– segje du det, sa’n Mass le’n Lasse –
Andlite hans Bersven lyste av trivnad og velvære, der han stod og langa upp sjølvlaga pylsor av den gamle «feltflaska» si. Denne store matkoppen av handsmidd kopar var dyraste eigneluten hans. På sidone var små hankar til å træ reima i, og på loke ein lysande massingknott. Kor han for hadde Bersven feltflaska si med seg, og pussa var ho, so ho skein som ei sol.
Då han lyfte på loke, anga det gjestebod yvi heile stova, og alle var blide og gledde seg til smaken.
Og Sevat gav seg til å skryte av den gamle feltflaska. Kor Bersven hadde fengje den ifrå?
Men då blenkte det upp i augo på den gamle soldat-kokken. Jau, den hadde vore i morsætta hans alt frå krigen i 1808. Mor hans var ætta frå Aasnes nedi Såler, dei minntest nok det. Og her kunde dei sjølve sjå.
Enno stod namn og årstal greit å lesa. E. R. B. no 33. H. R. Det var so mye som Hofske Regiment. «Far hennar mor var son åt bror hass Bjønn-Ola som var med i kri’n. Han budde tett attmed 83svenskegrensa, og var beste ven med en svenske hette Mass som budde på andre sida – de ha full hørt gjete dei kara?»
Neimen um nokon av dei det hadde – koss gjekk det, tru?
«Jau, no skulde desse tvo ut i kri’n å skjote på enan, men det var dei lite huga på, som vona var. Og gofar hennar mor som stod i bataljonen hans Ræder, han som jaga svensken tvo gonger over grensa de vet, han kjinnte båe desse sellann’. Jamgode var døm til å skyte, og døm gjekk ofte på jagt ihop og delte vinninga, same kven som løyste skote. Men engong gjorde døm mesterstykkje sitt, sikta i kvar sitt auge på en bjønn og råkte båe» –
Embret gapte so han synte heile den tobaksgule tanngarden – «sku du ha hørt» –
«Ja, og no kom døm tel å stå imot enan der han Gahn kom med dalkara sine og skulde jule opp baggen. Og kaften Dreier stod på en stubbe og skaut, so fort som sju soldater ladde. Det var so det hagla inn i svenskeflokken, der’n Mass stod under ei bjørk. Men inni eit kjørr attmed’n Dreier stod’n Bjønn-Ola og kika over åt dalkarom som fjerta og skaut det beste døm vann, døm og.
Og no såg’n beint i syne på’n Mass, som skaut i det same so flis og bark fauk kring øyro has Ola.
«Jaggu trur je du skit med skært au, je,» sa’n Ola og riste ruske tå sei.
No kneglo’n Embret. Ja dessa solungann’, non gælningar hadde døm vøri stødt – og itte tala døm som skikkeleg folk hell –
84«Ja bi no litt,» sa’n Bersven, «so ska de få høre» – han var so forhuga på å fortelje, at han vart sitjande med ei pylse på gaffelen, og gløymde å legge ho ned på tallikken sin – «no gjor’n Mass teikn, at’n Ola sku legge sei ner i kjørre der han stod. Dermed skaut’n att, og han Ola datt som ein sau og toll-topp og kvist raus ned over’n og gøymde’n. Og der låg’n og lo so godt med seg sjølv.
Men koss sku’n no gjera det med’n Mass? Jau, gjører mod andre hvad I ville at andre skulle gjøre mod eder –
Dæmmerså rugge’n på seg sopass han fekk sikte og skaut ned ei diger grein tå den bjørka han Mass stod under – og der låg’n Mass vel gøymd under lauvknupp som lokta so inderlig godt, dermed var døm båe berga. Låg som steindaude, lea itte en finger før døm hørde tromma og signalhorne langt unda. Da trudde døm krie’n var slut og kraup fram og rusla hematt, vener og væl forlikte som før. Og heme ska du tru det vart glede på kjering og ungar, som hadde gått hælvdaude tå hugsott for dei som var ute i den blodige kri’n» –
«Ja der sku du vøri med å kokt sluring åt soldatom, Bersven,» lo Sevat.
«Ja du segje no. Men no lyt de smake på nista, godtfolk.»
Han lyfte lòke av att og baud ikring –
«Men pusserligste hendingi var at kri’n itte var slut,» heldt han fram; «dei laut berre gjera våpnkvil fordi svensken måtte gå til baggen å låne bly 85tel å støpe kuler tå. Ja då, dei sku få bly, sa den norske kaften; «for jeg skal sige dig det min bror’, sa’n, ‘at vi nett no har sendt en pallementær til eder for at låne noget krud, for vi har nettop spellt opp på det slage vi,’ sa’n.
Og no dryfte døm saka, og so sa’n det den svenske officer’n, at jamen kunde døm likso godt slutte nå, for nå hadde døm nok fått lånt bly, men før døm fekk støpt kuler tå det, vart det svarte natta og då kunde ingen sjå okken døm sikte på, og då kann vi inte gøra nogon affær med kriget, sa’n.
