Hildring

av Hulda Garborg

Mangføtingen

Han talar so mykje um eftan,
han vil’kje um morgon høyre –

Sevat og Gullik Settmoen vart samde um å kvile hjå’n Halvor på hotelle og få eit glas øl, for i prestegarden var det berre heimebrygg.

Men der råka dei sjølve Simen Sundet med den staute storelvdølen Tosten Tangen, namnspurd riking og skogeigar. Sevat vart mest blyg. Tosten Tangen! Ja nett slik måtte den karen sjå ut. Han likna på bilæti av sjølve Carl Johan!

Tangen rette handa fram og sa gemenslig, at han såg på luveskjolden kor den mannen var ifrå. Og no kom dei nett tilpass, for han var heruppe i forretningar og tykte gildt i å tala med folk som var interessera i skog. Og sjølvsagt kjende han væl til Buvin og Settmoen –

Og no fekk dei ein kveld so gild, at Sevat aldri hadde vore med på noko likare. Tosten Tangen baud på kveldsmat endå det var seint, og no vart det ikkje tunntøl. Han Halvor laut ta upp vin, og dram vart trolla fram på bordet. Kor han kom frå visste ingen, men når han var der, fekk ein gjera ære på han –

Og det kom inn ei steik, som Halvor kalla løvelår, 153og det var kome hermetisk frå Afrika, der Tangen eingong hadde vore på jakt med ein kongeleg person. Soleis heldt dei det med skjemt og lått, saman med eit par reisande i kolonial.

Tosten Tangen var halvt bymann, halvt bonde, staseleg kar, fin i klædom med lang gullkjede utanpå den brune fløyelsvesten, og ei stor gullklokke i dubbelt kapsel som han hadde den vanen å smelle upp og sjå på i eininga. Den klokka fanga augo til Sevat – vilde gjerne set litt nærare på den og synt fram si eiga, men våga seg ikkje til.

Etter maten vart det kaffi og pons i salongen, der det var nøgda av mjuke stolar, palmer og pianoforte, og snodige bilæte på veggom.

Etter kvart var fleire folk innkomne, og Tangen kjende alle og baud dei raust på kaffi –

Men sidan vart det champanje – nye flasker ustanseleg. Det var den drykken Tosten Tangen elska, festdrykken yvi alle andre. Ein drykk for kongar!

Men ingen hadde set den karen full, vart det sagt. Han var ei kjempe, og han hadde so klårt eit hovud og so sterk ein vilje. Men herleg glad vart han og tilsist stod han upp og tala. Då var Sevat blank i augo og tykte denne karen var eit vedunder å sjå på og storfeld å høyre på.

Han tala for desse fagre nordbygdene og folke her, som var av dei beste i lande, og spådde denne dalen millom Hildra og Sirilla ei stor framtid –

Og so drakk dei for dalen og folke og ropa hurra og hurra!

154So tala ein for Tosten Tangen, «kongen her i dalom,» som var landskjend for sitt fedrelandssinn, sin dugleik og sitt hjartelag, og so tri gonger tri hurra! Tangen slog ut med handa og riste på hovude: nei, nei, no måtte dei halde upp! «Skål godtfolk, skål likevel!

Drikk med champanjen bruser i glase! Lat ikkje hugen og viljen gaa kvar sin veg! Der humøre vantar gaar arbeide trått. Og spør um vi arbeider! Jo so pinedød arbeider vi! Det gjeld å ha helse, men helse er humør! Jeg for min del kan fortære en vælvaksen årfugl alene med ei flaske rødvin til og ein dram eller to, men spør om jeg arbeider –»

Liksom han var halvt bykar og halvt bonde i klæbunad, so var han det òg i mål. Tala bygdemåle sitt so godt som nokon, når han tala med bønder, og bymaal til byfolk. Men nåar han heldt bordtaler, blanda han måli etter hugsviva –

Han slutta med ei skål for det gode samarbeid millom skogsfolke i alle øysterdalom!

– Sevat var litt rar i hovude då han køyrde heimetter ut paa morgonsida. Ein bleik maane stod og glodde paa han, det kjendest som han kom frå ei jordumsigling.

Han sat i sleden og song so kaldt det var. Song, og snakka litt med månen innimillom. «Ja glo berre du,» sa’n «seks tusen for teigen, det ha je papir på. Det ha je skrive under på, så du veit det. Sevat Buvin ha skrive under. Og cheken ha je i setleboka – vil du sjå’n!»

Ja, han hadde seld ein storteig att, til ein overlag 155snild kar som kalla seg Löfgren og var betingar for eit storlag. Solid forretning, sa Tangen. Men det morosamaste var at han hadde kaupt ein hingst som det stod ord av!

Ja denne kvelden hadde vore stor! Det surra og susa med tal i hovude hans –

Direksjonsprisar! Han bles! Okken fan brydde seg um direksjonsprisar! Bonden er ingen tosk lenger. Heretter skal vi sjølve setja pris paa tømmere! Det er øss døm leve tå – so sa kongen –

Ja so sa kongen –

Var det non som hadde sagt, at hingsten var dyr! Hæ, den karen skyna seg ræmen ruske so lite på hestar, at han sku halde kjeft –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.