Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 58 Liti Kjersti narrar bergekongen


Innleiing

Tidlegare har denne visa vore rekna som ein variant av «Liti Kjersti og bergekongen» (TSB A 54), for desse visene har mange felles strofer og omkved. Det er ikkje registrert melodi til denne visa, men sidan første strofa og omkvedet er som i «Liti Kjersti og bergekongen», reknar vi med at ho er sungen på same melodien. Visa har også vore kalla «Pål Gullsmed».

Som i visa om Kjersti og bergekongen, kjem bergekongen ridande inn i garden. Pål Gullsmed, far hennar, skjenkjer både øl og vin, men bergekongen vil ikkje ha vin, han kjem for å få liti Kjersti. Foreldra hennar meiner at ho er alt for ung, men bergekongen trugar med at han vil brenne garden ned, om han ikkje får henne. Pål Gullsmed ser ingen annan utveg og sender liti Kjersti opp i loftet for at ho skal ta på seg sine beste klede. Ho spør om foreldra verkeleg vil gje henne eit troll til mann, men når ho får høyre at bergekongen vil brenne garden, gjev ho etter og blir med. Men når dei kjem fram til berget, snur bergekongen seg og får sjå at liti Kjersti har rømt heim, og at berget hans står i brann.

Vi har fullstendige oppskrifter etter Anne Ånundsdotter Lillegård og broren Såve Ånundsson Bjørneskytte frå Eidsborg.

I Sverige finst det eit fragment og ei vise som har nokolunde same innhaldet, men utan klare parallellar.

Den danske folkloristen Axel Olrik rekna ikkje den danske varianten som ei skikkeleg «Folkevise». I Danmarks gamle Folkeviser plasserte han visa bakarst blant «Efterslæt fra Flyveblade og Bondeoverlevering». Han skriv: «Visen gør i høj Grad Indtryk af at være et Efterklangsprodukt idet de fleste Strofer genfindes i andre Viser».

Det kan gjelde også for den norske versjonen. Visa har mange strofer frå «Liti Kjersti». Til det kan vi berre seie at det er slik den munnlege tradisjonen fungerer. Det er heller ikkje urimeleg å tenkje seg at den norske varianten er laga i Eidsborg av nokon som ville ha ein hyggelegare slutt på visa. Ho er i alle fall ikkje inspirert korkje av den danske eller svenske versjonen.

Utsyn 18
DgF 523
SMB 25




Oppskrift A

TSB A 58: Liti Kjersti narrar bergekongen

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Såve Ånundsson Bjørneskytte, Eidsborg, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 8, 47–49

Oppgjeven tittel: Paal Gulsmed

*

1. Paal Gulsme han rier ette Vegjen fram
– Bronfolen trillar lettan Hei. –Samlarkommentar: (eller: Bronfolen rinder væl:)
Der møter han sig den Berge kongemann
– De regner aa de bles
For Nnorden onde Fjølli der leikar dei tri Normænd. –Samlarkommentar: Berge kongen, Paal G[ullsmed] og Dotter hans

2. «Aa høirer du Paal Gulsme, e talar te deg:
LintanAlternativ lesemåte i avskrifta: Liti Kiersti din Datter du gjeva sko’ meg.»

3. Lite Kjersti hò æ no sae lite eit Baan
Ho kan naa kje væra sin Moder ifraa.»

4. Lite Kjersti ho æ baade liten aa ong,
Ho kan inkje bæra den Gulkrona saa tong.»

5. «Liten Kjersti ho æ maa væra saa lita ho vi,
Min gamle Moder bær Lyklane ni.»

6. «Maa æ ikje din Datter me Goom faa,
Saa skaa eg lata Elden gjønom Guldsmegaarden gaa.»

7. Før eg skaa lata Elden gjenom minGuldsmeOverstroke med blyant garden gaa
Saa lyt du mi datter me Goom faa.

8. Paal Gulsme han kom seg rians i Gaard,
Hanoms Datter hun udefor hanom staar.

9. «Aa hore du min Fader eg tala te deg
Hor æ de for eit Trol du ha i følje me dæg»

10. «Aa kjære min Datter snakka ‘kje saa
Aa de æ naa den Herren som du ska faa

11. «Aa æ her daa ingjen kristen Mand
Me du ska gjeva meg de Trolle i Haand

12. Aa æ daa ingjen kristen Svein
Me du skaa gjeva meg de Trolle saa leit»

13. «Aa hør du liten Kjersti jeg sige dig maa
Du late naa din Fader lægge Sadelen paa»

