Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 43 Riddaren i hjorteham


Innleiing

Riddaren herr Peder ønskjer å innynde seg hos jomfru Åse og sender sveinane sine med bod til henne. Vil ho møte han ved skipet hans? Dette avviser jomfru Åse. Det sømer seg ikkje for ei jomfru med godt rykte å møte ein mann på ein slik stad, seier ho. Når sveinane kjem tilbake med denne beskjeden, seier herr Peder at han skal kle seg i hjortehamen sin og narre den stolte jomfrua på denne måten.

Forkledd som hjort kjem riddaren seg inn i jomfru Åses gard. Ho let seg sjarmere av det vakre dyret og ønskjer at hjorten var hennar, men då kastar riddaren hamen og avslører kven han eigentleg er. No er gode råd dyre. Kva skal jomfru Åse gjere? Ho seier til riddaren at far hennar ein gong grov ned ein gullskatt like ved høgeloftet, og at det knyter seg ein spådom til skatten. Dersom dei får tak i gullet mens ho enno har jomfrudomen intakt, vil skatten vare, ikkje berre i deira tid, men også gå i arv til borna dei får. Riddaren set i gang med å grave, men finn berre leire og stein. Jomfrua spring inn i høgeloftet, og på trygg avstand spottar ho den svikefulle riddaren.

Det finst mange mellomalderballadar med høgre litterær kvalitet enn «Riddaren i hjorteham». Mange har også ei vidare utbreiing i tradisjonen og er meir kjende blant lek og lærd. Likevel står «Riddaren i hjorteham» i ei særstilling, og det er fordi dette er den eldste nordiske balladen vi har, frå om lag 1490. Då Svend Grundtvig gav ut balladen i Danmarks gamle Folkeviser, trykte han den – dvs. A-teksten med sine sju strofer, som er den eldste – med ekstra stor skrift. Denne teksten var «det ældste Stykke i hele denne Samling» (DgF II: 226). Grundtvig var ikkje i tvil om at det var ein dansk tekst han hadde med å gjere.

Viseteksten står i eit manuskript som opphavleg, dvs. i mellomalderen, fanst ved Solum kyrkje i nedre Telemark. Seinare kom manuskriptet til biblioteket i Linköping i Sverige, der det har signaturen T 180. Hovuddelen av manuskriptet er ei samling preiker (postillar) på norsk-svensk blandingsspråk, men i tillegg kjem viseteksten og omkvedet, med opplysning om kven som eig preikesamlinga: «Liber iste pertinet ecclesie soleem […] quem dedit mathias nicolay jn byørnetweth» (Jonsson 1989: 81–83). Boka tilhøyrer altså Solum kyrkje, og det er ein person med namnet mathias nicolay, på byørnetweth som har gjeve boka til kyrkja.

Den første som stilte kritiske spørsmål om bakgrunnen for A-teksten av «Riddaren i hjorteham», var den danske språkforskaren Kaj Bom. I artikkelen «Danmarks norske Folkeviser» (1973) drøfter han «Riddaren i hjorteham» på språkleg grunnlag, og prøver dessutan å finne ut kven denne mathias nicolay – eller på norsk, Mathias/Mattis Nilsson – kan vere. Ein gjennomgang av Diplomatarium Norvegicum viser at det ikkje er svært mange personar å velje blant, det må dreie seg om lagrettemannen og storbonden Mattis Nilsson, nemnd i fleire norske brev i perioden 1481–1516. Mattis Nilsson høyrde etter alt å døme til ei lågadelsslekt, noko som knyter manuskriptet og viseteksten til den norske stormannsgruppa.

Mattis Nilsson har også skrive namnet sitt i manuskriptet: Jek Mattis Nielssen. Dessutan har han skrive omkvedet til balladeteksten: «Drømth haffuer mik om Jomfrver i alle naath». Ei anna hand har så litt seinare ført inn sjølve viseteksten som Mattis alluderer til. Når det så gjeld staden/garden der Mattis Nilsson heldt til, byørnetweth, er dette rett og slett gardsnamnet Bjørntveit. Det fanst to Bjørntveit-gardar på denne tida, og begge låg i nedre Telemark, ikkje langt frå Solum kyrkje. Å oppfatte byørnetweth som svarande til «Bjernedegaard ved Sorø Kloster» på Sjælland, slik det har vore gjort, er sjølvsagt uråd (Bom 1973: M53, Jonsson 1989: 81). Det kan såleis ikkje vere nokon tvil om kvar A-teksten av «Riddaren i hjorteham» skriv seg frå, og heller ikkje om kven som ein gong åtte manuskriptet og førte balladeomkvedet og namnet sitt inn der.

