Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 50 Villemann og Magnhild

[Gudmund og Signeliti]


Innleiing

Den unge og gifteferdige Magnhild er trulova med Villemann, men ho er ikkje glad. Tårene renn og Villemann vil vita om ho angrar på festarmålsavtalen. Slik er det likevel ikkje. Magnhild græt fordi ho trur at ho kjem til å drukne «i Vendings á» (Landstad [1853] 1968: 471), der systrene hennes har drukna. Villemann trøystar henne med at han skal byggje ei høg og sterk bru over elva, og sveinane hans skal vakte henne. Men Magnhild let seg ikkje trøyste, for ingen kan unngå lagnaden sin, seier ho. På vegen til kyrkja må brurefølgjet krysse elva. Når dei er midt ute på den nye brua, snåvar hesten til Magnhild, og ho fell i elva. Villemann ber smådrengen skunde seg og hente harpa hans. Han spelar på harpa med slik kraft at heile naturen let seg påverke av spelet, og nøkken i elva må sleppe Magnhild fri.

Dette har utan tvil vore ei svært populær vise på 1800-talet, og vi har bortimot hundre tekstvariantar av henne. Dei aller fleste er oppskrivne i Telemark, men det finst også nokre oppskrifter frå Agder-fylka, Oppland, Akershus og Østfold. Forutan dei mange tekstoppskriftene har vi eit titals melodioppskrifter (Ressem [utg.] 2011: 138–146).

Namna på hovudpersonane er oftast Villemann og Magnhild, men i Landstads eine tekst heiter helten Gaute. I Landstads andre tekst, med delvis parallell handling, heiter dei to hovudpersonane Guðmund og Signelita (Landstad [1853] 1968: 469–480). Andre namn på hovudpersonane finst også.

Den islandske nemninga på denne balladen er «Gauta kvæði». Med utgangspunkt i denne namnelikskapen har Knut Liestøl (1915) undersøkt tilhøvet mellom den norske og islandske forma, der det finst mange likskapar omfram namnet på den mannlege hovudpersonen. Liestøl konkluderte med at balladen hadde kome frå Noreg til Island, noko Vésteinn Ólason seier seg samd i: «Gauta kvæði has undoubtedly come to Iceland straight from Norway, probably from Bergen or its surroundings» (Vésteinn Ólason 1982: 126–131).

Sophus Bugge peika alt i 1860 på likskapen i handling mellom «Villemann og Magnhild» og den gamle greske segna om Orfeus og Evrydike (DgF III: 821–822). Orfeus var kjend for å ha heilt spesielle musikalske evner, både når han song og når han spela på lyre. Då kjærasten hans, Evrydike, vart biten av ein orm og døydde, drog Orfeus ned til dødsriket, og med spelet sitt makta han å få dødsguden Hades til å gråte. Hades samtykte i å la Evrydike få vende attende til livet, men vilkåret var at Orfeus ikkje snudde seg for å sjå på henne før dei var oppe. Orfeus greidde ikkje å dy seg, og dermed måtte Evrydike tilbake til dødsriket.

Korleis den greske segna har påverka balladen reint konkret er uråd å vita, men sjølve motivet har utan tvil vore populært. Vi finn det i det middelengelske episke diktet «Sir Orfeo», som er datert til om lag 1300, og i nokre engelsk-skotske balladar, Child 49 og Child 67. Ein ballade frå Shetland (Child 19), som i si tid var ein del av det norrøne språkområdet, er også inspirert av den gamle greske segna:

DER lived a king inta da aste
           Scowan ürla grün
Der lived a lady in da wast
           Whar giorten han grün oarlac
(http://www.sacred-texts.com/neu/eng/chi)

Komponisten Claudio Monteverdi (1567–1643) skreiv operaen L’Orfeo på bakgrunn av det greske segnstoffet. På 1700-talet følgde Christoph Willibald Gluck (1714–1787) opp med operaen Orfeus og Evrydike.

Utsyn 23
DgF 40
IFkv 3
SMB 22




Oppskrift A

TSB A 50: Villemann og Magnhild

Oppskrift: 1846 av Magnus Brostrup Landstad etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså i Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 6, 49

Oppgjeven tittel: Trylharpen. Gautes Vise

*

1. Gaute rid seg sør onde Øy
fes Her Skogar ivi Heide –I margen står: (mørke skomar) ‹…›
fester han Magnild vene Møy
– Hosse kan Svenden den Jomfru faa, som svararFør ordet står: (‹…›alar) vreie –

2. Han fester Magnild flyt a heim
Riddarar og Svennar rid med deim.

3. Magnild gjeng ho bád ut og in
alt saa renner ho Tárer pá Kind.

4. Greter du for Guld, hel greter du for Fe
hel græter du for du hev lova me?

5. Græte du for Huus hel græte du for Jor
hel grete du for du skal sitje for mit Bord?

6. Eg græte kje anten for Gull helle Fe
og inkje for det eg hev lova de.

7. Eg grete enki anten for Husit hel’Retta frå: hel’e Jor
og enki for eg skal sitje for dit Bord.

8. Eg grete fast meir for min kvite KropOver lina står: hod?
han skal kje maa rátne i vigde Mold.

9. Eg grete fast meir for mit gule Haar
de skal ljota rátne i Vendings Aa.

Over strofa står: NB. Visner ‹…›, som ‹…› / Thor ‹…› ‹…› cfr Munk 55
10. Aa kjere mi Magnild syt einki sá
Du veit einki hot kjæraste du kan fá.

