Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XXI.

50At Live er Sol-kraft, Sol-eld, skynar eg um Notti. Naar Soli er burte, sloknar me.

Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Helsyner og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara som rid.Mara som rid] Når ein hadde «mareritt», så var det ifølgje folketrua fordi eit kvinneleg natur-vette, som dei kalla «mare», reid på ein medan ein sov. Og Hel-skodde legg seg um halvsløkkte Augo.

Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræerne.Kræerne] fleirtal av krå: krok Vonde Minne sìt inne i Skuggen, halvløynde, med grøne Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre som Vite med Ørska.

– – Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg levde etter Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta det andre.

Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at dei skal næra kvarandre og løysa seg upp i kvarandre; og er ikkje Live til for at det skal 51vera denne breide Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av alltid det same, som er Æveheimen?

For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét det andre og sidan vert upp-ete sjølv. Kvar gjøder seg til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med’ eg kunde, og vart so sjølv eten; og naar Tidi kjem, lèt eg meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til Slutt er det vaare Undermenn som ét oss.

Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb, og melta og uppløyst, og so uppsògen paa nytt i Livsens Blodstraum; kvi skjelv eg daa?

Den Blodstraumen er det evige Liv.Den Blodstraumen er det evige Liv] Jf. artikkelen «Troen paa Livet» frå 1895. Der såg Garborg ei nærmast religiøs meining i den «viljen til liv» som finst i alle levande organismar.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.