Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 38 Horpa / Dei to systrene


Innleiing

To ugifte systrer bur heime hos foreldra. Til den yngste systera kjem det friarar, og ho blir trulova, men den eldste systera er det ingen som vil ha. Den eldste set seg føre at ho vil ta festarmannen frå den yngste systera, og ho overtalar henne til å følgje med til elva. Den yngste seier at dei ikkje har noko der å gjere, men den eldste svarar at dei skal vaske seg kvite og bli like kvarandre. Den yngste seier at det ikkje vil hjelpe systera, for om ho vaskar seg kvit som bein, vil ho likevel aldri få nokon festarmann. Når dei har kome til elva, skuvar den eldste systera den yngste på vatnet. Ho ber for livet og lovar systera rikdom og gull, men den eldste let henne drukne – «no vil eg hava din festarmann,» seier ho (Landstad 1968: 483).

Etter ei tid kjem det eit par fiskarar gåande. Dei finn liket og byggjer ei harpe av den døde. Kroppen blir til harpestokk, fingrane til stillepinnar og det gule håret til strenger. Så dreg dei til bryllaupsgarden, der den eldste systera skal feire bryllaup med festarmannen som den yngste systera skulle hatt. Når dei byrjar å spele, syng harpa ut alt som har skjedd. Ho fortel at ho er syster til brura, at brura har forgjort henne og at det var ho som skulle hatt brudgomen. Dei slår harpa i knas, og den yngste systera står fram levande og like god som før. No blir det rette bryllaupet feira, mens den eldste og vonde systera mister livet.

«Horpa» handlar om eit emne som alle kan kjenne seg att i, misunning og hat, jamvel mellom nærskylde. Vi finn det same motivet mange andre stader i balladediktinga, og dessutan i eventyr som t.d. «Manndottera og Kjerringdottera». Det gode og sanne står som motsetning til løgn og svik. Når den døde systera blir omskapt til ei harpe, og vidare til eit levande menneske, er det sjølvsagt eit under som skjer. Underet blir i Landstads trykte tekst forklart ved at fiskarane ikkje er heilt vanlege fiskarar:

Deð var ‘ki fiskarar, som deð var líkt –
      veð sande,
men deð var tvo englar af paradis.
      Bára ber sá vént eit viv frá lande
(Landstad 1968: 487).

«Horpa» har vore ein svært populær ballade, både i eldre og nyare norsk tradisjon. Vi har tekstvariantar, ikkje berre frå Telemark, men også frå Agder-fylka, Hordaland, Sogn og Fjordane, Hedmark og Oppland. Då Jørgen Moe var på samlarferd i Telemark sommaren 1847, skreiv han opp «Horpa» etter Anne Ånundsdotter Lillegård. Moe kallar visa «Dæ bur ein Mann», etter førstelina i første strofe: «Dæ bur ein Mann hær utmæ Aa» (Moe 1964: 62–66). Året etter skreiv Lindeman opp same vise, som han kallar «Der gik tvæ Systa», etter Marit Larsdotter Leira frå Valdres (Lindeman 1964: 106–110). Landstad trykte ei oppskrift etter Seljords-songaren Anne Olsdotter Golid i Norske Folkeviser (Landstad 1968: 480–487). Av melodivariantar finst det òg uvanleg mange, frå Lindemans dagar og heilt fram til 1990-talet (Ressem [utg.] 2011: 43–74).

«Horpa» har vore utbreidd i alle nordiske land, og like eins i engelsk tradisjon. Dei vestnordiske formene står kvarandre spesielt nær, noko Knut Liestøl peikar på. Seinare har Vésteinn Ólason særskilt tatt for seg den islandske forma, «Hörpu kvæði», og han viser det tette språklege sambandet mellom dei islandske, færøyske og norske variantane, jf. nedanfor:

Islandsk:
Systir talar við systur góða:
«Göngum við okkur til sjávarflóða.»

Færøysk:
Systir talar til systur góð:
«Vit skulum okkum í sævarflóð.»

Norsk:
Syster talar til syster go,
«No sko me te sjouar-flo»
(Vésteinn Ólason 1982: 172–173).

Vésteinn Ólason konkluderer med at balladen har kome til Island frå anten Færøyane eller Noreg. Han kan av fleire grunnar ikkje vere yngre enn frå byrjinga av 1500-talet, meiner han.

