Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 11 Søvnrunene


Innleiing

Herreper skryter av at han kan få kva møy som helst ved hjelp av runer, men Jon er trygg på festarmøya si. Herreper vil prøve seg og rir så heim til henne. Først er ho avvisande, men når han er viljug til å våge hesten sin på at ho ikkje kan liggje i senga med han utan å miste møydommen sin, går ho med på veddemålet og set den blå kåpa si opp imot. Møya kan også riste runer, og dermed sovnar Herreper og søv tungt i tre døgn. Då vekkjer ho han. Han freistar å berge æra si ved å kjøpe henne til å seie at ho mista møydommen sin til han, men ho avviser det.

Visa har vore sungen i Danmark og Sverige, og i Noreg har vi ei oppskrift av Sophus Bugge frå 1864 etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) i Telemark. Sjølv om handlinga i visa er ganske lik, skil den norske seg klårt frå den danske og svenske i utforminga.

Korkje i Sverige eller Noreg er det bevart melodi til denne visa, men i Danmark finst det ei melodioppskrift frå 1847.

Utsyn 43
DgF 81
SMB 2




Oppskrift A

TSB A 11: Søvnrunene

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 10–15 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Søvneruner

*

1. Hærre Pær å Herr Jón de sat over bór
– No lengjest meg –
dei snakka so mangt eit skjemtas ór,
– Uppunder den lind der våker alt kjærasten minó –

2. Eg veit no ingjo í væræ tíOver denne lina står eit uleseleg ord i parentes. I reinskrifta står det: (Peder:)
uttast eg sill’ lokk’æ mæ rúnir å spil.

3. Men eg hev meg ei festarmøyOver denne lina står: (Jón)
fyr dú æ no lokkar fyrr lyte dú døy

4. Eg gjeve deg min gangari grå
vi dú víse meg vegjen ti jomfrúas går.

5. Hav dú sjav din gangari grå,
men rí ti mi jomfrú å sjå kot dú får.

6. På villande heiæ der stende ei lind,
hun lýser væl 15 mílir umkring.

7. Uppunde den lind der stende ein stól,
der site mi jomfrú hó glimar som ei sól,

8. Hærre Pær kom seg riand ígår,
úti stó jomfrú, hó sló sitt hår.

9. Dú tar inkje slå håri fyr még,
eg agtar inkje å béle ti dég.

10. Vi du inkje béle so kann dú late vere,
eg agtar so líte kot slíke mænn gjere.

11. Me Eg set upp min gangari grå,Over lina står det: (Per)
at du ska kji soveretta frå: sova meg møye ísjå.

12. Lengje stó jomfrú hó tenkte mæ seg,
kann inkje mi runenne duge forretta frå: fyr deg.

13. So set eg ímót mi kåpa blå,
at eg ska sove deg deg møy ísjå.

14. Jomfrú gjeng at høie loft
den silkjesengjæ hó reier upp

15. Hó breidde upp dei pellinne blå,
dei ramme rúnir hó skríva på.

16. Herre Pær settest í sengjæ né,
han tenkte so líte på svévnen sin

17. Herre Pær rúnansvevnen fékk
jomfrú møy av armen gjekk.

18. Han sov í dagar, han sov í tvo,
den trée dagjen likeso.

19. Jomfrú gjeng at høgeloft
Hærre Pær hó vekkjer upp.

20. Statt no Hærre Pær no vekkjer eg dég,
den morgo sólæ ho skíne so rø.

21. Den [morgo sólæ ho skíne so] rø
søv dú no leng’e so blí de din dø.

22. Eg gjeve deg min gangari grå,
ví’ seia at du sóv meg kji møy ísjå.

23. Eg eige sjóv din gangari grå,
skamm få den seg sjav’e lýge på

24. Um eg gjekk no í garen so grå som ein hari,
eg ska alli oftare bélemål fare.

25. Um eg [gjekk no í garen so grå som] ein rein,
[eg ska alli oftare] béle ti møy.

26. Hærre Pær han útav garí gjékk,
der stó etti han bådi sadel å hest.

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge 6, 92–94. Over oppskrifta i reinskrifta står det: (Gunhild Sundslí, tidligere Breivík (83 Aar gml). Fyresdal 1864. Moderen var fra Nissedal, men hun sagde, at hun ikke havde lært mange Viser af hende.) Over første lina er innført: nu død (1866)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.