Hildring

av Hulda Garborg

Vondt å fljuge vengjelaus –

Gråt og lått i same slått
er barna-hått –

Det var stappmyrkt, då Sevat køyrde heim frå den vesle stasjonsbyen der Hildra stupte seg i storelva.

Han hadde vore på eit lite skogmøte med nokre bøndar frå bygda, og havt ein gild dag.

Dei slapp han ikkje for langt innpå seg, desse karane. Men morosam tykte dei han var, og godt hugu var det på’n, so han var trøysam å høyre på! Det var nok ikkje for ingenting presten hadde teke seg av han so han fekk gå skuler både tå eit og anna slag då han var framsloppen. Dei kunde vel smile aldri so lite, når han la ut um «fremtidens jordbruk», men no’ var det i det han for med. Og no han var husbondskar på Buvin vorten, so kunde ein ikkje anna enn syne godhugen so godt ein kunde. Det var eit fredeleg og godlyndt folk som sat på gardane heruppi dei små fjelldalom, der alle arbeidde og husbond og tenar åt ved same bord. Ingen var husmann og sleit for andre; sjølv rådde dei sitt, kor lite det var, og armoda gjorde ingen rygg fantemjuk. Høgsæte var ikkje for godt til den fatigaste gjest.

31Men ættebyrge var dei like godt, berre at dei bar det stilt. Lyte kunde dei ha som anna folk, sume heldt for mykje på skillingen, andre for lite. Sume tok eit glas yvi tyrsten i godt lag, andre kunde vera som bån og flyge etter alt nytt, og helst alt slag mekaniske greier som «gjekk tå seg sjølv».

Men snilde og hjelpsame var dei med kvarandre, og dei treivst ikkje når det gjekk grannen ille, kven han no var –

Soleis tok dei fint imot han Sevat og, utbygdingen og «legd’-guten», og freista gje han rom millom seg, um dei ikkje nett trudde han lenger enn dei såg han – enno då. Ho Gunhild Buvin, stakar, ho var no ikkje av det kjeringslage som dugde til å styre ein gard, og odelsgjenta var ung. Og no fekk då han Sevat få ro på seg til å syne kva’n dugde til – endå um han køyrde noko hardt på med alt det nye, so det alt hadde vorte skuld tå det –

Men Sevat var stornøgd med turen, sat og song i karjolen og let den gamle hesten finne vegen som best han kunde –

Kongsvegen fylgde Hildra eit langt stykke uppyvi, og der var det enno so han skimta vegen. Men han var trøytt og tung i hovude av mat og drykk, og rett som det var kvakk han i og kjende det var tett ved han hadde somne. Men det var’n rædd for. Koss gjekk det ikkje med han Mekkel Gråberg då’n kom køyrande frå Grunset marten – han datt tur karjolen og slo seg kvekk ihel.

So song han ein stubb att for å halde seg vaken. Men Hildra song høgare, song og suldra og susa so 32ein vart reint ør. Og aldri tok denne vegen ende! So Svarten! Lett på labbom dine no!

Nei, ræmen ruske, um vaksne folk skulde søle burt tida med å kræke seg med gamp etter vegane i vår tid. Det var godt nok i den tida han gofar saug mor si det – ræmen ruske! Men å nemne bil uppå Buvin – hæ – endå ho Gunhild va’kje verst soleis. Men kvinnfolk var so skvetne for folkesnakk –

Hæ – dei trudde nok han gjekk der og lurte på gardgjenta – han skyna dei nok. Eller kanskje dei trudde han småminka seg til å fiske etter ei halvgamal enkje – tackar so mycke sa Svenskemarja på Finskogen ho fekk ein kyss av kjetta –

– Då dei sovidt hadde svinga inn på bygdevegen, bråstana Svarten.

