Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XLVI.

«Alltid masar du med, at du ikkje kann tru. Kven er som bed deg um aa tru? Kor lengi skal eg segja deg, at Meisteren kom kje med ei Lære som du skal tru, men med ei Lov som du skal fylgja? Og fylgjer du den, fær du sjaa um ho er av Gud, og fær Trui attpaa.»

«Skal eg elska Gud, maa eg tru paa Gud,» meiner eg.

«Elska Gud er aa halda hans Lov. Elskar du Bror din som du ser, so elskar du og Gud, som du ikkje ser. Og etter kvart vert du synsk og ser Gud. Men elska Næsten er aa hjelpa Næsten. Og min Næste er den som 109treng mi Hjelp. Gamle Foreldrar, sjuke Systken; han som ligg for mi Dør; han som eg finn hjelpelaus paa min Veg.»

Han lo. «Seinast skynar me det lettaste; sist finn me det næraste. Og fyrr me vil elska vaar Næste, vil me elska dei me aldri saag. Dei Kristne elskar Hottentottarne, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar Framtidi; men LasarusLasarus] jf. Luk 16, 19–31 ligg der han ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus. Men just det som ligg oss næst, og som der er minst Stas med, gjeld det um.»

Eg segjer: «dette er ein Kristendom for unge og sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann som skal døy?»

«Umvend deg, og du skal leva.»

«Kva godt kann eg gjera?»

«Du kann tilgjeva.»

Eg tenkte: kven bryr seg um mi 110Tilgjeving. Men eg rette ut Handi og sagde: «deg tilgjev eg, Bror.»

Han tok Handi fast og varmt. «Takk, Bror,» sagde han; «du veit kje kor godt du gjorde imot meg no.» Eg saag, at han vart vaat i Augo.

Og sæle er me baae tvo, at me hev vorte forlikte.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.