Utsyn 45
DgF 95
CCF 136
IFkv 13
SMB 13




Oppskrift A

TSB A 38: Horpa / Dei to systrene

Oppskrift: 1840-åra av Olav Talleivsson Grasberg etter Olav Olsson Glosimot, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB ms fol. 1803 g:A, 8–13 (Landstads manuskriptsamling)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Syster tala te syster go
– paa sande –
me vi kaan te siouar Flo
– baara bere so vent et viv fraa lande –

2. Hot Sko me te siounar flo
me hev kaan injo Klæi tvaa

3. me vi tvaa kaan qvitte
vera tvo systar like

4. Du maa tvaa deg so qvit du ve
so bli du aller di syster lik

5. Om du deg tvaade so qvit som bejn
so fær du aller Fæstarsvejn

6. Du maa tvaa deg so qvit du kan
so fær du aller Fæstarmann

7. Den ynre gieng Fyri mæ nesleje haar
den Eldre gieng Ette mæ falske Raae

8. Den yngre sette seg paa ejn Stejn
den eldre skuva mæ uformejn

9. Den yngre Retter o haand fraa seg
Kjære mi Syster du hielper meg

10. Ligg du der aa hav du Skam
naa vi eg hava din Festarmand

11. Ligg du der aa hav du mejn
Fe eg vi hava din Festarsvejn

12. Der giek tvo Fiskarar Framætte mæ Aa
der saag di de likje paa gronen laag

13. Dej talla te qvorandre so
sko de likje te Kjørkje gaard

14. Sko de likje te kjørkje gaard
hel Sko mæ giære Der Horpe utaf

15. Me vi giæra der Horpe utaf
gange so kaan te brylops gar

16. Dei tok Hænars Jose krop
giore derutaf Horpestok

17. Dei tok Hænars Fingar smaa
giore der Stillepinner af

18. Dei tok Hænars brøster smaa
giore der Horpenotur afStrofa er overstroken med blyant.

19. Dei tok hænars gule haar
giore der Horpestrænjer af

20. Aa som dei Ha den horpa giort
so giæk dei te Brylops bort

21. Dei sette seg paa Durastok
lyster de Høyre paa Horpeslaat

22. Horpa slo de Fyste
Bruri æ mi Syster

23. Horpa sloe de andre
bruri hejter Anne

24. Horpa slo de Tree
brudgomen va min bele

25. Horpa slo de Fjore
bruri meg Forgiore

26. Up so Sprang di bruqvindur Tvo
de Forer bort de horpelioe

27. Brudgomen Sprang han Fram ivi bord
aa lat naa Horpa hava sit lioe

28. Horpa slo de Femte
brudgoemen Heiter Svenkje

29. Horpa slo de Sette
bror min heiter Vetle

30. Bort mæ horpa aa Horpeslaat
bruri hev so vont i sit Hovu faat

31. Di tok den Horpa aa slo mot golv
der sto up ei Jomfru baat Fager aa bold

32. Eg talar te Brudgomen om eg tør
du æ min Kjærast som du va før

33. De va kje Fiskarar som de va ligt
men de va tvo Englar af Paradiis

34. Men Bruri Fek so stygt et mein
di grov hennar Livans ond en stejn

35. Bruri Fek so Stygt et mord
di grov hænar livans niri Jord

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren. Dette er ei hovudkjelde til den prenta oppskrifta hos Landstad.




Oppskrift B

TSB A 38: Horpa / Dei to systrene

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Hæge Hansdotter Kastedalen, Brunkeberg, Telemark.

Orig. ms.: NFS, S. Bugge 4, 109 (reinskrift, str. 1–9) og NFS, S. Bugge g, 11c–12 (kladd, str. 10–24).

Oppgjeven tittel: Dei tvo systar

*

1. Dæ búr ein fiskar útmæ å,
– På sandi. –
han heve no dei døttane små.
– Båra bere så vént eitt vív av landi. –

2. Den eine kunna kóka mat,
den anden kunn’ ikkje vaske fat.

3. Syster tala te syster sí:
«Låt ‘kon no te sjeiarå.»

4. «Hott sko’ me ‘kon te sjeiarå?
me hev ‘kje klæer at upptvå.»

5. «Me sko’ två ‘kon kvít som krít,
så me blí no tvo systar lík.»

6. «Du må två deg så kvíte, du vi’,
så blí du alli dí syster lík.»

7. Den yngste sette seg på ein stein,
den eldste skúva hennar te meins.

8.«Syster, syster, hjelp me te lands!»Over lina står det med blyant, delvis overskrive: «Aa gjeve du meg den festaren g‹…› så sko’ eg hjelpe deg te land.»
«Aa gjeve du meg din festarmann,
så sko’ eg hjelpe deg te lands.»

9. «Eg gjeve deg inkje min festarmann,
fyrr fær dueg reka så langst dueg kann.»

10. Dæ gjekk dei féskarann utmæ å,
dei blei vari dæ líkje på botnen låg.

11. Så tók dei hænars kvíte holl,
å gjóre derav ein horpestokk.

12. [Så tók dei hænars] gule hår
[å gjóre derav] dei strengjinn’ små.

