Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 25 Rosensfolen


Innleiing

Rosensfole vil ikkje ete grønt høy og ikkje stå på stallen, med mindre han kan ha «den véne møy» for auga. Nokon vil ha slutt på dette og sender jomfrua langt av lei til ein annan stad. Men Rosensfolen legg på sum etter henne. Han sym i tre dagar før han kjem fram der jomfrua held til, og ho «akslar kápa blå» og tek mot rosensfolen på stranda. Deretter reier ho opp ei seng med «blómstere blå» slik at han kan ha noko å kvile på, men morgonen etter ligg rosensfolen død i stallen:

Skjønn jomfrú hó seg inn í stallen såg:
dø va’ rósensfolen på blómstere blå
(NFL 77, 1955: 29).

«Rosensfolen» finst i eit titals variantar frå Vest-Telemark og Åseral etter kjende songarar, men fleire av variantane er nokså ufullstendige. Dei fleste er trykte i Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 76, s. 24–37. Her står det også ei innleiing til visa av Knut Liestøl. Det finst to melodioppskrifter frå Vest-Agder. Elles har vi visa om den omskapte hesten Rosensfole på dansk og svensk. I dei norske variantane står det ikkje rett ut at Rosensfole eigentleg er ein omskapt prins, men av dei svenske formene går dette fram. Rosensfole er kongens son, og det er sjølve dronninga – ei trollkvinne – som har omskapt han. Truleg er ho stemor hans:

Och Blacken han ville intet drottningen bära
han viste henne en trollkona vara
(SMB 1: 55).

Eldst av dei nordiske viseformene er ei svensk oppskrift frå 1670-åra etter storsongaren Ingierd Gunnarsdoter frå Västergötland. Her heiter det om kongen, der han står på høgeloftsbrua og ser mot den blakke hesten som er hans eigen omskapte son:

Ware nu fattigh eller ware rijk
Gudh nåde den sin barn seer slijk
(SMB 1: 54).

«Rosensfole» kan minne noko om viser som «Liten Lavrans» og «Beiarblakken». Desse visene har til felles begeistringa for den underlege og vidunderlege hesten med mannevit, jamfør også eventyrlege hesteskapnader i folketradisjonen, som Grimsborken og Førnesbrunen. Hestemotivet har minst ei av røtene i riddardiktinga. Som Svend Grundtvig skriv, vrimlar det i mellomalderdiktinga av «Fortællinger om vidunderlige Heste med Mandevid, og det hører væsentlig med til en udmærket Helt at besidde en saadan» (DgF II: 204).

Utsyn 34
DgF 63
SMB 8




Oppskrift A

TSB A 25: Rosensfolen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 212–213 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Rósensfolen.

*

1. Dei sette dei fyri dei låsane ní –
– Lindar i malmorsteinar –
rósensfolen spenner sund adde dí.
– De ringjestAlternativ lesemåte: ringer í silkjetaumar.

2. [Dei sette fyri dei låsanne] fem,
[rósensfolen spenner sund adde] dem.

Dei flutte hende så langt bort,
da han var omskabt.

3. Ha’ de ‘kje vori for mannebein,
sill’ eg grava Rósensfolen under ein stein.

4. [Ha’ de ‘kje vori for] manneór,
[sill’ eg grava Rósensfolen] unde jór.

5. [Ha’ de ‘kje vori for] mannegnýr,
sill’ eg hente presten frå Skíens bý.

so førde dei hæna so langt av land,
so Rósensfolen hæna inkje fann
Då såm han, saa han sprængte seg.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Over teksten står det: Hesten var forlova mæ ei Jomfruve, omskabt.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 266. I reinskrifta står det over teksten: En Ungersvend var forlovet med en Jomfru. Da blev han omskabt [af en Stifmoder] og indespærret. Jomfruen blev ført langt bort.




Oppskrift B

TSB A 25: Rosensfolen

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 254–256 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Rósensfolen.

*

1. Rósensfolen han ville inkje eta grønt høy
– saSamlarkommentar: (sic) lindar i marmóri steinar –
uttastSamlarkommentar: (sic) ‘enAlternativ lesemåte: han såg den véne møy.
– De rinder í si’ silkjetaumar. –

2. Rósensf[olen] han ville [inkji] stande på stall,
u[ttast] han va búnden mæ jomfrúsStår ikkje i reinskrifta. rødegullband.

