Men daa eg var aaleine i det framande Lande,Lande] I denne utgåva gjennomfører Garborg bunden form av inkjekjønns-substantiv utan t. Etter kvart vil det gå fram at «det framande Lande» hadde vore USA. og tok til aa illtrivast, og Hugen vart uroleg og Dauden banka paa, tenkte eg: um Faderen er burte, vil eg sjaa att Barneheimen. Eg vil finne mine eigne; og dei vil høyra paa meg og tilgjeva meg. Og hjaa dei vil eg finne ei Livd;Livd] ly; vern og der, hjaa mine eigne, vil eg døy, og samlast til mine Fedrar.
Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte og drog heim. Men daa eg 4kom fram var Heimen seld og Ætti spreidd; og Bror min sat som ein FarreFarre] fant; tater paa ei Heid, og dei sagde han var galen. For han hadde selt alt det han aatte og gjeve det til dei fatige.
Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein vond Dag.
Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining; so leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa bu der. For no vilde eg ikkje flakka lenger.
Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy.
Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorte gamall men ikkje vis; eg var rik men hev vorte arm, og no er eg heimkomen men ikkje heime. Men endaa vinn eg heim. Det er berre den siste Kneiken att; og dette tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila.
Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod; og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa 5Mann bera til Rygg brest. Eg vil lida og tenkja, at di verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine, skal mine Tankar halde meg Lag;halde meg Lag] halde meg med selskap og er Folke mitt burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg svævasvæva] få til å sove min Hugverk.Hugverk] svartysyn; sorg Og alt det eg hadde av Live, det gode og det vonde og alle Umskifte, vil eg hugsa fram att og tenkja igjenom, og sjaa, um eg finn Lærdom og Lov og Samanheng. Men paa stille Dagar, naar Soli er varm, sit eg ved Gravi til Far og Mor; og til dei segjer eg alt det eg leid og lid, og skriftar mi Synd og trur at dei tilgjev. Og det vil synast meg visst, at kor gale ein fór og kor saart ein sveid, so er Live altid betre freistafreista] perfektum partisipp av freista: prøve (ut); stille på prøve enn ufreista.
Og eg tenkte meg um og sagde: Kva vil eg med Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen.
Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var faarleg. Han gjætte meg 6med Augo av Eld, og han saag alt, og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm; og Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Notti.Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Notti] jf. 1 Tess 5,2 Og alltid naar eg vilde vera glad maatte eg gløyma Gud.
Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all hans Harm og Eld! Han søv, og me skal ikkje vekkja den Dom-snare.
Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det verste er att; men det lengste er yvi-stridt. Og Faderen er burte; men naar Dagen lid til Kvelds gjeng eg heim til ho Mor, til mi rette Mor: heim til Naturen.
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.
Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.