Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 32 Rike Rodenigård og ørna


Innleiing

Rike Rodenigård rir til skogen og høyrer at ei ørn skrik og rister vengene sine. Ørna talar menneskemål og spør Rike Rodenigård kvar riddarsveinane hans held til og kvar haukane og hundane hans er. Dette får ørna svar på. Rike Rodenigård er aleine og må difor forsvare seg på eiga hand mot eventuelle motstandarar. Deretter spør ørna kva Rike Rodenigård vil gje henne av mat og drikke når ho snart kjem på besøk til han. Han er villig til å gje henne feite kyr og velfødde hestar til mat, men ørna krev kjøt og blod av menneske. Ho vil ha dei to fosterdøtrene til Rike Rodenigård. Dette kjem ikkje på tale, seier han, men då trugar ørna med å ete opp festarmøya hans i staden. Rike Rodenigård forstår at han må ty til knep. Han rister runer «unde den örneveng» (Bugge [1858] 1971: 13), og runemagien har den verknaden at ørna blir bunden med sterke jarnband. Det hjelper ikkje at ørna ber om å bli sett fri, og Rike Rodenigård rir glad heim frå skogen.

Det finst mellom femten og tjue tekstvariantar av denne balladen og to nedskrivne melodivariantar, alle frå Telemark. Sophus Bugge var den første som skreiv opp «Rike Rodenigård og ørna», og han trykte visa i Gamle norske Folkeviser (1858). Av dei oppskriftene Bugge hadde gjort til då, nemner han Signe Eivindsdotter Storgård (1790–1861) si form som den beste (Bugge 1971: 11–14). Signe Storgård var ei fattig husmannskone frå Lårdal, og Bugge skreiv opp meir enn tjue balladar etter henne (Jonsson & Solberg 2011: 431–433).

Bugge meiner at «Rike Rodenigård og ørna» visstnok ikkje er norsk og peikar på at særleg omkvedet blir sunge på dansk. Det er rett nok, men av dei variantane Bugge gjorde seinare, etter Asgjerd Olsdotter Bergland/Vislandskosi (1839–1866) og Åste Rikardsdotter Espeli (1798–1881), går det fram at visa har eit eldre norsk/norrønt grunnlag enn den meir overflatiske påverknaden frå danske skillingstrykk og visebøker. Dette ser vi mellom anna i den følgjande strofa i forma etter Asgjerd Bergland/Vislandskosi:

Eg sko’ gjeva deg so mykji gull
so mykji som dú kann tyggje,
dersom dú vi’ løyse mine sterke jønnbånd
som innunde mine vengjinne ligg’e.

Verbet tyggje i andre linje var i ferd med å bli bytt ut med bera og ynskje då oppskrivarane kom til Telemark, fordi songarane ikkje lenger forstod at tyggje var ei omsynging av det opphavlege og norrøne verbet þiggja = ta imot, få. Med det opphavlege verbet på plass og med den opphavlege fleirtalsbøyinga liggja i siste lina, blir dessutan rimet perfekt, þiggja/liggja. Denne og enkelte andre strofer med eldre språklege trekk, finst ikkje i dei danske formene av visa. I tillegg til dei danske viseformene frå renessansen, er det også oppskriven ein danskspråkleg 1800-talsvariant på Færøyane (DgF I: 173–176).

Det er ikkje noko merkeleg at ein hovudperson med eit såpass framandsleg namn som Rodenigård får varierande utformingar i tradisjonen (Rodus i går, Rikar Aarus, Rikard Rodus).

I fleire balladar er runer og runemagi viktige motiv. Runer kan brukast til å skaffe seg overtak over ein farleg motstandar, til å kaste sjukdom på menneske eller til å få nokon til å bli forelska i seg, jf. «Stig litens runer» (TSB A 4) eller «Vinne møy med runer» (TSB A 5).

Utsyn 26
DgF 12




Oppskrift A

TSB A 32: Rike Rodenigård og ørna

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Signe Eivindsdotter Storgård, Høydalsmo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 51–52 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Ríke Róden í gårSamlarkommentar: Signe opfattede alene Róden som det egentlige Navn. å ørni. I.

*

1. Dæ va’ ríke Róden í går,
han rei seg su under lí,
så hørde han den ørni gól,
hó rister å skjek sine vængjir.
– Der galer og en ørn í Beiarlunden så lengje. –

2. «Å høyrer du ríke Róden í går,
hot heve du laga te kostar?
Dagjen ein å båe dei
vi’ eg deg heime gjeste.»

3. «Eg hev laga te mí kvítande kú,
derte míne feite folhestar;
dagjen ein å båe dei
må du meg heime gjeste.»

4. «Eg tikj’ ikje mykyAlternativ lesemåte: mykje om dí kvítande ku,
langt mindre om díne feite folhestar,
men eg tikje mei om din’ fostredøttar tvo,
dei vi’ eg hava te kostar.»

5. «Eg hev fostra dei upp, ifrå dei var små,
ifrå deires faer å móeri døe;
gud bevare deires kinni så små,
dei ska’ kje koma i ørnekløar.

6. Eg hev fostra dei upp, ifrå dei var små,
ifrå deires foreldri falt ifrå;
gud bevare deires kinni så små,
du ska’ dei aller få.»

