Hildring

av Hulda Garborg

Frå stjerne til stjerne

Den som vil med ulvom bu,
han må med ulvom tute –

Sevat var ikkje so lite vonbroten etter skogturen med dei tvo storhandlarane. Dei hadde nytta høve til sjå seg vel um, men dei lest ha meir skog enn dei trong sjølve nett no. Det var noko i vegen burti Afrika ein stad. Durban sa dei. Og dei hadde hogge so mykje nedgjenom dalen siste vinteren. Alle vilde selje, men det var botn i pengekassa åt dei som skulde kaupa og. Eit firmaskip var gått under i Spanskesjøen og kva pokker’n det elles var som gjorde det – men ikkje nemnde dei handel. Og ikkje nemnde dei meir um betingar hell. So vart det full itno dette åre hell med storhogst uppi her – anna enn på Settmoen. Han Gullik var karen som selde! Fór framum ein som ei vindkule i vegom på den nye bilen sin, kaupte silkekjole til kjerringa og pruta ikkje på prisen. Hadde skipsaktier attåt og tente ustyggeleg med pengar såg det ut til –

Men her sat ein. Grått var det ute og grått inne. Kvinnfolka gjekk der og bala med sitt – budde seg 99til slaktinga og spann til vinterveven. Upraktisk og dumt når dei kunde kaupe både garn og ty billegare på bua –

Gunnhild var longe leid dette bale, men Berit og ho drog til kvar sin kant. Og ho Gunhild som lest skulde styre var halvrædd både dotter si og han sjuende far i huse. Han var messom fan sjølv vorten, var i alle krør og stakk med den forgiftige tunga si. Og her gjekk han Hans bleikfis og ho Berte-Marja og mura seg inne med all den gamle trollskapen. – Neigu um han lika seg her lenger, men fekk vel halda ut denne vinter’n og – til ein fekk sjå, koss det bar iveg burti Durban og neri Fredrikstad –

– Ein dag kom han heim frå bygda og sa at han kunde få fylgje kreturvogn til Krestjan no, var so han vilde. Det var slitsamt, men det var no ei fri byreis.

Og no var han i godlag. Kjende seg fortrudd som ein sjølveigar, men var illsvien og, for det var stort ansvar med å føre so mykje livandes, og dette var no fysste gongen for han. Elles var det jamt gardbrukarane sjølve som unnte seg ei fri byreis på denne måten.

– Ein blank soldag rusla då godstoge ned gjenom dalen med han Sevat og sauene hans umbord. Han stod i dørglytten og røykte og såg drøymen ut i dei endelause furumoane som gleid framum, Glåma som seig nedyvi i majestætisk ro og spegla små heimar med låge grå hus kring store, stille 100tun. Under bur og uthus stod vinterdoningen tjyrubrædd og vølt og venta på snøen; det var som alting kvilte millom tvo økter; den grøne sumaren song på siste verse, og den kvite vinteren hadde send sitt fyrebod i sure dagar med storm og snø-elingar –

Men på kvar liten stasjon med små okkergule triste stasjonsbygningar hadde dei ei god stund til å gå ut på platformen og prate med folke. I rad og rekkje etter veggen stod gamle og unge mannfolk med hendane i broklumma og røykte og fylgde med augo alt som gjekk fyre seg frå det tunge toge gleid inn og til det pæsande og prustande drog seg ivegen att – søryvi til den store verda, Hamar og Krestjan.

Denne vesle stunda kom live på vitjing til dei, og um det var ein ukse som skulde inn på kuvogna, eller ein handelsreisande eller ei appelsinkasse og ein margarindunk som skulde ut – like upptekne var dei av det.

Sevat smaug seg ut når han kunde, letta godlyndt på luve-skjolden og helsa og slog seg i prat med den fysste den beste. Spurde etter høyturk og feprisar og nemnde koss det var nordafor med eit og hitt –

Sume stader var han so heppen å råka kjenningar og, og der heldt han på å bli att, so konduktøren måtte ropa han inn.

Og inni vogna song han upp med ein trillande sautrall til dei firbeinte felagane sine og fekk seg etterpå ein blund på høysekken sin.

101Da han vakna att, var dei på Hamar. Toge skok og riste seg so han trilla ned i ei mylje av brekande vitskremd sau.

Lufta var stinn av ram dyre-eim, og det tok tid fyrr han sansa kvar han var.

Men endeleg tumla han upp og fekk døra på glytt so han kunde få puste, og no storma dei stakkars dyra på og vilde ut. Tronge, myrke fjøsrom var dei vane med, men eit fjøs som rulla avgarde med dei og skrangla og riste seg og hadde krampe-rider var ei ny og fælsleg røynsle. Og fyrr han fekk sukk for seg, smatt tri ungsauer ut millom beina hans –

Ein augneblink stod dei der og stira, sette so i villt tråv burtyvi banetomta.

Sevat fekk klemt seg ut og dregi døra att, og no vart det sauejakt! Sjølv sprang han fyre, og nokre banefolk etter. Ein liten folkehop på platforma vart standande og stire som ein fjetra feflokk, sette so brått i å læ! Dette vart nok moro for mange pengar –

Ein breidvaksen kar med børsa på ryggen sprang etter Sevat. «Ska je skyte?» ropa han. Då var dyra langt burtpå lina, der hurtigtoge var ventande.

«Skyt i guds namn!» svara Sevat. Då stupte fysste sauen, og dei andre byksa utyvi skråningen mot Mjøsa, der dei vart fanga av ein mann som kom framum med båt –

Med god manns hjelp fekk han dei tvo livande 102sauene inn i vogna att, og selde den daude for ein billeg pris til han som skaut –

Men då han kjende toge rusle iveg næste morgon var han glad, for den natta på Hamar var lang, der han låg millom sauen og ikkje fekk blund på augo for harm. Sanna hadde han fått, at skam og skade fylgjest åt, og lenge skulde det bli fyrr han tok bytur på krøtervogn att, det svor han på –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.