Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 59 Herr Magnus og havfrua

[Vetterstrandvisa]


Innleiing

Ei havfrue eller bergjomfru frir til grev Magnus og lovar han fine gåver. I første omgang falbyr ho ei fin skjorte ho har sydd, men etter kvart blir gåvene større: ein gullpokal, eit skip, eit sverd og ei brynje. I omkvedet blir det sunge entusiastisk: «Du maatte fulla seia meg ja ja». Men i dei siste strofene viser det seg at det er festermøya hans han svarar ja ja til, og ikkje til havfrua. I ein variant blir bergjomfrua så sint at ho sprekk, i ein annan seier ho at ho ikkje skal sende han kjærleiksbrev seinare.

Visa er ganske enkel, men ho må ha vore populær, for ho er spreidd meir enn mange andre viser. Det er fleire oppskrifter frå Telemark. Jørgen Moe skreiv dessutan opp etter ein songar i Hardanger, Hannaas etter Torstein Skou på Jæren, og Ole T. Olsen skreiv opp både tekst og melodi etter Ane Olivia Dunderland frå Mo i Nordland. Olav Sande skreiv ned ein melodi frå Voss, og Lindeman skreiv opp ein melodi etter Samuel Hellen. Hellens melodiar er det ikkje så lett å lokalisere, han hadde streifa vidt omkring.

Dei danske og svenske variantane skil seg ikkje monaleg frå vår vise. I Danmark er det berre to korte oppskrifter, men i Sverige er det til gjengjeld over 30 oppskrifter, og mange av dei er fyldigare enn våre. Svend Grundtvig meinte at dette var ei ganske ung vise og at den danske er komen frå Sverige. Det er mange ting som kan tyde på at også vår vise er komen derifrå.

Ein skotsk ballade, «Allison Gross», har mye til felles med våre. Men i denne visa er det ikkje ei havfrue, men ei stygg heks som vil ha riddaren. Ho set han på fanget sitt og kjemmer håret hans og begynner å rekne opp alle dei fine gåvene, han skal få om han vil gifte seg med henne. Men trass i alle dei fine gåvene kan han ikkje få seg til å kysse den stygge munnen hennar. Då skapte ho han om til ein orm og batt han fast til eit tre. Likevel ville han ikkje kysse henne. Ein dag kom alvedronninga forbi, og ho strauk han tre gonger over kneet. Dermed vart han seg sjølv igjen.


Vetterstrandvisa
I 1866 skreiv Lindeman opp ein melodi etter Paulus Olsen Ildsengje i Løten, Hedmark. Visa heitte «Vetterstrandvisa», men Lindeman skreiv opp berre nokre få strofer. Seinare er det skrive opp fyldigare tekstar. Visa har balladeform, innhaldet er som i Magnus og havfrua, og ho er kjend både frå Finnskogen og inn i Värmland. Likevel har ikkje balladeforskarane vore viljuge til å rekne Vetterstrandvisa som ein ekte ballade. Bengt R. Jonsson kalla ho «en utløper av ‘Magnus og havfrua’». Ho har kanskje ikkje den gamle dåmen over seg, og ho kan vurderast som «nyare», men det gjeld for fleire andre viser også, og datering av munnleg tradisjon er ei håplaus oppgåve.

Utsyn 24
DgF 48
SMB 26
Child 35




Oppskrift A

TSB A 59: Herr Magnus og havfrua

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 150–151 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Greivi Magnus å Havfrúva. II.

*

1. Dæ va’ årli um Morgónen,
når Sóli rý í Lundi,
då sat dær ei Havfrúve, gilja ti ein Sveinn
alt mæ sí listige Túnge.
– Greivi Magnus trúlovar du meg!
eg be no deg så gjønni;
du måtte fulla seia meg ja! ja! –

2. «Eg sko’ gjeva deg Snekkja dæn,
hó gjenge på Sylvesleipar,
hó gjenge så væl på dæn grøne Eng,
som uppå dæn Bylgja bleike.

