Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 12 Den vise kvinna

[Havfruens spådom]


Innleiing

Kongen spør kvifor dronninga græt. Ho svarer det er fordi det er spådd at ho skal bli enkje i år. Kongen seier at «menneske spår, men Gud rår». Dronninga har høyrt at det har kome ei synsk kvinne til byen og at ho ikkje lyg. Kongen sender bod etter henne, og ho kjem. Kongen ber henne setje seg på ein stol, men det vil ho ikkje. Ho seier det ligg knivar under stolen. Vidare ser ho at det ligg gøymt fem sverd under benken og ni gullringar under senga. Kongen seier at når ho veit slikt, veit ho vel også når han skal døy. Ho svarar at Marimesse (25. mars) skal han vere frisk og raud, men Mikkelsmesse (29. september) skal han liggje daud. Kongen spør om dronninga kjem til å gifte seg på nytt. Spåkona seier at dronninga skal sørgje i fem år, men deretter skal ho ta seg ein herre som set alle fangar fri. Kongen ønskjer at han aldri hadde spurt henne.

I tillegg til den norske tradisjonen har også Peder Syvs danske versjon i Kjempeviseboka vorte brukt i Noreg. I Syvs versjon er spåkona ei havfrue som kongen har fanga. Ho viser klarsynet sitt ved å fortelje at det ligg knivar i stolen. Deretter spår ho at kongen skal få tre søner som skal ta livet av han. Den eine sonen skal bli konge i Danmark og den andre skal bere gullkrona.

I segn og folketru kan havfrua opptre på mange måtar, men i norsk tradisjon kjem ho ofte med ein spådom. For fiskaren kan ho varsle om storm og uvêr, men i denne visa spår ho om dødsfall. I vår tids bilete av havfrua har ho ein fiskespord i staden for to bein, men i visa står det at ho «dansar på tilje». Dette treng ikkje vere noko problem, i folketradisjonen kan vi ikkje vente oss korkje konsekvens eller logikk, og i segnene kan havfrua setje fotspor etter seg.

Sophus Bugge skreiv opp visa etter Tone Olsdatter Vistadbakken og Torbjørg Gjermundsdotter Haugen i Skafså, etter Gunnvor Targjeisdotter Folleggdalen i Vrådal, Tone Marteinsdotter Kollberg i Lårdal, Gunnhild Kjetildotter Sundsli i Fyresdal og Bergjit Torsdotter Lintveit (Krossli) i Brunkeberg.

Tre yngre oppskrifter går klart tilbake til «Kjempeviseboka». Moltke Moe skreiv opp visa etter Anne Halvorsdotter Lid og Liv Halvorsdotter Huset i Flatdal og eit fragment etter Torbjørg Ripilen i Mo. Rikard Berge skreiv opp fem strofer etter Gunnhild Raumdal i Lårdal.

I Lindemans samlingar ligg det ein anonym melodi frå Bergen, to frå Mo i Telemark og ein frå Øystre Slidre i Valdres.

Utsyn 48
DgF 42
SMB 3
FSF 17




Oppskrift A

TSB A 12: Den vise kvinna

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Tone Olsdotter Vistadbakken, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 245–246

Oppgjeven tittel: Spådommen. I.

*

1. Kungen å droningi site fyr bór
– vi ære av dei levene som fallne –Samlarkommentar: Targjei Kosi: Vi høre de løven falde. – Vi vide så væl alt um den unge Kung Eirik. –
dei talar so mangt eitt skjemtans ór.
– I bede so væl alt um [fyr] dæn unge kung Eirik. –

2. Kungen han talar te droningi så:
«hvi felder i nå så modig en tår?»

3. «D’æ no inkje under, om eg feller tår;
d’æ meg spått, eg blí enkje í år.»

4. «Menneskene hetterSamlarkommentar: hetter Fvansking for: etlar? jvfr. fær menneskjan ætlar, me harrin ræður. og folkerne spår,
men d’æ ‘kje hot ein, som fyr dæ rår.»

5. «Her æ komi så vís ei kvinne í bý,
hó seie sant å slett inkje lýg.»

6. Kungen han hutta på sveinanne små:
«de be vísekvinna innfyr meg gå!»

7. Å Kungen han ha’ inkje halltala ór,
fyr vísekvinna stedes innfyr hass bór.

8. Å Kungen han sette fram ein forgylte stól:
«du sit skjøn jomfrú å kvíl din fót.»

9. «Dæ vóre fulla godt å vile derpå,
men dær ligge unde dei knívanne små.»

10. Å Kungen han klappa på forgylte benk:
«sit skjøn jomfru å hvil på dæn!»

11. «Dæ vore fulla godt å vile på dæn;
dær ligge unde dei sværi fem.»

12. Å Kungen han klappa på forgylte sæng:
«å kan du no kvíle, så kvíl på dæn.»

13. «Dæ va’ fulla godt å kvíle på dí;
dær ligge unde dei gullringanne ní.»

14. «Å veit du no detta, so veit du no mei,
så kan du no seia meg skjæbner flei.»