14. Aa nor dei rei se ivi Høgeloftsbru
Lite Kjersti hò gret aa Bergekongjen lo

15. Aa naar han kom seg te den Bergekongegaar
Daa ha hanoms Moder sovna honom fraa

16. Bergekongjen monerAlternativ lesemåte i avskrifta: maa paa Berge slaa:
«Stat up mi gamle Moder skrei Lokun ifraa»

17. Han slo paa Berji det gav godt Slag
«Stat up mi gamle Moder, skrei Lokunn af

18. Aa Bergje kongen banka al Bergje omkring
Han fan ikje Vegjen i Bergje in

19. Naar Bergjekongjen han sille om seg sjaa
Daa ha liten Kjersti rien hanoverstryking med anna blekk rei’en i fraa.

20. Aa Bergjekongjen gjora baa’ hua aa skreik
«Di krepe Samlarkommentar: slem, sleip Bikje, du gjore meg leit»

21. Aa naar o rei se ive Hogeloftsbru
dei konne ikjie høire Graa gangaren traaBugge seier i avskrifta at denne lina er «overstrøget m. Blyant, dfor maaske urigtig». Men blyantstreken er svært svak og går heller under lina.

22. Aa lite K[jersti] ho kjæm seg rians i Gaard
Aa hennar kjære Fader for hende staar

23. «Aa hør du liti K[jersti], æg sporje deg maa:
Hosse hæv du sluppi den Bergekongen fraa?»

24. «Aa saales slap e den Berge kongen fraa,
At honoms gamle Moder hae ho slæ sinAlternativ lesemåte i avskrifta: ha’ slegje Dynnan i Laas.»

*

Strofene er nummererte med anna hand. Strofe 16 og 17 er ombytte i handskriftet, men samlaren har nummerert dei «1» og «2» for å syna rett rekkjefølgd. Strofe 20 er sett i parentes i handskriftet.

Avskrift ved Sophus Bugge: NFS S. Bugge II, 77–78




Oppskrift B

TSB A 58: Liti Kjersti narrar bergekongen

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 10, 28b–28d

Oppgjeven tittel: Paal Gulsme

*

1. Berg kongien kjæm seg rians i Gaar’
Berg kongien ute for hanom staar

2. «Velkommen Bergekongen hit te meg
Naa hæv eg baate brygga aa blanda Viin»

3. Eg æ kje om veanten B brygje hel blanda Viin
Eg æ mei om liten Kjersti Dotteren din

4. Gak naa deg i Staaga ind
Me eg gjæng up i Lofte aa talar me Dotteren min

5. Han bankar paa Dynna me Hændar smaa
Stat up liten Kjersti, skrei Lokur ifraa

6. Stat up liten Kjersti aa klæ dei paa
Her æ rike Belar uti vor Gaar»

7. Liti Kjersti ha paa seg ein Silkjeserk
Va ni Moianes Vinterverk

8. Liti Kjersti ha paa seg Stakjen blaa
Va stikka me Guld ette kvor den Traa

9. Liti Kjersti ha paa seg den Stakken rau
Va stikka me Guld ette kor den Saum.

10. Liti Kjersti ho va inkje beltestor
Ho slængde kring seg ei røde Guldsnor.

11. Liti Kjersti ho va inkje beltevoan
Ho slængde kring seg de eit rode Guldband

12. Liti Kjersti ho trækte paa Silkestrømpur smaa
Aa sylvspændte Sko ha ho derpaa

13. Liti Kjersti ho gjæng at Bækje
Sit fagergule Haar ho rækjer.Samlarkommentar: slaaer ud

14. Ho vaskar sit Haar i rein GuldvandSamlarkommentar: I guldreint Vand
Saa kjæmber o ette me Sylvarkam.

15. Liti Kjersti ho seg ifraa Bækje gaar
Den høge Gulgkrona saa sætte ho paa

16. Liti Kjersti ho in gjenom Dynne steig,
Bergekongjen viste kje anna hel Sole skjein.

17. Bergekongjen klappar paa Hoiene blaa
«Velkommen liti Kjersti, kvil deg herpaa.

18. «Inkje vi æg sitje langt mindre staaI høgremargen står: seig
Men seg meg din Viljen, saa vi eg gaa»

19. «Kjære min Datter snakka inkje Ssaa
Dæ æ naa den Herren som du ska faa.»

20. Maa eg deg ikje me Goom faa
Saa ska eg lata Elden gjenom din Faers Garen gaa

21. «For Elden ska gjennom min Faers Garen gaa
For lyte du meg me goom faa.»

22. Bergjekongjen gjordes i Haando stærk
Han sætte liti Kjersti paa hogan Hest

23. Daa dei rei seg ivi hoge Lofts bru
Liti Kjersti ho gret, men Bergekongen lo

24. Do ho rei sei eive Høganloftsbro
Bergjekongen gret aa liti Kersti ho lo

25. «Velkommen liti Kjersti, Datter min
Haasse likar du gjifta din?»

26. «Saa saa likar eg gifta fiin
Han fek slet inkje i Bergje ind.»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.