7. Dæ var ríke Róden í går,
han tenkte mæ sjave seg:
«mon trú dei sill’ no ‘kje duga
dei róninn’ mi móer lærde meg.»

8. Dæ var ríke Roden í går,
han lútte seg unde ein stein,
derunder skreiv han dæ ørnenavn
alt unde den ørnevæng.

9. «Å høyre du ríke Róden í går,
hot eg be’e deg:
vi’ du løyse dei sterke jønnbånd,
som holder så hartAlternativ lesemåte: fast (eller sterkt) på meg?

10. Eg sko gjeva deg så myky sylv å gull,
som du kan på deg bera,
vi’ du løyse dei sterke jønnbånd,
som unde míne vængjinne mon vera.»

11. «[Nei] í jønnbåndi sko’ du liva, i jønnbåndi
i jønnbåndi sko’ du låte lív.»
Så gla ríer ríke Róden í går
heim te sí festarevív.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Kladd: NFS S. Bugge l, 51–53. Kladden er mangelfull og utydeleg, derfor er reinskrifta nytta som originaloppskrift.




Oppskrift B

TSB A 32: Rike Rodenigård og ørna

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Asgjerd Olsdotter Bergland/Vislandskosi, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 26–29 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Ródenigår

*

1. De va’ nå ríke Ródenigår
han rí i skoven aleine
so finne han på den villande ørn
hó roster å ho skjæke sine vængjir
– Der galer og en ørn i Beiarlunden so lengje –

2. Høyre dú ríke R[ódenigår]
hott heve dú laga ti ti kosta?
Dagjen ein å båe dei
då vi’ eg deg heime gjesta.

3. Eg heve laga tí kvítan kú,
å so mine feite folhestar
d[agjen] e[in] å b[åe] d[ei]
då må du meg heime gjesta.

4. Eg æ’ inkje um di kvitande ku
hell dine f[eite] f[olhestar]
men eg vi’ hava dine fostredøttanne tvo
å dei vi’ eg hava ti kosta.

5. Eg hev fostra dei upp ifrå dei va’ små
ifrå deires moiri døe,
å Gud bevare deires kinni så små,
frå koma i ørnekløar.

6. Eg hev [fostra dei upp ifrå dei va’ små]
[ifrå deires moiri] falt frå,
Gud [bevare deires kinni så små,]
du ska’ dei aldri få.

7. De va nå r[íke] R[ódenigår]
han tenkte mæ seg
món tru dei kunna ‘kje móna
dei rónir mi móer lærde meg.

8. De va nå r[íke] R[ódenigår]
han lúter seg innat ein stein
so skreiv han dei ramme rónir
innundi den ørneveng.

9. Eg sko’ gjeva deg so mykji gull
so mykjy som dú kann tyggje,
dersom dú vi’ løyse mine sterke jønnbånd
som innunde mine vengjinne ligg’e.

10. I jennbåndi sko du livi,
i jennbåndi sko’ dú døy,
so gla’e ríe ríke R[ódenigår]
hjem til sin festarmøy.

11. I jennb[åndi] [sko du livi,]
å i jennbåndi låte ditt lív
so [gla’e ríe ríke Ródenigår]
[hjem til] sitt fe[star] vív

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Det finst òg ei seinare oppskrift frå 1863 etter den samme songaren (NFS S. Bugge i, 350–352).

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 142.




Oppskrift C

TSB A 32: Rike Rodenigård og ørna

Oppskrift: 1870-åra av Ivar Mortensson Egnund etter Eivind Talleivsson Auversækre, Høydalsmo, Telemark.

Orig. ms.: NFS I. Mortensson 12, 63–66

Oppgjeven tittel: Rikard Rodus (Orhus)

*

1. Høyre du R[ikard] R[odus] hot eg spyre deg
kvi gjenge du i skogen so (a)leine
hor er din høker og hor er din hun
hor er alle dine smaa drengjir
– der galer et ørn i bøjarlunden so lengi –

2. Men høyr R[ikard] R[odus] hot eg spyr deg
hot heve du laga deg ti kosten
15 av de feitan ku
og derte 15 kollhestar

3. ja hav no sjav di feitan ku
[og] derte 15 kolhestar
eg vi hava dine fosterdottar 2
som du hev fostra upp

4. Dei eg hev uppfostra
fraa deires fader fall ifraa
Gud bere dei fatik fairlause bonn
sko dei so ‹…› ilde burtgaa

5. – – – –
Eg sko gjera deg større harm
eg sko æta upp di festarmøy
me ho ligge paa din arm

6. – – – – – – –
[eg sko gjera deg større] kvie
[eg sko æta upp di festarmøy]
[me ho ligge paa din] sie

7. R[ikard] R[oden] tenkte med sjave seg
tru kje ramme ronunne sko no hjelpe meg

8. R[ikard] R[odus] lutte seg upp unde ein stein
so skreiv han upp dei ramme ronur
alt paa dei ørnefjøll

9. Eg gjev deg so mykjy gull
so mykjy som du kann tyggje
vi du løyse av meg dei sterke jønnbond
som unde mine vengir ligge

10. Me jønnbondi sko du liva
[Me jønnbondi sko du] døy
so glad gjekk R[ikard] R[oden]
inn te si festarmøy

*

Strofene er nummererte av samlaren. Talet på versliner i kvar strofe varierer i originaloppskrifta.

Reinskrift på maskin av Sigrid Liestøl ligg òg i NFS, saman med kopi av originaloppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.