Hildring

av Hulda Garborg

Jolkvelden

Ingen sit den sjuke so nær, at
dei kjenner kva han lid –

Jolkvelden same åre sat Gunhild og Berit og venta på Sevat; Gunhild i armstolen sin, med ryggen mot den gamle himmelsenga, studd med putor, og sveipt i mjuke kvitlar. Ho er merkt av lang sjukdom og svevnløyse, og hovude kviler mot stolrygen.

Ved borde sit Berit og les i salmeboka.

«Eit barn er fødd i Betlehem, i Betlehem,
di frygder seg Jerusalem,
halleluja, halleluja! –

Her ligg han i eit krubberom, eit krubberom,
ævleg er hans herredom,
halleluja» –

Då lettar Gunhild på hovude og lyer.

«Tyst!» kviskrar ho, og augo stirer –

Men Berit rister på hovude, og Gunhild sukkar tungt.

På det vesle borde brenn tvo velendljos.Forfatternote: «Velendljos» er talgljos, støypt i spiserøyri til sau eller anna småfe, so dei vert ringutte. Det er Berit som gleder gofar med å støype slike til jol, 175etter gamall skikk. Kyrkja er langt undan, dit kjem dei berre når dei skal vigje, døype eller gravleggje, men jol og andre høgtider held dei på gamall vis med ymse nedervde skikkar, og nytestamente og salmeboka kjem fram –

Berit hev sjølv lydd etter bjølleljod ein augneblink; no les ho att.

«Tri kongar kom frå austerland, frå austerland,
gull, røykjels, myrrha gav dei han,
halleluja, halleluja! –

Han boren er forutan mein, forutan mein,
av møy Maria, sæl og rein,
halleluja, halleluja!»

Men Gunhild vert uroleg att. Glytter mot glase, ynkar seg som i pine.

«Tyst – no høyrde eg so skileg» –

«Nei mor, det er berre snødreve mot glasi» –

Og atter legg Gunhild seg ned.

«Du høyrer ikkje på salmen, mor»

«Jau, les meir, les meir!»

Og Berit les att. Men måle hennar er døyvt, og ho sansar snaut sjølv meininga i orda. Det er berre ei gamal tone som syng av seg sjølv i henne, so vekjømeleg vent, at ho må gråte. Men ho tvingar seg –

«So gjer han med seg sjølv oss lik, seg sjølv oss lik,
og leider oss til himmerik…

Då kom ein djup skjelvande sukk frå den sjuke. «Ja var det so vel han vilde hente meg snart» –

176«Seg ikkje slikt, mor»

Men Gunhild knepte hendane fast ihop, og tårune rann uensa nedyvi det tunne bleike andlite. Ho var so trøytt av å tenkje på altsaman – det gjekk på skade; ho visste det no – med garden og med han. Han var ikkje lik seg lenger. Men at han vart burte ikveld, det var meir enn ho orka bere.

Og ho fester augo på Berit. «Du er rædd, du og» –

«Nei då, mor. Han vart då so ofte burte soleis» –

«Ja men ikveld – jolkvelden»…

Berit smiler og segjer det er vel lett å bli døgervill for den som hev hovude so fullt som han Sevat.

Gunhild tek dei rædde augo til seg att – no hev ho Berit den harde løyndomsfulle smilen att.

«Du veit då det mor, at kattungar og fulle folk kjem altid ned på føtom» –

Gunhild fær det pinefulle drage kring munnen som varslar gråten.

«No sit du og tenkjer stygt» –

«Eg tenkjer ingenting – ein veit då det bli litt mykje skjenk soleis joletida – men no lyt me roa oss» –

«Ja, du kann full’ vera trøytt» –

«Å for det. Men det er seint vorte, og du skulde ikkje sitja uppe so lenge» –

«Fær ikkje sova i senga lell, men eg lyt full’ freste. Å herregud, hadde endå ho Signe komi heim… so stusleg ein jolekveld hev me aldri havt» –

«Hev det bra, der ho er, ho – trivst på Storneset» –

177«Ja stakar – det vart for stusleg for henne her – ho var so ung» –

Berit svara ikkje. Det var andre som òg hadde vore so unge, men ingen hadde tenkt på det.