11. Me skal byggje den Bru sá hág
og sterke Jensstolpane onde stá.

12. De má bygge den Bru sá ny
sá kan eingin frá sin FollaugoAlternativ lesemåte: Follágo fly.

13. Dá dei kom seg i gróne Lund
der sat ein Hjorte med blidde Mund.

14. Alle ville den Hjorten falaAlternativ lesemåte: faa fat
eingin ville med Bruri fara

15. Adde ville den Hjorten fá
og eingin vil etter Bruri sjá

[16.] 17. Aa dá dei kom seg pá Vendings Bro
Hesten snávar i firerøde Guldskor.

[17.] 16. Dá dei kom seg pá Vendings Bro
og Magnild dreiv at strie Flo.

Tal ved strofe 16 og 17 syner rett rekkjefølgd på strofene.

18. Fire Guldskor og fire Guldsaum
Magnild dreiv at strie Straum.

19. Gaute gløper seg at ivi Hær
hor er no Magnild som pryr mi Fær.

20. Til sá svára dei Brurkvinnur tvá
me hev kje set Magnild sid’ med Vendings Aa

21. Ga Aa ta á svára dei Brurk[vinnur] sju
me hev einki sét Magn[ild] si’dan med V[endings] Bred

22. Gaute tala til Smádrengen sin
dei hentar meg hit mi Hárpe fin

23. Du seie det til min Fader
at Magnild lig i Havi.

24. Du sei det til min Moder
at Magnild lig i Floden.

25. [Du sei det til] mi Syster
at Hárpa lig i Kiste.

26. [Du sei det til] min Broder
Hárpa lig i Korn.Alternativ lesemåte: Hestekorn

27. Bort reid den liten Smaadreng
han sprængde fem Folar før han kom heim

28. Sm[aadrengen] kom seg ridand i Gaar
Gautes Fader ute staar

29. Eg helsar deg Gautes Fader
Magnild lig i Havi.

30. [Eg helsar deg Gautes] Moder
[Magnild lig i] Floden.

31. [Eg helsar deg Gautes] Syster
Hárpa lig i Kiste

32. [Eg helsar deg Gautes] Broder
H[orpa] lig i Korn

33. Fellakoss reid den liten Svein
Gaute fek si Hárpa fin.

34. Gaute slær framte med Ristir
Fuglen mátte af Kviste.

35. [Gaute slær framte med] Lie
kvite Bjørnen or Hidde.

36. Gaute slær ivi Berg og Dalar
Báne mátte or Moir Maga.

37. G[aute] slær framte med Vaddi
Magnild flaut pá Havi

38. Magnild up pá Havi flaut
Nykkin nappa i Silkjeskaut

39. Gaute rona som han kunna bedst
Magnild flaut med Sal og Hest

40. Gaute ronar og Hárpa let
Nykkin sat pá Havi gret

41. Dæ fyste Ori M[agnild] tala
sæle er det Moir slik Son má hava.

*

Over oppskrifta står: cfr. Visen «Harpens kraft» i Rab. SamlingAbrahamson, Nyerup og Rahbek: Udvalgte Danske viser fra Middelalderen, 1812) 1 Deel p. 326 ‹…›

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB A 50: Villemann og Magnhild

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bergjit Torsdotter Lintveit, Morgedal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 4–8 (kladd)

Oppgjeven tittel: Horpevisa. IV.

*

1. Magnill stó úte å sló sítt Hår,
– unde Líe –
Tru dei Belanne turte ‘kje koma i År?
– Før di Róninne lyster man vinne. –

2. Magnill ha ‘kje halltala Ór
før dei Belanne kom ríanes í Tón.

3. Hell hó gjekk út, hell hó gjekk inn,
alt så rann dei stríe Tårinn på Kinn.

4. «Høyr du Magnill, Brúri mí,
kví renn dei stríe Tårinn på Kinn?

5. Græter du Åker hell græter du Jór
hell græter du før du ska’ koma før mítt Bór?

6. [Græter du Åker hell græter du] Fe
[hell græter du] før du hev lova meg.»

7. [Græter du Åker hell græter du] Eng
[hell græter du] før du ska koma í mí Seng.

8. «Eg græt ikkje AaÅker, eg græt ikkje Jór,
eg græt ikkje, før eg ska’ koma før dítt Bór.

9. [Eg græt ikkje Åker eg græt ikkje] Fe
[eg græt ikkje] før eg hev lova deg.