Baggen tykte bror tala vettugt og treiv neven hans. Her har du min ærlege norske neve sa’n, og dæmmerså vart det slut på kri’en. Og sea åt døm meddag ihop hjå’n Ola Halvorsen på Bjørneby; og hadde med sei den svenske generalen døm hadde fanga og. «For no er kri’n slut og no er vi brør,» sa Bjønneby-gubben, og dæmmerså tømte’n stabure sitt og delte maten likt millom dei norske soldata og dei svenske fangane. Slik var den karen. Og du må tru det fanns mat åt mange bataljoner på Bjønneby-stabure. – Ja det æ sannt, eit glømde je å fortælja um’n Mass og’n Ola. Da døm var på hemtur, så tok døm kvar sin daude soldat på ryggen, en svensk og en norsk, inni skogen en stan, og la døm fint ifrå seg attmed Aasnes-kyrkja og takka døm for godt kammeratskap. ‘Det va itte vi som skadde dø’, sa’n Ola» –
Men nå lyt de gjera ære på kosten; pølsen’ ha je sjølv laga, så je vet hå som æ ti døm – hæ, hæ» –
86Og dei tok til seg so mykje dei tykte sømeleg, og åt lefsa hans Embret attått. Lefse med nykinna smør so fint som nokon kunde ta i munn. Ho Goro Hallemoen var namngjeti for smøre sitt. Og han Embret togg og smålo for seg sjølv – måtte hugse på’n Mass og’n Ola; han vart i slikt hjarteleg godlag når han fekk ei god rispe attåt furkunmaten –
– Men kva var det no? Hundemål uppi skogen! Lisa tøygde seg og såg ut gjenom glase. Nei – no var det stilt att, og ingenting å sjå.
Men han Sevat fekk uro i seg og såg på klokka med han tok siste pylsebiten. Bersven og Embret pakka i ryggsekkene sine – um det sku’ koma framandfolk.
«Der har du jadde ei fin klokke,» sa Embret, som var litt av ein klokke-vølar i grenda si. Han fuska litt både med gamle mora-klokker og lummeur. Ja fin, ja! Skulde tru det. Ho var etter han Klokke-Pihl døm kalla nedpå Hemarka. Slike klokker var kje gjort i Noreg okke før hell sea. Ja, dei hadde då høyrt gjete klokkepresten i Vang?
Han Sevat var so kjær i klokker og alt anna som gjekk tå seg sjølv, og no vart han sitjande og stire som ein unge på den vesle uroa inni klokka, til han såg fossen for seg – fossen og digre kjempehjul som gjekk rundt og rundt og aldri stogga – Ja, fossen gjekk, um en aldri drog han upp, og det sa han høgt. Og menneskja hadde magt til å binde’n og gjera’n til tenar åt seg, um ho vilde – Han Embret togg og jatta med, blunka og var blid, men tenkte sitt. Det var farlege greier, og ikkje 87at han trudde noko på at det skulde løne seg for nokon å ta upp att arbeide med malmen uppi fjella her. Men skulde det no vera noko i det, so fekk ein freiste å ha orda sine frie. Ikkje segje for mykje. Det hende so mykje rart no for tia. Men altfor lett var det å koma burti klørne på spikkelanter. Og han Sevat var no ein vavlekong som hadde dikta ihop so mangt eit eventyr –
Likevel var det so rart med det – ei lita uro sat det jamt att i kroppen etter eventyra hans. Og no dei kunde tala etter ein tråd frå Hallemoen til Hamar fekk ein vera varsam med å slå heilt ifrå seg noko og –
Og små villtankar flaug gjenom hovude hans um store bankbøker og skogsal til vedunders prisar. –
Lisa sat og rugga og lydde på karom og stira inn i elden. «Ja, ja, du kann full bli klokkemakar tå ekvart slag enno du, Sevat. Men vil du finne ormbole, lyt du vera uppe i solrenninga» –
Han lo så smått. Ho mor hadde rett. Berre han ikkje alt hadde forsove seg!
Ikkje var han av same to, som dei han no gjekk tenar for. Men millom bøndar fekk ein fara varsamt, ikkje brøyte for hardt iveg. Det var seinpløygd åker der – ein fekk ta det med tol. Men éin sup om senna tømde og tunna tilsist. Likevel, keidsamt vart det med slik smådrekking –
Legdgut! Javisst. Men um ho mor var i ulukka komi – nokor pøleForfatternote: pøle: taterkjering. var ho då ikkje. Og kven so far hans var, nokon fant var han ikkje.
88Han fann meg som bia finn blomen, sa ho mor. Slik var ho. Lydde liksom på toner støtt, og såg blom og stjerner all stad.
Han vart blank i augom, der han sat. Ho trega ikkje på raklehanan sin, ho mor – såg berre blanke fjørine på han altid –
Og fekk han levedagane, skulde dei kann hende få høyre frå raklehanan.
