Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XIII.

Men Dagarne er lange.

Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er klarklar] sliten men ikkje utlevd. Livskravi hev Tak i meg enno. Eg kjenner dei som 31Rykk i saar Tonn.Tonn] tann Det er vondt aa vera gamall fyre Tidi.

Eg røder med Bestefar der nede, den gamle, som sit og hukrarhukrar] presens av hukra: hutre; fryse frammed Omnen og kryp atti Horn.kryp atti Horn] forskansar seg i skalet sitt Men han er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar Gong. Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og hans Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-augo som ikkje ser lenger.

Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med ei Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fossar og syg,syg] presens av suge og paa Regne som trafsar og siler. For dette Regne er vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er som Verdi gav seg yvi i Graat. Og Himmelen er stengd og svart som Hugen hjaa ein daarleg.

Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um Haust 32paa den magre Hei. Som Halm og Hakk mot Live det grøne.

Eg vert sitjande og spinn Tankar som KingelenKingelen] edderkop sin Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg Boki upp. Kann ho kje vekkje Tankar, so hender det at ho kann svævasvæva] få til å sove dei.

Og eg sender ein Takk til dei som skriv Bøker.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.