Kva i svarte –

Sevat rette seg i sæte og var med ein gong fullvak. Tvo skoddegrå skapningar stod og kraup ihop attmed ein diger stein i vegkanten. Ja so dyredø var det ikkje han Feier-Frans og ‘n Lokris-Lars!

«Hei karar, står de der og bie på skyss!»

Ein gamall tass med neverkont på ryggen steig fysst fram; bak han smaug seg ein låghalt stakar med ei trekasse i reim yvi aksla.

Det var gamle kjenningar, og Sevat baud dei godlyndt plass bakpå skrine, hjartans glad for å få selskap. Og han hadde vore sopass vegtråvar sjølv, at han visste koss det var å gå bygdevegen i haustmyrkre –

Dei hadde etla seg til Buvin, ja, men det vart 33so bråmyrkt, at dei mest hadde gjeve upp å nå fram. Vilde lagt seg inn i ei gamall størels-bu, men fann ikkje stigen – so jamen takka dei no for godt tilbod. Og dei krabba upp og heldt seg fast som best dei kunde.

Fraus gjorde dei so tennane skrangla, men han Feier-Frans smolla like godt og freista seg med skjemtord og løgne påhitt. Han visste koss slike karar som han Sevat vilde ha det.

Men han Lars berre flira toskutt til alt med den tannlause munnen, og var livrædd kvar gong det bar ned i hjulspor eller stompa mot stein i den humpete vegen.

Smått gjekk det. Den gamle hesten sette føtene varsamt i bakken, stig for stig muna han seg fram, og det tok tid, og då dei nådde svingen under Buvin-bakkane stogga han heilt; han vilde kvile og «blåse tur seg», som han var van å gjera fyrr han tok siste tørnen.

Og so fekk Sevat ei flaske fram og skjenkte. «Jaggu frys eg,» sa’n, «og det er full itte større ølen ti dø hell» –

Og Feier-Frans gliste og skok seg. Ja so jamen var det eit grand hustre ja, so han skulde no ha takk og ære som baud. Men han Lokris-Lars sikla der han sat, og stira kvitøygd på flaska.

So drakk dei etter tur, hjarte-tekne og tagalle som det vøre altarvin ifrå prestehand.

«En tel,» sa Sevat. «En trong både sla-supen og pels-supen og malurten attpå um en itte har okke sla’ hell pels, og det er ei god stønd tel vinters – skål karar!»

34Augo vart store i dei tvo vegtråvarane

Den velsigna Sevaten!

Feier-Frans kjende seg so utmødd og illevølin, at han kom på gråten, då han kjende flaska millom dei stivfrosne fingrane, og han saug seg fast til flaskehalsen som barn ved morsbryst. Og han Lars heldt fram ei stiv hand og såg rædd på han. Munnen stod opin og tennane vatshagla –

«Turk deg kring truten,» sa Sevat og heldt att flaska. Og stakaren turka seg med votten, lydug som ein unge med sukkerbiten for augo. Men då han hadde drukke, drog han ein djup sukk, og seig ihop som ei gople or vatne komi og var berre beinlause fillehopen.

So bar det iveg att, seint og tungt, og Sevat banna vegen og dei endelause bakkane.

Slikt hadde dei funne seg i bøndane uppi her – mannsalder etter mannsalder! Ræmen ruske sku’ det ikkje bli annan veg uppi her, fekk han rå’ – no banna han.

Feier-Frans la seg framyvi karjol-ryggen so blid, at han mest kraup inni storkaren der frammi sæte. Ja, han Sevat var karen som kunde greie opp med vegen, var so han vilde bry seg. «Mode har du, og makta fær du,» gjølte Feier-Frans og sputta langt, «no spådde eg» –

Men i det same gjekk eine karjol-hjule ned i ei dump, so dei tvo på skrine nære på hadde hamna i veggrøfta. Lars klora seg fast i Frans og det gjekk ikkje betre enn han vætte seg i broka som eit bån av støkken.

