Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 69 Draugen


Innleiing

Herreper rir ut seint ein kveld, og når han kjem ut i Rosenlund, møter han ein død mann. Attergangaren fortel at kona hans, fru Ingebjørg, drap han i senga og køyrde liket ut på villande hei. Den sveinen som han hadde hatt mest tiltru til, ligg no med kona hans, dessutan rir han på hesten hans og er streng mot borna hans.

Daudingen ber han om å føre saka hans for retten. Herreper blir sint, han grev liket opp og ber det heim. Når han kastar liket inn på golvet, blir Ingebjørg både bleik og svart som jord. Herreper seier at ho burde brennast på bål, men i staden blir ho graven levande ned i jorda.

Visa finst også i Sverige og Danmark. I Noreg er det skrive opp mange tekstar som går tilbake på Peder Syvs Kjempevisebok (Anden Part VI), men den varianten som Dagne Ånundsdotter Lid (opphavleg frå Vrådal, men seinare busett i Fyresdal) song for Sophus Bugge, skil seg klårt frå både dei norske oppskriftene og dei svenske og danske versjonane. Desse sluttar med daudingens tale og har korkje med Herrepers reaksjon eller straffinga av fru Ingebjørg.

Ei liknande tysk vise, Der Vorwirt, liknar på den norske. Der er det den svikefulle sveinen som drep mannen og sidan giftar seg med kona.

Sophus Bugge publiserte Dagne Lids tekst i Gamle norske Folkeviser.

Det er ikkje bevart melodi til denne visa.

Utsyn 38
DgF 91
SMB 34




Oppskrift A

TSB A 69: Draugen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Veum, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS Bugge m, 36–38 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i ei av reinskriftene: Gjengangeren.

*

1. Eg sit gjekk meg ut så seint um Kvelli,
vill’ setta min Hest i Helli.
– Så vide ganges dær órdenar. –

2. Då eg kom i Rosenslund,
dæn døe Mannen ti meg kom.

3. Fru Ingebjør mæ sine Ternunne fem
dei kvalte meg i ei Silkjeseng.

4. Den Svennen som jeg trodde best
den rider på min blakken Hest.

5. Han site føre mitt breden Bor
gjev mine Småbonni Håingsór.

6. Han rie på min Blakkji,
fangar ville Dyr mæ min Rakkji.

7. Han ete mæ min syllbudde Kniv
han søve mæ mitt vene Viv.

8. Æ du Hærepær i mi Ætti,
du bere mitt Maali te Retti.

9. Hærrepær blei i Hugjen så vrei
han bar dæ Likje or Skogjen å heim

10. Hærrepær kasta dæ Likje på Gov
Fru Ingebjør blikna, ho svartna som Jor.

11. Æ du Fru Ingebjør i dessi Verkjó kjendt
så sko’ du vist blive på Båle brendt.

12. Dei gjore ho Fru Ingebjør så mykje imot,
dei grove hænnar livandes undo Jor

13. [Dei gjore ho Fru Ingebjør so mykje] Mein
[dei grove hænnar livandes] unde ein Stein.

*

Reinskrifter: NFS S. Bugge 2, 100–101 og DFS III, 111. Den første reinskrifta har overskrift «Gjengangeren».

Trykt med tittelen «Draugen» i Sophus Bugge: Gamle Norske Folkeviser 1858, s. 80–81.




Oppskrift B

TSB A 69: Draugen

Oppskrift: 1898/1899 og 1907 av John Lie og Catharinus Elling etter Olav Gunnarsson Tortveit, Buffalo River, Minnesota, USA.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCCVI, 81–83

Oppgjeven tittel: Fruva Ingebjørg

*

1. No lider her til kvelle,
eg set paa hesten min helle.
– So vide fara dei løyndarord. –

2. Eg hellar hesten i engi grøn,
so gjeng eg meg under ei lind so ven.

3. Den fyrste svevnen der eg fekk,
den daude mannen til meg gjekk.

4. «Stat upp, statt upp, du riddar raud!
Du er livande, eg er daud.»

5. «Statt upp, statt upp, du riddar rike!
Eg vil deg ikkje i svevnen svike.»

