Ein konge er ute og rir og skyt ei hind. Ho viser seg å vere ei trollkvinne i dyreskapnad. Bergmannen, eller dvergen som han også blir kalla, trugar kongen til å gje han dotter si, sidan han uforvarande har drepe kona hans:
«Höyrer dú, kungen, hot eg spyre deg:
kví skaut dú íhel gyveri [trollkona] mi?»
[…]
«Dú ska’ inkje koma livandes heim,
uttas eg fær dótte di»
(DgF III: 811).
Bror til kongsdottera, Hake, rir til berget, der bergmannen held til, og frir henne ut. På vegen attende følgjer bergmannen etter og freistar Hake med raudt gull, men greier ikkje å ta dei att før sola renn og han blir til stein. Kongsdottera er nok glad for å bli frelst, men ho sørgjer likevel over alt gullet ho måtte reise frå:
«Véndri [venare] festarmann kann eg væl få,
men aldri so mykje rødegull sjå»
(DgF III: 811).
Det finst nokre få oppskriftar av denne balladen, alle frå Telemark. Visa er ikkje registrert i Norden elles, men er i slekt med «Liti Kjersti og bergekongen» og andre bergtakingsviser. Men «Hake og bergmannen» er inga tragisk vise og uttrykkjer jamvel ei viss forståing for at nokon kvar kan la seg freiste av gods og gull. Ein variant etter Gro Petersdotter Blikom frå Skafså (f. 1834, emigr. 1867) er trykt hos Bugge (Bugge [1858] 1971: 60–63). Bugge skreiv opp tre balladar etter henne i 1856 (Jonsson & Solberg 2011: 554–555), og han noterte kva Gro Petersdotter sa til han, bergmannen hadde inga makt over Hake, så lenge han ikkje tala. «Denne Folkets Tro paa Taushedens vidunderlige Kraft er vidt udbredt,» kommenterer Bugge.
Vidare skreiv Bugge også opp denne balladen i ei lang og interessant form etter husmannskvinna Asgjerd Olsdotter Vislandskosi/Bergland (1839–1866) frå Skafså. Asgjerd Olsdotter kunne meir enn tjue balladar (Jonsson & Solberg 2011: 538–540). Varianten etter Asgjerd er trykt i Danmarks gamle Folkeviser (DgF III: 811–812).
Lindeman skrev opp ei strofe med melodi etter Torstein Reiarson Vaale fra Tuddal i 1860 (Ressem [utg.] 2011:166, typologisert som TSB A 54 etter omkvedet).
Utsyn 19
TSB A 60: Hake og bergmannen
Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Asgjerd Olsdotter Vislandskosi,kalla «Asgjær Bergland» i oppskrifta, jf. Jonsson & Solberg 2011: 538–540 Skafså, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 8–13
Utan oppgjeven tittel.
*
1. Kungen han ha’ seg ei hind so grand
– Lat landen over drage –
han slepte hæne ut, for hó vá tamd
– De glimar ivi skógar å alleAlternativ lesemåte: adde grøne heiar. –
2. Han slepte hæna ut, for hó vá tamd,
han slengde ikring eitt røde gullband.
3. Kungjen han spenner sin bogje mót kné
so skaut han den hindi so hó falt ne.
4. Vergjen han kjemeAlternativ lesemåte: kom seg ríand í går,
kungen úti fyri han står.
5. Høyrer du kungen hot eg spyreAlternativ lesemåte: seie deg
kví skaut dú ihel gývere mi?Over «gývere» står det: (aab. e)
6. Eg såg ei hind uppå heió i sinn,
eg visste kji de va’ gýveri di.Over «di» står det: (aab.)
7. HjelpeOver lina står det: (vergje) meg gud útav adde min meinI reinskrifta står det i margen: (Dværgens ord)
so ska’ dú inkje koma livandest heim.
8. Dú ska’ inkje koma livandest heim,
uttas eg fær dotte diEtter lina står det: (aab. i) Under lina står det: (tvil, neutr.)
9. Kungen han kjæme seg ríand í går,
lill’ Kjærsti hó úti fyri han står.
10. Hør dú min fader hot eg spyre deg
hot æ’ de for eit troll, dú flyte mæ deg?
11. Høyr dú líti Kjersti dú snakk ikkje so,
de æ’ den festarmann dú då ska få.
12. Æ’ her noAlternativ lesemåte: då ingen kristen mann,
mæ’ eg ska få eitt troll útí hand.Mellom strofe 12 og 13 står det i reinskrifta: [Fra V. 13 – V. 20 incl. kunde ikke Kvædersken holde nærværende Vise og den om Bergemanden godt fra hinanden]
13. Vergjen han stidder sin gangaren spak,
so sete han lill’ Kjærsti uppå hass bak.