3. Eg sko’ gjeva deg Folen dæn,
dæn yppaste, du vi’ ríe;
han løype så væl på Bylgja blå,
som útí dei grøne Líar.

4. Eg sko’ gjeva deg Brynja ný,
dæn yppaste, du vi’ slíte;
dæ Svær æ’ alli í Væri ti,
som uppå Brynja kann bíte.

5. Eg sko’ gjeva deg Sværi dæ,
dær henge í femta Gullringar;
kvor dæn Dage, du tenkjer på meg,
så sko’ du Seier vinne.

6. Høyr du Gréive Magnus:
vi’ du no vera meg hull,
så sko’ eg gjeva deg Skjurta dæn,
æ’ stikka mæ røde Gull.

7. Eg sko’ gjeva deg Skjurta dæn,
dæn ypparste du vi’ slíte;
kvor dæn Saum, på hæna æ’,
æ’ sauma mæ Silkje kvíte.»

8. «Du vene Havfrú, du skjøne Havfrú,
eg hev alli sett din Líkji;
men eg hev meg ei skjøn Jomfrú fest,
hæna kann eg inkji svíke.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB A 59: Herr Magnus og havfrua

Oppskrift: 1910 av Torleiv Hannaas etter Torstein Skau, Stord, Hordaland.

Orig. ms.: EFA T. Hannaas 451, 37–39

Oppgjeven tittel: Grev Magnus

*

1. Tilig um moran før sola rinder upp
da sidder mine jomfrua bolda
å spinner mæ hver sin forjyllande rokk
Det monne grev Magnus forvolde
– Grev M[agnus] vil du trolovar du mei
trolovar du mei –

2. Ja jag ska gjeva dei en sjorta så ny
den beste du lyster at slide
– ær ikke sydd mæ nål eller trå
men vevet av silken den hvide –

3. [Ja jag ska] jiva dei et sjib så gott
det beste du lyster at seile
det seiler så vel over salten hav
som over de stridige strømme
– Kal M[agnus] du monde mei svara ikke nei
‹…›og ikke ja, ikke nei,
men jo, jo, jo. –

4. Ja jei vil jiva dei en gangar så god
den beste du lyster at rida
– flyger så væl over høgaste fjell
som uti de grønnaste liar –

5. Jei vil jiva dei et sverd så gott
det beste du mondelyster at svinga
for det hænger efter femten gullringa
se du monde seieren vinda
– Thi du borde mei svara
ikke ja ikke nei
men jo jo jo –

6. Ja se alle dine gaver de tog jej ind
om du var en kristelig kvinda
men du er de styggaste berjetroll
thi du svinger alle fjella omkring
– Thi jei kann ikke svara dei ja
ikke jo, men nei nei nei –

7. Ja skjytta du at kvila uti fjeldet med mei
å sova ‹…›på silken den røde
[å] spise [på] æblene søte
– Thi du monde mei svara
ikke ja ikke nei
men jo jo jo. –

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB A 59: Herr Magnus og havfrua

Oppskrift: 1911 av Rikard Berge etter Halvor Gunnarsson Kalbast, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIV, 10–11

Oppgjeven tittel: Magnus aa havfruva (fraa telemorken)

*

1. De va’ aarle om morgoen,
naar soli ry i lunde,
daa sat der ei havfruve, gjilja ti ein svein
alt mæ si gjiftige tunge.

2. «Greivi Magnus, trulovar du meg!
eg be no deg so gjonni:
du maatte fulla seia meg ja! ja!

3. Eg sko’ gjeva deg snekkja den,
ho gjenge paa sylvesleipar;
ho gjenge so vel paa den grønne eng,
som uppaa den bylja bleike.

4. Eg sko gjeva deg folen den,
den yppaste du vi rie,
han løype so vel paa bylja blaa,
som uti dei grønne liar.

5. Eg sko gjeva deg brynja ny,
den ypaste du vi slite,
de sverr æ alli i verden ti,
som uppaa brynja kan bite.

6. Eg sko gjeva deg sværi de,
der henge i femta gullringar,
kvor den dage, du tenkjer paa meg,
so sko du seier vinne.

7. Høyr du greivi Magnus;
vi du no vera meg huld
so sko eg gjeva deg skjurta den,
æ stikka mæ røue gull.

8. Eg sko gjeva deg skjurta den,
den yppaste du vi slite;
kvor den saum, paa hæna æ,
æ sauma mæ silkji kvite.»

9. «Du vene havfru, du skjønne havfru!
eg hev’e alli sett din likji,
men eg hev meg ei skjønn jomfru fest,
hæna eg alli svike.

10. «Greivi Magnus, trulovar du meg,
eg be deg no so gjønni;
du maatte fulla seig meg ja! ja!

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står: Sludt, 20/12-11 og (se læsebog for folkeskolen og folkehjemmet)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.