Visa om haugebonden må ha vore ei svært populær vise. Berre i Øvre Telemark er det skrive opp nesten hundre variantar av visa, og i tillegg finst det oppskrifter langs kysten, frå Lista i sør til Trondenes i nord.
Visa opnar med at bonden går ut for å finne greiner og kransar til pynt på julekvelden. Der møter han ein overnaturleg skapning som i Telemark blir kalla haugebonden. Namnet har han fått fordi det skal vere han som ligg i gravhaugen. Han er eit godvette som vernar garden og ser til at alt går bra for både folk og dyr. Andre stader i landet har han andre namn. På Vestlandet heiter han oftast gardvoren (han som vernar garden), på Austlandet kan han heite rudkallen, tomtegubben, tuftekallen eller gobonden. Han er i alle fall oppfatta som den første rydningsmannen som la opp tuftene til garden. I vår tid er han vorte til fjøsnissen, og skikken med å setje ut graut på låven julekvelden har rot i ein gammal offerskikk på gravhaugen.
Haugebonden klagar over at drengene til bonden ståkar på julekvelden. Då vil han ha ro. Bonden svarar at Haugebonden har brukt skipet hans i mange år, men han har ikkje fått leige for bruken. Haugebonden ber han om å gå ut på skipet, der vil han finne gode gåver.
Visa finst også på Færøyane, men der heiter haugebonden Gullsteinur. Det namnet har han også i dei fleste variantane frå norskekysten. Variantane frå Telemark fortel også om eit skip som haugebonden har brukt saman med bonden. Det er fleire ting som tyder på at denne visa er dikta i ei sjøbygd.
Oppskrifta frå Grytlandet i Trondenes er skriven opp ca. 1917 av lærar Brede Heide etter ein gammal jekteskippar. Han forklarte også at «haubonden» kvart år lurte seg med jekta «Falken» på turane til Bergen. No vil han gje seg til kjenne for skipperen og betale skipleiga, men også minne om at han har vore til nytte om bord. Når masta har truga med å knekkje i uvêret, har han støtta ho med ryggen sin. Dette kan tyde på at haugebonden opphavleg har vore ein skipsnisse, ein klabautermann. Namnet kjem frå eit lågtysk ord som tyder å bråke. Tradisjonen om klabautermannen er særleg kjend i Nord-Tyskland, Polen og i Austersjøen, men det er også fortalt segner om skipsnissen i Vestfold og Østfold.
Utsyn 20
CCF 133
TSB A 73: Haugebonden
Oppskrift: 1878? av Birgitte Daae etter ukjend songar, Jølster, Sogn og Fjordane.
Orig. ms.: NFS M. Moe 70, 5–6
Utan oppgjeven tittel.
*
1. Ifjor bodde æg paa kvitan Sand
aa lekte mæ Laxespore
men nu bor æg paa høgan Fjeld
aa spiller Guldterning over Bore
– Vi lyder ei paa Bonden aa kor han danste derinde. –
2. Aa altid har æg rod Fiske mæ dæg
aa altid brugt Baatane dine,
men aldrig har Du faat Baadslæge af mæg
Du tykkes vel dæ er længe aa bie
3. Gak dæg ut i Styrebakrom
alt uti Styrebakrosa
aa der skal Du finne forgylden Skrin
aa NykkelenDet er sett strek over ordet med blyant, og under står det: Lykkjelen staar uti Laase.
4. Aa der skal Du finne en Silkeduk saa fiin
at Maken Du aldrig skal finde
og den havde Lindelina Døtter min
den Tid ho var Fæstekvinde.
5. I Kveld er dæ Julekveld for Grannen min
Vi skulle os litek litevætte mosa
imorgaa kjæm han Gulstein Maagen min
mæ Skipe som vi skulle losa
Aa kommer han inkje i Mora saa bli de aldri mer
saa bli dæ baa Sorrig og Kvide.
6. Men dæ vil æg sæje dæg Grandbonden min
Du tugta inkje Gutane Dine
for kver den einaste Julejulenat
saa tura di paa Haugane mine
Aa havde dæ inkje vaare for han Gulbonds Skuld
saa skulde di longe møst Live.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
På omslaget til ark 3–11 står det: «Fra Nordland og vestkysten ved den Daaeske familie Bø i Telemark 1878».
