Stormen sopar i skogom hardt,
so tre og kvistar brotna;
men grøne kvistar vil renna snart
av rotom til dei som roma –
«Våren er sein i fjellbygda, men når han kjem, so kjem han stupandes,» sa Harald han stod i Buvintune og mynstra troppen som skulde ut på skogplanting; «og no er dagane dyre» –
Då han kom til heimbygdi att frå høgskulen og kunde skrive seg «forstkandidat», skipa han eit lag han kalla «Skogvorden». Det var eit ungdomslag som skulde ta i der det trongs best. Og dei tok til med skogen, som no stod grisen og snaudhoggen, full av vindfall og skat uppetter alle lier.
«Her er arbeid for tusund hendar i hundrad år,» sa Harald –
Men Berit var barndomsvenen og ungdomsdraumen hans, og det vart henne han fysst tenkte på no òg. Han hadde vorte noko av ein einstøding, treivst best i skogen og bygde seg no stove uppi seter-grenda kring Lomvatne. Han sa det var fordi han var so kjær i røme. Han hadde vore so lenge ute i verda no og levd på fusk og surrogat, at han stunda etter seterkost –
224Og no drog dei avstad med hakker og grev, ryggsekkar fulle av planter, og niste for ein lang dag, femti gutar og gjentor, morgonfriske og glade.
Tvo gutar bar den digre kaffikjelen millom seg på ei stong; dei kalla han «Gullkalven», og dansa kring han med dei song til ære for han fyrr dei drog or tune –
Og på burtrappa sat gofar med Vesle-Tollef på fange og trampa takta til den lystige tonen –
«fryse du so er her gode råd, sa’n,
blås i varmen og set svarten på, sa’n»
Og han huska den nye odelservingen til Buvin so han skrasla og lo i ville vêre –
«Ja berre bie til han fær føter å danse på,» lo gubben byrg; «då ska’ det bli leik i Buvin-tune» –
Berit stod attmed, saman med Embret og Goro Hallemoen; ho såg på dei tvo på troppa og smilte, men tankane for på ville veger. Det vart mang ein vår til den tia, og ingen visste –
Denne guten var so dyrt eit eige, at det var som ho gjekk i angest stødt for han.
Men han gofar song og tralla all dagen no, og vilde ikkje ha’n Vesle-Tollef or hendane. Det hadde vore største sorga hans, at han Tollef døydde sonlaus; no tykte han vona voks att for ætta og garden. Vilde det berre koma mange slike karar som han Velt-Tollef til gards, vart det snart velstand att! Båna var bondens største rikdom, og sjølvhjelp beste banken; han skal mykje eiga, som alt skal leiga, sa han.
225– Då den syngjande flokken var utom grinda komen, sette dei seg alle.
«Ja, no ha du fått handarbeid du òg, Berit,» sa Goro, «men det er no som ei kvile lel med slike» –
Kvile? Det hadde no ikkje Berit merka noko til nett men –
«Jau, ein ligg nå med’ ein fær dei, og sit med’ ein gjev dei pappe» – sa Goro.
Ho lo so smått og glytte på’n Embret, som var av det slage, at han ikkje rekna «kvinnfolk-sysler» for noko større arbeid akkurat, kor mykje dei flaug i eit kjør frå tidleg morgon til sein kveld – endå med’ karann’ kvilte.
Han Embret og gutane arbeidde visst hardt nok, men dei kom då inn til duka bord, og tok si lange høgstdagskvil. Men ho Goro visste aldri av å kvile høgstdagsleite, og ein hende gong fekk karann’ høyre det –
Men han Embret svara aldri, lest som inkje og berre togg eit grand hardare på bussen –
Men no skulde dei inn og få seg ein kaffikopp dei som heime vart òg, og Berit tok Vesle-Tollef frå gubben – han hadde no berre ei hand han gofar stakar, og greidde ikkje å bera slik ein plugg –
Og gofar gjekk etter og småsnakka. Ja, det var vakkert emne, dette, vårherre bevare det!
«Men finn de på å stappe’n med kakebrød so’n bi laus i føsken, ska’ eg koma att og tala ved dykk,» lo han.
«Huf kor du snakker gofar!»
226Berit tok guten fastare innåt seg og meinte på at det skulde nok ikkje bli føsk av denne karen.
*
Då dei stod på trammen nådde songen ned til dei frå fysste svingen uppi lia – dei stogga og lydde tagalle til tonane som barst mot dei med fysste sumarsbrisen –
Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.