6. «Fru Ingebjørg med sin svikfulle dreng,
ho kjørde meg i ei silkeseng.»

7. Ho gjurde meg inn i ei byrd av høy,
og førde meg av fra den ville hei.

8. Den sveinen, som eg trudde aller best,
han rider no paa min høge hest.

9. Han rider no paa min blakki
og fangar dyr med min rakki.

10. Han ete med min sylvbudde Kniv –
aa gjev at han sat i hans unge liv!»

11. Og Sigmund vakna or svevni braatt,
den draumen var lang som ei heile nott.

12. Den draumen var lang, og du var leid –
No gjeng eg upp i den ville hei.

13. So reis han upp og hesten sin sala,
vilde finne ut de, den daude tala.

14. Han reid avstad og fort han rann,
og leita til han den daude fann.

15. Han førde han heim til Ingebjørgs gaard,
Fruva ute i tunet staar.

16. Han bar det liket inn paa bord,
Fru Ingebjørg bleikna og svartna som jord.

17. «Og er du i desse verki kjend,
so burde du vera paa baalet brend!»

18. «Du gjev meg til min herre god!
Mi heimanfylgje eg giv i bot.»
– So vide fara dei løyndarord. –

*

Foran oppskrifta står det: Folkeviser. Fundne i Telemarken 1907 av Chatar. Elling. (Renskrevne og supplerede efter optegnelser fra mor, bestemor, Olav Tortveit ved Buffalo River, Minn. U.S.A. og andre gamle visekvædere af John Lie.). Under dette med blyant: Detti er mine upskriftir. Eg heve ikkje dikta noko sjalv i dei; men eg heve skrivi upp etter som eg heve høyrt deim av dei gamle her. Elling for hera ein sumar, so ba ‘n meg sjå paa dei visune han ha skrivi upp um sommaren og sjaa um dei va riktige. Han skjønna seg ‘kje paa det. Saa skreiv eg ut visune saales som eg har høyrt deim, men de blei so eg beheldt boki.

Etter str. 18 står: (Etter Bestemor, Mor og Olav Tortveit.)




Oppskrift C

TSB A 69: Draugen

Oppskrift: udatert av Gunnleik Sandvik etter ukjend songar, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS H.J. Aall 9, 4–5

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Eg gjek meg ut aa klelle
og sætte min Hest uti Helle
og lae mit Hovu te Tuve
So gjønne so ville eg sove
– Saa vie gjænge meg Ore af –

2. Te ei Tuve so gjorne saa vilde jeg saave
Den første Søvnen jeg da fik
Den døde Mand han til mig gik
– Saa vie osv –

3. Jeg da fik, den den døde Mand
han til mig gik
Aa est du ein udaf mi Æt
Saa skal du føre min Sag i Ret.
– So vi osv –

4. Udaf min Æt saa skal du føre min Sag i Ret
Aa reis du dig til Hedeby
Der bur alle mine Frendar utti
– Saa vi osv –

5. Til Hedeby Der bur alle mine Frendar uti
Det bur liti Kjersti mit vene Viv
Aa ha forråtte mit unge Liv.
– So vie osv –

6. Mit vene Viv Aa ha forraadde mit unge Liv
Ja Ho aa Hennars Fruer fem
De kvalte mig i mi Silkeseng::
– So vie os.v –

7. Hendes fruer fem De kvalte mig i mi Silkeseng
Saa lagde de mig i et Knippe Høi
Aa førde mig paa den vilde Hei::

8. I et Knippe Høi De førde mig paa vilde Hei,
Den Svennen som eg trudde best
han riider nu min gode Hest::

9. Eg trudde best han rider nu min gode Hest,
Han sidder ved mit brede Bord
Og spotter mine Børn med uhøviske Ord. osv.

10. Mit brede Bord han spotter mine Born med uhøviske Ord
Han eter med min sølvbundne Kniv
og saaver hos min vene Viv::

11. Min sølvbundne Kniv og sover hos min vene Viv
Aa skaa eg endeleg te han gaa
Saa vont et Mot saa skaa han faa::

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.