Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XL.

Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt Tre; det hev alt Knuppar og sprett snart.

«Dette,» segjer han, «hev eg tigga meg til; og du skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast. Men du skal sjaa vèl paa det.

Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske.

Ser du? I den vesle Krusi er der ein Neve svart Jord. Av den Neven svart Jord lagar denne Voksteren det du her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist; 96so Blad og Knupp; so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar serskild Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomført. Alt ihop og kvar serskild Ting i Former so fine, at ingen Kunstnar kunde finna paa slikt, og med Lìter so utsøkte, at vaare største Maalarar med all sin Teknik og alle sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær slik ein Vokster fram av ein Neve svart Mold. Or den Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Former og Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen hadde Røterne sine i Æveheimen, inne i Guds Skapardraum; slik vell det og strøymer med Liv og Venleik.

Og dette er ikkje noko som hev hotta tilhotta til] slumpe til og hendt ein Gong i Verdi av eit HorveHorve] passande Høve. Og ikkje berre denne Voksteren hev slumpa til aa faa slik ei Løyndoms Kraft. Kvart Aar hender det, og Millionar Vokstrar kann Kunsten. Og kvar hev sin Maate; 97kvar hev sine Lìter og Former, alle gjenomtenkte med den finaste Kunst, og alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og so strengt, liksom kvar Vokster hadde Teikningar aa gaa etter. Men endaa aldri tvo likt.

Ja, sjaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns Djup av Gaate, som opnar seg berre i slik ein liten Blom. Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde ha noko aa segja deg!»

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.