Hildring

av Hulda Garborg

Flaumen går –

Det stod tvo ikonn og tamde ein bjønn,
dei vilde vel ha han for plogen.

«Ja ja, sånn er tidene fru Buvin. Det er ganske som vår ven Rynning sier: skal bøndene holde sig i konkurransen, må de legge driften om og tenke på nye utveier,» sa grosserer Mørkel.

Dei sat kring matborde i storstuga på Buvin og godgjorde seg med det beste garden hadde å by.

Gunhild sat ved borde, brydd og illsvien for maten.

Men grosseraren tok bra til seg, skyfla inn fisk og steik, let fisken symje i «medbragt» Gamal Løten, gullblank i glase som sjølve sola og «nummer et» i dåm og smak. Og kjøte slog dei ned med Gunhilds heimebrygg som dei kytte fælt av, endå bykaren tenkte med seg, at det var noko søtt skval, berre til å gå utom veggen med.

– «Ellers vil bondestanden bli liggende bakefter, økonomisk og kulturelt,» heldt Mørkel fram og svelgde ned ein godbit.

Sevat nikka nøgd. Økonomisk og kulturelt, ja. So sannt som det var sagt. Han snåva litt i det vande ordet, men lettføtt som han var, kom han væl yvi der og. Og no kunde han det.

93«Se på grannen Deres, Gullik Settmoen, fru Buvin. Han er en av dem som forstår sin tid. Han har gjort glimrende forretninger i skog. Nå kjører’n til skogmøtene nedi dalen i egen bil. Finfint merke. Og han har fått opp nye hus, virkelig førsteklasses, prima tipp topp med W.C. og bad og alle moderne bekvemmeligheter fra øverst til nederst. Og det burde vel også være løsenet for bonden å hæve levestandarden. Vi kjøpte en teig av han nyss – det var tusener i blanke kontanter. Ja jeg unner sandelig bøndene av hele mitt hjecte å få litt lettelser i slite – jeg er sjølv av bondeætt, og vet hvad jeg snakker om. Ja, det kan Simen Sundet fortelle litt om.»

Berit gjekk frå og til og varta upp, stogga litt av og til og lydde. Mørkel snudde seg og såg på henne. «Vi gjør Dem så meget bry, frøken Buvin,» sa han; «vil De ikke sitte ned og drikke et glass med oss?»

Og no vart han liksom endå blankare og rundare. Berit såg på den hårsnaude skallen og den raude fleskerullen i nakken og måtte smile, men sa takk, at ho hadde ikkje stunder nett no. So var ho burte att.

Nei slik var det! Aldri stunder til å være mennesker! «Jeg skjønner fan ta mig ikke åssen dere holder ut, jeg! Ja ja, skål da! Det greier sig vel i enden som repslager’n sa» –

Og so drakk dei og lo, og Gunhild tykte at kvart orde denne mannen sa var gull – endå han var stygg til å småbanne. Men det såg itte ut til han mente større med det.

94Signe hadde lurt seg inn og stod attmed døra, der ingen la merke til henne. Ho stira storøygd på han som tala so mykje, og slukte kvart orde som det kom frå Vårherres munn.

«Ja men so er det det da, at vi skjønne øss itte på no’ tå detta som går for sei ute i verd’n, vi kvinnfolka,» sa Gunhild; «vi går i rute millom fjøse og kjøkene, vi, og glømme det vesle vi ha lært i skulen tess» – Og augo hennar flakka hjelpelause mot’n Sevat, som sat der blid og blankøygd av drammane han hadde fått.

Mørkel merka seg dette augnekaste, og smilte so smått. Det var so det, ja. Men so var det råd å få; hr. Rynning var altså fagmann. Hadde fulgt med tiden både ute og hjemme. Ja, det var sandelig interessant å se sig litt om heroppi sidedalene. Her stod mye vakker skog enda. Ellers var han kjent i hele Glomma-vassdraget, men sandelig her lå et fremtidsparadis og ventet sin mann –

– Då maten væl var fråseggjort, sette dei seg ved den store åren og fekk seg ein gamaldags varm toddy.

Sevat hadde flidd seg, teke på seg krage og kjøpskor som var for tronge; no fekk han mod til å sparke dei av seg. Grosseraren såg ikkje so lågt lenger, og Simen berre lo og sa, at jamen var det nok å leva om en itte sku ha tronge skor attpå –

Og snart fekk Sevat høve til å syne framandkara klokka si. Og han stira inn i klokkeverket og fortalde dei, kor forhuga han hadde vore på å bli 95noko slag klokkemakar eller mekkanikker i ungdomen. Men so var det presten da ma. Han var so brennhuga for skogen og jorda.

