– Du er den, du er den
eg hev tinga i min ungdom –
Ho «Legd-Lisa», mor hans Sevat, reid på tamrein ein gong ho var smågjente; det var millom tvo tjønn inni fjelle ovanum Sirilsjøen, der han Finn-Jo låg i vinterlæger.
Dotter hans hadde vore nedi kyrkjebygdi med mor si, og der fekk Lisa sjå henne. Det var ei lita fjellrjupe med blinkande brune augo og ein blyg smil. Klædd var ho som prinsessa i eventyre, det var so det glitra og lyste langan leid. Aldri hadde Lisa set noko so fagert som den kvite skinnkjolen med raude og gule taggar og belte av klinkande sylv! Og finnskor med raude taggar hadde ho på føtane og brokute duskeband innfletta i det lange svarte håre.
Dei leika ilag ei lang stund utanfyre krambudi, med’ dei vaksne var inne og handla, og med det vart dei bestevener. Lisa fekk klappe den fine køyrereinen og leiken lykta med at ho uløyves vart med uppåt Lomtjønn-lægre. Ho visste ho fekk svolk når ho kom heimatt, men ingenting kunde stogge henne. Heime var det grin og armod og eit skarve fjøs med tvo dumme kyr og ei lita kvige – deruppe var fridom og tusund reinsdyr!
62Og ho var kåt som ein killing, og freista tilsist å rida på ein reinkalv. Men då gjekk det gale. Ho stupte hu’ kråke og braut foten. Sidan var ho låghalt og fekk aldri danse meir. Men danse var det gildaste ho visste, og ho sytte sårt for foten sin.
Mor hennar kom i tenest nedpå Hedmarka straks ho var framsloppi og vart tidleg gift med ein rekarfant, som snart; strauk ifrå henne. Då måtte ho ta tenest att og hadde Lisa med seg; løni vart lita, og endå mindre, då ho etter kvart synte seg å vera tæringsjuk. Sengerome sitt hadde ho og Lisa havt i benken under kjøkenglase på storgardom, og når isen bråna av rutone, rann små bekkar etter veggen og inn under kalvskinne dei låg på. So gjekk dei krimfulle stødt, og tilsist sette krimen seg fast. Men hjå Vesle-Lisa vart det verst med øyro. Det verkte hol på hinna, og det vart svevnløyse og jammer, so dei kunde ikkje ha dei lenger på garden. So hamna dei på ein liten husmannsplass hjå snilde folk, og der døydde mor til Lisa. So måtte ho på legd, og låg attmed budeigjom i fjøse, eller i drengestugu, der kar og kvinnfolk delte rom. Og ho lika seg bra, for dei var jamt snilde med henne, og moro og lått var det stødt, når dei kom inn um kvelden og sat på sengkanten eller burtmed omnen eller skorsteinen og fjasa og prata til dei var so trøytte, at dei velte seg åt senga mest som dei gjekk og stod. Og då sov dei so korkje lus hell lopper kunde vekkje dei. Og dei lo åt Vesle-Lisa som stundom gret fordi «kyra stanga henne i hovude». Det var hennar 63namn på dei små ufredsdyra, som plaga henne.
Soleis vart ho då innlegg-gjinte frå ho var lita, og fekk namne Legd-Lisa.
Men då ho vart so stor ho kunde gjæte og gjera eitkvart til gagns fekk ho koma heim til gomor si som no sat einsleg uppmed Sirilsjøen, på den vesle plassen mor hennar eingong vandra ut ifrå då ungeflokken voks og armoda vart for stor. Sume av systrane drog til Målselva i Nordland og vart burte for godt. Men etter alt dei frette heime vart ikkje live noko gjestebod for dei hell –
Då so ogso gomor til Lisa døydde, tok ein gamall sveinkall av ætta det vesle bruke, og Lisa drog søryvi til Mjøsbygdine att og tok tenest. Ho var vaksi gjente då, og hadde altid bore på ein draum um storgardane dernede med fjøs til digre buskapar, hagar med søteple og kirsebær og stovehus gilde som kongsgardar.