Og dei tegjer ei stund. Men so vil Gunhild åt senga, og Berit hjelper henne.

«Du skulde vore gut, du, Berit, so sterk du er» –

Berit smiler. «Stakk hell brok kjem full ut på eitt, berre ein hev nevar» –

Dei tegjer att ei stund, med’ Berit gjeng og rydjer.

Då snur Gunhild hovude og ser etter henne. «Det er eit eg hev tenkt på ofte, Berit; kvi vart det ikkje noko med deg og han Harald, son åt presten? Det såg då ut for oss alle sist han var heime, som»…

«Tull mor,» sa Berit utolug.

Og Gunhild sukka, med’ augo flakka urolege kring rome. Ja ja, det var full ikkje so laga –

So med eingong bed ho Berit ikkje setje skorne hennar under senga –

«Kvifor då, mor?»

«Ein drøymer so nifst, når skoa stend under senga» –

«Du trur då ikkje på slikt du, mor» –

«Nei men… dei segjer det – og eg hev so vonde draumar no – søv ikkje so godt som du» –

«Å, eg drøymer stundom, eg òg, mor» –

«Du?»

«Ja, det er kje fritt. Nyst drøymde eg, at eg var eit herteke kvende og stod i lyftinga på eit skip og kasta ball med eit hovdinghovud» –

178«Kors i Jesu namn, som du talar! Det er all denne sogelesinga de dreiv med på høgskulen» –

Men Berit heldt fram – «og då eg vakna, so var eg her – og leika meg med å løyse gåtor» –

Ho lær ein stutt og kald lått, so mor hennar kvekk. Den låtten er som eit slag. Lær ho?

«Ja mor, du lyt orsaka – det kom berre for meg, at det er so mykje løgleg i verda» –

So slær ho um og segjer brått, at no sløkkjer ho og gjeng. Og ho smiler att: «Jolelyse må ikkje sløkkje av seg sjølv, veit du; det er dårlegt teikn» –

«Nei nei, sløkk ikkje – skara dei, og lat dei brenne» –

«Ja som du vil då. Og so fær me freiste å sova båe. Berre me ikkje hev ete for mykje mylje til kvelds» – det var som ho trong skjemte eit grand –

Men Gunhild er fanga i sitt. Og so vender ho hovude og ser på henne med augo som er myrke av angest – av spaning og uro.

«Du Berit» –

«Ja mor» –

«Det lyt full bli no – med han Hans og deg – vert greidare då… alting?»

Berit vart kald. Tenkte ho mor på garden no, eller –

Gunhild våga ikkje sjå på henne lenger; ho var so kvit vorti. Men ho knepte hendane og liksom henta styrke ovanfrå: «Det var godt um det vart no ja – for oss alle» –

Berit drog anden stilt og djupt og sa, at det var ogso hennar tanke.

179Gunhild kviskra ein takk til Gud i hjarta sitt, og det lettna for bringa.

«Best fysst som sist, godt for alt som er unnagjort» – la Berit til.

Og no måtte Gunhild sjå på henne att, for no hadde ho den tonen, som ho aldri skyna – den som sveid, endå han var både lett og lystig –

– Då høyrde dei steg i gangen, og i same blinken kjem Lisa stupande inn, so brått, at Gunhild vert nåbleik.

Jesu nam – kva er tids!

Men Lisa sig ned på stolen attmed døra og segjer andsloppi at det skreik so stygt burti vegen!

Berit ser på henne. Men kjære, hadde ho vore ute?

Ja, Lisa segjer ho måtte ut og gå han til møtes, det var so fint eit måneljos.

Men Gunhild stirer. Skreik det, sa ho? Kvarhelst? Kven var det?

Ho hev reist seg halvt i senga, som ho vil springe upp.