TSB A 73: Haugebonden
Oppskrift: 1913 av Johanne Bugge Berge etter Hæge Olsdotter Bergland, Moland, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCLIII, 20–23
Oppgjeven tittel: Hougebonden
*
1. Dæ va den heilage joleftan kvell
bonden ville burt finne limar
og dá hann kom seg i Ródelónden
dá høyrde hann kòr Hougebonden rima
– Snillan du
De lyest ut paa Bónar kòr Hougebonden dansar aa rimar –
2. Høyre du dæ du goe bonde sjav
kvi tuktar du kje drengjine dine
De æ allir sò heilag ein joleftaskvell
dei stukar uti haddine mine
3. Der er aldriAlternativ lesemåte: alli sò heilag ein jóleftas kvell
dei slengje ette meg me skále
ha de kje vòri for goe-bonden sjav
dei ha silt mist hørsla aa máli.
4. Dei gav meg sò vont eitt slag
utav den store ølkruse
ha de [kje vòri for goe-bonden sjav]
du ha silt høyrt romlAlternativ lesemåte: raml i huse
5. Og dei gav meg sò vond ein styng
utav dei kvasse spjóte
ha det [kje vòri for goe-bonden sjav]
eg ha vel silt hòurt uti móti
6. Aa dei gav meg sò vond ein styng
utav den sylvara-kniv
[ha de kje vòri for goe-bonden sjav]
dei ha vel silt mist deiris liv
7. Aa du heve vòri ut pá mine skipDenne strofa står på ny side (22) i manus. Over står det: Bonden
aa de uti árinne átte
ingjo skips leige hev eg fengje av deg
og enno gjeng báten paa bòtte
8. Aa du [heve vòri ut pá] mine s[kip]
o [de uti árinne] nie
ingjo [skips leige hev eg fengje] av deg
aa enno gjeng bonar forbie
9. No hev eg vòri i adde dessi aare
ut paa dine grònnar sò lengji
ingjo [skips leige hev du]Logisk må det vera «du» og ikkje «eg» her. kravt
aa ingjo hev du fengji
10. Men gakk no deg at bakari stamn
der heng ei forgyllte brose
der stende dei kistunne 9
aa lyklanne hekk uti lásar
11. Aa deruti stende eitt lite gullstoup
hev gengji i nie manns bóteSamlarkommentar under lina: (skift imidjom seg som arvelodd)
15 mann kann drikke gòtt rus
aa sjave bonden deruti fljóte.
12. Aa deruti ligge den muffa blaa
er souma mæ sylvi kviteSamlarkommentar under lina: (souma mykje mæ sylvtraa førre)
aa de souma Ingjeri dótte mi
den ti ho heime sat pike
13. Aa deruti ligge deneAlternativ lesemåte: ein silkjesòkk
er va stikka mæ liljur aa kransar
aa den kom alli paa Málfri’s fot
berre joledagjen ho dansar
14. Aa deruti ligge ein silkjeduk
er vovi mæ roue gullstrimar
og den kom alli paa hougebondsens bór
berre i jóle hann dansar aa rimar.
15. Aa eg skò gjeve ein liten myllardam
der gjenge 15 par kvennir,
stolpanne æ utav kvite kvalbein
aa slòkje utav haraste jønni
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Etter første strofe står desse forklaringane: «(bónar konne være namn paa eitt stykkje i skogjen.) Namn paa ein volle kor Hougebonden dansar aa rimar.» Vidare: «(Dæ va no adde mann dæ som gjore nye limar ti sope tili mæ) ti jol)» Under dette står det: (Heve ou høyrt etterslengjen slik:
– De bankar i norð
de blikrar i su
me hougebonden leikar aa rimar –
TSB A 73: Haugebonden
Oppskrift: 1913 av Johanna Bugge Berge etter Svein Bendiksson Rindebakken/Rui, Vrådal, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCLIII, 48–50
Oppgjeven tittel: Hougebonden
*
1. Dæ va no ein heilage joleftas kvell
bonden sill bort finne limar
og dá hann kom seg at rosen-lond
da høyrde hann kór hougebonden rimar
– Snillan du
de lyest ut pá bonarSamlarkommentar: (Dæ er utpá utbøen utpaa jorde) der hougebonden dansar aa rimar –
2. Dæ [va no ein heilage joleftas] kvell
bonden sill bort finne kransar,
áa dáa hann kom seg at rosen-lónn
hørde hann kór hougebonden dansar.
3. Aa høyre du de du góe bonden sjav
hottfe tuktar du kje drengenne dine.