14. Dei rei igjænom so tykk ein Skóg,
lill Kjærsti grét å VergjenAlternativ lesemåte: bergemannen ló
15. Dei rei igjænom de myrki hav
lill [Kjærsti grét å Vergjen] kva.I reinskrifta står det i margen: Mellem V. 15 og 16 manglede efter Kvæderskens sigend maaske et Vers
16. Vergjen han talar te tærna siOver «si» står det: (aab
dú tappar meg í ei kanne mæ vin.
17. Dú tappar meg í eitt sylvarhonn,
dú kastar der neri trí villarkonn.
18. Den fyste drykkjen hó av de saup drakk
då gløymde hó ikven hæna ha’ skapt
hó syntest som heile være flaut.
19. Den andre drykkjen
Den andre [drykkjen hó av de] drakk,
då gløymde hó, kven hæna ha skapt.Under lina står det: ell. då blei Beiarlunden fortapt.
20. Den tree [drykkjen hó av de] drakk
[då gløymde hó, kven hæna ha] skapt.Etter ordet står: ell. fortapt
21. Åkji han ville út å ríe
væl úti åri níe.I reinskrifta står det i margen: (skrid. Tonehold)
22. Åkji han kom seg aleini,
vergjen han va’ ikkji heimi.
23. Høyr dú lill’ Kjersti hot eg spyreAlternativ lesemåte: seie deg
lyster dú kje heimatte‘ å fygje meg.
24. Véndri festarmann kann eg væl få,
men aldriAlternativ lesemåte: alli so mykje rødgull sjå.
25. Åkji han stidder sin gangaren spak,
so sette han lill’ Kjersti uppå hass bak
26. Åkji han kom seg so langt av lei,
vergjen etti ropa å skreikAlternativ lesemåte: etti kom V. grimm å vrei
27. Åkji, Åkji dú bíe meg
so mykje rødegull eg gjeva ska’ deg.
(so det var ‹…› han vilde give ham).I reinskrifta står det i margen: [Sangersken mindes ikke 2den L.]
28. Åkji han rei å vergjen han rann,
alt ti den dagjen på Himmelen rann.
29. Åkji han rei (ti soli skjein ego)
å vergjen sat att i ein stein.
*
Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.
Reinskrift: NFS S. Bugge 5, 126–128.
TSB A 60: Hake og bergmannen
Oppskrift: 1908 av Catharinus Elling etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Vrådal, Kviteseid, Telemark.
Orig. ms.: NFS C. Elling 2, 47–57
Oppgjeven tittel: Bergemann og liti Kersti.
*
1. Aa Bergemannen kommer seg rians i gaard
– me de règner og de bles –
aa Kongjen han ute for hanom staar
– Bronfolder rennir vel,
forunden under fjøllo der leikar tri nordmenn. –
2. Aa velkommen Bergemann heim te meg
no ha e baate brygga aa blanda vin.
3. Eg er no kje so mykje om din mjø og vin
som eg e om liti Kersti, dotter din
4. Liti Kersti ho e no so liti eit baan
ho kan ikkje inn for dit boer staa.
5. Liti Kersti ho e no so liti ei brur
ho kan ikkje nyklann i bure snu.
6. Maa eg ikkje liti Kersti me godom faa
so ska e lata ellen gjennem Bejarlundi gaa.
7. Aa gak no deg i Stogo inn
me eg gjeng te bure og vekkjer dotter mi.
8. Statt upp liti Kersti og klæ deg paa
no ska du inn for din Kjærast staa.
9. Liti Kersti ho ha paa se skjorta ny
aa den va no alle me gulle sytt.
10. Liti Kersti ho ha paa seg silkjesærk
de va nie møyars vinterverk.
11. L[iti] K[ersti] ha paa seg stakkjen rau
aa gulle de laag ette kvor den saum.
12. L[iti] K[ersti] ho ha paa seg stakkjen blaa
aa gulle de laag ette kvor sin traad.
13. L[iti] K[ersti] ho va no kje beltestor
ho slenge ikring seg e røé gulljor.
14. L[iti] K[ersti] ho reiser te bekkje
sit gule haar ho rekkte.
15. Dei tvo dei vaska og kjæmde hennars haar
dei andre tvo sette gullkrona paa
16. Liti Kersti ho inn gjennem dynni steig
aa Bergemann visste ikkje anna hell soli ho skein.
17. Eg helsar deg min far, eg spørge deg maa
hott e de for et trold du drikker me no.
18. So tok’n liti Kersti uppaa sit fang
gav hennar gullkrona og dronningis navn.
19. So tok’n liti Kersti uppaa sit kne
og gav ho gullkrona og dronningis fé.
20. So tok’n liti Kersti upp i sit fang
so snekt han ut paa dynni sprang.
21. Lille Peder han leita so vie,
han leita i de tree kongerikje.
22. Lille Peder han kjeme seg rians i gaar’
liti Kersti sto ute og sola sit haar.
23. Aa hør du liti Kersti hott eg spørre deg
aa lystar du fygje heimatt me meg.