3. [Rósensfolen han ville inkji] drikke av brunn
[uttast] jomfrús hovugull låg på grunn

4. Dei flutte den jomfrú so langt av land,
rósensfolen han spilar på kvíte sand.

5. R[ósensfolen] han la út å fjóren å såm
de fyste skjeri enAlternativ lesemåte: han kunna då
va 15 sterke mílir

6. Han såm útí dagar,Alternativ lesemåte: daganne í dagarAlternativ lesemåte: daganne två
den tree dagjen líkeso.Alternativ lesemåte: líkeså

7. Skjønn jomfrú ho stend í høgeloftssvalar,Alternativ lesemåte: høgjeloft
hó sérAlternativ lesemåte: Só sér hó rósensf[olen] på sjøenAlternativ lesemåte: sjøkja fara.

8. Skj[ønn] j[omfrú] hó skódde sin fagran fót,
so lysterAlternativ lesemåte: lystar hó mot rós[ensfolen] å tró.

9. Skj[ønn] j[omfrú] hó akslar kåpa blå
[so lyster] hó [mót rósensfolen] å gå.

10. [Då] skjøn jomfrú kom [der] nepå strand,
då la rósensf[olen] í land.

11. Hó strauk etti hanAlternativ lesemåte: hånom mæ kteAlternativ lesemåte: kvítan hand,
å de veit Gud Fader hoss dú kom í land.

12. Skj[ønn] jomfrú hó reier upp blomsteré blå,
der skó rósensf[olen] kvíle uppå.

13. Tíleg um mårenAlternativ lesemåte: morgóen då dagjen va ljús,
Skj[ønn jomfrú] hó vaAlternativ lesemåte: Då va skjønn jomfrú att at stallen fús.

14. Skj[ønn] j[omfrú] hó seg inn í stallen såg
dæ va’ rósensfolen på blómsteré blå.

15. Ha’ de ‘kji vori fyr mannetal,
so ha’ eg si’ rósensfolen í grøne jór gravi,

16. [Ha’ de ‘kji vori fyr] manneór,
[so ha’ eg si’ rósensfolen] leti gravi í jór.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 270–271. Reinskrifta er brukt for å fylle ut tomme plassar i teksten. Tredje strofa er ikkje med i reinskrifta.




Oppskrift C

TSB A 25: Rosensfolen

Oppskrift: Udatert av Hans Ross etter Kari Austegaren, Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS, H. Ross 13–15, 21–23

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Rosslandsfolen han vi’ki eta godt Konn,
– Sadelen va av Malmussteina –
utaa han maatte eta av Sylvehonn.
– han rinder i sine Silketauma. –

2. Rosslandsfolen han vi’ki eta godt Høy,
utaa ho ber de fyr hann den venæ Møy.

3. R[osslandsfolen] han vi inki drikka Brunn,
utaa Jomfruvaas Hovegull maa liggja paa Bunn.

4. Den skøna Jomfru blei flutt av Lann,
aa R[osslandsfolen] han de fornam.

5. Dei sette han innafyr Laasanne ni, (nei)
aa R[osslandsfolen] braut adde dei

6. R[osslandsfolen] sprang paa Vodden aa kneggja,
de ribna Murann aa klovna Fjeddæ.

7. Aa R[osslandsfolen] ivi Muren sprang,
der tok ‘ann att verken Kvinna elle Mann

8. R[osslandsfolen] la-i paa SundiAlternativ lesemåte: Sunni aa saam
femtaan Mil ti de fyssta Lann, han kunn’ naa.

9. Skøn Jomfru stander i Højeloftssvali,
daa saag ho Folen paa Sjøen kom farans.

10. Sk[øn] J[omfru] skoddi sin fager Fot,
so gjeng ho Rosslandsfolen imot.

11. Sk[øn] J[omfru] klappa R[osslandsfolen] paa Lenn:
«Aa gjøve meg de, at du va ikki sprengd!»

12. So breiddi ho ut den Kaapa blaa,
de sille Folen kvila paa.

13. Aa aarle um Morgonen Dagjen va ljus,
skøn Jomfru va fus at Stadden ut.

14. Ho lukte upp Dyræ aa ti han saag,
aa R[osslandsfolen] paa Bolstri laag.

(«daa va han daue»)

15. «Ha de ‘ki vori fyr Mannetale,
eg ha silt lete hann i Joræ grava.»

16. «Ha de’ki vori fyr Manne-Or,
han ha silt bli graven i grønan Jor.»

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Over teksten står det: (Fra Aaserall) og «Um ein prins, som vart umskapt i ein hest.» (Stumper meddelte af Kari Austegaren.)

Reinskrifter av Moltke Moe finst i NFS M. Moe, 75, 70–72 og DFS XXXII, 400.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.