og såg på den kvite skjurta som lyste i måneskine, og dei kvite, fine hosene ho hadde bunde åt han til jol. Her sat ein brudgomsklædd kar – her òg.
Stakars Hans; han var mykje verdt der han sat – god som gull til alle botnar. Men den andre…
Det gjekk ein styng gjenom hjarta hennar, og ho let augo att, som ho varde seg for eit vondt syn –
«Søv du, Berit?»
Han kviskra det so lint – Men ho slog augo upp att og lo.
«Lær du?»
Han vart utrygg att.
Ja, skulde ein ikkje få læ. Det var då so mykje løgleg i verda.
Og ho klemde handa hans aldri so lite.
Dei tenkte på det same, men mælte ikkje orde um dei tvo som var til kyrkja idag.
Hans sa det var kaldt ute, og måneljost –
Og ho lo att. «Fortel meg noko eg ikkje veit,» sa ho. «Du sit då midt i måneblinken, so det skin av deg. Men sit ikkje der og frys føtenn’ av deg; her er golvkaldt som i løa – kom!»
Og han stakk føtane under felden –
Berit var rædd for å bli åleine ikveld, og ho vasa og prata og tok ikkje handa si att.
Men um litt sa Hans, at han fekk full’ gå. Og 132han gøymde andlite innmed halsen hennar og sa takk for ikveld. «Eg er so glad no, Berit, at» –
Jamen gret han, stakaren. Ho la hovude ned åt han og sa, at det var no vel ikkje noko å væte trøya hennar for det.
– Ho smilte slørøygd og trøytt; no var lodde kasta; sveik ho denne guten no, var ho verre enn fenta på landsvegen, og det var godt å vita eit livande menneskje so glad –
Ho strauk han yvi håre – stakars båne –
«Men no lyt du gå,» kviskra ho, «imorgo kjem ein dag att, og no er du husbondskar» –
«Det er no sundag imorgo,» smålo han, men steig upp lel, for han kom ihug at kvinnfolka måtte upp like tidleg helg som søkn, dei – og ho Berit var so bleik ikveld; det hadde vore ein strid dag med arbeid; ho var ikkje den som spara seg ho Berit –
Han visste ikkje koss han kom yvi tune, men han kjende seg so lett og lukkeleg, at han kunde dansa. Aldri hadde han trudd noko kvende kunde vera so god å koma attåt –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.