Eg kann ikkje døma um hans Tru; men eg kjenner Magti av hans Gjerningar.
Og Von er der i den Tanken, at ein skal leva rett, og gjenom Liv finne Ljose. Daa er det ikkje lenger stengt. Fyrr skulde eg visst dette.
No er det for seint. Der er ikkje Magt i meg lenger. Med HelsottHelsott] dødeleg sjukdom i Bringa byrjar ingen eit nytt Liv.
Eg vert veikare. Berre sume Dagar er eg uppe, og berre ei lita 111Stund. Sist var eg uppe for lengi, og daana burt der eg sat; etter det laag eg sengfast i mange Dagar.
Men Verken er linnare. Og TokterneTokterne] fleirtal av tokt: anfall kjem sjeldnare. Og Hugen er meir roleg. Eg er vel for trøytt. Men stundom tenkjer eg det er Sant Paal, som driv det vonde burt med sine sterke Ord, og med Varmen av sitt gode Hjarta.
Lengi trudde eg det ikkje, men endaa er det sant: at Menneskje kann hjelpa Menneskje. Og ofte tenkjer eg med meg sjølv: han hev Lækjekraft, um han ikkje veit av det.
Kanskje dette er ei Vending i Sjukdomen min? Klarar eg Vaarknipa, so klarar eg Sumaren; og vert den god, klarar eg meir. Gjerne tok eg no nokre Aar til, daa eg hev funne eit Menneskje som eg trur paa.
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.
Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.