Men vonbrote vart større enn gleda. Halt og lite helsesterk som ho var, vart det mest ufyse arbeid og lita løn. Ho vart grisebudeigje og bar seg skakk på vatsbyttor og sørpestampar, låg i kalde rom saman med mange slag farande folk som gjekk i lausarbeid på gardom –
Men ho vart ikkje modlaus lel. Ho mulla og song til arbeide, og um kvelden sat ho for seg sjølv og spela på munnharpe. Ho var halvt i ei onnor verd alltid, og tykte at noko stort og ljost og gildt venta henne ein stad.
Og so hende det, at ho la hugen sin til ein Rendals-gut, som gjekk landbruks-skulen.
64Han var gardgut, skyld husbondsfolke hennar og budde på garden. Gild og snild var han, lånte munnharpa hennar når dei møttest i gjætleskogen eller andre stader, der ingen såg dei. Og han stakk til henne kolerakaker og bronsukker, og gav ho ein sylvring med tvo hopknepte hendar. Men so reiste han ein dag og aldri våga ho spyrja etter han. Sidan vart ho jålut og rar av seg so det vart på nåde ho fekk bli på garden.
So var det ho rømde til Grunset marken og vilde finne Rendalsguten, men kom på drift der –
Slik moro hadde ho aldri havt, og so snilde folk hadde ho aldri vore ute for som dei storkarane ho råka der.
Ho fekk mat og drykk av det beste som i verda fannst, ho fekk perleband og silkeplagg med frynser, honningkake og sukkerty og ei sylvnål med blanke skåler. Og ho fekk vera med inn i salen og såg ungdrosir dansa på eit bord i klåre kjolar og andlit som englar. Og ho måtte sjølv synge for karane og spela på munnharpa si, som tilsist gjekk på umgang i lage, og dei fekk fram so mange rare låter, at ho lo seg mest ihel.
Men ein av karane var snildare enn alle dei andre. Ein prins å sjå på! Og ho visste ikkje av seg fyrr ho var åleine med han ein stad – i armane hans, i himmerike.
– Men slik ho kom att frå den turen vilde dei ikkje ha ho i tenesta lenger. Ho la seg til på ein plass der ho hadde vener og var ikkje lik seg meir. Mindre og mindre dugde ho til arbeid, sat helst ogog] rettet fra: og og (trykkfeil) stira med hendane i fange.
65Men folki der var snilde, og ho fekk dele armoda med dei til ho hadde fødd båne sitt. Det var ein velskapt gut, og ho kalla han Sevat etter gardguten ifrå Rendalen – han som lo av henne.
Men kva far til guten het, visste ho ikkje å segje. Han hadde so fine hendar, sa ho og stira, – so fine hendar, og gullsnor på luva – var som ein jeneral, eller ein konge.
Då skyna dei ho var ikkje rett lenger.
Men ikkje var ho verre enn ho kunde gå på legd i galom. Og han Vesle-Sevat fekk fylgje til han var sopas kar han kunde gjæte og tene føda sjølv. Alle vilde ha Sevat-guten, for han var gløgg og for seg, og han vart slik ein lesehest, at presten tilsist tok seg av han.
Men no sat ho Legd-Lisa i den gamle stova uppmed Sirilsjøen att, der mor hennar var fødd og der hadde ho ei droplute ku og ei geit ho kalla Hoppenita. Og ho hadde ogso jamt nokre hønekrek mest for selskaps skuld. Men velnøgd var ho og tykte ho hadde alt godt i verda no, då ho hadde stove for seg sjølv og dyra, og so han Sevat i nærmunom. Fri var ho som fuglen, og alt flirande folk var langt undan –
Og kvar krå kjende ho i denne vesle verda, her var ho heime, for her gjætte ho då ho var lita og slost med tussar og troll. Og her var det han Skreddar-Nils hadde lært henne å spela på munnharpe.
