«Ha du itte nevertak på bure, fæ
du itte skikkeleg spikjekjøt» sa
Mo-gubben, «under flistak bir
kjøte som føsk»Forfatternote: Føsk: fisk. –
Straks etter vårvinna var fråseggjort, reiste Berit og Hans til presten; då dei kom att, flutte dei saman i blåkammerse.
Sevat var burte, då dei kom, og ingen spurde etter han. Han gjekk der mest som føderådsmann, han og no, då odelsgjenta hadde teke rome sitt med magt og mynje. Kosta det, skulde ein då noko ha att – «no er det min tur,» sa ho med seg sjølv.
Signe var komi på bua til han Halvor, og dernede heldt Sevat seg mykje denne tida. Det hadde ikkje vorte råd til fleire skular for Signe, og Stornese var no seld til helseheim. Fruva fekk posten som oldfruve på heimen, og synte seg no både greid og dugleg. Det var moro å vera rik, sa ho, men når en ikke var det lenger, so fikk en finne på no’ annet –
Men mannen hennar, han Hans, gjekk det so 196innpå, då garden vart seld, at han sette seg nedfyre og drakk. Folk sa han hadde drive med det lenge, og at det var fruva si skuld. Ho hadde vore for flott, og i røyndi altid set ned på han, fordi han var og vart bonde og ikkje let seg «sivilisere» som ho pla’ segje soleis for skjemt. No fekk ho høyre folkesnakke, men lo og herma eit ord ho hadde frå dameklubben i byen: Når mannen drakk, var det altid kona si skuld, men når kona drakk, var det synd i mannen –
– Den laurdagen Birgit og Hans var hjå presten og vigde, sat Sevat og Signe og tala um dette og mangt anna, og dei var ikkje sers i godlag nokon av dei. Signe var tunn og bleik vorti, og hosta og fraus. Det vart so seint sumar uppi her, klaga ho, og ho hadde berre byklæda sine no.
Berit og Hans nemnde dei ikkje, og dei var glade, då Halvor kom og baud på skjenk – pjolter til seg sjølv og Sevat, og bokøl til Signe.
«Jeg er så slapp,» sa Signe, «dokter’n sier jeg skal drikke bokøl» –
«Det er vårknipa,» lo Halvor, «skål» –
Og dei drakk, og sette seg so inn på bua, for der var liv og moro stødt –
Men då bua var stengd, skulde Signe på dans. Det var fast takst um laurdagane, og då heldt dei ut til morgons.
Doktaren hadde sagt ho skulde ta seg fri og vera heime på Buvin ein sumar – men det vilde ho ikkje. Aldri i livet! Han hadde ogso sagt, at ho skulde unne seg meir nattesvevn og ha på seg 197meir klæde. Men det lo ho åt. Han var so gamaldags denne doktaren. Ho hadde vore hjå ein i byen, som ikkje sa noko um sovore. Og då Sevat reiste, sa ho lystig, at han burde ta seg post nedi bygda, han og – ja for no vart det vel so han slapp gardsstelle –
Tanken slog ned i han, men han berre lo og svara ikkje større på det –
Det vart seint fyrr han kom på heimveg att. Han hadde drukke seg på ein kant, men var tung og uglad ettersom rusen seig av han der han sat og dingla uppetter i den gamle karjolen. Vegen var blaut, og nattelufta skoddetung og sur, og då han nådde stova hennar Kaffe-Marte svinga han inn på det vesle tune, vilde inn og varme seg. Han såg det brann godt uppi åren, so folk var uppe. Kaffikjelen stod på både natt og dag der.
Etter han måtte selja bilen tyktest vegen honom ti gonger so lang som fyrr han fekk motordoning; det var eit slit å koma uppyvi att som han skulde krjupe på fire, og han banna denne vegen kvar gong –
Hjå Marte fann han Feier-Frans og tvo bøndar frå øvst uppi dalen i prat um Raudklett-gruva. Prøvedrifta var stogga. So til helvete! Det for som ein vond styng gjenom Sevat. Der rauk draumen um fossen!
Og karane fortalde. Javist var det ille for bygda dette. No hadde folk budd seg på store inntekter av gruva, og mykje framand slusk var komen inn. Det rak arbeidslause i alle vegar, so ein lite våga 198seg ut etter det vart myrkt. Ein var glad ein kvilte nokre timar hjå ho Kaffi-Marte heller. Her var hugleg og godt, og Marte var like blid og pratsam og full av bygdenytt kva tid på døgre ein kom –
Sevat slog i seg den eine skåld-heite kaffikoppen etter den andre, ettersom det ikkje var anna å få. Helst vilde han drukke ei tunne med sterkt øl og ei bytte med brennevin!
Han Feier-Frans gleid burtåt han i benken. Visste altfor væl koss det var med han Sevat Buvin idag. Visste i det heile alt um alle og var ikkje for ingenting kalla «Bodstikka» –
«Og det vart so det bar åt kyrkjen med’n Berit og ‘om Hans idag ja» –
Sevat geispa og lest ikkje høyre.