13. [Så tók dei hænars] fingar,
[å gjóre derav] stillepinnar.

14. Dæ stende eitt bryllaup under øy,
dít so vi’ me no í kvell.

15. Dæ va’kje fiskarar dæ synest no,
d’æ tvo englar frå himerík.

16. Horpa slo dæ fyste:
brúri æ mi syster.

17. [Horpa slo dæ] andre,
[bruri] heiter Anne.

18. [Horpa slo dæ] tree,
Brugomen æ min bele.

19. [Horpa slo dæ] fjore,
Brúri meg forgjóre.

20. [Horpa slo dæ] femte,
Brúgomen heiter Svenkje.

21.[Horpa slo dæ] sette,
[Brúgomen] heiter Vetle.

22. Um tala brúri i benkjen stó:
stille no de horpejó.

23. Dei tók den horpo sló ne mót golv,
så blei dæ både kjøt å holl.

24. [Dei tók den horpo sló ne mót] góv
[så blei dæ både kjøt å] bló.

*

Strofene er nummererte i reinskrifta, men ikkje i kladden.

Etter str. 24 står det: “Hó blei ihelskoti”.




Oppskrift C

TSB A 38: Horpa / Dei to systrene

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Tone Olsdotter Vistadbakken, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge 1, 222–223 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Dei tvo systar

*

1. Syster tala te syster så:
– ve strandi –
«me vi’ okkon te vidvand gå.»
– Båra bere så vént eitt vív te lande –

2. «Hot sko’ me okkon te vidvand gå?
me hev ‘kje anten skó hell klæi två

3. «Me sko två okkon kvíte som krít,
líksom me va’vøre tvo systar lik.»

Strofa er tilføyd i margen.Um du tvær deg kvít som krít,
så blí du alli dí syster lík.

4. «Um du tvær deg kvít som snjó,
så blí du ‘kje lík anten syster hell brór.»

5. Som Landst. V.9, L.1. yngre, neslegi;Hos Landstad: Den yngste gekk fyrir með utslegið hár
L.2: andre.Hos Landstad: den eldste gekk etter með falske ráð.

6. Dæn yngre gjekk fyre, hó glima som sól,
dæn andre gjekk ette, va’ svart som ei jór.

7. Dæn yngre sette seg på ein stein,I margen står det: [«ut på mein»: Margjit Lavransdatter i Kviteseid.]
dæn eldre hó skúvar ‘a út í mein.I margen står det: f.vansk. f. «ti mein»?

8. Som Landst. V.12; L.1: rekkjer – sin hviden;Hos Landstad: Hon rétte upp si kvíte hand
L.2: kjære – í land.Hos Landstad: «Aa hjarte syster hjølp til land!»

9. Som II (hos meg) v. 8.

Strofa står til høgre for strofe 9.10. Som Landst. V.18;Hos Landstad: Før du skal fá min festarmann
L.2: fljóte. Hos Landstad: før skal eg reka sá langt eg kan.

10. Dær búr tvo fiskarar uppunde lí,
d’æ’ gudsenglar av himerík.

11. Dei fiskarar kom seg gangands í går,
så såg dei dæ líke på grunnen låg.

12. Som Landst. V.20.Hos Landstad: Sá tók dei hennas kvíte kropp / der gjorðe dei af ein horpestokk.I margen står det: [Targjei Kosi: Brúgomen tala te Brúri så: «Kví æ du så myrk idag mót ígår?» Han mindedes ikke den onde Søsters Svar.]

13. Så tók dei hennes gúle hår,
så gjóre dei horpestrengir på.

14. Så tók dei hennes lisle fing
å gjóre dærav ein stiddepinne.

15. Så tók dei hennes rødegullring
å gylte så horpa rund íkring.

16. Dei tók dæn horpa, spveipt ‘a í mår,
så gjenge dei seg te bryllaupsgår.

17. Han kasta ivi dei skarlakskinn,
så bý han dei í stoga inn.

18. Te svara brúgomen gla å kåt:
«de gjeve dei fiskarar bå øl å mat!»

19. «Me vi’ inkje hava mat,
men vi’ de ‘kje høyre på horpeslag?»

20. Horpa fór te låte,
brúri tók te gråte.I margen står det: [Targjei Kosi: Det tók den Horpa sette seg te Bór / men då må du trú, den Horpa sló.]

21. Som Landstad V.25. Hos Landstad: Horpa slóg deð fyrste: / «Brú’ri er mi syster».

22. Horpa sló dæ are:
«Skjenkjaren æ’ min faer.»

23. Som Landst. V.27 (tree).Hos Landstad: Horpa slóg deð treða: / «brúrgomen er min beðle».

Strofa står til høgre for strofe 23.24. Som Landst. V. 28. Hos Landstad: Horpa slóg deð fjórðe: / «Brú’ri meg forgjorde».

