Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XXXII.

75«Sjæli.» Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje, at eit Menneskje er ein Samvokster, ei Uppdyngjing av Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl? Vaar Sjæl er berre Samspele av desse Cellesjæler.

Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord. Me kann segja um Sjæli kva me vil; ho lever sitt same Liv der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje.

Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og brenn og skjelv og skyt Gneistar og segjer «eg» ende inn i Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho.

Aa du mi arme Sjæl, som veld meg all denne Verk og Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som ein sjuk Fugl og kjæla for deg og 76trøysta deg. For eg kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du treng Trøyst, og at du elles inga fær. Gjev eg kunde leika deg i Logn og kjæla deg trygg, du arme skræmde Fugl!

Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er rusken og avplukka. Du flaug for mykje. Du kunde ikkje sitja i Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp og ut og leita og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava; og du søkte vidt og fór høgt og laagt. Men alltid stengde Skyer og Fjell; og Haukar og hakkande Klør var etter deg.

Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med deg; eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der broten og arm, og hev misst Vengefjørerne. Men kvil deg no. Den Soli du drøymde um dreg deg vel til seg ein Gong; um ikkje fyrr, so i dine siste Draumar.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.