Då «Riddaren i hjorteham» vart ført i pennen, var det gamle norske skriftspråket i ferd med å gå under. Dansk skriftspråk overtok, og det er derfor berre som vi kan vente at A-teksten er danskspråkleg i mangt. Det norske språket levde likevel vidare som munnleg språk, noko vi ser fleire døme på i Solum-teksten. Språkføringa tyder på «en skriftlig fixering av […] en på norska sjungen visa» (Jonsson 1989: 87). I første strofe kan vi såleis merke oss presentasjonen av den kvinnelege hovudpersonen, stolz ose lille, dvs. stolt Åse-lill. Kvinnenamnet Åse er vestnordisk og nesten ikkje brukt i dansk, jf. at Åse i dei seinare danske viseformene av «Riddaren i hjorteham» heiter Else, eit namn som var meir gangbart på dansk. Rett nok har Peder Syv i si tilrettelagde form gjort bruk av den hypernorske namneforma Usalille (DgF II: 221–225). Også epitetet stolz dvs. stolt er utan tvil eit norsk språkdrag, og likeeins uttrykket fager talen = fager tale i same strofe. I strofe fire kan vi merke oss uttrykket hodingsord, dvs. spottande, nedsetjande ord, jf. Aasen: haadingsord = Spot, Forhaanelse. Fleire døme finst (Bom 1973: M52–M57, Jonsson 1989: 80–89, 91–93).

Eigentleg er ikkje «Riddaren i hjorteham» noka naturmytisk vise. Snarare kan ho kallast ei spøkefull riddarvise med eit moralsk poeng. Peder Syv brukar derfor balladen nærast som eit eksempel på korleis list blir overvunnen med list: «Bedrageren bedrages her, og endda af en kvinde [som] […] finder et Raad, hvormed hun bringer det tilveje som hun ej kunde med magt» (Syv [1695] 1783: 590).

DgF 67
Ejder 1974




Oppskrift A

TSB A 43: Riddaren i hjorteham

Oppskrift: Handskrift frå kring 1490

Orig. ms.: Linköping T-180, 110a

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Th[et] wor h[er]ræ peder
ha[n] tal[e]r till swene tw
kwnde j mik stolz ose lille
m[ed] fager talen fa
– Drømt haffu[e]r mik om Jomfrwen alle nath –

2. Borth tha gynge the panszer swene
alz th[e]r stolz ose lille wor
my[n] h[e]rræ ha[n] holl[e]r weth sneke bordh
ha[n] will alth haffue idh[e]rt taall

3. Swaredhe ok stolz ose lille
hwn swar[e]dhe th[e]r till eth ordh
th[et] ær ængen jomfrw seth
ath gange till snecke bordh

4. Th[et] ær ængen jomfrw seth
ath ga[n]ge till snecke bordh
henne folgh[e]r hiem bode lasth oc ska[m]
swaa ma[n]thet hodingsor ord

5. Ater ko[m]me the pantzser swene
the sagde th[e]r h[e]rre i fraa
icke kwnde wij stoldzLindegård Hjorth les: staldz ose lille
faa m[edh] fag[e]r talen faa

6. Kwnde i icke stoldz ose lille
faa m[edh] fag[e]r ordh[e]n faa
tha skal jek far[e] i my[n] hiorte ha[m]
swaa wel skal jek he[n]ne faa

7. Th[et] een horn wor aff hwidit sølff
th[et] a[n]nith aff rødhe gwldh
th[et] wor h[e]rre pedh[e]r
ha[n] speller swaa frydhefuldhLindegård Hjorths lesing. Bokstaven r er uleseleg. Det ser òg ut til å vera ein hårstrek til ein (uleseleg) ø der, såleis at ordet kan tolkast som frøydhefuldh

*

Utydelege eller uleselege stader i teksten er fylde ut etter Lindegård Hjorth 1976, 15–16.

Over første strofa står ymse eigarnotisar (sjå innleiinga) og refrenget Drømth haffuer mik om Jomfrwer i alle naath med anna blekk og anna hand enn hovudteksten. Etter strofe 2 er omkvedet antyda med første ordet, «Drømth», og etter tredje med «&c» (et cetera).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.