35Frans banna, men Sevat snudde seg og spurde lystig um dei var med?

Og langt um lenge nådde dei då Buvin-tune, halvt ihelfrosne, men heile –

Gunhild stod i bislage og lydde inn i myrkre. Endeleg høyrde ho duren av karjolen på den nattefrosne vegen. Og um litt høyrde ho han prata. So vart det full’ nattegjester –

Ho skunda seg inn og sette kaffikjelen yvi elden. Noko varmt i live trong dei vel, kven det no var.

Og sengerom vart det vel spurlag etter. I bispekammerse var tvo uppreidde senger, um det var slike ein kunde be inn der. Elles var det senger no kvar staden på garden, endå til på stalltreve, um det var gjester ein ottast hadde småkryp med seg.

Ho slog døra upp att, so ljosken la seg ut yvi tune. Og der kom Sevat svagande med tvo grå skuggar etter seg –

So det var dei karane – ikkje fysste gongen dei låg på Buvin-stalltreve –

Litt etter sat dei ved elden i det store kjøkene og tina seg upp. Gunhild Buvin var ikkje den som stengde døra for nokon, kor ufyselege dei var. Ho tok misjonsbundingen og sette seg verdug burti benken og tala med dei. Ho hadde hjarta endå for dei svartaste heidningar, og det stod at ein skulde gje fatigmann hus. Men nokre små synduge tankar murra inni henne – ho hadde jamen vore likesæl med slike gjester i kveld; han Sevat var mest altfor snøgg til å dra med seg fant heim. Men ein fekk 36bera slike kors og. Dei var nå små mot det som eingong vart bore for oss.

Frans hadde sett neverkonten sin attmed døra, men Lars sat og heldt sukkerty-kassa si trufast i fange. For i den hadde han all si eign på denne jord, den gamle skinnpungen, ein massingkamm og handelsvara si, nokre lakris-stenger og peppermyntetullar.

Av klæde åtte han det han gjekk i; bytte berre kvar gong ei god sjel gav han eit reint plagg.

Dei tvo sellane gjekk elles kvar si rute, men ikveld hadde lagnaden ført dei saman hjå ho Kaffi-Marte i «Svingen», og no naut dei ei sælestund av dei store og gløymde såre bein og brotne ryggar. Og Frans var fin og takka både Gud og Gunhild for skyss og god fagning. «Det var no din reidskap vi sleit», og «Gud signe Svarten!» Maken til gamp fanns ikkje!

Og pipune kom fram, og det var ikkje sorger meir i verda –

– Men ho Gunhild sat og lydde på han Sevat. Han var so rødug vorten, og so full av løgne påhitt, at ho lo mest meir enn sømeleg var millom desse som ho helst skulde ha tala ålvorsord med –

Ho ansa ikkje at han Lars dubba yvi kassa si, og at kaffikoppen hans heldt på å gå i golve. Men Frans nugga burti han – «snyt dei, så ser du betre», sa han.

Dei lo alle utan Hans, som sat i kråi og tinda ei rive. Han lika lite denna Feier-Fransen. Ein sleisking og ein smjugar var’n, og ein snytar i 37handel når han slapp til. Hans hadde eingong kaupt ein kniv av han; det gjorde han ikkje meir.

Men denna stakars Lars-kroken var det synd ti; han for døm ille med og lo åt –

Sevat gjekk att og fram på golve og prata, halvt til Gunhild og halvt for seg sjølv. Det var so mykje nytt i verda, so mykje stort og veondeleg! Han hadde kaupt nye blad i kjosken nedmed stasjon – her skulde ho sjå! Og han las um gullfund i Noreg, um eventyrleg rike engelske lag som kaupte upp fossar og grov i fjella her etter malm sa dei; men ræmen ruske trudde ikkje Sevat det likso gjerne var gull dei grov etter! Det var noko ein visste, at fjella her var fulle av rikdomar! Men her gjekk folk og pirka i molda og sleit fram eit kufor her og der, og same armodsdomen hadde det vore i tusund år, og det same vart det i tusund år til um ingen fekk opna augo på bonden, so han tok seg mannskap fyre og sette seg mål utanfor møkhaugen!