Stilt? Var det likt! Her for folk framum både sumar og vinter, skogskarar, måsså-køyrararForfatternote: Måsså: mose. og 66seter-flytjingar – snildt folk som aldri lo åt henne, men prata som med anna folk og lydde på spele hennar so ålvorsamt som på presten i kyrkja. Og ho åtte skogen og fjelle med alt som flaug og kraup og smaug! Det var vener alt, utan ein, og det var skrubben; han hata ho. Men som vel var såg ein ikkje far etter den karen lenger nedmed Sirilsjøen.
Eit menneskje var det og som ho hata, og det var han Lars Sørmo nedmed osen, som sette ut glefser åt reven uppi lia. Og ho hadde slik teft til å finne plassane hans, lurte seg tilskogs og ustelte styggheta, so fort han fekk dei upp. Ikkje vilde ho ha slik dævelsdom i skogen sin! «Dyra og skogen eig vårherre og eg ihop,» sa ho; «dei lyt fara fint dei som vil koma der!»
Men slikt herverk fekk ho svi for. Han Lars var etter henne på all vis, og svor på, at dreiv ho på med dette, skulde ho snart sjølv koma i glefsa.
Men etter kvart vart det so uhugleg kring husa hans um nætene. Det gøydde rev all stad radt innpå veggen der han låg; det var som det krydde med rev kring husnovi. Men kor fin sporsnøen låg, aldri såg dei far etter rev –
Då vart han Lars halvrædd. Ho Lisa kunde nok litt av kvart, ho. Og då han tilsist ikkje fekk svevn på augo for reveståk, lurde han seg ei måneljos natt tilskogs og tok heim soksine sine. Og sidan fekk han nattefred.
Men når Lisa ein hende gong kom i garden med 67spånåForfatternote: Spånå: det som er spunne. åt kjerringen, då gøymde han seg til ho var or tune att –
*
Då han Sevat nådde uppått sjøen denne blanke haustdagen vart han standande og glåpe. Skyflokar kom drivande vestantil med helsing frå det store havet. Sola smatt inn millom dei, og sjøen vart svart. Men um litt gleid ho fram att, og vatne vart som smelta gull, med’ djupblå skuggar sigla burt yvi dei runde, rolege åsryggane som slanga seg i mjuke linor kring sjøen og den vesle burtgøymde grenda. Himmel og sjø skifte lag og lit so brått som ljos og skugge skifte i hans eigen hug. Ja, heruppe fekk ein ikkje stunder til å sova, for her var ti slag vêr um dagen –
Utpå tangen deryvi på andre sida låg den vesle heimen hans Skreddar-Nils. Der budde ho den ljose ungmøya han drøymde um i ungdomen. Ho Solveig, den fysste av flokken hans Nils som døydde av tæringen. Sidan gjekk tri andre etter. Berre no mor kunde berge han Vesle-Simen, som ho hadde teke burti stuga til seg; ho var so god ein doktar, ho mor. Men hjå han Nils var trongt og lite med mat. Og enno dreiv dei den gamle doktarkunsta der, med ormeister og ulferbai og rigabalsam. Men båna var vakre som solstrålar – og vakrast var ho Solveig –
Drøymen og tung i hugen slentra han burtetter stigen som fylgde sjøen til «Lisa-stugu». Sume stader 68skvala og småsong vatne millom vridne fururøter som tøygde seg ut yvi vatne lik tyrste ormar, og ein måtte sjå seg vel fyre etter fotfeste.
Men framfyre han lyste no den grå verkbrotne skigaren som ein sylvring kring huldrehaugen hennar Lisa –
Utanfyre døra stogga han og lydde. Det song derinne. Og han kjende visa:
Det var sildig om en aften og doggen den drev på,
da lystet ridder Henrik gullharpa slå;
Han skulde aldri sova forutan i armen min,
han skulde aldri drikke forutan den klare vin.
Ja, dette var visa hennar mor, den hadde han høyrt frå han kunde hugse –
Det var kje fritt han vart våt i augo – hadde so harmeleg lett for å bli vatsøygd soleis –
– Då han var yvi dørstokken komen såg han det smale, kvite andlite til mor si i skine frå gruva, kransa av grått, småkrulla hår, som stritta villvakse til vers, og med eingong var han midt inni blanke eventyre.