Og no fekk dei soga um koss presten fekk han på skogskulen. Og endelykta vart, at dei slog frampå um ikkje Rynning kunde ha hug til å bli «betinger» for eit godt firma og få litt liv i skoghandelen oppi her?

Betinger!

Det gjekk ei fysne-båre gjenom Sevat der han sat, og han våga ikkje slå upp augo med det same. Noko slikt hadde dei aldri høyrt talast um uppi her, og han glytte halvt blyg, halvt byrg burtpå Gunhild. Det var som han vart lyft upp i eit vedunderlegt ljos.

Betinger!

Då vart han som ein liten konge å kalle uppmed Hildra. Og det sta, men godlyndte folke i grenda og lenger ned i bygda hadde vyrdnad for embetsmennar. Og ein betinger var nå messom en embetsmann å kalle for. Ja, kva sa ikkje ho mor idag! Du stig frå stjerne til stjerne du Sevat, sa ho –

Han drøymde seg reint burt –

«Nå kva segjer du?»

Sevat tvinga seg til å sjå roleg ut. Ein måtte agta seg for å syne nokor hugrørsle, kva slag det no var. Og han svara roleg, mest likesæl, at det kunde kann hende vera noko å tenkje på, men – – det var no so, at ein hadde mykje å stå i før. Men som sagt –

96«Ja ja – tenk på det. Og skål på det da,» nikka Mørkel –

Og dei drakk.

Og Sevat rette seg. Ja, dei måtte ikkje tru han hadde noko imot sovore arbeid; det var ikkje nett so å forstå hell. Og um han eingong kunde gjeve halve midelen sin for å bli mekkanikker, so måtte dei ikkje tru anna enn at skogen no var største interessa hans. Ja, han vilde segje so stort eit ord, at det åre han gjekk på skogskulen var det beste åre han hadde levd, – for skogen, han var….

Men no såg han, at grosserar Mørkel dubba der han sat. Det runde, hårsnaude hovude var sprengraudt, og munnen stod opin og synte ein tanngard med mykje gull i. So kvakk han upp att og såg seg svevnyr ikring. Men glase heldt han – dubba so av att.

«Nei no trur je det er kvelden vorte,» smilte Simen Sundet og geispa og tok glase or handa på kameraten sin.

«Det er det han ha vøri så mye uti lufta idag,» sa’n, reiste seg og kremta.

«Det er kvelden nå, Mørkel!»

Mørkel vakna og kom seg på føtene, og litt etter snorka han vidare i den breide dynesenga på bispekammerse.

*

Sevat vart liggjande i vakne draumar langt utyvi den natta. Han hadde vandra gjenom mange lag i sitt liv. Meir enn ein gong hadde han kjennt seg 97lik lauken; han skala av seg turre lag, og nye, friske voks utatt innafrå. Rett alt det han hadde lært berre denne kvelden. Han låg og kjende so det mest var uhugeleg, koss eit gamalt daudt skal rengde seg av han –

Dei hadde tala um hovudstaden. Ja, han hadde lukta på den sovidt, då han kom tomreipes heimatt frå det åre på Dakota- preria. Lite moro hadde det vore hjå den norske presten han var dreng hjå der – fruva heimsjuk, vilde heimatt til Noreg, men presten vilde aldri høyre på det øyra. Elles var han mest aldri heime, han, han for og fjakla all stad og treivst bra. Men frå farmen såg ein berre ut i tome endeløysa, ikkje ein stein, ikkje eit vatn – huf nei – glad kunde den vera som kom seg derifrå –

Nei, heroppi dalom, her var det itte verst! Her var det liv og låt i alle ting; det skifte for syne og for augo som bilæti på ti-cent- sjåe i Fargo, der han for igjenom på hemtur –

Betinger, hr. Sevat Rynning… hæ – Dei vona å råke han på Solung-børsen i byn engong, sa dei. Kunde vera mangt å lære der san. Elles var det pokkern ittno ved heile skitten derinne sa’n Gullik, «jinten er so skrinne, at du kann hålede itte sjå bak fram på døm minders du sikte etter broscha» – hæ-hæ…»

Men imorgo vilde han tala ålvor med ho Gunhild, når han kom att frå den skogturen han var beden med på av grosserer’n –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.