Hildring

av Hulda Garborg

Sant-Hans

Inn so kom den hougebonden,
han var ikkje ven å sjå;
«høgg de ned mitt plometre,
jomfruga skal de aldri sjå» –

Sevat var no årviss på Sant-Hans marken.

Ikkje smaug han seg lenger halvblyg og illsvien inn i skogeigarflokken; han hadde lært eitkvart no, kunde tonen og slagorda, og han var gløgg nok til å rekne og hadde god teft. Stundom hadde han vore heppen i handel, men kvar gong det hende, fann han på tusund ting å bruke pengane til. Mest hadde bilen og nybygginga slukt fysste åri, men no kom ein ting attåt. Ein sambygding som hadde vorte aktie-meklar i byen rådde honom til å kaupe nokre skipsaktier, og det gjekk so storveges, at Sevat mest vart rædd. På nokre dagar tente han fleire tusen. Det var noko løyndomsfullt, uskyneleg som han ikkje våga nemne til andre enn Gunhild som gjekk heime og var ufrisk altid no, og let honom råde –

Det hadde aldri vore slik marken. Han kaupte svart silkety til kjole åt Gunhild, det dyraste han kunde få, gullklokke og lang gullkjede. Og til Signe sende han perleband og fingerring med ein liten glimestein i. Men han gøymde altsaman på botnen 169i den nye skinnkufferten sin, vel inntulla i gamle hoseleggjer; det var som han gøymde tjuvekostar. Endå dette var smått mot alt han såg og høyrde andre kaupe. Som den storingen frå Elvrom som kaupte sju mårskinn av ein solung til muffe og krage åt fruva si og la tvo tusund kontant på borde. Eller han som fora silkekåpa til kona si med sobel-skinn og gav dotter si bil til ti tusund i bruregåve –

Men det var no dernede. Lenger uppi dalen våga ein snaut syne fram ein ting som var utom det vanlege, kor mykje han var ærleg bekømmi og betalt –

Han hadde fengje god uppgjerd dennegongen, og mode voks att.

Men då han kom innum «Solung-børsen» kvelden fyrr han drog uppyvi att, var det uro i lastehandlarflokken. Det gjekk ord um at tvo store firma heldt seg burte frå tømmermarknaden denne sumaren; det eine var Mørkel & Co.

Fysst vilde folk snaut tru det, men orde heldt seg, og snart kom vissa. Då vart gamel-kara ottefulle og meir varsame, men enno rann gullflaumen og det vart mang ei moro denne gongen og. Og nye møte vart avtala til hestemarken i februar. Dei hadde sumt å syne der og mange av kaksane uppmed Mjøsa og i Glåmdalsbygdene –

*

Sevat reiste uppyvi att i sers godlag, saman med bror hennar Gunhild, Hans Storneset, og vart med innum der. Hans hadde vorte gift med guvernanta i skrivargarden, og ho hadde stått for å skipe til alt 170på nymotens gjerd i den gamle bondeheimen. Husa var umbygd, bad og W. C. var innlagd og den nye store matsalen var kvitlakera og pryda med målarstykke av ein kunstnar som var gjest der um sumaren.

Sevat hadde vore der berre ein gong fyrr, og då kjende han det kaldt ikring seg. Fruva heldt han på fråstand, og Hans var i ulag. Men no var tona annleis. Sevat vart fagna på det beste både av verbroren og den fine fruva hans. Sigarar vart bydd han av den asken som elles vart gøymd til storkara.

«Jeg vet du skjønner dig på tobak,» sa fruva blid.

Ho tykte Sevat hadde vorte ein gentleman no og var ein staseleg kar å sjå på. Ho tok sanneleg til å tru, at det kunde vera noko i prate um generalen som skulde vera far hans. Han var annleis enn andre bøndar, meir «soigneret, og galant.» – Og so frisinna var ein då i vår tid, at ein ikkje spurde etter vigjings-setelen til foreldri.

So tala ho no, når nokon enno kunde slå på, at Gunhild Buvin hadde gift seg uhøveleg.