Ho såg upp som vekt av ein draum og slog ein liten kross for seg.
Nei no!
Ho stira, fekk litt etter litt augnefest han.
Var den karen ute? Ja, mangt skulde hende fyrr verda tok ende! Jamen hadde no grase både grodd og folna sidan han steig yvi dørstokken i Rønningen!
Ho reis upp og famla stol fram, og han slengde 69seg nedpå. Jamen var det ei stund sidan no ja. Lite folkehjelp og mykje høy. Men no var endeleg alt i hus som vel var. Og Lisa sanna, at jamen hadde det vore trevali høyturk iår, ja –
Ho reiste ei trollrot på varmen, la seg på kne og bles til det fata og fræste og logebrann so heile stova vart eit Soria Moria slott! Kvar stokk i dei gamle veggene vart blank og livs livandes, og det gneistra og glima i den store vassausa av Røroskopar som hang yvi vassbytta ved døra. Og det einaste blanke på kaffikjelen i gruva, massingknotten på loke, lyste som auga på ein drake –
Båror av god-dåm breidde seg i rome frå enerknuppen som var strådd på golve og blanda seg med den friske tyrilukta –
Ja, no var han heime!
So gamal var stova hennar Legd-Lisa, at golvborda var demlaForfatternote: demla: festa med trenaglar. og telja med øks, halvmeteren breide, faste og finslitne som filsbein –
Sevat drakk dåmen i seg som ein sæledrykk og sette seg frampå.
Og uppi her var full alt ved det gamle?
Han spurde utan å sjå på mor si, og grov pipa upp or lumma.
Jau sagte var det det –
– Ho stelte den ålsvarte koparkjelen innåt elden og kara glo ikring han. Sette seg så på pallen og fekk fram den vesle pip’stubben ho hadde i und’stakklumma. Såg ikkje på han, var berre so underleg mjukmælt, og tukla lenge fyrr ho fekk tobakrullen fram –
70Han Velt-Simen hadde vore med og berga det vesle som var, so dyra skulde ikkje svelte. Og fisken hadde vore viljug til å gå i garna uppi svarttjønne, so jamen skulde han no få smaka fjellfisken, ja. Det hadde muna, at ho drog vase utpå isen der um vårom; det synte på fisken han hadde både mat og moro der no. Ryggbreid og raud i kjøte med nauvande vent lite hovud, ikkje som denne slarkete, makketne røa som Sirilsjøen var full av no etter dei bygde dammen! Straff sku dei ha, dei som øydde fjellfisken! Matfloa vart burte når vatne steig, for ho teivst berre i grunn-gyrma. Og jamen var det godt han kom uppi han som kunnug var, og kunde hjelpe dei å skrive klage –
Men no vart han Sevat tunghøyrt. Vilde ikkje inn på dette med dammen som dei gnog på stødt uppi her.
Og augo hans gleid stova rundt. Det trongst kannhende eit grand vøling her no? Tak-vøling? Og ei rute var sund i eine glase såg han. Skulde hugse det, når han kom uppi att –
Det var ikkje fyrste gongen han lova det. Men Lisa la ikkje større brett på sovore. Jeneralen på ein storgard hadde anna å hugse enn ei sprukki glasrute. Og alt med det ikkje snødde inn, so nagga det ikkje henne, um ruta var sund –
Men no såg Sevat, at det låg eitkvart livandes burti senga.
Nei jaso, ho hadde friarar? Jamen ja! Det rak då laurdagsfriarar uppi her og. Ho smålo hjarteleg, og sette i å syngje so han kvakk:
71Men aldri kom det i hugen min,
at eg skulde gifte meg enn –
Det var messom so godt å få syngje når ein var glad. Og no sat’n Sevat her.
Han lo. No kjende han mor si –
«Og jamen trur je du har to om gongen og», skjemta han.
Ja, var det å spara på. Det vart aldri for mykje ta det som godt var.