Ja, det skreik so stygt – inni skogen –

Og ho bed Berit um ein drykk, ho hev sprunge –

Berit gjeng roleg ut. Tenkjer, at Lisa er den ho er. Ser og høyrer so mykje stødt, men hentar vel det meste or sitt eige urolege sinn –

«Såg du ingen?» spør Gunhild rædd, då Berit er ute.

Nei, Lisa såg ingen.

So legg Gunhild seg ned att og knepper hendane. Å herregud, ein veit ingen ting. Vårherre kann ta 180ung og gamall like brått – Gud hjelpe dei som ute er!

Berit kjem med øldrykk og segjer det er ungdom som køyrer jolkut Lisa hev høyrt. No for dei framum –

Lisa tegjer, tek bollen og syp i seg –

Men Gunhild takkar Gud. Mullar, at det er synd og skam å fara slik ein jolkveld –

Og no gret ho av nerveskaking, og legg seg mødd nedi putorne att.

Berit skynar ho treng ro no, og fær Lisa med seg. Lisa fylgjer, og då dei kjem upp troppa segjer Lisa takk og ære – «sæl den som er i di varetekt, Berit» –

Men ho skjelv i måle. Ho er komi for å vera jolegjest hjå sonen sin, men han er burte. Ho hev ikkje set han. «Men han Sevat no då?» segjer ho fyrr dei skiljest.

Men Berit smiler roleg og segjer ho kann lite på Sevat søv godt hjå gode vener no. Og den gamle tek orda upp att og gjev seg til tòls – ja, ja, han Sevat søv hjå gode vener nå…

Men då ho vert åleine tek tankane til å gå i ring. Reven hadde gøydd i kyrkjevengen for Gunhild… det bar mot siste reisa. – So vart han gangand’ her med den andre – hyst, hyst – ho var då trulova, javisst, men folk tok til å undrast kva dei venta etter –

han stod det visst ikkje, stakkars kvitfisen –

Utpå morgonsida kom Sevat. Då Gunhild høyrde han var i hus komen, seig ho endeleg inn i ein tung dus som likna svevn.

181Men Berit hadde lagt seg fullklædd på senga og sprang upp, då ho høyrde han i tunet. Og lenge etter han var innkomen sat ho i glase og stira ut i den månegyllte vinternatta. Tenkte på henne som låg dernede og tumla med so pinefulle tankar. Likevel utan anger. Koss kunde ho angre, slik hugen hennar var bunden til han. Ein vond tanke fekk blode til å suse åt hovude hennar – var ho mor rædd for… nei, nei, noko so fælsleg kunde då ikkje koma i hugen hennar –

Men kvifor var augo hennar rædde, kvar gong ho spurde um dei ikkje skulde gifte seg no, han Hans og ho? Var det garden ho tenkte på? Trega ho no, då ho såg kor det bar av? Å ja visst var det hugsott og anger – stakars mor!

Ho freista mana burt alle vonde tankar, men det seig inn på henne som nærsøkjen klegg at ho var rædd for å lata han Sevat og henne åleine. Ho slog det vekk med tusund kunster, men då ho kraup under felden vart ho liggjande og stire inn i so stor ei hjelpeløyse, og det stod som skrive framfyre henne: det er du sjølv som er rædd –

Imorgo den dag… imorgo den dag skulde dagen setjast med han Hans! Imorgo den dag –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Hildring

I Hulda Garborgs roman Hildring fra 1931 er handlingen lagt til Østerdalen i mellomkrigstiden. Berit er odelsjente på gården Buvin, og etter farens død står hun med ansvaret for en syk mor og en aldrende bestefar. Hun er opptatt av å fortsette gårdsbruket i tråd med tradisjonene og farens råd, men har ikke noe hun skal ha sagt da moren gifter seg på nytt med den nytenkende Sevat.

I romanen skildres landbruksomlegging, modernisering og opportunisme satt opp mot fornuft og tradisjoner.

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.