15. «D’æ ‘kje så godt å seia ífrå;
din bróer han stend å lýer uppå.»

16. «Å kjære min broder du gakk frå mítt bór,
me eg talar mæ vísekvinna et ór.»

17. [«Å veit du no detta, so veit du no mei,]
[så kan du no seia meg skjæbner flei.»]

18. Å veit du no detta, så veit du mei,
så kan du no seia, når eg sko’ døy.»

19. «Maremess om våren en konge så rød,
å Mikkelsdag om høsten så ligger i død.»

20. [«Maremess om våren en konge så] bold
[å Mikkelsdag om høsten så ligger] í mold.

*

Kladden er ikkje å oppdrive, så teksten er transkribert etter reinskrifta.

Strofene er nummererte av samlaren.

Under strofene står det: Afz. Nr. 63. (henvisning til Geijer og Afzelius’ visesamling fra 1814)




Oppskrift B

TSB A 12: Den vise kvinna

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 109–112 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Kongen og den vise Kvinde.

*

1. Der æ ei vis kåno útí vårt land
– útí lundi –
alt de hó seie de hev gjengji fram
– De veit eg so væl, de hev eg fornemt í min ungdóm. –

2. Kungen han heitar på sveinanne tvo
du seie den víse kåna inn fyr meg gå.

3. Kungen han ha inkji halltala ór
fyrr den víse kåna hó stæddestAlternativ lesemåte: stæddest for bór.

4. Kungen han skúva fram høyene blå
å sett deg der å kvíl derpå.

5. Vil dú so forråde mitt unge lív
der ligg undi ein kvasse nív.

6. Mæ du visste detta so veit dú mei
so seie dú meg um kungen é rík.

7. Å høyrer de sjels kungen vi’ dú de vite,
so stende de på ditt belte rita

8. Kungen han lyfter på belti vill’ sjå,
å alle hass rígdom stó skríva derpå

9. Mæ dú visste [detta, so veit dú] mei
so seie dú meg når kungen ska døy

10. Útí høsten útí ei tí
so hev inkji kungen leng’e lívdagar frí.

11. Mæ [dú visste detta, so veit dú] mei
bliv mi dronning gift igjen.

12. Ho syrgjer deg í åræ fem
sía tek hó seg ein herre igjen.

13. Mæ [dú visste detta, so veit dú] mei
blí den herren bollare hell jei

14. Anten han blí då bollare hell í
alle fatike fangar gjev han lív.

15. Kungen han sló si hånd ímót bór
Krist give eg ha kje spurt deg eit einaste ór.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge VVI, 119–120. Trykt i DgF IV, 819.




Oppskrift C

TSB A 12: Den vise kvinna

Oppskrift: 1878 av Moltke Moe etter Anne Halvorsdotter Lid og Liv Halvorsdotter Huset, Flatdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 4, 1q–r

Oppgjeven tittel: Havfruga.

*

1. Kongen han let ei havfru gripe
– Den havfru dansar på tilje –
å den lod han i tårnet knipe.
– For hun ikke fremte hans vilje. –

2. DronningjiDagmor hytta på sveinanne tvo;
«hvad vil I mig Dronn
«I bede den havfru for meg inngå,
– for hun skå fremme min vilje. –

3. Havfruga steddes fe dronningjes bor:
«Hvad vil I mig dr[onning] Dagmor, I sende meg or?»
– Eg kann ikkje fremme [din vilje] –

4. Dronningji klappa på dynunne blå:
«Du sit no deg nepå, du gvile derpå!»

5. «Vil I so forråde mitt onge liv,
de ligge innonder so gvass ein Kniv.»

6. «Visste du de, so visste du mei,
so segj, hot skjæbne meg skal ské.»

7. «Derfóre eg skå segja deg den,
du lader meg visst på ilden brend’.»

8. Du skå føde de sønner bolde tre,
ditt onge liv forspilder de.»

9. «Hvis de ‘kje bedre meg skal gå,
så segj, kot skjæbne di skal få!»

10. «Den ene skal Konge af Danmark væra,
den andre skal kronen av røe gull bæra.»

11. «Den trea skå blive so vis ein mann,
ditt onge liv forspilder han.»

12. Dr[onning] Dagmor ho steig fe kongen inn:
«Ak vild’ I gjeva meg den havfru fin,
– for hun har fremmet [min vilje!] –»

13. «Eg under ikkje den havfru liv,
fe ho forrådte mine snekkjur syv.

14. Dronningji svartna som ei jor,
so fall hó dø fe kongens fot,
– fe han ‘kje fremte [min vilje!] –

Etter strofe 14 står det:

«Gløymt»
« – følg hende te sjøen mæ alle dine møyerUsikker transkripsjon
fe ho har fremmet din vilje.»

Den havfru sette seg på bøljunn blå,
droningji gret å såg derpå.

«Høyre du dr[onning] Dagmor, gråt ikkje fe meg,
himmerikjes-rikje står åbent fe deg
– der fremmes din vilje.» –

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Under overskrifta står det: (Anne Li å Liv Huse).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.