Elles var no detta gamle vener som ikkje gløymde ei einsleg møykjerring nokon haust, so snøggt det vart lovleg,Forfatternote: sosnart det var lovleg: sosnart jakttia tok til. og døm fekk skreppa på ryggen. Dei var komne på kveldsida igår, og i grålysinga idag var dei ute etter barfugl, men kom att ved høgsdagsleite utan ei fjør. Og då hadde dei stupt seg åt senga og somna som steinar. Den gamle bikkja hans Embret var innkomi so sårbeint og trøtt, at ho låg som daud, ho og – men no lukta dei full kaffien –
Sevat glytta burt på dei tvo i senga. Javist – no kjende han skjeggestubban hans Embret Hallemoen. Men den andre? Han Bersven! «Nei, du segje full itte det! Men berre lat dei sova» – Sevat kviskra. Det som var godt akkurat no, det var å sitja her og svalla eit grand med ho mor –
Men no geispa det langt burti senga. Og ein kropp strekte seg so det knaka i botnfjøline.
Då glytte den reveraude fuglehunden på augo og geispa, han og – so digert, at ein kunde ottast gangjønni gjekk av led, og såg lat og slørøygd upp på herren sin i senga.
72Han lika ikkje barknuppen på golve og lyfte på labbom – fekk ein stakars hund ligge i seng, kor sårføtt han var!
Men då herren nemnde han med namn, vispa han so smått med rova og geispa seg ferdug. Måle hans Embret var no godt å høyre, kor som var –
Men ho Lisa ensa berre Sevat-guten sin, som sat der, sundagsflidd og fin som ein greive. Ja han Sevat, han steig frå stjerne til stjerne han!
«Kva segjer du mor?»
Ho hadde mulla soleis halvhøgt for seg sjølv, som vanen hennar var.
«Eg segjer du stig frå stjerne til stjerne, du Sevat!» Ho såg ikkje på han, men augo hennar lyste. Sevat smilte fjåg. Å, enno steig han nok helst frå møkhaug til møkhaug men –
Høsch, tala slik! Husbond å kalle på Buvin –
Men no reiste eine karen seg burti sengi. Ai! Dei hadde nok søvi so dei korkje ansa hell sansa både dei tobeinte og den firbeinte – men jamen lukta det no godt kaffi –
– Um litt sat dei alle kring elden med kaffikoppane i åresteinen og åt av veidemanns-nista.
Meir ulike menneskje-skapningar enn desse fire kunde ingen sjå for augo sine, endå dei alle var runne av same jorda heruppe millom fjell og myr. Ulike som kronglefurune på vidda, vridne av vêr og vind, merkte av vinterfrost og sumarslit- og sæle. Dei tri var aldri utor dreve komne, men ein hadde funne seg ei logn krå og vart rotfast gagns-tre i skogen, og det var han Embret Hallemoen, næraste 73grannen til Buvin. Han sat på gamal gard, trygg og stø og klok på sitt. Aldri var han mot nokon, men aldri heilt med heller. Jatta med alle, gleid unda for alt nytt til det var prøvd av andre og heldt på bli gamalt. Garden sin dreiv han godt etter gamle måten, sleit som ein gamp og agta vel på skillingen.
So var det han Bersven Tangen, som hadde gjort solung tå seg, sytti år, ungkar og spelemann og all slag kar so nær som brakar, som han sjølv sa. Det var so rart med det, koss en for og flaksa so laut en hematt av og til – endå det var åtte måner vinter og fire måner kalde heruppi fjelli.
Ja, det var det løynde som drog, lo Sevat. Kallen som spela! Men ein dag kom, då det vart ein annan leik uppi her, ettersom han trudde. Det torde hende dei fekk bunde stortrolla uppi her eingong og, so dei kunde syte for å gjera vinter’n stuttare – laga seg sol og varme sjølve so å segje.
No smilte’n Embret Hallemoen so han sikla svart. Ja den Sevaten, trøysam var han no, kor døm sa –
Dei klårsynte hadde lenge set blålys brenne yvi løynde skattar uppi her heldt Sevat fram. Og fysst bekken var riven kom isgang i elva, som dei sa. Norddølen var tung i sessen, men når’n reste seg so stod’n. Ja da stod’n som fjelle.