Frans slog seg på låri, og augo vart som glas i han. Det var jaggu, so sannt som det var sagt altihop! Kvifor svarte sku’ det ikkje vera gull her som ann stan?

Men han Lokris-Lars sansa ingenting. Heilen hans vart som ein graut då han kom inn i varmen, og han dorma av att, kvakk berre upp av og til og kjende um han hadde kassa –

Han Frans var so trøytt han og, at han mest geispa gangjarna av led, men han drakk fire store kaffikoppar, og for i einingi upp i hårtjafsane med 38fingrane og fekk dei til å stritte som busti på ein langkost, soleis heldt han seg vaken. Han var ein heimløysing nedantil Elvrom ein stad, og vandra i fast rute millom Mjøsa og Røros, årviss som snøen og kjend i kvar gard etter vegen, men vart snart for gamal no.

– Tilsist kom Sevat inn på tømmerprisar og skoghandel. Vi lyt gjera so og so, sa’n –

Hans sputta –

Gjekk ikkje den driten der og sa vi! Han, som aldri hadde ått so stor jordtorva, at han kunde gøyme handa si under ‘a –

Men Sevat dreiv på. Ein kjende knepa til storhandlarane no! Når Santhans-marten kom, var det altid «krise» i utlanda en stad. «Vanskelige omsetningsforhold» skreiv Fredrikstad-grosserar’n. Sevat hadde sjølv set breve nedpå hotelle –

Han slengde seg nedpå benken hjå Gunhild og slog ut blade. Her kunde ho sjå: «Krise i tømmerdriften; elendige priser på det utenlandske marked!» Jauvisst!

Og bonden vart rædd og våga snautt be um det stakars forskote han trong til drifta. Fekk kneskjelven, og selde til underpris!

«Vi lyt lære å halde ihop! Stå imot stormakta ne’i Osen, der storhandlara sit og fiskar upp rikdomen vår» –

Ja, Gunhild var samd i at det måtte vera gale slik det no var. Men kva skulde ein gjera?

Men no orka ikkje Hans tegje lenger. Heruppi dalom hadde dei stelt seg so dei itte trong selje til 39upris. Dei kunde vente. Det kom itte berre an på hå en tente, men hå en brukte. En bonde fekk stelle munnen etter matsekken – å drive med forskot var å grave si eiga grav, det hadde far hans altid sagt. Han hogg aldri meir enn det vaks ti att hell han –

Sevat vart raud og kasta den brune hår-flusken attyvi. Ja, han høyrde nok um kor gildt alting var fyrr uppi her, men han såg ikkje anna enn same tråkke bak kurompa og møkkjerra som for hundra år sidan. Utan driftskapital kom ein ingen veg no for tia. Med litt kontanter fyreåt kunde ein koma lenger på ein dag enn moldtrælen på mange mannsaldrar. Men trolla vilde ikkje ut av haugen sin, det var det –

«Ja,» geispa Gunhild, «e trur nå det er no i det ‘n Sevat segje. Nå bir det slit opp og slit i mente stødt; en kjem itte over dørstokken og ser itte lenger enn en sjølv er lang til. Sjå nå mor di, Hans; aldri har a vøri så langt som tel by’n, og aldri har a vøri ti en båt utpå sjø’n en sumarsdag. Det er setra sumar’n, og heimfjøse vinter’n det – anna vet a itte tå» –

«Ho mor syte itte for det, ho,» sa Hans, noko spak; dette var noko han aldri fyrr hadde tenkt på. Sevat spratt upp. «Nei, det var det som var gale! Dei var fødd med træletolmod kvinnfolka uppi her!»

