Hildring

av Hulda Garborg

I skodda

– nordan under fjøllo,
djupt under heilo,
der leikar det –

Berit Tollefsdotter Buvin stod i glase og stira ut i natte-skodda som kom sigande frå alle fjellheimar.

Det var som alle troll nordi høom bles den sure anden sin ned gjenom dalen, ferduge til å gløype alt som laust og livandes var.

Stinn kom styggedomen veltande i ullne kvervlar, råkald og grå, smaug seg inn i kvar krå og krik so det kjendest som kalde hendar innpå nakne kroppen og la seg som ein angest kring hjarterota.

Svevnyr stod ho der og kulsa, men kunde ikkje rive seg laus. Stundom barst bruse frå Hildra inn mot henne som buring av olme uksar; stundom som ei linn susing kring husnovi.

Ho fraus der ho stod, halvnaki or senga sprungi og såg ned i det nattstille tune.

Heruppe i øvste lia var ein granne til alle trollheimar; skogsus og elvebrus vart til rop og tale og brusande orgespel ikring ein. Snart skog-villt og vidde-hustre, snart som ei mulling inni ein sjølv –

Ho kjende so vel desse trollmaktine, hadde høyrt 6dette spele frå ho kom til, men altid hadde ho same angesten for skodda.

Ikkje vakna ho lett av snøstorm eller torevêr, men den ljodlause skodda reiv henne upp av svevnen, og hjarta vart skjelvande som i ein fanga fugl’unge.

Alt hadde si eiga tone derute, Hildra stupte seg kvass og kåt ned gjenom lia, kvennbekken mulla vekjømeleg bånsullar, klunka på trollstemt fele. Men skodda var still som snø. Kom som udyr på mjuke labbar, seig og tung i sige.

Ja, no var det haust –

Ho hugsa med ein gong den blakke fjordingshoppa som stod tjora nedpå jorde og fraus med folungen sin.

Det unge, sterke andlite vart strengt og hardt. Kven tenkte på dyra her på garden no, då han far var burte! Han som husbondskar skulde vera, han hadde ikkje tanke for anna enn skogen. Og slikt sovehjarta, at han vakna visst ikkje um skrida tok take yvi hovude på han.

Ho kjende ansvar der ho stod, odelsgjenta på Buvin. Og det gjekk som ei båre av harm og sår pine igjenom henne, at dei alt hadde gløymt han far dei som lengst burde hugsa han her i garden. Ho mor gjekk so drøymen ikring – lengta visst berre ned i bygda att, dit ho var komi ifrå –

Men ikkje tenkje på det, for då bar det inn i skodda der og –

– No var det so tett i tune, at ho berre sovidt skimta Svarten, der han stod som ei steinstytte og 7sov millom husa. Stod som ein vaktar med den breide bringa mot styggemaktene nordi skare.

Dei var jamgamle, Svarten og ho; han var stashesten på garden og kjælebåne hans Tollef Buvin.

No var han noko tung vorten, og dei hadde fengje ein fjording, som var lettare.

Men Berit og Svarten heldt ihop og kjende ansvare sitt på garden.

Han stod der som sjølve gardvorden, dei kunde berre koma! Heime skulde dei finne Svarten! Han var rotfast der han stod; hadde gamal og vyrdeleg ætt bak seg i tune, han og.

Berit heldt so av denne hesten, såg liksom far sin attmed han stødt, og ho kjende seg meir bundi til dette dyre, enn til noko menneskje på garden no. Ho vart heit då ho tenkte det, for ho mor var då der – men liksom so langt undan henne no siste tia. Henne var det berre vondt å tenkje på –

I det same gjorde ho eit brå-kast med hovude, stelte seg liksom jamsides Svarten, reidug til kamp mot løyndemaktene som ho kjende ikring seg, men aldri klårt kunde timja.

Men kva var det no?

Steg på steinhellone i tune! Ho kvakk til og lydde. Jau, sannt var det folk – no natters tider?

Ho la andlite mot ruta og stira, såg skuggen av ein mann!

Han Sevat! Ustød på føtom, trøya vidopi, huva ned i nakken, den kaute slengen med kroppen – ingen annan kom slik. Han kom nordanfrå. So var det full’ so han hadde sumt for seg i Bakke-grenda 8som dei sa. Skulde ho Ragnhild Bakke småminke seg soleis – ho, gardgjenta.

Ho beit seg i lippa og vart gloheit, med’ augo vart store og sprengde av å fylgje skuggen som gleid inn i grågyrma mot gamel-stugu.

Ho gløymde seg, vart standande og stire lenge etter han var burte.

Heile dalen nedyvi var som ein sjø når øldåmenForfatternote: Øldåm (ølrøyk eller solrøyk), damp som stig frå vatne etter kald-næter. stig fyre solrennings-timen. Heile verda var i draumslør sveipt, og ho var ei hulder i haugen sin – langt langt burte frå mannaheimen, åleine på jorda –

Dei hadde so mykje for seg derute i mannaheimen, utanfor haugen – so mykje som skodda gøymde –

Ho skalv all igjenom i råkalden, stupte seg i senga og drog felden yvi hovude. Måtte få varmen i kroppen att.

Men då hugsa ho hoppa att. Du var fri han tenkte på dyra som husbondskar skulde vera. Drøymde berre um fossen, han – var som uroa i klokka, men der han skulde vera var han aldri –

Ho var sint. Sint so ho mest gret. Og brått sprang ho uppatt og for i klæ’plagga som låg på stolen.

– Svarten glytte på augo, då ho sprang framum, skodda dreiv i andlite som fint regn, og ho snåva i tuvor og hesjetråd nedyvi jorde, der ho høyrde hoppa humre lenge fyrr ho såg henne.

Ho klappa det søkkvåte dyre som hadde gått seg 9fast i tjore og stod og bad um hjelp, med’ den langbeinte folungen klengde seg innåt henne.

«Stakaren, slik du ser ut, so blaut og illevøli,» sa Berit, og hoppa hjelpte til, nugga burti den dumme ungen sin og fekk han unda, so ho kunde fylgje Berit, som leidde henne i ring og løyste lekkja –

– Men morgonen etter lo han Sevat, husbondskaren, fordi ho hadde sett inn hesten. Dyra hadde då ikkje fått hår på kroppen for ingenting; dei bråna ikkje av ei skoddenatt –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.