«Ja du vet det,» jatta Embret, men han hadde høyrt, at når døm fekk slike løynde skattar upp i dagen, so var det berre kumøk.
Han hiksta og lo med små trongbrysta klunk – 74det var astma’n som tok pusten frå han, sosnart han kom eit grand ut av jamnvigt – og denne fossen, den – ein sat no der og åtte halvdelen – so neimen um ein visste, nei –
Reis so upp og lokka på hunden – «Fol dei ut, Passop, det står rått tå dei!» Han vilde helst burt frå dette med fossen.
Og han slapp hunden ut og kom og sette seg att med eit lite grynt, tok seg til ryggen. «Du ska’ sjå vi fæ regn; det pla vera våtmerke når det bleske rått tå bikkjom» – prata han blid til Lisa. Og Lisa meinte det var kje umoli nei; ho Brandros hadde ringa rompa på ryggen idag og –
Og han Embret var logn og pratsam og hugleg att som før. Han åtte ei ro i seg som sjølve fjelle, hadde ikkje andre krav i denne verda enn å få sitja trygg på tuva si og arbeide fram garden, so han eingong kunde gjeva frå seg meir enn han tok imot. Det var berre sovidt han unnte seg desse små turane med børsa når hausten kom; tok seg elles aldri fri ein kvardag. Live var arbeide; gleda å sjå at det muna.
– Han Sevat skyna han hadde skræmt’n Embret, og hadde si moro. Men no vende han seg til Bersven, den blide huglege kjempekaren som sat der so godsleg og snudde tommelfingrane um kvarandre og småsnakka med Lisa.
Andlite hans var glattraka og friskt i hamliten, og det tunne gule håre var velflidd som på ein løtnant og det glinsa av hårolje kring den breide, blanke skallen. Munnen hans var stor av smil og 75full av friske tennar, augo barneblå og blide. Klædd var han i knebrok og skor med elgbennilskaft, men likna elles lite på ein veidemann. Ikkje hadde han børse heller; han måtte berre ein tur tilskogs soleis um hausten, og fylgde snart den eine, snart den andre av vener frå ungdomen uppi her.
Sevat tok til å prate innpå den gongen dei råktest nedi Åsnes på tømmerhogst den vintern det var stordrift dernede.
«Og du blir itte eldre med åra du, Bersven – like sprek og itte et grått hår!»
Bersven strauk med handflata yvi håre, som var fint skild etter midten, og nikka nøgd – «je ha itte vøri kar om å få dessa flisan’ mine grå, je, gutt» –
«Det æ full tefelle du har for godt samvit, du Bersven,» lo Lisa, «og so er du kokk på storgalom og leve so fett at det tyt ut att radt uppi hårrøtom» –
Ho lo og skotta på det oljeblanke håre hans, og han var mann som lika ein skjemt, um det råkte han sjølv.
Han hadde sett seg til for godt nedpå flatbygda han Bersven, hadde vorte heil elvromsokning å kalle etter han tente kokk på Terningmoen i ungdomen. Storgardsfruvorne dernede slost um han når gjestebod var i gjerdom, for han greidde alt både ute og inne, var tru som gull og fekk både folk og fe i god-lag. Du såg ingen sure andlit i kjøk eller fjøs etter han Bersven var innum døra komen. Og velsigna vælnøgd var’n sjølv med alt og alle. Og varn ikkje vælnøgd, so tagde’n med det til sea engong.
76Kann hende orda han fysst innpå det år og dag etter til ein trugen ven på tomannshand. For det var ikkje det, at han gløymde noko. Å nei, det var kje so væl. Han hugsa alt, men hadde longe kome etter, at ein slapp lettast gjenom verda når ein tok det ein fekk og takka når ein gjekk. Då var alle folk so merjeleg snilde. Og ingen hadde lova ein noko gjestbod, som sagt var. Nei, han Bersven lo og hadde si moro innvertes, han, der var det ingen som tok ho frå han. Og han arbeidde for fire, skjemta og riste småskillingane i lumma, når han tråva sårføtt og svemnug hematt til den vesle stugua si burtmed sildrebekken inni skogen. Riste døm og lo når det låt som lumma var full.
