Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XLIV.

«Ein Sjølvherskar var den gamle Gud, med strenge Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad og Ære. Og fekk han ikkje sin Rett, vart han harm; og med Blod laut dei blidka den hemnfuse.hemnfuse] hevngjerrig

Men Meisteren lærde os ein Gud som krev Lydnad for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For vaar Skuld. Men vender me oss burt fraa Sjølv-øyding og Synd, vert han glad og gløymer alt. Og det spørst ikkje etter Offer og Soningsblod; 105sjølv slagtar han Gjødkalven; Høgtid held han for Syndaren som snudde.

Med denne Læra løyste Meisteren Verdi ut or ei lang Blodrædsle. Men Verdi kunde ikkje vera løyst. Den glade Helsing at Gud var Faderen, vart gjort til eit Krav. Trur du kje at Gud er Faderen, kastar han deg paa Elden! Og aldri hev det vore meir Rædsle millom oss og Gud enn det er no.

Du segjer du finn ikkje Faderen. Det trur eg vèl. Den gamle Blotguden er i deg. Inst inne i din eigen Hjarte-Angest sit han, sveipt i den som i ei svart Sky.

Men tok du Mod til deg og sagde til Skyi: eg fór villt; men no vil eg gjera ditt Verk; lat meg vera som ein av dine Arbeidsfolk, – so fekk du sjaa. Kann hende var det Faderen!»

«Eg er ikkje høgtidsklædd,» svara eg.

106«Ja den nye Hugen maa til,» svara han, «den heile og den reine.»

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.