Gunhild sukka og såg takksam på han. Han var no annleis enn alle andre, han Sevat. Urædd fekk han sagt det andre aldri fekk over lippom sine kor harmen kunde brenne –

40Ho vart våt i augo. Og det var kje fritt ho i same stundi kom til å likne han ihop med han som mannen og husbonden hennar hadde vore og no låg i si grav. Stor skilnad var det på dei tvo både i sinn og skinn. Han var so overlag vakker der han gjekk, han Sevat, mjuk og ledug og strauk det fine håre attyvi – det var so det blenkte i det i eldskjære! Og augo hans var so blanke når han gjekk slik og såg inn i framtida. Og slikt hugu og slik lærdom hadde ingen uppi her –

Ho såg han Tollef for seg, stø og tagall, tung og breid i høgsæte – ja gud signe sjela, men –

Nei, heldt Sevat fram, og var som ei løve i bur; dei skulde høyre kva store mennar ute i verda sa um desse ting! Men hemfødingane vilde ikkje lære!

«Nei, der sa du jaggu sannt, Sevat,» sa’n Feier-Frans småøygd, og streid med svevnen. En fekk freiste halde seg til vens med han som no var husbond å kalle her –

«Det er stor skil på folk, ja. Neri bygdom der du hev fare er det meir futt i folke – ja der vi er ifrå ja.» – Frans sputta i varmen: «Je minns fysste hogge je gjorde ti furuleggen, je va berre småguten dengongen. Men huff gut, je kjinde all igjenom meg, at detta hogge va fysste stege til no’ stort og veondelig» –

Dei sure, grågule augo vida seg ut og fekk eit glimt av liv; so seig dei ihop att millom raude gråraggute kvarmar.

Då small han Hans i med ein ørliten lått.

41«Ja ja, læ itte åt’n Frans du, tosken,» sa Sevat; «han vann noko stort som du aldri vinn han; du gjeng frikar på alle vegar du, Frans, du ha itte seld deg til moldtræl» –

Frans grein. «Å, dæ skeiva no so til, at eg kom utor låmi likevel, je da – var itte go’ for å halde meg berre til mismær-ponsenForfatternote: Mismær, solørdialekt for mysmer. (Mysusmør). stødt da ma – neggu nei san – æh» –

Hans reis upp og sopte ihop flisa etter seg. Han brann etter å segja eitkvart ut av sin vanvyrdnad, men fann ikkje ord som han tykte beit nok; heiv berre flisneven på varmen so det frasa upp i eldmyrja og strauk på dør. Men på dørstokken kom det. «Tvi, solung og gjet er det verste je vet!»

Og fort som ein elding kom svare frå’n Frans. «Tvi, østerdøl og lus, vil je itte ha i mitt hus!» «Tala itte om lus du,» slengde Hans imot; «je låg i bussu med en solung og en hemarking neri Romdals-almenningen en vinter, je, og der var det rase-kryssing so lusa var so diger ho gjekk med kruthønn på riggen!»

Dermed smelte’n døra i so det song. So radugt hadde Hans aldri tala fyrr.

Men Sevat hadde lyft handi og tok eit stig etter han. «Hald kjeft, din bleikfis, hellå» –

Men då stampa Hans tungskodd yvi trammen utanfor. Idag skulde dei høyre han var til, han og.

– Signe hadde og vakna upp no.

Uf, denne hemfødingen skulde en vera skyld –

Men no stod Berit i døra, og augo hennar feste 42seg straks på Lokris-Lars, som låg ihopkrøkt som ein fillehaug yvi kassa si –

Ho vyrde ikkje snakke til dei andre; gjekk beint burt til den sovande stakaren og fekk han med seg uppå treve og hjelpte’n med turre klæde som ho fann fram etter far sin –

Då ho kom framum kjøkensvala att høyrde ho dei lo innanfyre.

Dei hadde det morosamt derinne –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.