Og ingen turvte be han Bersven fli seg. Han var såpevaska so det skein av han stødt, og ingen oberst hadde kvitare lummeduk eller blankare skor. Ikkje for ingenting hadde han gått skulen på Terningmoen, der officerane vart hans store mynster.
«Jamen ja san, je driv å leve litt um senn enno, ja, og jamen likar døm medisterkakann’ mine enno ja» –
Han lo hjarteleg og synte ein tanngard som ingen doktar enno hadde pirka i; kvar tonn var frisk, men stuttsliti som på ein havre-hest.
«Du vet, når døm itte fekk live tå meg dei trettan åra je kokte åt soldatom på Terningmoen og låg på ei fille frammed kokomen heile sommar’n, so va’ je utset til ei stor og ærerik framtid – hæ, hæ, hæ» –
77Han knepte hendane yvi magen og klukka hjarteleg og blunka med dei små bånegode augo.
«Fraus om natta, sveitta om dagen og åt meg mest ihel på sviskekompot, for det var det likeste je visste. Men ailler va je full, og ailler ha je brydd meg om jinter dæmmerså» –
Dei lo, og Sevat hufsa på seg og sa, at klok var han. Kvinnfolka var berre til hefte for ein kar – men neigu um dei var gode å koma utom hell.
«Det kjem sei an på det; je va so trøtt um laurdagskvellan je, gut, at je datt ned der je stod og sov med’di andre gjekk etter jinten eller tura borti gallom. Men i storbrølloppe på Halvarsrud smakte je itte svemn på ei vike. Heldt ut? Jamen ja. Men siste dagen, da vi berre hadde hælvhundre telbords va’ je så trøtt, at je nære på hadde slept hele kælvsteikfate i hugu på brudgomen. Da hadde je kokt fem dagar og vart’ opp i fire, og børi fat med fjellfisk og kælvsteik og pudding so armann’ mest datt tå meg. Det va tetter ved je itte orke gå den vesle mila je hadde hematt, da det va slut. Men da je væl va innom mi eiga dør sov je i to jamdøger, gut. Det var i den tia en sauskrott var høveleg sendingsmat det».
Han lo lukkeleg ved den løgne tanken –
«Men da va je så kvek att, at je va med i slaktinga på Brøttom og laga ei gamal mil med pølser og la ned tri tjaug med hermetikbokser» –
– Lisa rugga seg inn i draum – det var eingong då ho og vandra nedi bygdine der hausten var gul av mogne åkrar –
78«Ja du Bersven, du vart namnspurt i sju kongerike du, og vælkømin i kvar gard millom Koppang og Kongsvinger. Men itte har du glømt øss oppi her hell» –
«Å neimen nei, san. Og jamen ser det ut tel je æ velkømin oppi her og; døm ha mest gitt’ hel mei på kaffi og jønnbrød og fjellfisk og røme desse dagane» –
«Og so kjem du utan børse tess» –
Ja, børse hadde Bersven aldri ått. Han lika ikkje å ta liv okke tå fugl hell firføting. Men han var nå slik laga, at han måtte sjå uppi att ein tur um hausten. Ein laut «preparere» seg til pølse-onna måtta – hæ – hæ – hæ –
Å, det var sagte både lite og simpelt døm hadde å by på uppi her mot neri der det var sjampanje og furkunmat av alle slag, meinte Lisa.
