Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XXX.

Gamlingen nede gjeng tuslar og skal døy. Og Bror min kjem stundom og lès for han.

So lyder han gjerne innum meg. Hev han daa ei Stund, sèt han seg ned og røder med meg um laust og fast. Og eg høyrer etter og fylgjer med, um eg skulde kunna finna noko gale hjaa han.

Men eg finn ikkje noko.

Vondt er der ikkje i han, so langt som mi SóknSókn] ettersøking; undersøkelse naar. Og rekna kann han ikkje. Han er lite sløg. Eg trur kje paa lange Utrekningar under hans rare Paafund.

70Og ikkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend ingen KaldhjelmKaldhjelm] utstråling av (kjenslemessig) kulde av han, og ingen Utòkke.Utòkke] uvilje; avvisande utstråling Han hev eit godt FylgjeFylgje] Etter gammal folketru hadde alle «eit fylgje» med seg, som normalt var usynleg; dette fylgjet var ofte berar av ein dominerande eigenskap hos den personen som det heldt seg til. med seg; eg vert rolegare naar han kjem. Og eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje Ov-ekseOv-ekse] det å vere opphissa eller Mislynde.Mislynde] forvirring; det å stadig skifte meining Heller noko avdøyvt og stilt, som etter Sorg og tung Røynsle. Og han hev røynt mykje. Og misst mykje.

Men seint vert eg trygg. For det er mange Merke paa Galenskap, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So at knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggja lam berre med aa segja høgt: han er galen.

Eg sagde til Bror min: «no skal du segja meg den rette Grunnen til, at du gav burt din Eigedom.»

Han smilte og svara: «Du trur meg ikkje. Men eg maatte. Verdi hadde Tâk i meg. Eg fekk Magt. Det sanka seg Mengd um meg; og Vénerne mine raadde snart Bygdi. Og eg 71kjende at eg lika dette. Daa vakna eg og saag meg ikring. Og eg saag at det spøkte for meg. Daa reiv eg meg laus. Men eg var fjamsen og uppskræmd og fann kje den rette Maaten.»

«Vedgjeng du det, Paal?»

«Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre gjer; men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi alle Bygder; eg vart til ei Bisn;Bisn] noko som vekker oppsikt og det eg hadde gjort vart rangtydtrangtydt] misforstått og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev gjort vondt.»

«Segjer du det.»

«Pengar gjer altid vondt. Gaava og Gjevaren maa ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei Kasse; og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett og knurra for dei ikkje fekk meir; men dei som ikkje fekk, hata og harma seg. Og ikkje Kjærleike men OvundOvund] misunning grodde etter Gaava.»

72Han var vorten aalvorsam. Men so smilte han. «Alltid paa nytt maa ein læra og læra. Av kvart Mistak veks det Visdom; og av Synderne sine maa ein byggja seg Troppestig; for det er høgt upp.»«Men,» sagde eg; «er det kje du som lærer at me skal vera fullkomne?»

Han smilte. «Viljen vaar maa vera heil.»

Eg tenkte med meg: ein slepp nok ikkje fraa han med aa kalle han galen.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.