Og denne vitjinga lykta med at fruva baud seg til å ta Signe i huse, når ho vart fri alle skulane, og lære henne upp i finare husstell, musik og anna, som unge damor no burde kunne –

Og Sevat var glad og takksam. Signe var gjenta hans; henne vilde han gjerne vita i hendane til fruva på Storneset. Og kvelden vart overlag hugleg.

Sevat prata og fortalde frå byturen. Mykje gildt folk hadde han råka denne gongen, millom andre ein kaptein i planketraden, som hadde talt han til å 171selje garden no, med’ prisane var gode og gå inn i trelastforretning sørpå. Han hadde fått slik hug til å nemne dette, og sat i spaning for å høyre kva skyldfolke hennar Gunhild vilde segje til denne tanken.

Dei sat no med kaffien og den svenske ponsen ved det runde massingborde i «salongen», og fruva tok lange drag av sigaretten og sa, at ja tenk, det måtte igrunnen vera fornuftig –

For sånne priser på eiendommer, ja det kom da vel aldri mer igjen! Nu kunde en gjøre storvarp med bondegårdene altså –

Og Sevat var samd. Det kunde sagte vore moro å freiste men. Ein var no nærare verda dernede. Den nemnde skipparen hadde tala på ein Englandstur og. Skuta hans låg altid ein dag i Dartmouth og «køla», so fri reis dit var ingen sak å få – å ja, det var no berre draumar dette då, men –. Ja skipper’n hadde endå til tala på Holland og Australia. For neri osen sa’n, der lå den norske trelast-magta som ei diger kongro og spann trådar kring heile verda!

Det var so det svimra for Sevat med store og herlege syner; han tala seg varm, og fruva lydde på han og vart lengselfull i augo – ein var no endelaust langt frå verda uppi her!

Men Hans var litt tung av seg, og tenkte med seg, at det var ikkje verst å sitja i ro, når ein sat godt. Ein visste kva ein hadde, men ikkje kva ein fekk. Han hadde lika seg lite i byen dei tvo vintrane dei heldt hushald der for tvo vaksne søner som studera; og 172dei fekk han ikkje med på det meir. Og tilsist sa han berre, at det var vidtløftige greier å skilje seg med ein god gard. Han trudde ein gjorde væl i å tenkje seg um ei god stund, fyrr ein fann på sovore –

«Ja men søte Hans, du sier jo, at gården bare gir tap» –

«Ja, garden. Men so er det skogen då» – Elles kom det no an på hushaldet det –

«Javist. Men la oss nå ikke komme inn på det kapitle – nå vil vi sandelig ha det hyggelig» –

Koss det var og ikkje var, so vart Sevat so govener med fruva på Storneset denne venda, at han tilsist pakka opp silketye og klokka med kjede som han hadde kaupt til Gunhild og synte henne.

«Det må jeg si er mann!» sa fruva og skjegla burtpå den rolege husbonden sin, som nok aldri fann på sovore –

«Syns du det er bra?» smilte Sevat og var byrg. «Nydelig,» kytte fruva, «smagfullt og nydelig; dette må du se på Hans»

Men Sevat tok silketye og kasta i fange hennar. «Ja, er so du likar det, so ta det,» sa han og nikka.

Fruva slog armane um den blanke silkerullen – «men er du gal! Enn Gunhild da?»

«Å pyt, det er meir i byen,» lo Sevat.

«Ja men – nei men» – ho sat og kjæla for tye. Men no såg Hans upp. Nei, detta var inga meining i – hå sku dei gje att for slik dyr gåve?

«Eg skal ingenting ha att, slit det med helsa,» sa Sevat flott –

– Men då han var reist fekk fruva høyre at ein 173tok ikkje imot sovore utan å gje eitkvart att. «Eg vil no ikkje vera skuldig han Sevat Rønning noko, so du vet det» –

«Nei nei, som du vil – men jeg syns sandelig han var storslagen, jeg» – sa fruva, og gjekk demonstrativt ut med den dyre gåva si. Det fekk då vera måte på bonde-stahet og bonde-kryhet – ein vart sanneleg so trøytt av det at – –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.