Men han Bersven bles ti sjampanjen. Og all denna rare maten vart en leid tå. Men han vilde sjå på den som vart leid på auren som spratt like uppi gryta frå sjøen her, so å segja –
Ja, han laut læ, når han hugsa siste julballen på Brøttum. Ut på natta kom ungmannen ut i kjøkene åt jinten som var med i hjelpen og skjenkte døm sjampanje, men døm sputte’n ut som det var dyvelsdrekk. «Vøl itte å smell upp flere flasker ta detta, sa je; kom med akkevitten du, den spytter døm itte ut. Da snudde’n sei rundt på hæla og lo – je held med jinten, je, san; men det lyt mæssom vara no med smell ti nå vet du. Je freste det je kunde å få døm tel å spara litt, je, for je visste det gjekk 79attover, men pøsch, tala åt slike. – Også desse jinten! Det var so tjukt med kvinnfolk, at døm gjekk berre atti vega for ‘enan. Døm ha itte dissiplin. Skulde ha vøri på Terningmoen og lært! Om fem minutter skal maten være i vomma på gutta, Bersven, brøla obersten; han hadde mål som en stut. Da vet du je kvakk, men je vart et gran sint og, og dæmmerså svara je som så, at dit sku nå itte je ha’n. Og da laut’n læ, vet du. Han lika et kvekt svar. Og på minutten va’ maten på borde ska du tru – og da va det itte lenge før’n va i vomma hell, hæ, hæ»
«Å ja, du ha vøri med på mangt du, Bersven, og væl æ du kømmi frå altihop.» Lisa sat og lydde som på presten i kyrkja; det var so lenge sidan ho høyrde noko frå eventyrlande der sør i dalom –
Bersven smilte aldri so lite for seg sjølv – å, det var no bå’ dela med det og, ja. Some gonger hadde han nok vore so slonken, at han ikkje synte seg for folk. Men so lo han att – «du vet forfengeligheta er det siste som renn tå en kokk og – sopass er kongen og kokken jamlike, han sit på det same kongen som vi, og ingen er så stor at’n itte må bøygje seg. Men no for tia vil alle store vera og ingen sekken bera.
«Ja du vet det,» sa Sevat, han sat drøymen og såg inni elden; «men jadde var det for mye åt some og for lite åt andre. Je mins dei åra je gjette på storgardsetrom. Je blåfraus mangen gang so je kunde itte sette meg ner med’ eg åt smultstompen min, og sistpå dagen va’ je så trøtt at je 80heldt meg i kurompa så je itte sku «somne der je gjekk» –
No glytte han Embret upp. Javisst var det hardt åt folk før i tia. Han mintes den tida han gjætte, og fekk med seg ei skalete øks til å verje småfée med for skrubben, ikkje større karen enn han var. Og arbeide laut vi frå vi var god-for å halde ambod i neven –
Det var so det, mulla Sevat og patta hardt på pipa. Men so sat dei ikkje på berr bak dei som voks upp på Hallemoen. Og gjekk ikkje tilskogs med eit par svarte stompskiver. Men dei skulde hugse, at husmannshøna kunde verpe, ho og, berre ho fekk mat.
Han Bersven sat og lydde på dei med knepte hendar og hovude på skakke. Ja ja san, det var full so, at sume fekk for mykje og sume for lite, men det var full som Brøttum-gamla sa, ho talde skinkene sine: gud gjer fatig og gud gjer rik, ja gudskje lov og takk – so fær me syne hjartelage vårt. Og var det ingen små, so var det ingen store hell, og det er likare å tene en herremann enn en maur –
Han lo godhjarta. «Og so er det nå det da, vet du, at den som ligg på golve dett itte ned» –
Lisa hadde kveikt kritpipe-stubben og sat samanhuka og bles røyken inn i muren,Forfatternote: muren = peisen. no nikka ho og mulla halvt for seg sjølv:
«Gull æ gull, um du finn det i dungen – kong Jesus var fødd på strå» –
81«Det er rett, mor,» smilte Sevat; gull æ gull, kor en finn det. Han Kont-Ola vart rikaste mannen i dalom her, og han vart gjesta av konger og jeneraler, og æra langt inne i Sverig. Det vart kar som ruvde, endå han kom rekandes landsvegen og hadde all si eign i ein never-kont på ryggen. Og det ha vøre mange slike heruppi dalom».
Han ruska upp i varmen og la på ny tyrirot so det spruta og spraka, og svarte trollskuggar dansa uppetter veggene –
Men no tok han Embret til å pakke upp av skreppa si det som var att av nista ho Goro hadde lagt nedi, og han Bersven rota i ryggsekken sin – no var det full best dei fekk flytje seg burtåt borde –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.
I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.
Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.