Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XLV.

Eg spør han um han finn Samanheng i Skrifterne. Han svarar:

«Ikkje ein Filosofi lærde Meisteren oss, men ein Livskunst. Han kom kje med Nytt til dei forvitne, men med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje ei Sekt, men vìste oss ein Veg. Den Vegen er grei, naar ein vil finna Veg; men vil du finna ei Lærebygning, maa du laga ho sjølv, liksom Teologarne.

Lat Munkarne slaast um Gjerningar og Tru! Me trur Meisteren, og gjer som han gjorde. Lat Drøymarar tvista um Himmel og Hel! Me byggjer Guds Rike av Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so langt me rekk 107med fredsame Ord og hjelpande Hendar.

Lat Svarmarar og Leigesveinar preika Serlag og Avstengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Hat og Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike.

Men dei ovundsame,ovundsame] misunnelege dei som elskar Verdi og friar og fær nei, lat dei preike Hât til Verdi! Løyste og lyfte yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal me staa, og soleis frigjorde fraa Verdi elska Verdi, som ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vèl med, og eit YrkjeYrkje] materiale; emne til aa byggja av, byggja oss Fredheimar og Høgheimar; og sjølve Live vaart skal me leggja i den høgste Hand, at me ikkje lenger skal vera bundne av Rædsle for Dauden.

Men vaar Kraft hev me i Gud, som er det innste i oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev vaart Helvite kveikt for det ureine i 108oss, og Faderen, som held Høgtid og Helg, so snart me vinn oss upp paa vaare Heime Høgder.»

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.