Strofa står til høgre for strofe 23 og 24.25. Som Landstad V. 30.Hos Landstad: Horpa slóg deð femte, / «Brúrgomen heiter Svenke».

26. Te svara brúkvinnune båe tvo:
«de teker dæn horpa, slær ímót bór!»

27. Te svara brúgomen kåte:
«de læt dæn horpa låte!»

28. Så tók dei dæn horpa, sló ímót bór,
så blei dæ ei jomfrú líke gó.I margen står det: [Targjei Kosi: Det sló dén Horpa ímót Jór, / så fekk hó både Kjøt å Bló. / [sló dén Horpa ímót] ein Stein / [så fekk hó både Kjøt å] Bein ]

29. Så tók dei dæn horpa, sló ímót golv,
så fekk hó att sí kvíte hold.

30. Dei gjóre dæn brúri så stórt eitt mein,
dei gróv’a livandes ne unde ein stein.

31. Dei gjóre dæn brúri så mykje ímót,
dei gróv ‘a ne í svarte jór.

*

Strofene er nummererte av samlaren. Sophus Bugge viser til Landstads Norske Folkeviser frå 1853.




Oppskrift D

TSB A 38: Horpa / Dei to systrene

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Birte Nordrum etter Hallvard Ivarsson Blekastad, Skjåk, Oppland.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLVIII, 43–47

Utan oppgjeven tittel.

*

1. De budde ein bonde upp-mæ ei aa
– Linden –
hadde han se’ dei døtrane tvo.
– Baara bær sò vent eit viv tì lande. –

2. Ein dag sò gjikk dei ut baae tvo
sò gjikk dei se’ tì sjoar-fłod.

3. Kvi ska me gaa òss tì sjoar-fłod
naar ikkje me hev’e kłæer aa tvaa?

4. Me vilja vaske øss kvite,
sò vert vime veł kvarandreAlternativ lesemåte: einaen si e’ like

5. Om du vaska de’ aldri sò kvit,
aldriAlternativ lesemåte: æiller sò vert du syster di lik.

6. Den yngste gjikk fyri mæ utsligji haar,
den eldste gjikk etter mæ fałske raaer.

7. Den yngste [gjikk fyri] som ei soł,
den elds eldste smoug etter som òrm i jor

8. Den yngste steig uppaa æłvarstein,
den elste skauv ‘o utformein.

9. Aa hjarte syster, hjelp ti land
sò ska du faa mitt roue gullband.

10. Nei faa skam ligg naa deran
eg vil hava din festarmann.

11. Nei før du min festarm[ann] faar,
sò ska e’ reka sò langt eg formaar.

12. Sò kaam de ein vinngust nora
aa błes henne inn ette fjora.

13. Sò [kaam de ein] vinngust synna,
aa błes henne inn før grinna.

14. Sò kaam de ein vinngust fraa æille lann
aa błes henne inn paa kvitan sann.

15. Der gjikk se’ tvo englar paa elvarland,
sò fann de likeSamlarkommentar: lenger nord: likje paa kvite sann

16. Dei toko hennar kvite kròpp
aa gjor av den ein hòrpestokk.

17. Dei toko [hennar] gule haar,
aa gjore harpestrengjir av.

18. Dei toko [hennar] fingranneSamlarkommentar: segjer: fingrann’ smaa
aa gjore harpepinnar taa.

19. Dei toko [hennar] ròue gullring,
fòrgjylde den haarpa rundt omkring.

20. Dei sette den haarpa i døragłaatt:
Hugar de høyre ein harpeslaatt.

21. Haarpa slo den fysste:
Brurì æ mì syster.

22. Haarpa slo de andre
De late den haarpa stande

23. Haarpa slo den treia:
Du

23. Brurì tròdde

23. Haarpa [slo] den treia
de late den haarpa teia.

24. Brurì trødde paa spelemanns taa,
Du slaa den haarpa i smaałaar smaa.

25. Bruggaammen upp fraa bore sprang:
Du late den haarpa ha sin gang.

26. Haarpa slo den fjołe,
Brurì me’ fòrgjołe.

27. Haarpa slo den femte:
brurì ho ska brenne.

28. Haarpa [slo den] sette:
Brurì æ ei hekse.

29. Haagge søłju aa aasp aa bjørk
saa laagen staar baade heit aa sterk.

30. Brugaammen va’ sò har ein mann,
han leidde sjøł brura paa baałe fram.

31. Sò slo dei den haarpa i stykkje ni,
sò vart de atte sò vent eit viv.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Etter oppskrifta står det: (Etter Hallvard Ivarsson Blekastad; komi fraa Sjaak. «Dær e’ sjoa».)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.