10. [Eg græt ikkje Åker eg græt ikkje] Eng
[eg græt ikkje] før eg ska’ koma í dí Seng.

11. Eg græte mei før mítt kvíte Holl,
som ikkje sko må rotne í vigde Moll.

12. Eg græte no mei før mítt gúle Hår,
som ska’ rotne í Vændels Å.»

13. «Eg ska’ byggje Brúi ivi Vændels Å,
støe Stolpar hó ska’ stande på.»

14. «Du må byggje Brúi, um du vi’ unde Ský,
dæ kann ingjen frå sítt Follogje flý.»

15. Gaute byggde Brúi ivi Vændels Å,
støe Stolpar hó stó uppå.

16. Gaute han let sí Færi rekkje,
fíråkjúge fyre å fíråkjúge ette.

17. Som at dei kom mittepå Vændels brú,
Hesten snuvla í forgylte Skó.

18. Hesten snuvla í minste Saum,
Magnill dreiv at stríe Straum.

19. Gaute han íkring seg såg,
burte va Magnill í salen ho sat.

20. Gaute han tala te Brúkvinna sí:
«Hor æ’ Magnill, Brúri mí?»

21. «Dæ siste me hó Magnill såg,
dæ va’ mitte på Vændels Å.»

22. Gaute han tala te Smådrengjen sín:
«Du hentar meg hít Horpa mí.»

23. «Dæn Horpa æ’ kje gó å finne,
hó æ’ vippa í Silkjetvinne.»

24. [Dæn Horpa æ’ kje gó å] sjå
[hó æ’ vippa í] Silkjetrå.

25. «Du seie dæ te mi Syster,
at Horpa ligge i Kista.»

26. Smådrengjen rí å renner,
síne goe Folar han sprengjer.

27. Atté kom Horpa, så vent hó let,
alt sat Gaute, så sårt han grét.

28. Atte kom Horpa, ho glima som Gull,
alt sat Gaute så sørgefull.

29. Han spila seg framette mæ Líe
aa sterke Bjønnen ótór Híe.

30. Han spila seg framette mæ Hagje
å Båne ótór Móersmagje.

31. Han spila av Topp, han spila av Tre,
han spila Honne av kvíkje Fe.

32. Han spila så lengje te Magnill flaut,
å Nykkjen helt i Silkjeskaut.

33. Så spila han Nykkjen så høgt uppí Tre,
så flutte’n Magnill heim mæ seg.

34. Dei rei seg så lang ei Lei,
Magnill tala ‘kje mei hell Stein.

35. Dæ fyste dei høyrde Magnill tala:
«Slík Son Sæl æ’ dæn Móer, slík Son må hava.

36. Sæl æ’ dæn Móer, slík Son fødde,
å endå sælar dæn hånom må njóte.

*

Strofene er nummererte av samlaren. I oppskrifta er det ein del seinare rettingar som skriv seg frå oppskrifta av H. Ross, desse er ikkje tekne med her.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 79




Oppskrift C

TSB A 50: Villemann og Magnhild

Oppskrift: Udatert av Svein Hovda etter Haddvor Bjaane, Bykle, Setesdal, Aust-Agder.

Orig. ms.: NFS J. Skar 3, 7

Oppgjeven tittel: Runarvisa.

*

1. Ragnvall sigler si Snekkj’ unde Øy,
hentar sitt Viv aa si Festarmøy.
– E de Ronir so sille med vinne. –

2. Magnil ho skjyggjer seg unde Skaut;
ho torde ‘kji syne si Augu tvau.

3. «Du tar inkji skjyggje deg unde Skaut,
eg ser at du græté av Augu tvau.

4. Aa græté du Gull aa græté du Jor,
ell græté du fø du sko aat mitt Bor.

5. Græté du Aaker ell græté du Eng
ell græté du fø du sko aat mi Seng.»

6. «Eg græt’ inkji Gull, eg græt inkji Jor,
Eg lengtar berr’ ett’ at eg sat me ditt Bor.

7. Men eg græté mei mitt gule Haar
som rotne maa i Gjallaraa.

8. Men eg græté mei mine Systa ni;
naar eg kjem etti so bli de ti.»

9. Hesten ‘an snaava i røde Gullsaum;
ho Magnill dro av aat strie Straum.

10. Aa Ragnvall slo si Horpe so hart;
daa tagna kver Fuglen i Skogjen sat.

11. Han slo sin Ronir i breie Bor,
so Straumen vendte ti Vigdafjor.

12. «Aa ha mi no skrikje mot vidde Skjy,
dei kunna ‘kje finne i Straumo Ly.»

13. Ragnvall stansar paa Gjallarbro
daa hoyrd’ ‘an Horpa si Ronir slo.

14. Eg manar dei fram fyri Solagla,
um so dei va gjøymde i Nidgungagap.

15. Ragnvall spana sin Ronastreng,
han manar dei Møyar o’ Dvalaseng.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.