«Ja ja,» smålo ‘n Frans, «det var nå itte for tidleg, for det» –
Sevat heldt på å leggje til han; men hevla, og sa likesæl med’ han såg på klokka, at det var full’ ikkje for seint hell, vilde han tru.
Dermed reis han upp og heiv på seg frakken –
Hæ – Feier-Frans var flat og lo toskutt. Han hadde nok misrekna seg på ‘n Sevat idag –
Litt etter sat Sevat i karjolen att, og hesten tok viljug på heimvegen –
Men då dei nådde vegen som tok av til Langdalen, reiv Sevat brått i taumane og svinga inn der. Hesten skyna ingen ting og freista halde att, men fekk ei so kvass påminning, at han måtte lystre.
Og huglaus og motviljug lunta han so inn på 199den framande vegen, som han væl skyna bar burti meiningsløysa. Skulde dei ikkje heimatt no endeleg! Nyst hadde det vore ein leik å springe uppetter bakke, slik han stunda heim til mat og kvile i eige spiltau – no gjekk det trått som i tjyru på slette kongsvegen –
Men han Sevat var mindre huga på å koma heim; han hugsa brått, at han hadde ein ven burti Langdalen –
Den gamle venen hans Sevat, han Syver Sandbakken, hadde vore anleggsarbeidar og gruveslusk i so mange år, at han var leid det. Og ein dag kom han vandrande upp til Langdalen frå andre sida av åsen, tunn og lang og vegtrøytt, med ei diger skreppe pa ryggen. Han skulde vera nattvakt på den nye kraftstasjonen der til å byrje med. Sidan vona han å bli fast maskinist. Han hadde vore burti sovore arbeid fyrr, og no hadde han hug til vera roleg ei tid.
Han såg ut som ein tater, svart hår og myrk i hamliten, og med augo som skifte millom blåsvart og brunt –
Skoa var slitne og magen slunken, då han kom, og han var ikkje vand på logi og matstell, for han var på uppveg frå ein djup båredal i arbeidsløyse og villmannsliv. Ja, han hadde sjeldan vore djupare nedi; etter siste jobben hadde han letta seg for siste pengane nedi næraste byen, som var ein kaupstad med alslag herlegdomar og moro. Han var ribba til berre skjorta, då han tilsist vart med tvo svenskar og braut oprj tvo kassar på ein liten 200jarnvegsstasjon. Men då var han full, og banna seg sjølv etterpå. I den eine kassa hadde det vore brennvin av finaste slage til ein doktar. Det vart ei herleg men stutt moro. Dei vart hekta og måtte sitja inne ei stund på gratis-kost –
Etterpå var han lat og leid seg og kom uppi det med ei «sluskefruve,» som fødde han ei tid for gamalt kjennskaps skuld. Men ein dag skok han seg som ein våt hund og rømde. Kom til heimbygda att og tok vinnearbeid –
Men bondearbeid var mot hans natur, og so hamna han då i kraftstasjonen, der maskin-larmen og einsemda no hadde gjort han so tunghøyrt og tungsinnt, so han aldri tok hendar i arbeid, og aldri las meir. Han berre sat og dusa og lydde inn i larmen og passa klokkune sine reint automatisk.
Ein dag gjekk ein flokk gruvearbeidarar søryvi, misnøgde med tariffar og løn, dei vilde til eit nytt jarnvegsanlegg med velduge tunnel-arbeid, som skulde gje eventyrlege dagsløner, og bad han vera med. Men då var det rådlaust for han å rive seg laus. Han måtte sitja der han sat og lye på den ævlege songen i fossen og maskinrome –
Og ikveld hadde denne maskinisten burti Langdalen vore nemnd nede hjå ho Kaffi-Marte. Han heldt nok på å bli rar, sa dei. Og på vegen skaut då den tanken upp i han Sevat, at han vilde sjå att den gamle kameraten sin og samstundes få sjå kraftstasjonen, som han lenge hadde stunda etter –
I tri døger vart han verande dernede i djuve, 201fjetra av larmen og alle hjula som gjekk rundom og rundom med trollmagt og dævelsdom –
Når Syver var fri, hadde dei nok å prate um, men i maskinrome eller på den vesle platforma ut mot elva kunde ingen høyre manns mål. Då hende det, at Sevat gjekk ein tur åleine og kom heim att med lummone fulle av sand, som han gøymde.
Tridje dagen sat dei ei stund på stupe rett yvi fossen. Sat og stira ned i dreve.
«Trur du det finnst gull her?» sa Sevat.