24. Aa eg lystar no vel fygje heimatt me deg
naar eg visste at Bergemannen saag ikkje meg.
25. Lille Peder han gjenge i stogo inn
me dragende svær’ under skarlaks skind.
26. Lille Peder han lete sit svær’e braa
so hoggji’n Bergekongen i lutinne tvo.
27. So fin ein festarmann kunn’ e vel faa
men aller so rike me augune sjaa.
*
Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet. Over teksten står det: Norsk 40 (Landstad 43, DgF IV s.483, Arvids. 145) (DgF 245) med ei anna hand.
TSB A 60: Hake og bergmannen
Oppskrift: 1912 av Rikard Berge etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Kviteseid, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXXIV, 40–43
Utan oppgjeven tittel.
*
1. Aa bergemannen kaam seg rians i gaar
– mæ de regner aa de blæs –
aa kongjen han ute fòr haanom staar.
– bronfòlen rinder væl
fòr norden onder fjøllo der leikar tri normenn –
2. Aa vælkaammen bergemannen heim ti meg,
No hev eg baatte bryggja aa blanda vin.
3. Eg æ kje sò mykje om din mjø aa vin,
som eg æ om liti Kjærsti, dotte di.
4. L[iti] K[jærsti] ho æ nok sò lite eit baan,
ho kann ikkje inn fòr sitt bore staa.
5. L[iti] K[jærsti ho æ nok sò] liti ei bru
ho kann ikkje nyklan’ i bure snu.
6. Aa maa eg kje L[iti] K[jærsti] mæ goom faa
sò skò eg leta ellen gjenom bèiarlonden gaa.
7. Aa gakk du naa deg i stògo inn,
mæ eg reiser aa vekkjer dotter mi.
8. Statt upp L[iti] K[jærsti] aa klæ deg paa
aa naa du inn fòr din kjæraste(n) gaa.
9. L[iti] K[jærsti] ho ha paa seg skjurta ny,
og den va’ naaAlternativ lesemåte: no alle mæ gulle syt.
10. L[iti] K[jærsti ho ha paa seg] silkjeserk
de va nie møyars vintreverk.
11. L[iti] K[jærsti ho ha paa seg] stakkjen ròu,
aa gulle de laag ette kvòr den sòum.
12. L[iti] K[jærsti ho ha paa seg] stakkjen blaa
[aa gulle de laag itte kvòr den] traa.
13. L[iti] K[jærsti] ho va’ naa kje beltestor
ho slengjer ikring seg ei rødegull-gjòr.
14. L[iti] K[jærsti] ho reiser ti bekkje
sitt gule haare ‘o rekte
15. Dei tvo dei vaska aa kjembde henas haar
aa dei andre tvo sette gullkrona paa.
16. L[iti] K[jærsti] ho inn igjenom dynni steig
aa bergem[annen] visst kje ana hell soli ‘o skjein.
17. Eg helsar seg min faer, eg spørje deg maa
Aa hòtt æ de fòr eit tròll som du drikke mæ naa
18. Aa de æ kje tròll som du sønes saa
men de æ naa kóngjen fòr bergji blaa.
19. Aa b[ergemannen] tukka fram fòrgjylte stol
aa sit naa skjøn j[omfru] aa kvil din fot.
20. Aa eg æ kje trøtte, eg kann naa vel staa,
men seg meg di meining, sò vilde jeg gaa.
21. Sò tok ‘n L[iti] K[jærsti] uppaa sitt fang
han gav ‘o gullkrona aa draanningjis navn.
22. Sò [tok ‘n Liti Kjærsti uppaa sitt] kne,
[han gav ‘o gullkrona aa] d[raanningji]s fe.
23. Sò [tok ‘n Liti Kjærsti] uppi sitt fang
aa sò snegt han ret paa dynni sprang
24. Lille Peder han leita sò vie
han leita i de trée kongerikjé
25. L[ille] P[eder] han kaam seg rians i gaar
L[iti] K[jærsti] sto ute aa sola sitt haar
26. Aa høyr du l[iti] K[jærsti] hòtt eg spøre deg,
aa lystar du fygje avheim landeatt mæ meg.
27. Aa eg lystar naa vel fygje heim-att mæ deg
naa’ eg visste at bergem[annen] saag ikkje meg.
28. L[ille] P[eder] han gjenge i stògo inn
mæ dragende svær onde skarlags kjinn.
29. L[ille] P[eder] han lete sitt svære braa,
sò hòggje ‘n bergemannen i lutine tvaa.
30. Sò fin ein festarmann kann eg vel faa,
men sò rike aller mæ òugune sjaa.
31. L[ille] P[eder] ha seg ein gangar baa liten aa spak
sò sett’ ‘n l[iti] K[jærsti] uppaa honoms bak.
*
Strofene er nummererte av samlaren. Under oppskrifta står det: (Tone.) = Hake og Bergmannen Bugge nr. 10
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.
I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.
Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.