Dæ æ aller sò heilag ein joleftas kvell
der stukar dei uti halline mine
4. Aa de [va no ein heilage joleftas] kvell
daa gav dei meg sò vond ein støyt utav krusi
aa ha de ikkje vore for góe bonden sjav
her ha nokk silt bli roml i husi
5. Aa de [va no ein heilage joleftas] kvell
gav dei meg só vond ein støyt utav skálei
aa ha de [ikkje vore for góe bonden] sjav
de silt ha mist báte høyrsli aa maalei
6. Aa du hev no vòri paa alle mine skip
aa der utpaa aarine òtte
aa ingjo skipsleige hev eg fengji av deg
aa enno gjeng baaten paa bótte.
7. H[ougebonden:] Gakk du deg no uti bakari stamn.
Der finn du deg ei forgyllande bróseSamlarkommentar: (ei forgyldte kró) trur eg.
der stenda dei kistane ni
aa lyklanne haeng uti láse
8. Aa deruti du finne eit lite gullstoup.
ha gjengji i ni manna-botarSamlarkommentar: (i manna-b. for 9. mann)
Deruta 10 15 hòvmenn kann drikka gòtt rus
aa sjave bonden deruti fljóte
9. Aa deruti finn du ein silkjestakk
er souma me liljur aa kransar
Den kom no aldri paa Malfris bak
berre joledagjen ho dansar.
10. Aa Lónden heiter garen min
hann ligge a su ondi ei lí.
Aa sjav só heiter eg Góe-Gullstein
aa kóna mi ho heiter Malfri.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
TSB A 73: Haugebonden
Oppskrift: Udatert av Brede Heie etter ukjend songar, Trondenes, Troms.
Orig. ms.: TGM R. Berge DXVI, 1 ff. (avisutklipp)
Oppgjeven tittel: Nordlandsk folkedikting. Ei folkevisa fraa Trondenes.
*
1. Huse du ikkje paa Folla daa,
daa mastra di sprang utu spaarra.
Daa skorte æ mastra med ryggen min.
Ja daa var æ ikkje saa veila.
– Rider du for bonden sjølv fordi
haubonden dansa paa remman. –
2. Aa, huse du ikkje paa Folla daa,
daa oppsta-vanta dine slo feila.
Daa sette æ fot i kvart vatrebord,
og daa fekk æ vank opp i laaran.
3. Saa kom der ei rossa gjønna Stadskerne,Hans Eidsnes (sjå kommentar til visa) har retta med penn til «Stadsker ned»
ho var vel kje søt til aa bie.
Det bogna i dine mastertre,
det remna i segle det kvite.
4. Nu har æ vore seggelt kvar føste reis,
og svoger’n min har seggelt kvar hauste,
og han, han heite nu Jonemann,
og han er karen den trauste.
5. Nu gangaarOverstrykinga er gjort av Eidnes. du i stamnen fram,
der finner du nokka under trossa.
Der under stander eit sølverskrin,
og nøkkelen stander i laase.
6. Der ute i ligg der ein silkeduk
utsydd av silke det fine,
og han sydde Kjersten, dotter mi,
daa ho sat festa veikja.
7. Malfru det heite nu kona mi
den yndie solens blomme,
og Her har Eidnes lagt til «sjølv» saa heite æ Gulesti,Her har Eidnes skrive: (Gullstein?)
og gaarden min heite nu Lunde.
*
I Rikard Berges samling ligg denne visa som avisutklipp med brev frå Hans Eidnes, datert 21/3 1922, Trondarnes ved Harstad. Han skriv at visa er frå Grytlandet i Trondenes, og at det er lærar Brede Heide som har sendt ho til han. Hans Eidnes var «styrar» for ungdomsbladet Midnattsol, og der var visa trykt første gongen i nr 44, 1917. Avisutklippet til Rikard Berge er frå avisa Hålogaland den 12. nov. 1917, som trykte saka oppatt. Utklippet er ikkje datert. I Midnattsol jamfører Leonhard Næss denne versjonen med den som står hos Landstad, og han kjem fram til at Nordlands-versjonen må vera den opphavlege. Eidnes har skrive nokre kommentarar på avisutklippet og lagt til ei ekstra strofe etter den fjerde:
5. Nu har æ vore seggelt i 18 år
alt ut på den Falken så fine.
Men inga skipslæga det ha du nu fått
æ trudde du kunde ha tvila
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.
I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.
Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.