Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XX.

«Hjelpe dei fatige er aa ala upp Dagdrivarar,» segjer eg.

«Nei,» svarar han, «ikkje naar eg hjelper dei med mitt eige Arbeid.

Dagdrivarar avlar Dagdrivarar; og Fanten èlstèlst] avlar seg i Rikdom som Makk i eit Aat. So lengi ser dei smaae paa dei store, til dei tenkjer: me og vil leva godt med lite Stræv; men den som arbeider, lærer andre aa arbeida.»

«Med Arbeide ditt rekk du knapt meir enn hjelpa deg sjølv,» meiner eg. Han smiler.

«Du veit kje kor lite ein treng. Ingen veit det no, etter dei tok til aa leva for Pengar. Men det er Daarskapen som kostar, meir enn Maten.»

49Eg talar um Samfunde. Sjølve Samfunde krev, at kvar tenkjer paa seg, og paa Alderdom og Etterkjømd. Han svarar:

«Den Allemanns Krig mot alle som du kallar Samfund, kjem meg so lite ved. Eg gjev Keisaren det som hans er;Eg gjev Keisaren det som hans er] jf. Matt 22, 21 og gjeld det aa ofra, um so Liv og Blod, er Jesu Svein Fysstemann; men det rette Samfund vil byggjast paa Samstræv og Fred, og ikkje paa Ufred. Og den som vil bøta Samfunde, byrjar med seg sjølv.»

Og han fortèl meg, at den rette Maaten aa syta for sin Alderdom paa, det er just aa hjelpa andre; for kjem daa den Dagen at ein sjølv treng, so lèt ein dei andre faa hjelpa seg; «og det er den einaste Gleda ein daa kann gjera sine Medmenneskje.»

Eg maa læ. «Du høyrer kje heime i denne Tid,» segjer eg.

«Nei Gudskjelov,» svarar Bror min.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.