Ja, kven visste. Kameraten såg ikkje ut som han brydde seg um anten det var gull der hell ikkje. Han blinda att augo og heldt seg fast i grastorva. Ein vart svimren heruppe –
So reis dei upp og gjekk. «Skulde vera moro å grava litt i sanden ned på øyrom her,» sa Sevat
– eg kjem att med reidskap når det lid på» –
Ja, venen sanna, at det kunde sagte vera moro –
So drog Sevat på heimveg att, men hadde ingen hast, og då han nådde frami kyrkje-bygda, sette han inn hesten hjå ‘n Halvor og gjekk upp på den nye kaffistova han Bersven hadde fått til attmed stasjon –
Og der var hugleg og folksamt, so ein trong ikkje sitja einsleg med tankane og kaffikoppen sin. Bersven var same blide, snilde karen og sprang med ein salvet under armen og varta upp so rask som nokon ungdom.
«Du har vore på tur,» sa han, og sette det finstelte 202kaffibrette framfyre Sevat med nysteikte vaflar og lefse og ein kvit papir-salvet.
Ja, Sevat hadde vore på tur ja, «forretningar vet du» –
«Ja, du driv full like hardt du» –
Å ja, ein laut sagte hange ti –
Det var so det ja –
Bersven sette seg ned ein augneblink.
«Men jamen var det ei stygg ulukke med han Gamel-Anders» sa han.
«Ulukke?»
Sevat hitna.
«Ja, vet du itte det? Han hogg då tå seg tri finger igår kveld, og no ligg’n uppe hjå doktar’n, som laut ta ta’n mest heile handa» –
«Ja det måtte ende med no’,» sa Sevat, «slik ein uvøling han ha vori stødt med øksa» –
Ikkje fyrr var det sagt, so var gubben i døra med armen i fatle, og gjekk fort og rak burtåt eit bord og slengde seg på stolen.
«No kann du få kåmmå med ein varm kaffikopp tå dei største,» ropte han til Bersven.
«Jøssenam er du der» –
Bersven sprang burtåt so fort han kunde – gjekk gubben i ørska!
«Je trudde du låg og kvilte,» sa’n og såg forbina på gamlingen.
Ja, gubben hadde kvilt ei lita rid, men tykte det vart keidsamt å ligge deruppe. Han vilde hematt, berre han kunde få ti ‘n Hans og gampen –
203Sevat skunda seg ut fyrr gubben fekk auga på han – i den karen var det ti liv –
Men i troppa møtte ‘n Hans som kom springande reint andsloppen. Han hadde gjort nokre ærend, og då han kom uppåt doktar’n att og skulde sjå kor det var med gubben, so var’n burte. Doktar’n trudde han låg og sov og reiste burt ein tur.
Han vilde ikkje vita av døyving, men etter operasjonen hadde ‘n fengje ein dram, og so skulde ‘n ligge roleg på sofan i venterome til doktern kom att. Og han hadde lagt seg til, endå han tykte det var «obehøvele». Helst vilde han uppi at straks, men det forbaud doktor’n –
«Ja no sit han likevel her og drikk kaffi,» lo Sevat, og dermed gjekk han.
Litt seinare var han på vegen til mor si ned på Gamleheimen. Fekk sjå um henne liksogodt med same, for ikkje vilde han ha fylgje med gubben og han Hans uppyvi –
Men då han nådde inn på det store tune der med alle dei nymåla store husa ikring kom ei gjente ut og sa, at Lisa nett var reist uppyvi med ein kar som skulde inni setra og vårstelle. Det hadde ikkje vore råd å stagge henne.
Sevat var snøggtenkt. Jaso, var ho det, ja ja. Han kom no elles for å hente henne med seg på ein tur til Buvin, ja –
Men inni seg banna han. Aldri hadde det vore meir uhøveleg å få ho dit. Han vilde nett ha freista få henne til å vera i ro no, til han fekk vølt uppi Rønningen.
204Vilde sagt henne, at no skulde det bli, for nett no hadde han eit pusterom –
Han kjende henne og visste, at når lauve spratt i liom var ho ikkje god å styre. Men på Buvin kjende han seg sjølv husvill no, og i Rønningen stod dei steingrå gamle husa på kne; der var ikkje verandes korkje for folk eller fe –
Og hugen hans var full av draumar um å reise både hit og dit og aldri koma att meir. Jorda brann under føtane hans her. Han vart set på som ein brotsmann, endå han inkje verre hadde gjort enn so mange andre. Men for han fanns inga orsaking. Dei såg og tagde han ut.
Han kjende koss dei gjekk der og tykte synd i Berit og Hans, som skulde ta til på berran botn. Og det stakk han i hjarta å sjå kor viljuge alle no var til hjelp. Gubben, som fyrr berre gjekk og pukka på fø’råa si, han gav no kvar skilling og alt verde han åtte til å berge garden. Ikkje undrand’, at bleikfisen gjekk der med nasen i vêre so heile ta’skivaForfatternote: Ta’ skiva: talskiva (andlite) hans lyste av ovmod. Det var eit helvite å gå der millom dei –
Men no laut han likevel bite i det sure eple å reise uppyvi og få greie på mor si –
Då han kom heim, var det ingen som nemnde Lisa. Og han spurde ikkje. Var ho der, fekk han tidsnok vita det, og var ho der ikkje, so visste han kvarhelst ho var å finne –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.