Lisa vart sitjande og rugge att og fram – og tala som for seg sjølv. «En lyt våge seg uti,» mulla ho. «Har du sett ormleiken um våren, grys du itte for no’ sea. Je såg det engong. Huf gut, det var på hundrad, på tusun! Det kraup og det krydde, kveste og kvisla. Berre en gong har je sett no som fekk augo lenger ut or hausen på meg» –
«Og kva var det mor?» Sevat sa det so stilt som dei var tvoeine i stova.
Og ho svara som dei var tvoeine i verda, at jau det skulde ho segja han, det var ein lått kring mannamunn. «– men sola har snudd so mange gonger sea» –
So vart det gravstilt. Og med ein gong kjende ho seg so mødd og svevnug, trudde mest ho vilde legge seg nedpå eit grand –
Men jessunam! Kva var det? Ein kjukling skreik for live i tune, ei bikkje ulte og kvein –
Han Sevat reiv døra upp – derute stod ein tjukk, turistklædd mann og dengde ein hund! Såg ut som han var galen, raudsprengd, kvit i augo, rasande. Hunden som hadde teke ein vår-kjukling og skambite han, låg flat på marka med den daude 89kjuklingen framfyre seg og skreik under piskeslaga. So kasta mannen endeleg pisken, tok ein hyssingstubb i lumma si, og batt kjuklingen um halsen på den skamslegne hunden og gav han so ein spark til slut på leiken. Skamfull og blodig drog den vakre fuglehunden seg burtyvi tune.
Ein halvt by- halvt bondeklædd kar kom fram under låvebrua; han smilte brydd, då han såg folk i døra.
Sevat glodde. Jamen var det ikkje sjølve Simen Sundet, den store skoghandlaren frå Elvrom. Men han som dreiv med bikkja var bykar, det såg ein straks. Stygt for han åt med hunden, men det var fårleg å segja noko åt slikt folk –
Då stod Lisa der. «Vil du løyse kjuklingen, din bikkjeflåar!» skreik ho, sansa seg ikkje for sinne – såg ut som ei furie der ho stod med håret til vêrs og krøkte klør, ferduge til hogg. Ho vilde flyge beint på mannen, men Sevat treiv henne i armen. «Se å få vekk det sinnssvake kvinnfolke,» ropte bykaren arg, «se her er betaling for den lurvete kyllingen din» – Han kasta eit pengestykke framfyre føtane til Lisa.
Men ho vyrdest ikkje sjå etter det, «løys kjuklingen, segjer eg!» ropa ho vill.
«Hold kjeft, sier jeg – hunden er min» –
No var Bersven og Embret ogso utkomne. Embret kvitna i andlite, men våga ikkje segje noko, han heller. For såg han rett, so var då detta sjølve grosserar Mørkel frå Fredrikstad, den store trelasthandlaren, 90og so han Simen Sundet, stor-rikingar båe –
Sevat freista stagge mor si. Ho skulde ikkje blande seg uppi detta! Ho såg full hå folk det var – og kjuklingen hadde’n betalt –
«Itte det je vet,» kveste ho, og sparka til krona so ho flaug langt utpå tunet.
«Løys kjuklingen, din bikkjepinar, daud eller levandes, so er’n min! Men åt dei ska det bli et rom i helvete, det ska je syte for!»
Då skubba Sevat henne inn, og Bersven steig fram på trammen, tung og breid, glytte ublidt på framandkaren og gjekk so roleg etter hunden, klappa han og skar laus kjuklingen. Og hunden la seg flat, venta pisken att, men kjende ei diger hand som klappa – linnt som ei barnehand –
Grosseraren var gått bakum låven – ein såg på gonglage, kor sint han var, og han gjekk og rengde augo som ein sint stut.
Men no kom’n Simen fram og gav Bersven neven – so lausleg – han var no den han var, og det var han Bersven og. Men han smolla og lo. Han var so bråsint soleis han Mørkel, men det stod itte lenge på –
So rusla han burtåt trammen, og letta aldri so lite på den tjukke Elvroms-luva og småprata: «Han har slike rier av og tel, helst når’n kjem tomreipes frå skogen» –
Sevat lette på luva, han og. So dei hadde itte skøti no idag?
«Itte fjøra» –
91«Ja, du vet det æ sagte harmeleg det, ja» –
«Å ja. Og du vet en jakthond lyt ha dressur» –
«Ja du vet da det –
«Men berre ta imot penga du, han har nok ta døm» – smilte han løynsk. Tok så til å stappe pipa.
Simen Sundet var ein tung og truvælig, bonde og kunde nok soleis på tvomannshand smile litt av grosserar-venen sin.
Men han Sevat sa, at det nytta nok ikkje å by mor hans pengar for kjuklingen. Det var nok helst bikkja ho tenkte på; ho hadde slikt hjarte for dyr –
Då kom grosseraren att; gjekk og røykte på ein sigar. «Ja, så var det altså om dere kunde si os benveien til Buvin gård» –
Han var roleg no; men enno eit grand kvass i måle.
Jau, det høvde so heppeleg, at Sevat skulde nedyvi – um dei berre vilde bie aldri so lite. Og no var det so hjarta hans pikka av ihug – her stod han med ein gong midt i nye eventyr!
Kva vilde desse kara på Buvin?
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.